Tag Archives: næringsliv

Vi treng eit nytt stort fornybarselskap

Dette innlegget stod på trykk i Dagens næringsliv i dag.

Stortinget har gitt Statoil føringar om å engasjere seg i fornybar energi. Men denne satsinga ser ut til å få lite merksemd  frå leiinga i konsernet. All erfaring viser at utan sterk støtte frå toppleiinga i ei bedrift så er det vanskeleg å utvikle nye forretningsområde. Derfor er det på tide å vurdere om vi bør skilje ut aktiviteten innan fornybar energi i eit eige selskap.

Det er ei kjent sak at nye satsingar ofte har tronge kår i etablerte organisasjonar. Nye innovative satsingar vil som oftast bli oppfatta som ein trussel mot dei etablerte forretningsområda i ei bedrift. Dei nye områda vil konkurrere om ressursar og om kompetanse, og ikkje minst om merksemd frå toppleiinga i selskapet. All erfaring viser at nye satsingar som bryt radikalt med etablerte forretningsområde, må vere forankra og ha sterk støtte hos toppleiinga i selskapet dersom dei skal ha sjanse til å vekse og utvikle seg.

Eg har tidlegare argumentert for at Statoil med sine økonomiske ressursar og sin teknologiske og operative kompetanse har svært gode føresetnader for å satse på fornybar energi. Det er ei oppfatning som blir delt av næringskomiteen på Stortinget. I merknadene til stortingsmeldinga om statleg eigarskap som blei lagt fram i tidlegare i år, uttalte fleirtalet i næringskomiteen at ”– Statoil som et ledende energiselskap også kan ha virksomhet innen fornybar energi, og ser positivt på at selskapet utvikler seg videre på dette området.”  I parlamentarisk språkbruk er dette ei klar føring.

Men det er svært lite som tyder på at styret og leiinga i Statoil gir fornybar energi den ekstra merksemda som nye innovative satsingar treng, og som Stortinget har bedt om. Vi ser også at det er i ferd med å oppstå eit stadig sterkare konkurranseforhold mellom dei etablerte forretningsområda og satsinga på fornybar energi. Det såg vi tydeleg då Statoil engasjerte seg mot CO2-avgift for gasskraftverk i England, og vi må gå ut i frå at det skjedde med godkjenning av toppleiinga i selskapet. Med denne aksjonen medverka selskapet til å forseinke omstillinga til fornybar energi. Det reduserer marknaden for nye energiformer og er dermed i direkte konflikt med interessene til den delen av selskapet som satsar på fornybar energi.

For å unngå slike interessekonfliktar bør ein vurdere å skilje ut fornybarsatsinga i Statoil i eit eige selskap. Ei slik omorganisering vil også legge til rette for å få eit leiarskap som er genuint interessert i å utvikle denne verksemda, og det er ein viktig føresetnad for suksess. Ein annan viktig føresetnad for å lukkast innan fornybar energi, er å tenkje langsiktig. Derfor er det viktig at selskapet får nok eigenkapital frå starten. Det er også viktig at selskapet får både fornybarkompetanse og anna relevant industriell kompetanse frå starten av, slik at det raskt kan bli ein betydeleg aktør.

Organiseringa av eit nytt fornybarselskap kan diskuterast. Det viktige no er å få ein debatt om realismen i å satse på at Statoil kan bli ein spydspiss på dette området gitt dei erfaringane vi har så langt.

Alf

Bernander gløymer det viktigaste

Fædrelandsvennen kommenterte nyleg eit intervju med NHO-direktør Bernander. Leiarskribenten konstaterte at det mangla eit viktig element i Bernander sin analyse av kva som skal til for å få eit konkurransedyktig næringsliv.  NHO-direktøren utelet at næringslivet er avhengig av ein velfungerande offentleg sektor som kan handtere dei store velferdsutfordringane vi står overfor.

Dette er eit poeng som altfor sjeldan er ein del av den næringspolitiske debatten. På tross av den stadige svartmalinga frå opposisjonen er det vanskeleg å komme bort i frå at vi har klart oss godt økonomisk her i landet. Vi har komme oss betre gjennom finanskrisa enn noko anna land det er naturleg å samanlikne seg med, vi har den lågaste arbeidsløysa i Europa, og vi har eit offensivt næringsliv.

Denne positive utviklinga skuldast ikkje minst den norske samfunnsmodellen med ein sterk velferdsstat.  Den har lagt grunnlaget for det omstillingsvennlege og innovative næringslivet vi har her i landet. Tryggleik frigir tid og energi til å satse i næringsliv og arbeidsliv, og velferdstilbod legg grunnlaget for høg yrkesdeltaking. I sommar var eg på ein konferanse om gründerskap saman med årets kvinnelege gründer. Ho sa blant anna at barnehageplass var ein av dei viktigaste suksessfaktorane for hennar gründerskap.

Eit av dei viktigaste konkurransefortrinna i norsk næringsliv er brei kompetanse og evne til å arbeide sjølvstendig på alle nivå i organisasjonen. Derfor er kanskje kunnskapsdepartementet det viktigaste næringsdepartementet, og utdanningssystemet den viktigaste basisen for næringsutvikling. Eit anna konkurransefortrinn vi har, er at næringslivet gjennom pålegg frå samfunnet har vore tidleg ute med å innføre miljøvennleg teknologi.

Bernander er i godt selskap når han hoppar bukk over offentleg sektor og velferdssamfunnet som basis for utviklinga av næringslivet. I mi tid i næringskomiteen på Stortinget har eg enno til gode å høyre nokon frå opposisjonen omtale dette poenget. Tvert i mot yndar høgrepartia å framstille velferdssamfunnet og offentleg sektor som ein klamp om foten på næringslivet, ikkje som ein viktig føresetnad for eit moderne næringsliv. Dermed er desse partia ute av stand til å vidareutvikle  dei sterke sidene ved dagens modell, og dei ender opp med ein snever og visjonslaus næringspolitikk.

Alf

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag