Dei siste dagane har Statkraft fått stor plass i media. Men debatten har for det meste handla om utbyttepolitikk. Det har vore mindre fokus på den langsikteige strategien og Statkraft si rolle i norsk industriutvikling.
Energisektoren har alltid spela ei sentral rolle i norsk økonomi og norsk industri. Olje og gass har skaffa oss inntekter, men også lagt grunnlaget for ein høgteknologisk leverandørindustri. No innser fleire og fleire at norsk industri må bli mindre avhengig av oljesektoren. Det er på tide å diskutere om Statkraft kan bidra til å utvikle ein grøn industri på same måten som Statoil var med på å utvikle dagens leverandørindustri.
Forholda bør ligge godt til rette for ei slik utvikling. Statkraft har kompetanse og økonomiske musklar og har no engasjert seg internasjonalt. Utbygging av vindenergi på Doggerbank er ei spennande satsing. I tillegg har Noreg ein verdsleiande leverandørindustri med brei kompetanse på område som er viktige for utvikling av fornybar energi. No er det viktig at Statkraft fokuserer på grøn energi og ikkje bind opp ressursar i gasskraft.
Det internasjonale energibyrået, IEA, har lagt fram oppdaterte tal for satsing på fornybar energi fram mot 2050, og byrået forventar store investeringar. 25000 vindmøller årleg, 85 store karbonfangstprosjekt kvart år og store investeringar i solenergi og miljøvennleg transport er berre nokre eksempel. Men det er mange om beinet, og det hastar med å ta ein posisjon i den nye marknaden.
Då Noreg blei ein oljenasjon i åttiåra, blei det satsa på å utvikle norsk leverandørindustri. Resultatet har blitt ei høgteknologisk eksportnæring med ein sterk internasjonal marknadsposisjon. Noreg har over 80% av verdsmarknaden på enkelte område. Statoil sin sterke posisjon og selskapet sin vilje og si evne til å utvikle underleverandørane har utan tvil medverke til denne utviklinga.
Vi kan ikkje utan vidare samanlikne situasjonen i olje- og gass-sektoren i åttiåra med fornybarsektoren i dagens Noreg. Ressurssituasjonen er ulik og tilgangen til marknaden er heilt forskjellig. Men det er like vel grunn til å vurdere om Statkraft kan spele ei rolle i utviklinga av ein økonomi og ein industrisektor som er mindre avhengig av olje og gass.
Det er viktig å satse i Noreg, og heimemarknaden er alltid viktig for leverandørindustrien i ein oppbyggingsfase. Men det er ikkje nok å satse på den norske marknaden dersom vi skal utvikle ein grøn leverandørindustri i Noreg. I Kristiansand har vi for eksempel ein fabrikk som støyper deler til vindmølle. Med sine to hundre tilsette dekkjer den ein vesentleg del av verdsmarknaden.
Ved å satse på fornybar energi også i utlandet kan Statkraft spele ei rolle i utvikling av grøn industri i Noreg. Men dette reiser ein del problemstillingar relatert til utviklinga av selskapet. Statkraft er i utgangspunktet eit grunnrenteselskap. Det inneber at selskapet disponerer evigvarande naturressursar som tilhøyrer fellesskapet. Derfor er det rimeleg at desse ressursane i stor grad blir disponert av dei folkevalde på Stortinget og ikkje av styret i selskapet.
Men Statkraft har også næringsaktivitet som går ut over grunnrenteaktiviteten. Tydelegast ser vi det når selskapet engasjerer seg i utlandet. Avkastninga av denne aktiviteten er ikkje grunnrente, men den er langt på veg mogeleg fordi grunnrenta gir selskapet finansiell styrke. Diskusjonen om kva som er riktig utbyttepolitikk for eit slikt selskap, er derfor vanskeleg. Det er meir fruktbart å diskutere kva staten vil med selskapet, og kva rammevilkår som må til for å oppnå det.
Landsstyret i SV har uttalt av vi må bruke det statlege eigarskapet i arbeidet for eit meir klimavennleg samfunn og ein grønare industri. Statkraft sine satsingar også i utlandet kan bidra til å utvikle ein grøn leverandørindustri. Selskapet bør derfor ha rammevilkår som legg grunnlag for ei forretningsmessig god utvikling på dette området.
Statkraft si satsing på gass bind kapital som kan brukast til satsing innan fornybar energi. I eit grunnrenteselskap som er bygd opp på norske fornybare ressursar er det gode grunnar til å halde fast på profilen som eit reint fornybarselskap. Då kan Statkraft spele ei viktig rolle for klimaet både i og utanfor Noreg. Og det kan bli ein viktig aktør i utviklinga av ein berekraftig fornybarindustri her i landet.
Innlegget stod på trykk i Klassekampen 23. august.
Alf
Tilbaketråkk: Tweets that mention Grøn industriutvikling med Statkraft | Alf Holmelid -- Topsy.com
Ja – la Statkraft få beholde penger til å utvikle seg!
LikerLiker