Kvalitetskontroll av Grønmaling

Forbrukarrådet skal kvalitetssikre bedriftene sine påstandar om kor flinke dei er i klimapolitikken.
Eg plar seie at det i dag er vanskeleg å skille mellom kva som er god miljøpolitikk og kva som er god marknadsføring.
For ei tid sidan las eg eit større oppslag med tittelen «Smaal green lies» i eit amerikansk tidsskrift. Her presenterte artikkelforfattarane mange gode eksempel på at store forbrukarorienterte selskap hadde skapt seg ufortent miljøprofil.

Eit av triksa er å skape seg ein god miljøprofil i ein liten del av verksamda og så prøve å utnytte den for heile konsernet. Eit anna triks er å berre ta med deler av livsløpet. For eksempel er det vanleg å utelate flytransport av varer til forbrukar. Eit tredje eksempel er å unnlate å vurdere om ein fortrenger eit endå meir miljøvennleg produkt, eller eit meir miljøvenleg forbruksmønster.

Dette er eit interessant initiativ frå forbrukarrådet, men utfordringane er mange, og ein må følgje nøye med og gjere grundig arbeid for ikkje å gi feil signal.

Alf

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s