Eg møter stadig stor interesse når eg er kring om i landet og diskuterer miljøteknologi. I går hadde vi ein spennande diskusjon i Dale i Sunnfjord. Det var ekstra hyggeleg å treffe mange kjente frå den tida eg voks opp i Dalsfjorden. SV-laget i Fjaler har lagt ut referat og bilete frå møtet.
I dag har ordføraren i Fjaler, Arve Helle, tatt meg med rundt i kommunen. Han gav meg eit godt argument mot dei som trur at oljeboring i Lofoten og Vesterålen vil skaffe mange arbeidsplassar på land i nærområdet. Frå kysten yst mot havet i Fjaler kan dei sjå Gjøa-feltet. Dei har all risikoen knytt til oljeaktiviteten, men ikkje ein einaste arbeidsplass.
Alf
Hvilken risiko snakker du om? Er ringvirkningene ellers i regionen meningsløse?
LikerLiker
Ringverknadene i Fjaler er null i følgje ordføraren. Katastrofa i Meksikogulfen seier noko om risikoen. Alle oljelobbyistane prøver å hevde at den var heilt spesiell. Men det var eit stort seriøst oljeselskap som hadde ansvaret.
Alf
LikerLiker