Frå miljøaktivist til medlem av Næringskomiteen
«Miljøkrav må og vil endre tradisjonell økonomisk tenking. … Eg trur det er viktig at vi nå arbeider for ei haldningsendring der miljøkrav blir sett på som eit fundamentalt rammevilkår for all næringsverksemd.» Dette er utdrag av eit foredrag eg heldt om miljø og nærings for tretti år sidan. Den gangen blei slike tankar møtt med skepsis og kraftig motstand. I dag er slike tankar mainstream. Men det er ikkje mange som hugsar eller vil vedgå at det var venstresida og miljørørsla som fronta denne bodskapen i starten.
Upopulære miljøkrav fekk fram ny teknologi
Då miljøkrava kom på sytti- og åttitalet, møtte dei sterk motstand. Både politikarar, bedriftsleiarar og tillitsvalde åtvara mot krav som dei meinte ville rasere mange arbeidsplassar. Det var farleg å ligge i front med strenge miljøkrav, blei det hevda. Konsekvensen ville bli auka kostnader, industridød og utflagging. Det finst mange eksempel på at frontane kunne vere harde. I denne perioden søkte eg jobb ved eit forskingsinstitutt der det kom fram at dei var redd for å misse kundar om dei tilsette ein så profilert miljøaktivist til prosjekt med næringslivet.
Men miljøkrava kom – gradvis og i kombinasjon med støtteordningar, og industrien tok utfordringa. I prosessindustrien som då var min arbeidsplass, fekk vi eit teknologiløft som styrka konkurransekrafta i tillegg til å løyse miljøutfordringane. Den offensive satsinga på teknologiutvikling førte til redusert energiforbruk og betre produkt. Som ein kollega av meg sa: då vi leita etter årsakene til skadelege utslepp, så fant vi ofte mange andre manglar i prosessen. Utan dei offensive miljøkrava hadde vi knapt hatt ein konkurransedyktig prosessindustri i Noreg i dag.
Den positive effekten av framtidsretta miljøkrav er ikkje avgrensa til prosessindustrien. For ein del år sidan uttalte dagleg leiar i oljeklynga NODE at «de strenge miljøkrava kan ha blitt et av vår tids viktigste konkurransefortrinn».
Eit klassism eksempel
Det klassiske eksempelet på eit miljøproblemet som blei forretning, er den plagsame industrirøyken som blei til det verdifulle produktet Microsilica. Alle som budde i nærleiken av eit ferrolegeringsverk for førti – femti år sidan, hugsar at et valt ut tonnevis med grå røyk. I første omgang utvikla Elkem renseteknologi for å samle og deponere røyken eller støvet. Renseteknologien blei etter kvart ein suksess og blei seld til smelteverk over heile verda.
Men det dukka opp eit nytt problem. Kva skulle ein gjere med dei enorme mengdene støv som blei samla saman? Eit omfattande forskingsprogram blei sett i gang, men resultata let vente på seg. Mange meinte at ein aldri ville klare å forrente forskingsinvesteringane. Men miljøengasjement og teknologioptimisme gav resultat til slutt. Vi fekk kvalitetsprodukt microsilica som revolusjonerte deler av materialteknologien og gav gode inntekter. Utviklinga av microsilica passa som hand i hanske med miljørørsla sitt slagord om at avfall er ressursar på feil plass.
Frå særtilfelle til mainstream
Lenge blei det hevda at utviklinga av microsilica var eit heldig spesialtilfelle. Å hevde at miljøproblem kan bli forretning, og at god miljøpolitikk er god industripolitikk, blei sett på som naiv idealisme som kunne øydelegge norsk industri. Eg har ikkje tal på alle dei gongene eg har diskutert med folk som har slått vitsar om stearinlyssosialistane og AS Alternativ industri.
Men rundt tusenårsskiftet såg vi ei gryande endring i haldningane både i miljørørsla og i Industrien. Klimaspørsmål kom på dagsorden og fleire såg at industrien ikkje berre skaper miljøproblem. Den kan også vere ein del av løysinga på klimautfordringane og andre miljøproblem. Det er vanskeleg å tenkje seg vindmøller, solceller og elektriske bilar utan industri. Miljøorganisasjonen Bellona gjekk over frå å klatre i industripiper til å samarbeide med industrien, og vi fekk Zero som utvikla eit omfattande industrisamarbeid.
Samtidig ser vi at industrien sjølv forstår at dei må satse på miljø og berekraft om bedriftene skal bli konkurransedyktige i framtida. I 2010 kom World Business Council for Sustainable Development med rapporten Vision 2015. Der presenterer sentrale industrileiarar ambisiøse mål for ei berekraftig industriutvikling der omsynet til miljø og klima er integrert i all verdiskaping. I 2016 presenterte ulike deler av norsk næringsliv vegkart mot eit klimanøytralt samfunn. Her set prosessindustrien som mål å vere ein bransje med null utslepp innan 2050. Med desse rapportane har vi langt på veg nådd – i alle fall i ord – den industripolitikken eg etterlyste for tretti år sidan.
Frå grøne jobbar til grønt næringsliv
Alt i 1991 fremma SV krav om å bruke oljepengar til å skape grøne arbeidsplassar, og etter tusenårsskifte begynte det å bli konkurranse om å love grøne arbeidsplassar. Mange organisasjonar og konsulentfirma kartla eksisterande grøne arbeidsplassar og analyserte marknaden for miljøteknologi. I USA lova Barack Obama å bruke 150 milliardar dollar over 10 år for å skape fem millionar nye, grøne jobbar.
Men kva er ein grøn jobb. Når vi konsulentar lagar oversikt over grøne jobbar, så deler dei ofte bedriftene inn etter bransje, men det blir altfor enkelt. Reinseteknologi og avfallshandtering blir gjerne oppfatta som grøne næringar. Men kva med ei bedrift som tar i bruk ny teknologie og kuttar farlege utslepp og avfall ? Er ikkje det minst like viktig for miljøet? Stadig oftare ser vi også at bedrifter leverer utstyr både til oljeindustrien og til fornybarsektoren. Landbruk og fiskeri blir gjerne rekna som grøne næringar, men dei har miljøutfordringar både når det gjeld klimautslepp og forvaltning av ressursgrunnlaget. På den andre sida blir ikkje prosessindustrien gjerne rekna som grøn industri. Men kan ikkje aluminiumsproduksjon vere like miljøvennleg som såkalla grøne datasenter?
Kampen for grøne jobbar har skapt politisk engasjement for omlegging av industri og næringsliv. Men eg trur ikkje at det i dagens situasjon er fruktbart å dele inn industri og næringsliv i grøne og svarte arbeidsplassar. Målet må vere at næringslivet totalt sett reduserer utslepp, naturinngrep og forbruk av ikkje-fornybare ressursar, og at det er tilpassa og bidrar til å realisere lågutsleppsamfunnet. Miljøkrav må blir sett på som eit fundamentalt rammevilkår for all næringsverksemd. Stadig fleire, ikkje minst i næringslivet, ser ut til å støtte denne breie innfallsvinkelen til grøn næringsutvikling, i alle fall i teorien.
Med eit slikt breitt perspektiv på grøn næringsutvikling, kan det bli lettare å skape allianse mellom fagbevegelsen og miljøbevegelsen. Miljøpolitikken må ha eit fordelingsperspektiv og fordelingspolitikken må ha eit klimaperspektiv for å vere truverdig. Fagbevegelsen og miljøbevegelsen er gjensidig avhengig av kvarandre for å nå sine mål. Ein sterkare allianse mellom fagbevegelsen og miljøbevegelsen er ikkje avhengig av semje i eit og alt. Krav om brei semje vil hindre ein konstruktivt dialog og eit dynamisk samspel. Usemja går heller ikkje alltid mellom fagbevegelsen og miljøbevegelsen.
Å telle grøne arbeidsplassar, som eg sjølv gjorde for ein del år sidan, var ein grei motivasjonsfaktor i starten. Men no er det tid for å ha ambisjonar for å omstille heile næringslivet før det er for seint for å redde klimaet og skape varige arbeidsplassar.
Fire interessante år i Næringskomiteen

Bilde: Trond Gram
Kvelden før 1. mai i 2010 deltog eg på ein hyggeleg hagefest hos Torborg Bækholt i Mandal. Ut på kvelden ringte telefonen og Bård Vegar Solhjel var på tråden. Han ville informere om at det kunne bli forseinkingar på det store karbonfangstprosjektet på Mongstad. Min spontane reaksjon var at om det skjer, så må vi få overført ledige midlar til andre miljøprosjekt, Eg foreslo ei kraftig styrking av miljøteknologiordninga som gir støtte til industriell utvikling av miljøteknologi, og slik gjekk det. Det blei løyvd ein halv milliard ekstra over tre år.
Næringskomiteen var ikkje mitt førsteval då eg kom på Stortinget. Både miljø og forsking sto høgare på ønskelista. Men i ettertid er eg glad for at eg hamna der. Det var ikkje flust av teknologar med industrierfaring på tinget, og slett ikkje med bakgrunn frå forsking i tillegg. Med ein slik bakgrunn blei det ikkje så lett for AP og Høgre å dra den gamle leksa om den kunnskapslause og naive næringspolitikk til SV.
Eg har ikkje talet på kor mange gonger en snakka frå talarstolen i stortinget om at god miljøpolitikk er god næringspolitikk. Miljøteknologiordninga er eksempel på eit tiltak som har ei tydeleg industripolitisk målsetting. Dei fleste støtteordningane på den tida hadde som sitt primære formål å redusere innanlandske utslepp. Miljøteknologiordninga har i tillegg eit industripolitisk formål. Den skal bidra til å utvikle miljøteknologi til ei eksportnæring, noko som er heilt avgjerande for å unngå avindustrialisering når oljeindustrien må trappe ned. Industrien på Sørlandet såg denne utfordringa og blei dei største brukarane av ordninga.
Den norske stat er ein stor industrieigar, og vi har eit ansvar for å bruke denne posisjonen til næringsutvikling. Strategisk eigarskap er omtalt i eigarskapsmeldinga til den raudgrøne regjeringa. Eg skulle gjerne sett at den hadde sterkare formuleringar om å bruke eigarskap til å omstillinga norsk næringsliv. Men den inneheld i alle fall klare formuleringar om at bedrifter der staten er eigar, skal vere leiande på lågutslepp og klimateknologi.
Statlege eigarskapen over naturressursane gjennom Statkraft er ein viktig del av norsk industripolitikk. Eg er opptatt av at strategisk eigarskap er meir enn å bestemme krav til avkastning. Då Statkraft i mi tid på Stortinget klaga over grådige avkastningskrav, fekk vi gjennomført eit slikt strategisk grep. Selskapet fekk tilført eigenkapital for å kunne satse sterkare på teknologiutvikling og ny fornybar energi i tillegg til vasskraft. Diverre klarte den blåblå regjeringa å øydelegge denne langsiktige satsinga då dei ein sein nattetime salderte statsbudsjettet med å auke avkastningskravet til Statkraft.
Før eg kom på stortinget var eg med på å starte opp eit par næringsklynger der store og små bedrifter samarbeida med universitetet om forsking og utvikling. Eyde-klynga samla prosessindustrien, og NODE-klynga samla oljeleverandørindustrien. Dette er eit næringspolitisk tiltak som eg argumenterte sterkt for i diverse innlegg i Næringskomiteen og på Stortinget, og regjeringa etablerte i denne perioden ei ny støtteordning for internasjonalt orienterte klynger, såkalla Global Centre of Expertice, GCE.
Det spennande med grøn næringsutvikling er at kampen må førast på mange arenaer, i miljørørsla, i fagrørsla, i næringslivet og i politiske organ. Eg har vore heldig og fått høve til å arbeide med miljø og næring på alle desse områda, noko som det blei lagt vekt på då eg fekk Kristiansand kommune sin miljøpris i 2015.
Meir om miljø og næring
Det blir truleg fleire blogginnlegg om miljø og næring, for stofftilfanget er stort. Mogelege tema er politiske verkemiddel og erfaring frå arbeid med sol- og vindenergi.
Følg med, følg med, og kom gjerne med kommentarar.