Liv og lære i budsjettdebatten

Då regjeringa la fram statsbudsjettet, gjekk Høgre til frontalangrep på budsjettrammene. Budsjettet var for ekspansivt, og vi brukte for mykje oljepengar, blei det hevda. Det var ikkje måte på kor skadeleg dette var for næringslivet. Høgre skulle derimot «vaksinere Norge mot oljeavhengighet og Hollandsk Syke»

Men då Høgre sitt alternative statsbudsjett kom på bordet, brukte partiet beskjedne 2,3 milliardar mindre enn regjeringa. Korrigerer vi for ein del kreativ bokføring er det i beste fall heilt marginale instarmmingar i Høgre sitt budsjett. Eksempel på slik kreativ bokføring er å bruke pengar som vil sette til side jordbruksoppgjeret.

Det konservative tidskriftet Minerva brukte lite parlamentariske uttrykk om forskjellen mellom liv og lære i Høgre. Dagens Næringsliv brukar i dag det meir parlamentariske uttrykket pinleg om Høgre og resten av opposisjonen.

 Dei andre opposisjonspartia har hamna i same grøfta som Høgre. Dei snakkar om innstramming, men hamnar på same nivå som regjeringa når vi går nærare inn i talla.

Kan vi no slå fast at opposisjonen ikkje har ein alternativ politikk for bruk av oljepengar, og at alt snakk om å «vaksinere Norge mot oljeavhengighet» er tom og pinleg retorikk?

Høgre sin retorikk om å vaksinere mot oljeavhengig økonomi blir desto underlegare når partiet utan atterhald har lova det norske folk og oljenæringa at dei skal opne for oljeboring i Lofoten og Vesterålen og på den måten forseinke omstillinga av norsk indistri og norsk økonomi.

Alf

4 responses to “Liv og lære i budsjettdebatten

  1. Det er kanskje greit å vite litt om økonomi før man uttaler seg om det.

    Du sier at forbruk er forbruk.
    De som kan noe mer om økonomi vet at det er forskjell på investeringer og forbruk.

    Oppfordrer alle som er interessert i tema til å lære litt om det 🙂

    Liker

  2. Hei
    Poenget her er at Høgre påstår dei skal lausrive oss frå oljeøkonomien, samtidig som dei brukar sjkarve 2,3 milliardar mindre oljepengar enn regjeringa. I tillegg brukar dei pengar som ikkje er tilgjengelege, blant anna pengar som er bundne i avtaler i landbruksoppgjeret. Og heilårsverknad av skattelett er ikkje med.

    Det er for så vidt riktig at ulik pengebruk gir ulik effekt, og det er nok meir komplekst enn å skille mellom investering og forbruk. 🙂

    Men Finansdepartementet har rekna ut at Høgre sitt budsjett med godvillig tolking i beste fall utgjer ei innstaramming på 0,1% av BNP.

    Liker

  3. Ja – investeringer er poenget.
    Ved å ta vekk ansvar og utgifter fra det offentlige og fordele det til offentlige og private aktører blir det et enormt spillerom.

    Videre er da å lette skatter slik at de som er investeringsvillige ( som nå bli jaget fra landet ) satser i Norge et viktig element.

    Krone for krone ser det veldig likt ut. Men, effekten på sikt er langt fra så lik som antall kroner tyder på!

    Liker

  4. Ps. Jeg gir gjerne konkrete og selvopplevede erfaringer på hvordan private kan bistå (ikke overta) offentlige oppgaver som for enkeltmenneske sparer det offentlig minst 20.000 kr pr mnd.

    Et enkelt menneske med en vanlig behov. Jeg forteller gjerne om du er interessert.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s