Finst utruleg mange som hadde fortent prisen for sin innsats

Innanrikskommissæren i EU, Cecilia Malmström, seier ho er overraska over tildelinga av fredsprisen i år. I følgje Aftenposten seier ho blant anna:
«Eg er framleis veldig overraska, det må eg vedgå. Det finst så utroleg mange modige menneske og organisasjonar rundt om i verda, som gjer fantastisk innsats, og som også hadde fortent prisen.» Det er eig heilt samd i.

Det er vanskeleg å sjå kva EU har gjort for fred det siste året slik det står i premissane for prisen. Det er i dette året dei sosiale forskjellane har eksplodert i EU og vist at det økonomiske fundamentet som er kjernen i EU, skaper enorme forskjellar og sosiale konfliktar. Konfliktane er flytta frå nasjonsgrensene til gatene i byane.

Alf

1 responses to “Finst utruleg mange som hadde fortent prisen for sin innsats

  1. Det er ikkje EU som skapar sosiale forskjell, det er folkevalde høgreregjeringer i landa som gjer det

    Likar

Kommenter innlegget