Miljøjournalen som blir gitt ut av Noregs Naturvernforbund, har gjennomgått miljøpolitikken til alle partia på Stortinget. Framstegspartiet og Høgre hamna som forventa på botnen med respektive 5,5 og 10 poeng av 25 oppnåelege. SV vart nummer 1.
I følgje Naturvernforbundet stiller Framstegspartiet seg tvilande til at vi har menneskeskapte klimaendringar, og partiet vil derfor ikkje redusere klimautsleppa. Partiprogrammet til FrP omtaler heller ikkje energiøkonomisering som er eit viktig tiltak for å sikre framtidige arbeidsplassar i tillegg til å vere det mest effektive klimatiltaket. Høgre skårar dårleg på miljøtesten i Miljøjournalen blant anna fordi partiet vil opne for oljeboring i dei sårbare og fiskerike havområda i nord.
SV kom best ut i miljøtesten med 20,5 poeng av 25 oppnåelege. Miljøjournalen legg blant anna vekt på at SV går mot oljeboring i havområda utanfor Lofoten og Vesterålen og vil ha varig verna petroleumsfrie område. SV vil satse sterkare på energiøkonomisering, passivhus og fornybar energi, og partiet vil ha ein kraftig auke i dei statlege overføringane til kollektivtransport.
Vest-Agder SV og underteikna har lenge hevda at ein god miljøpolitikk også kan vere ein framtidsretta næringspolitikk. Vi var lenge åleine om dette synspunktet. Men no er det stadig fleire i næringslivet som innser at energiøkonomisering og miljøteknologi er berebjelkar i ein framtidsretta industripolitikk. Klimasamfunnet skaper nye krevjande marknader som passar godt for eit høgkostland som Noreg, og investorar er ofte skeptiske til bedrifter som ikkje tar klima og miljø på alvor.
Stadig fleire bedrifter på Agder leverer no materiale og utstyr til produksjon av fornybar energi som vindmøller og solceller, og Elkem og Alcoa satsar på ny og mindre energikrevjande aluminiumsprosess. Også olje- og gassindustrien på Sørlandet har begynt å engasjere seg for å komme inn på marknaden for fornybar energi, og for å setje miljøstandardar for sin aktivitet.
Ein moderne industri er eit viktig element i eit samfunn som tar miljøet og klimatrusselen på alvor.
Som medlem av Teknologirådet var eg med i ei arbeidsgruppe med representantar frå næringslivet og miljørørsla, og der fekk eg gjennomslag for dette synet. I sluttrapporten frå arbeidsgruppa blir det peika på at staten må gå sterkare inn med midlar til forsking, pilotanlegg og omstilling. Det har den raudgrøne regjeringa tatt fatt i. I år er det oppretta åtte nye forskingssenter for miljøvennleg energi og ei rekke andre store prosjekt er sett i gang. UiA er med i eit av forskingssentra og har fått andre prosjektmidlar i tillegg.
ENOVA, som er eit statleg organ for støtte til ny teknologi, har fått ein kraftig auke i sine rammer blant anna i samband med krisepakka. Det er ein del av desse midlane som no går til pilotanlegg for ny aluminiumsprosess på Lista. Krisepakka inneheldt også andre viktige tiltak for næringslivet. Olje- og gassnæringa på Sørlandet med små og store underleverandørar unngjekk ei dramatisk krise då rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt blei auka. På grunn av at den raudgrøne regjeringa har ført ein nøktern økonomisk politikk, hadde vi økonomisk handlefridom til å setje i verk nødvendige tiltak.
Med over 30 års erfaring frå industri, forsking og miljøarbeid ser eg fram til å komme på Stortinget og arbeide vidare med ein industripolitikk for klimasamfunnet og legge grunnlaget for ein livskraftig industri på Agder.
Alf Holmelid
1. kandidat for Vest-Agder SV