Folket har alltid makta og ansvaret

OLYMPUS DIGITAL CAMERAEtter Brexit er det mange som spør om folket alltid har rett, men det er feil spørsmål.

Folket har ikkje alltid rett, men folket har alltid makta og ansvaret om vi vil kalle oss eit demokrati. I staden for å diskutere om det er folket eller ekspertane og politikarane som har rett, bør vi spørje kva som har gått galt med kommunikasjonen og tilliten mellom folket og dei folkevalde.

Det handlar om makt og interesser. Folk stemmer på politikarar for at dei skal forvalte deira demokratiske makt. Men i staden opplever dei politikarar som er handlingslamma i møte med marknad og internasjonal storkapital. Når forskjellane aukar, skuldar politikarane på konkurransen. Kvifor skal folk ha tillit til politikarar som demonstrerer si manglande vilje og evne til å ta makta og bygge eit solidarisk samfunn? Dei lengst nede på rangstigen opplever stadig at dei må betale prisen for konkurransekraft og for velstand for dei på toppen.

I ei rekke land i Europa har denne misstilliten lagt vegen open for høgreekstremisme. Kombinert med sviktande og lite solidarisk handtering av flyktningstraumen har det også nøra opp under framandfrykt. Mange er interessert i å legge skulda for aukande høgreekstremisme på innvandrarar og asylsøkjarar. Slik unngår dei å få sett søkjelyset på dei grunnleggande problema med ein politikk som aukar forskjellane og flytter makt frå folkevalde til kapitalkrefter og byråkratiske elitar.

Lar vi problema i Europa bli eit spørsmål om innvandring, sviktar vi demokratiet og solidariteten og spelar korta i hendene på høgreekstremistane. Demokrati er eit spørsmål om tillit, makt og ansvar. Det Europa no treng er politikarar og parti som kan gjenreise tilliten.

Alf

4 responses to “Folket har alltid makta og ansvaret

  1. Jan Erik Ryen

    Duer vel enig i at det britiske folket hadde rett
    ved avstemningen for en uke siden. Du ønsker vel at makten skal tilbake til nasjonalstatene. Kanskje Wilders og Le Pen klarer å følge opp dette demokratiske prosjektet.

    Likar

    • Eg har ikkje uttalt meg om kva eg meiner er bra for Storbritania. Men eg peika på at vi lett kjem ut på skråplanet om vi seier at andre enn folkefleirtalet skal ha det sist ordet og må ta ansvaret for det dei stemmer for. Samtidig har eg problematisert at det no ser ut til å utvikle seg misstillit mellom folk og dei tradisjonelle politikrane. Det reparerer vi ikkje ved å oversjå folkemeininga, men ved å gå i dialog med folket og prøve å gjenopprette tilliten.

      Likar

  2. Det var nok uten tvil at asylstrømmen vi har opplevd til Europa var en sterk årsak til at mang en britisk politiker i begge fløyer hevet sin hårete øyenbryn i forundring etter Brexit, folket reagerte tvert på hva de anbefalte, ikke minst på Labour siden, Toryane var jo splittet i forkant.

    Men gapet vi opplever nå for tiden mellom folk og folkevalgte har mange andre og tildels eldre grunner en bare det, er ikke helt enig i din forklaring (jeg siterer) «politikarar som er handlingslamma i møte med marknad og internasjonal storkapital» helt dette gapet heller, enkelt og greit fordi de folkevalgte så absolutt ikke er handlingslammet i møtet med disse kreftene, men faktisk med på leken og legger til rette for langt mer en det man kan kalle for sunn kapitalisme og verdiskapning, nemlig hemningsløs papirverdiskapning som alltid ender i at bobla sprekker og regningen sendes til folket.

    Dette er etter min mening hovedgrunnen til tillitskrisen mellom folk og folkevalgte, klart andre ting så som den enorme asylstrømmen, voksende ledighet blant ungdom og utrygg fremtid er medvirkende, men ikke så mye som denne symbiosen mellom folkevalgte og papirspekulantene («politikerne og bankene» vil noe kalle de) der er det selvsagt helt normalt at noen av de som du og media velger å kalle høyrepopulistiske tjener på, enkelt og greit fordi deres retorikk er gjerne nærme det folk føler i dag.

    Likar

    • Er samd i at politikarane ikkje berre er handlingslamma, men også i stor grad gir frå seg makt med opne auge.

      Likar

Kommenter innlegget