To dagar før 1. mai fekk Sørlandet ei gledeleg melding. Maritim industri som det er mykje av på Sørlandet, fekk ei skikkeleg pakke for å møte dei problema som oppstår i kjølvatnet av finanskrisa.
Det er spesielt gledeleg at Sørlandet fekk eit av fem senter for innovasjon, ein såkalla inkubator. Men også dei andre elementa i pakka vil vere til stor nytte for industrien på Sørlandet. Det gjeld blant anna auken i rammene for Garantiinstituttet for eksportkreditt.
Skal den maritime industrien utvikle seg vidare og sikre arbeidsplassane, er det viktig at den satsar på den nye veksande marknaden for miljøteknologi. Derfor har industripakka eit sterkt fokus på forsking, innovasjon og miljøteknologi.
Eg er opptatt av å endre det offentlege verkemiddelapparatet slik at det motiverer næringslivet til å satse sterkare på miljøteknologi. Blant anna har eg gått inn for at Garantiinstituttet for eksportkreditt også skal støtte miljøteknologi. For ei tid sidan presenterte eg denne ideen i Dagens Næringsliv. Dette er eit av fleire miljøtiltak som kom på plass i samband med industripakka.
Som sørlending i næringskomiteen er det gledeleg å konstatere at det blei gjennomslag både for å satse på Sørlandet og på miljøteknologi.
Alf