Frå miljøpolitikk til næringspolitikk

I dag hadde eg gleda av å halde foredrag om  «Klima som utfordring og moglegheit – globalt, nasjonalt og lokalt» på Byggdagen 09 i Kristiansand

Eg tok blant anna utgangspunkt i data frå det internasjonale energibyrået IEA. Som førebuing til klimamøtet i København har IEA presentert ein rapport om aktuelle tiltak og investeringsbehov. Dei omstillingane som må til, er store, men innan rekkevidde om vi satsar radikalt.

Skal vi klare å snu utviklinga raskt nok, må klimapolitikken bli meir enn miljøpolitikk. Den må også bli næringspolitikk. Først når vi også får fokus på det store forretningsmessige og sysselsettingsmessige potensial i miljøteknologien, klarer vi å få tilstrekkeleg engasjement og breidde i omstillingsarbeidet.

Elles viser data frå IEA at det er eit stort og kostnadseffektivt potensial for klimatiltak innan energieffektivisering, ikkje minst i bustader og næringsbygg, noko forsamlinga skulle arbeide med i resten av møtet.

Alf

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s