Dette innlegget i ein litt forkorta versjon stod på trykk i Fædrelandsvennen laurdag 10. oktober.
Media har dei siste dagane omtalt ein rapport om korleis andre oppfattar Sørlandet og Kristiansandsregionen. Verdien av slike rapportar kan diskuterast. Dei kan lett føre til at vi blir meir opptatt av å bygge omdømme enn av å skape eit godt samfunn. Men slike undersøkingar kan like vel vere eit nyttig utgangspunkt for ettertanke. Har vi det omdømet vi fortener, og gir det et riktig bilete av regionen?
Vår region har eit internasjonalt orientert næringsliv som har vist stor evne til omstilling, og mange har satsa på miljøteknologi. Like vel kjem vi dårleg ut når det gjeld internasjonal orientering, nyskapande næringsliv og miljøteknologi. Det finst naturlege årsaker til det. Nettopp fordi industrien på Sørlandet er internasjonalt orientert, har den vore lite i fokus i regionale og nasjonale media.
Men det er ein situasjon vi ikkje kan leve med i framtida. Dei store utfordringane som næringslivet no står overfor, krev sterkare samhandling mellom bedrifter, akademia og det offentlege. Sørlandet må derfor ta ein posisjon i det nasjonale mediebiletet om vi skal oppretthalde dagens forsprang som tydelegvis er lite kjent.
I forhold til realitetane fortener vi ikkje det dårlege omdømme vi tydeleg vis har når det gjeld innovasjon og miljøteknologi. Men det er vår eiga skuld, for vi snakkar for lite om den posisjonen vi har. Vi har nettopp tilbakelagt ein valkamp der det var fullstendig umogeleg å få fokus på slike saker.
Det andre området der vi peikar oss ut med eit svakt omdømme, er openheit og toleranse. Dersom dette reflekterer realitetane i regionen, gir det grunn til alvorleg ettertanke. Kanskje er ikkje resultatet så overraskande når vi ser på kva som har prega den regionale debatten den siste tida.
Eg har tidlegare peika på at valkampen i år var sterkt dominert av ein ekskluderande og snever verdidebatt med kamp mot homofile sin rett til å gifte seg som eit berande element. Når slike debattar dominerer regionale media, er det med på å farge biletet av Sørlandet som ein lite raus region. At eit parti som mildt sagt er sterkt kritisk til asylsøkjarar og framande religionar står så sterkt på Sørlandet, skaper heller ikkje eit bilete av toleranse og openheit.
Dersom det er tilfelle at vi er i ferd med å utvikle ein lite raus region, så er det først og fremst eit problem for livskvaliteten for oss som bur her. Men det er også eit dårleg grunnlag for eit framtidsretta, nyskapande og internasjonalt orientert arbeidsliv. Vi må kjempe for eit raust samfunn som gir rom for menneskeleg vekst og økonomisk utvikling.
Alf
Min mening er at dersom ikke kunstnerne selv snart begynner å støtte hverandres virksomhet, uavhengig om de kulturpolitisk er for eller imot, og uavhengig støtte fra næringsliv og kulturpolitikere for øvrig, så vil aldri denne landsdelen (Kristiansand) bli et attraktivt sted for noen…
LikerLiker
Hvorfor er det så få kunstnere som kan utvikle seg og etablere en profesjonalitet i byen? Hvorfor må de fleste forlate hjemstedet for å kunne skape en plattform som de kan livnære seg av? Det er utrolig vanskelig, nesten umulig å bedrive kulturell virksomhet på heltid i denne landsdelen. (Kristiansand)
LikerLiker
Gode spørsmål, Hege. Og dette skjer på tross av Cultiva og Kilden. Det er tydeleg vis meir grunnleggande ting som må til.
Alf
LikerLiker