Det internasjonale energibyrået, IEA, har nettopp lagt fram ein omfattande rapport om dei store klima- og energiutfordringane vi står overfor. For å avgrense temperaturauken til to grader meiner IEA at det er behov for svære investeringar i energieffektivisering, fornybar energi og miljøteknologi. Dette investeringsbehovet skaper nye omstillingsbehov og nye muligheiter for norsk næringsliv. Klimapolitikken set nye rammer for næringspolitikken, og næringspolitikken blir ein dominerande del av klimapolitikken.
Forholda ligg godt til rette for å satse på miljøteknologi i Noreg og på Sørlandet. Miljøteknologi er for ein stor del umoden teknologi som krev høgt kompetansenivå og stor evne til utvikling og innovasjon, og som derfor kan tåle eit høgt kostnadsnivå. Norsk industri utmerkar seg med brei kompetanse i alle ledd i organisasjonen frå operatør til forskar. Denne industritradisjonen er eit viktig aktivum når vi skal utvikle og ta i bruk ny teknologi og nye prosessar.
Det har lenge vore kjent at statsbudsjettet for 2010 ville innehalde 100 millionar kroner til utvikling og implementering av miljøteknologi. I valkampen la eg vekt at næringslivet må satse på den nye miljøteknologimarknaden før det er for seint, og eg argumenterte for ei sterkare satsing på dette området i åra framover. No er det klart at regjeringspartia på Stortinget vil gå inn for å auke løyvinga til miljøteknologi med 40 nye millionar kroner til 140 millionar kroner.
Eg ser på denne budsjettendringa som eit signal om at engasjement for miljøteknologi er i ferd med å få brei tilslutning. For Sørlandet som er den leiande industriregionen i Noreg, er det viktig å vere på banen i denne utviklinga, slik mange bedrifter alt er. Det er viktig med ein god dialog mellom næringsliv, fagrørsle og styresmakter i satsinga på miljøteknologi, noko eg vil vere opptatt av også i framtida.
Alf
Dette er jo kjempebra. Men i forhold til hva man bruker på Co2-fangt er det jo latterlig lite.
Mer om dette:
http://klassekampen.no/56848/article/item/null
LikerLiker
Hei
Heilt samd i at det er behov for meir. Men det er ein start som vi vonar å følgje opp. Dessutan bør du lese min kronikk i Dagens Næringsliv i morgon.
Alf
LikerLiker
De siste 40 millionene skal være plaster på såret for biodieselavgiften.
For noe sløseri!
Vi skal altså bruke 40 millioner på å forske frem 2. generasjonsbiodiesel og så skal det være så store avgifter på det at ingen produserer det i Norge?!
Hvorfor skal vi forske frem noe og la svenskene og finnene med deres store skoger tjene penger på vår utgift ?
Forskning er vel og bra. Men i dette tilfellet er den verdiløs da resultatet blir for dyrt pga den nye avgiften!
LikerLiker
Hei
Det finst ei mengd spennande miljøteknologiprosejkt i tillegg til biodieselprosjekt. Dette skreiv eg om i valkampen lenge før det blei diskusjon om biodiesel. No får vi høve til å støtte ein del av desse.
Alf
LikerLiker