Skarpare i kantane

I stortingsvalet for to år sidan opplevde vi at mange var samde med SV i viktige saker, men at dei like vel gav si stemme til andre. Derfor blei det etter valet lagt vekt på å breie ut partiet slik at vi skulle bli eit truverdig alternativ på fleire område.

I denne valkampen har media skapt eit inntrykk av manglande gjennomslag på kjerneområda våre, miljø, fordeling og antiimperialisme. Paradokset er at ein del av dei som ternkjer slik, går til det partiet som vi må kjempe mot for å få gjennomslag på desse områda. Dette er ein situasjon som vi må møte med tydlegare tale slik Karen Andersen har gjort i Aftenposten. Vi er mange som kunne komme med liknande forteljingar.

Å utvikle ei breiare politisk plattform kan vere positivt for å skape truverde. Men å vere god på alt, er vel ein profil som passar best for dei store partia nærare sentrum. For SV i motgang er det viktig å vere tydeleg på kva vi vil kjempe for og kva vi vil be veljarane om støtte til. SV må skape engasjement i tillegg til truverde om vi skal vinne tilbake veljarane.

Det er ikkje minst viktig å vise folk kva vi står for på våre kjerneområde. Vi har flytta regjeringa til venstre på mange område. Det er nok å minne om kva Stoltenberg si første regjering stod for. Vi kan vere stolte av dei kompromissa vi har oppnådd, men det er vanskeleg å vise kva som hadde skjedd utan oss. Det er også eit stort problemet er at folk etter kvart ikkje kjenner våre prinsipale standpunkt, og at vi har skapt for lite rom for å utvikle ny offensiv politikk i dialog med veljarane.

Skal vi skape engasjement og gjere våre kjernevelgarar stolte av å vere med på eit viktig prosjekt, må vi bruke meir tid på å vise fram og vidareutvikle vår eigen politikk i det offentlege rom, ikkje berre skryte av regjeringa. Media
vil angripe oss for å krangle, men det må vi lære oss å leve med. Om vi ikkje får gjennomslag i denne regjeringsperioden, må vi ha tydelege krav å mobilisere på til den neste.

SV har vore dei mest lojale i forhold til det raudgrøne regjeringsprosjektet, noko ikkje minst LO burde merkje seg i større grad enn hittil. Skal vi bere det vidare, er det heilt nødvendig at vi skjerpar vår eigen profil og synleggjer våre resultat.

Alf

9 responses to “Skarpare i kantane

  1. Ei av dei største utfordringane er å løfta det grøne. Noko av det mest skuffande i norsk politikk er kor utruleg side LO er i hekken når det kjem til grøn framtid. Desse petroholikarane er ikkje i stand til å bidra til det næringslivet vi treng i framtida om ikkje SV og andre krefter greier å inspirera folk til å krevja det. Som LO-medlem er eg ofte skamfull.

    Det er naudsynt å mobiliera all kreativ kraft, lytta til mange, visa løysingar som er realistiske. Sjølv om SV er eit lite parti, må det vera så heilskapleg som mogleg.

    Likar

  2. SV må bli raudare igjen. At vi er grøne, veit alle. Vi må få fram område der vi er heilt forskjellige frå Ap. Det saksfeltet eg meiner peikar seg ut, er EU-relaterte arbeidslivsspørsmål (som i røynda dreiar seg om heile samfunnsutviklinga). Det er eit paradoks at mange radikale fagforeiningsfolk støttar Ap, som støttar det eine arbeidarfiendtlege EU-direktivet etter det andre. SV-leiinga har lagt altfor lite vekt på dette i media og i valkampar. SV må framstå klart og tydeleg som alternativet for EU-kritiske sosialistar.

    Erling Outzen

    Likar

  3. Når du ser på korleis grøne veljarar flyttar seg frå SV til MDG og Venstre, er det sanneleg ikkje godt å seia seg samd med deg, Erling. Elles er jo sjølvsagt desse arbeidslivsspørsmåla viktige. Men samstundes må ein ikkje i t.d. lokalval hamna i den fella at ein snakkar til folk i kommunane som om sjukeheimane er til for dei tilsette. Ser at SV har laga eit eige dokument om arbeidsgjevarpolitikk i kommunar. Det er bra.

    Likar

  4. Thore Wiig Andersen

    Me har ein stor jobb å løfte saman distriktspolitiske sakar som arbeid og næring. Utan ein klår raud profil, råtner partiorganisasjonen ytterliggare på rot i distriktene, og storbymiddelklassen får setje premissene for ein einsidig politisk vinkling som ein berrre reindyrkar i visse kretsar innanfor Ring 3 i Oslo. Å se vekk ifrå at distrikts-SV treng eit klårt løft politisk og organisatorisk ( dette heng tett saman). ville være å lukke augene for at me kan havne i ein situasjon der vi berre er til stades reelt i dei store byane.
    Eit viktig poeng som også altfor få snakkar om, er at utan ein klår raud sosialistisk profil, endar miljøpolitikken vår i ein rein sosioliberal/borgerlig posisjon. Det er hverken lokalsamfunna våre eller SVs framtid som et ( forhåpentligvis) sosialistisk raudt og grønt folkeparti tent med.

    Likar

  5. Lite gjennomslag for kjærneområdene?
    1. Miljø : Det som har skjedd her hjemme er at månelandingen kræsja, økte avgifter. Ute kjøper vi regnskog og det er nok en god ide. Om ikke for klima, så i allefall for midisiner.
    Klimameldingen er utsatt og utsatt og det kommmer selvfølgelig klart frem i valgkampen. Kyotoavtalens kutt her hjemme er det bare 9 år til vi skal ha klart. Det er uoppnåelig, alle vet det – og de ansvarlige later som ingen ting.

    2. Fordeling : Internasjonalt er det egentlig ikke så stor forskjell fra Bondevik. Vi fortsetter med det som ikke hjelper.
    Hjemme så er det noe mer bostøtte osv. Men, vi er opptatt av bærekraft ute, ikke hjemme. 10% her hjemme er uføre og vi er lite bærekraftige her.
    Jeg er enig i at støtten skal opp for de som trenger det- men antall mottakere må ned. Og – ja – det er uføre som ikke har noe der å gjøre.

    3. Antiimperialisme ? Er det derfor dere vil at de totalitære muslimske imperialistene skal få tilbake Afghanistan?
    De ekstreme islamistene sprer seg fort. Østen, Afghanistan, Irak, Iran, Nord-Afrika osv. De jobber bevisst for muslimske stater og er de sanne imperialistene.
    Norge og de andre er i Afghanistan for at landet skal klare seg selv og så trekke seg ut. Slik USA gjorde i Irak.

    Likar

  6. Ja,Ja, Håkon. Du er standhaftig du. Kunne du ikkje berre legge lenke til dei kommentarane du tidlegare har skrive?

    Likar

  7. Det har vore mykje fokus på at SV har mist veljarar til MDG. Men dei aller, aller fleste veljarane som har gått frå SV sidan toppvala i 2001 og 2003 har ikkje gått der, men til Arbeidarpartiet. Eg er sjølv ein av desse.

    Grunnen er at SV har selt seg ut på dei områda der dei var eit positivt alterativ til dei andre partia, som til dømes utanrikspolitikken – Libya-krigen var det siste halmstrået. Då blir dei områda der SV ikkje har den beste politikken, men som partiet har prøvd å prioritere i hestehandlane med regjeringspartnarane viktigare for partivalet. Då er rett og slett slik at Arbeidarpartiet har ein betre industri- og miljøpolitikk og innvandringspolitikk en SV. Dette er område der det er kvalitative skilnader mellom partia, og ikkje berre kvantitative, som i den økonomiske politikken.

    Likar

  8. Hei Alf.
    Takk for det. Jeg prøver å følge med på hva meningsmotstanere mener for å forstå hvordan de tenker og hva som gjør at de mener det de mener.

    Og – da må jeg jo stille spørsmål, vet du.

    Når det gjelder svaret ditt så tyder det på at det ikke kommer noe svar på det jeg skriver. Eller lenker til tidligere svar….

    Det kunne vært veldig interessant å se hva du mener om mine påstander om at de ekstreme islamistene i Al-Quaida er imperalister eller ikke.

    Likar

  9. Sosialisten
    Eg har problem med å forstå kva du siktar til når dei meiner AP har betre miljøpolitikk enn SV. Eg trur du knapt vil finne nokon i miljørørsla som er samd med deg i det. Personleg kjempar eg dagleg mot Arbeidarpartiet for å få miljøaspektet fram i politikken til regjeringa. Vi måtte for eksempel kjempe setning for setning for å få miljøomsyn inn i stortingsmeldinga om statleg eigarskap. Den same situasjonen har vi når det gjeld å få ein meir human innvandringspolitikk for eksempel i forhold til å foreine familiar. Eg kan forstå at folk blir frustrert fordi vi ikkje alltid vinn fram i den interne kampen i regjeringa. Men eg ser ikkje logikken i å gå over til det partiet som vi må kjempe mot for å få betre miljø og meir human innvandringspolitikk, for ikkje å snakka om fordelingspolitikk.
    Alf

    Likar

Kommenter innlegget