Det er interessant å følgje den likestillingsdebatten som Fædrelandsvennen med god hjelp av fylkesmann Ann-Kristin Olsen har klart å blåse liv i. Nettdebatten er dominert av menn som vil ha seg fråbedt at landsdelen blir kritisert for dårleg likestilling. Dei er opptatt av kvinnene sin rett til å vere heime for å ta seg av barn sine. Det verkar nesten som om vi er i ferd med å få eit moralpoliti mot likestilling på Sørlandet.
No er det på tide at det kjem fleire stemmer med i denne debatten. Kvar er dei røystene som vil kjempe for eit samfunn der kvinner og menn får like muligheiter i arbeidsliv og samfunnsliv, og deler på ansvaret for barn og heim. Det er på tide at vi som ønskjer eit moderne likestilt samfunn, tar til motmæle.
Kampen for likestilling er ikkje i mål, korkje på Sørlandet eller i resten av landet. Den store lønnsforskjellen mellom kvinner og menn er eit godt bevis på det. Og no tar det til å dukke opp forslag som vil reversere det vi har oppnådd. Forslaget frå Høgre om å fjerne pappakvoten i foreldrepermisjonen er eit godt eksempel på eit tiltak som vil reversere likestillinga.
Enkelte avviser den likestillingsdebatten som no har blusa opp på Sørlandet, fordi den fokuserer mest på kvinnelege leiarar. Skal likestillingskampen få den breie oppslutninga som den fortener, må vi legge hovudvekta på ande ting som låg løn og mykje ufrivillig deltid i typiske kvinneyrke. Men fokuset på leiarproblematikken er ikkje noko orsaking for å vere passiv i debatten om likestilling på Sørlandet.
Det er ille at vi ligg på jumboplass når det gjeld likestilling. Men dei haldningane som kjem til uttrykk i debatten, ikkje minst på nettet, er kanskje meir bekymringsfulle. Ein jumboplass kan vere ei utfordring til handling og ein inspirasjon til engasjement. Men når folk tar til å leit fram argument for å ligge på jumboplassen, då er det fare på ferde.
alf