Tag Archives: olje- og gassnæringa

Mindre oljeinvesteringar – meir innovsjon

Like før ferien gjekk SV ut med krav om at vi må diskutere investeringstakten i oljesektoren for å unngå at presset i norsk økonomi går ut over landbasert næringsliv. No reiser fleire sentrale økonomar den same problemstillinga.

I den oljerusen som pregar norske media, er det lett å gløyme at norske økonomi og norsk næringsliv står overfor store utfordringar. Investeringane på norsk sokkel blir vurdert til å bli over 170 milliardar i år. Det er 20 milliardar meir enn i fjor. Det akselererande investeringsnivået skaper press i økonomien, og landbasert industri slit med å klare seg i konkurransen om kapital og kvalifisert arbeidskraft. Dette skjer samtidig som marknaden i Europa sviktar og konkurransen frå Kina hardnar til.

Vi står i fare for å få eit einsidig oljerelatert næringsliv som er sårbart for konjunkturendringar, og som har lite perspektiv utover oljealderen. Denne utfordringa må møtast langs to aksar. Vi må føre ein oljepolitikk som dempar investeringspresset i oljesektoren. Men samtidig må vi satse langt sterkare på innovasjon, og vi må tenkje nytt om kva som kan stimulere innovasjon.

For å utvikle eit mangfaldig og robust næringsliv må staten satse sterkare på risikokapital for nyskaping. Regjeringa er i gang med å etablere nye såkornfond. Men det er også viktig å satse på kapital i ein tidlegare fase, og det må koplast opp mot kompetent rådgiving. Det er langt større sjanse for at nyetablerte bedrifter overlever dersom dei er del av eit fellesskap i ein såkalla inkubator.

Det er også behov for meir innovasjons i etablert industri dersom den skal overleve i den stadig tøffare konkurransen. Vi treng framleis produksjonsbedrifter om vi skal oppretthalde vårt høge teknologiske nivå. Spesielt i pilotfasen må staten sterkare på bana. Mange gode innovasjonsprosjekt stoppar opp når dei skal testast ut i full skala, for då ryk kostnadene i veret. Vi må utvikle gode ordningar der staten kan bidra til pilotanlegg og testanlegg i kombinasjon med privat kapital.

Suksessen i norsk offshoreindustri skuldast blant anna ein bevisst innkjøpspolitikk frå Statoil si side då oljeeventyret starta. Det er ei erfaring vi bør lære av. Offentleg sektor kjøper årleg varer og tenester for 380 milliardar kroner. Men det er utvikla ein innkjøpspraksis som prioriterer dei store selskapa med trauste velprøvde løysingar. Vi har mange eksempel på at nye måtar å tenkje innkjøp på, kan skape produkt for ein internasjonal marknad.

I innovasjonspolitikken blir det ofte etterlyst meir næringsretta forsking. Det er viktig. Men det må ikkje fortrenge grunnforskinga. Det er den frie forskinga som over tid er det viktigaste grunnlaget for innovasjon, og derfor må den styrkast. Innovasjon kan ikkje alltid bestillast, men det gløymer vi ofte i den næringspolitiske debatten.

Når oljeøkonomien har fått så stor plass her i landet, har staten eit ekstra ansvar for å stimulere til innovasjon og nyskaping. Det er heilt nødvendig for å sikre eit mangfaldig og konkurransedyktig næringsliv på lengre sikt. Sviktar vi her, så drar vi opp stigen etter oss.

Alf

Råkøyr for LOVE truar olje- og gassnæringa og klimaet

Norsk olje- og gassnæring med Statoil i spisen har valt ein kortsiktig strategi kombinert med eit einspora mediekøyr. Dette er ei næring som har betydd og vil bety mykje for Noreg. Norsk olje- og gassnæring er basert på avansert teknologi og eit høgt kompetansenivå. Fossil energi truar klimaet, men verda vil enno ei tid trenge olje og gass, og det er viktig at det stadig blir utvikla betre teknologi for å redusere miljøulempene.

Det er no på tide at olje- og gassnæringa utvidar perspektivet og døyper seg om til energinæringa. Den kompetansen og dei økonomiske musklane som er utvikla gjennom den CO2-genererande olje- og gassaktiviteten, må no også rettast inn mot ny miljøvennleg energi og energieffektivisering. Leverandørindustrien hadde gode tider før finanskrisa slo inn. Dersom ein skal klare å vidareutvikle denne kompetansen og trygge arbeidsplassar og verdiskaping i eit langsiktig perspektiv, må det satsast tungt på å utvikle alternative forretningsområde  alt no.

Men i staden for å ta denne utforringa og dette samfunnsansvaret, så driv olje- og gassnæringa med Statoil i spissen eit rått propagandakøyr for å opne Lofoten og Vesterålen for oljeboring. Ein prøver å framstille det som om framtida for bransjen og landet avheng av oljeverksemda i dette området.  Eg har utfordra Statoil til å presentere for det norske folk kva strategi konsernet har for det tilfellet at det ikkje blir oljeboring i LOVE, men det vil dei ikkje ut med. Dersom dei ikkje har ein slik strategi, så er det lite heldig for selskapet si framtid. Dersom dei ikkje vil ut med den, er det lite heldig for den offentlege debatten.

Med si historie har norsk olje- og gassnæring tillit blant store deler av det norske folk. Men dersom den no satsar alt på eit råkøyr for å få opna Lofoten og Vesterålen i staden for å utvide perspektivet til fornybar energi og miljøteknologi, så spelar den hasard med den folkelege tilliten og med ei berekraftig utvikling for bransjen.

Alf