Elektrifisering er ikkje nok

Agder fylkeskommune med rådmann Tine Sundtoft i spissen satsar på å skape Electric region Agder. Kristiansand kommune følgjer opp og vil nå sine klimamål med ei offensiv satsing på elektrifisering i samarbeid med Agder Energi. Alt dette er vel og bra. Men elektrifisering må ikkje bli ei sovepute som fører til at vi gløymer det viktigaste klimatiltaket – reduksjon av det totale energiforbruket. Elektrisk energi i frå fornybare kjelder vil i lang tid framover vere ein avgrensa ressurs som vi må spare på. Vi blir ikkje meir miljøvennlege jo meir elektrisitet vi brukar.

Skal vi nå målet om netto null utslepp av klimagassar i 2050, så må all fossil energi erstattast avfornybar energi. Men det vil ta lang tid å bygge ut nok fornybar energi. Dessutan har all produksjon av fornybar energi i større eller mindre grad negative konsekvensar for natur og miljø. Derfor må vi avgrense det totale energiforbruket samtidig som vi satsar på utbygginga av ny fornybar energi. Det  må eit skikkeleg krafttak til på begge desse områda dersom vi skal ha sjanse til å nå måla i Parisavtalen.

Berre 15% av energiforbruket i verda er fornybar energi i dag, og det meste av detet er bioenergi. Dei siste åra har veksten i det globale energiforbruket spist opp auken i produksjon av fornybar energi. Dette er ei farleg utvikling som vi må snu dersom vi skal nå klimamåla. Sidan Noreg er velsigna med mykje vasskraft, er situasjonen langt betre her i landet. Omlag halvparten av vårt totale energiforbruket er fornybar energi. Men sjølv med dette gunstige utgangspunkt vil det vere krevjande å bli kvitt all fossil energi utan å satse på energisparing i tillegg til elektrifisering og aukaproduksjon av fornybar energi.

Så lenge eg har drive med politikk, og det har blitt nokre år, så har vi snakka om energisparing. Det har blitt lagt fram ei rekke rapportar som viser at vi har eit stort potensiale for energiøkonomisering, men vi har langt i frå tatt ut dette potensialet. Innan bustadsektoren har det skjedd ein del positive ting med nye byggforskrifter. Men ser vi på statistikken, så har satsinga på energiøkonomisering langt på veg blitt spist opp av auken i folketal og bustadareal. Noko av det same ser vi i transportsektoren. Effekten av meir moderne bilar blir langt på veg spist opp av auka bilbruk.

Transportsektoren står for store klimautsleppa, og elektrifisering av denne sektoren er heilt avgjerande for å nå klimamåla våre. Men elektrifisering er ikkje nok. Fornybar energi er ein knapp ressurs som alternativt kan brukast til å erstatte fossil energi og skape nye grøne arbeidsplassar. Derfor må vi også i transportsektoren spare energi i tillegg til å elektrifisere. Vi må redusere bruken av privatbil og ikkje skape eit bilbasert samfunn med bilbaserte kjøpesenter og overdimensjonerte motorvegprosjekt. Arealpolitikken og samferdselspolitikken må henge saman med klimapolitikken.

Naturvernforbundet i Noreg har lagt fram ein rapport som viser at det er mogeleg å redusere energiforbruket i bygg med 15% i løpet av ti år og med 50% i løpet av 30 år. Energisparing er god privatøkonomi, god samfunnsøkonomi og eit godt klimatiltak. Men det er ikkje eit område som trekkjer til seg private investorar med fokus på maksimal profitt. Derfor må politikarane ta ansvar og skape rammevilkår for energisparing. Men det har vi diverre sett lite av hittil. Med nokre få unntak har eg ikkje høyrt politikarar som har markert seg på energisparing, og som har lagt fram konkrete tiltak som monnar.

Spart energi er den beste energien. Den har ikkje utslepp, og den belastar ikkje natur og miljø. Energisparing er kanskje det viktigaste enkelttiltaket for å nå klimamåla våre. Sparer vi energi, så sparer vi også på andre viktige ressursar. No er det viktige planprosessar i gang både i Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune. Her politikarane innarbeide ambisiøse mål for energisparing og ikkje la elektrifisering bli ei sovepute.

Alf Holmelid

Innlegget  står på trykk i Fædrelandsvennen i dag

2 responses to “Elektrifisering er ikkje nok

  1. Eg har blitt tipsa om at eg burde ha omtalt at elektrifisering i seg sjølv er eit sparetiltak. Det kjem av at elektromotorar er dobbelt så effektive som forbrenningsmotorar. Det er eit viktig poeng som eg tok for gitt i min kronikk. Det er like vel behov for offensiiv energisparing og/eller produksjon av fornybar energi.

    Likar

  2. Denne artikkelen viser at vi veit for lite om kva som skal til for å utløyse det enøkpotensialet som SINTEF har rekna ut. https://e24.no/olje-og-energi/i/2d192R/alternativene-til-vindkraft-dette-kan-det-koste?referer=https%3A%2F%2Fwww.vg.no

    Likar

Kommenter innlegget