Fornybar energi skaper arbeidsplassar

Vest-Agder SV var i dag på bedriftsbesøk hos Agder Energi. Det var spennande å høyre om den friske satsinga på vindmøller i energiselskapet. Konsernsjef  Tom  Nysted var spesielt opptatt av stabile rammevilkår for produksjon av fornybar energi i form av grøne sertifikat eller såkalla feed-in-ordningar. Han var også opptatt av overføringskapasiteten til resten av Europa.

Nysted meiner Noreg har eit stort potensiale for å skape arbeidsplassar innan miljøvennleg energi. Som eksempel nemnde han at det er 28.000 arbeidsplassar i vindmølleindustrien i Danmark. Nysted peika på det som SV lenge har hevda, nemleg at det på Agder ligg spesielt godt til rette for å skape arbeidsplassar innan miljøvennleg energi.

2 responses to “Fornybar energi skaper arbeidsplassar

  1. Hvor skal disse vindmøllene evt. utplasseres ?

    Likar

  2. Hei
    På kort sikt snakkar vi om landbaserte vindmøller. SV er opptatt av at det må lagast fylksvise planar som peikar ut dei områda der det er minst konflikter.
    Vest-Agder fylke har laga ein slik plan.

    På lengre sikt ønskjer vi å få utvikla vindmøller som kan plasserast til havs.

    Likar

Kommenter innlegget