Norsk olje- og gassnæring med Statoil i spisen har valt ein kortsiktig strategi kombinert med eit einspora mediekøyr. Dette er ei næring som har betydd og vil bety mykje for Noreg. Norsk olje- og gassnæring er basert på avansert teknologi og eit høgt kompetansenivå. Fossil energi truar klimaet, men verda vil enno ei tid trenge olje og gass, og det er viktig at det stadig blir utvikla betre teknologi for å redusere miljøulempene.
Det er no på tide at olje- og gassnæringa utvidar perspektivet og døyper seg om til energinæringa. Den kompetansen og dei økonomiske musklane som er utvikla gjennom den CO2-genererande olje- og gassaktiviteten, må no også rettast inn mot ny miljøvennleg energi og energieffektivisering. Leverandørindustrien hadde gode tider før finanskrisa slo inn. Dersom ein skal klare å vidareutvikle denne kompetansen og trygge arbeidsplassar og verdiskaping i eit langsiktig perspektiv, må det satsast tungt på å utvikle alternative forretningsområde alt no.
Men i staden for å ta denne utforringa og dette samfunnsansvaret, så driv olje- og gassnæringa med Statoil i spissen eit rått propagandakøyr for å opne Lofoten og Vesterålen for oljeboring. Ein prøver å framstille det som om framtida for bransjen og landet avheng av oljeverksemda i dette området. Eg har utfordra Statoil til å presentere for det norske folk kva strategi konsernet har for det tilfellet at det ikkje blir oljeboring i LOVE, men det vil dei ikkje ut med. Dersom dei ikkje har ein slik strategi, så er det lite heldig for selskapet si framtid. Dersom dei ikkje vil ut med den, er det lite heldig for den offentlege debatten.
Med si historie har norsk olje- og gassnæring tillit blant store deler av det norske folk. Men dersom den no satsar alt på eit råkøyr for å få opna Lofoten og Vesterålen i staden for å utvide perspektivet til fornybar energi og miljøteknologi, så spelar den hasard med den folkelege tilliten og med ei berekraftig utvikling for bransjen.
Alf