Historisk løft for miljøteknologi

I 2010 har stortinget behandla og vedtatt fleire saker som samla utgjer eit historisk løft for miljøvennleg energi og miljøteknologi. Grunnlaget er lagt for ei langsiktig industriutvikling med perspektiv utover oljealderen. Noreg har ein sterkt oljeavhengig økonomi. Derfor er det viktig å skaffe seg fleire bein å stå på før det er for seint. Med våre lange tradisjonar i energisektoren er det naturleg og viktig å ta posisjonar i den nye marknaden for miljøvennleg energi og miljøteknologi.

Satsing på miljøteknologi og miljøvennleg energi er viktig for klimaet og for miljøet. Men det er også eit viktig industripolitisk tiltak. Noreg har ein open økonomi, og vi treng ein konkurransedyktig eksportindustri også etter at oljeaktiviteten har nådd toppen. I dag har vi ein omfattande industri som er bygd opp kring oljeaktiviteten i Nordsjøen, og som har skaffa seg sterke posisjonar på verdsmarknaden. Denne industrien treng fleire bein å stå på for å sikre arbeidsplassar og verdifull kompetanse når oljeaktiviteten svingar og går ned. Alternativet kan bli krevjande omstillingar med tap av kompetanse og arbeidsplassar på eit seinare tidspunkt.

Det internasjonale energibyrået, IEA, har lagt fram prognoser som viser sterk vekst i marknaden for utstyr til miljøvennleg energi som solenergi, vindenergi og energiøkonomisering. Norsk industri har teknologi og kompetanse som passar til denne marknaden. Sentrale aktørar i NODE har peika på at det kan ligge kontraktar for 45 milliardar kroner som det er aktuell for sørlandsindustrien å kjempe om, berre på den planlagde vindmølleparken utanfor Storbritannia. Dessutan har representantar for NODE nyleg peika på at miljøteknologi også er viktig for å sikre posisjonar i dei tradisjonelle marknadene for utstyr til oljeboring.

I løpet av 2010 har regjeringa fått på plass fleire viktige tiltak  som kan gi norsk industri eit springbrett inn i den nye marknaden for miljøteknologi og miljøvennleg energi. Revidert nasjonalbudsjett som blei lagt fram i mai,  presenterte eit nytt program for støtte til miljøteknologi. Det er svar på eit ønske frå sentrale næringsaktørar som har sakna støtteordningar for demonstrasjonsanlegg. Programmet skal blant anna gi støtte til større pilotprosjekt som ikkje passar inn i dagens støtteordningar. I statsbudsjettet for 2011 er det sett av nesten 300 millionar kroner til dette programmet som vil bli vidareført med nye løyvingar neste år.

For nokre veker sidan la regjeringa fram forslag om å styrke eigenkapitalen til Statkraft med 14 milliardar kroner. Denne kapitaltilførselen set selskapet i stand til å gjennomføre eit investeringsprogram innan miljøvennleg energi på 82 milliardar kroner. Gjennom eit aktivt statleg eigarskap har vi fått i stand ei satsing av ein storleiksorden som det er vanskeleg å tenkje seg realisert på andre måtar.

Omtrent samtidig med oppkapitaliseringa av Statkraft blei det underteikna ein avtale med Sverige om grøne sertifikat. Det er ei støtteordning som vil skaffe fleire milliardar i året til miljøvennleg energi. I dag gir det statlege organet ENOVA midlar til fornybar energi. Ein del av dei midlane som ENOVA har brukt til dette formålet, blir no erstatta av dei grøne sertifikata. Dermed blir det frigitt midlar som kan brukast til teknologiutvikling og industrialisering. Eit eksempel på dette er støtta til ny og mindre energikrevjande aluminiumsprosess ved Alcoa på Lista.

ENOVA har også ansvar for å støtte tiltak som fremmar energisparing, og dette området er ikkje dekka av dei grøne sertifikata. Kommunaldepartementet har nyleg fått utarbeidd ein oversikt over kor mykje energi som kan sparast ved energiøkonomisering i bygg dei neste ti åra. Rapporten viser at potensiale for energisparing i bygg tilsvarer mange titals vindmølleparkar, så her er det behov for sterkare innsats. Energiøkonomisering utgjer også ein spennande marknad for aktørane i byggebransjen.

For eit par månader sidan heldt eg eit innlegg på ein energikonferanse ved Universitetet i Agder. Der peika eg på at vi treng ei ny heilskapleg vurdering av kraftsituasjonen. Dei siste åra har vi hatt fokus på å produsere fornybar energi. Men det har vore lite debatt om korleis vi bør bruke denne energien til beste for klimaet,  forbrukarane og næringslivet. Det er ulike syn på korleis elkraftmarknaden vil utvikle seg. For å skape stabile rammevilkår både for produsentar og forbrukarar av energi er det behov for å drøfte desse spørsmåla i det offentlege rom. Og like før stortinget tok juleferie, kunngjorde regjeringa at det vil bli sett ned eit utval som skal sjå på den langsiktige kraft- og energiballansen.

Over nyttår vil regjeringa legge fram ein oppdatert strategi for miljøteknologi. Skal vi få tilstrekkeleg fart i omstillinga til fornybar energi og ein mindre oljeavhengig økonomi, må vi satse på å utvikle ein berekraftig grøn industri. Marknaden for miljøteknologi er umoden, og den er påverka av nasjonal og internasjonal politikk. Derfor er det behov for godt samarbeid mellom næringslivet og styresmaktene i utviklinga av ein livskraftig og konkurransedyktig grøn industri. I år har vi lagt på plass viktige byggesteinar. Men vi står overfor store utfordringar. Det er viktig at strategien for miljøteknologi blir vidareutvikla i god dialog med aktørar i næringsliv og samfunnsliv dersom vi skal nå målet om å skape ei ny vekstnæring.

Alf

Kronikken stod på trykk i Fædrelandsvennen 5. januar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s