På denne bloggen har eg fleire gonger åtvara mot det som no skjer med Elkem. Eg har også foreslått at staten bør gå inn på eigarsida for å unngå nettopp dette. Elkem er ei framtidsretta bedrift som har skapt ei rekke industrielle innovasjonar. Ein av desse nyvinningane blei til Elkem Solar som produserer høgreint silisium til solseller.
Frå før er mange bedrifter i metall- og materialindustrien på utanlandske hender. Med dette salet vil ein stor del av norsk materialindustri bli styrt frå utlandet. Utanlandsk eigarar kan vere langsiktige industrielle eigarar. Men det er uhelding og bekymringsfullt når ein så stor del av ein svært tradisjonsrik bransje blir dominert av utanlandske eigarar.
Denne saka viser at staten er altfor lite offensiv i forhold til å sikre og utvikle norsk industri. Det er på tide å krevje at regjeringa legg fram eit forslag om å utvikle ein strategi og gode ordningar for å gå inn på eigarsida i strategisk viktig og framtidsretta bedrifter. Dette kan gjerast gjennom eit fond eller på andre måtar. Men det er viktig at staten kan gå inn med så stor eigardel at det gir innflytelse i selskapet.
Kva meiner du?
Oppdateringar 12. januar
Etter at ei skreiv dette innlegget, har eg fått tilsendt lenke til innlegg om det same.
Frå Industri og Energi: http://www.industrienergi.no/modules/m02/article.aspx?ArtId=21276#ScrollAnchor
Frå LO i Trondheim:
http://www.facebook.com/notes/lo-i-trondheim/elkem-minister-uten-verktoy/146110872109431
Alf
Jeg mener at vi burde hatt aktører i Norge som hadde hatt 12 milliarder til å kjøpe Elkem for.
På denne måten beholdt selskapet uten at skattebetalerne må betale for slikt fremfor for veier og sykeplasser.
Det salget av Elkem viser er at jakten på de rike har vært vellykket. Ingen i Norge har så mye penger at de kan kjøpe Elkem.
Derfor er dette salget et direkte resultat av en bevisst politikk.
Da syns jeg rett og slett at venstresiden skal tiljuble det som skjer og si at det er en effekt av en ønsket politikk.
LikerLiker
Bra du jobbar med saka. Stå på!
LikerLiker