Sunnmøre satsar på miljøteknologi

Torsdag 7.  april hadde eg gleda av å innleie på eit seminar på Runde miljøsenter i regi av Møre og Romsdal SV, Sande SV og Herøy SV. Det var variert deltaking frå Rolls-Royce via ulike miljøbedrifter til gründerar i startfasen.

Eg informerte om næringspolitikken til SV som legg vekt på å utvikle eit berekraftig næringsliv med perspektiv utover oljealderen. Derfor er det viktig å satse på miljøteknologi før det er for seint. Eg orienterte også om dei ordningane SV og regjeringa alt ha fått på plass for å fremme grøn industri.

Debatten etter foredraget viste stor interesse for SV sine næringspolitiske perspektiv. Det kom mange gode innspel som vi kan bruke i det vidare arbeidet med å utvikle regjeringa sin politikk på dette området.

Mange var også interessert i å diskutere dei støtteordningane vi har for miljøteknologi og innovasjon. Dei små bedriftene og gründerane var opptatt av at dei måtte vere lett tilgjengelege. Mange peika også på at dei teknologiske forskingsmiljøa er for lite ute i felten for å diskutere med dei som har praktisk erfaring med å utvikle ny teknologi.

Dei planlagde bedriftsbesøka gjekk i vasken på grunn av forseinka fly som lande på Sandane i staden for på Hovden. Men det blei like vel ein lærerik dag.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s