Tag Archives: sørlandet

Nyskaping og grøn innovasjon nasjonalt og på Agder

Noreg har eit næringsliv som er svært avhengig av olje og gass, og vi veit at oljeaktiviteten vil bli redusert om nokre tiår. Vi veit også at eit einsidig næringsliv er sårbart for internasjonale konjunkturar, og at den internasjonale konkurransen hardnar til.

Derfor er det viktig å skape nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Erfaringa har vist at private investorar er lite villige til å ta den risikoen med  å bygge opp nye bedrifter frå grunnen av. Derfor må staten stille opp med risikokapital for å sikre eit berekraftig næringsliv og full sysselsetting i framtida.

Agder er ikkje noko unntak. Landsdelen har eit ein offshorebransje, ein prosessindustri og ei reiselivsnæring som alle er sterkt internasjonalt eksponert, og som derfor kan bli utsett for konjunktursvingingar. Samtidig har landsdelen eit høgteknologisk miljø der det ligg godt til rette for innovasjon og nyetableringar. Difor er det viktig å ha tilgang til risikovillig kapital for gründerar.

Då SV hadde landsmøte i vår, uttalte eg til Fædrelandsvennen at staten må stille opp med ny risikokapital, og no er det blitt offisiell politikk. I ei ny stortingsmelding om statleg eigarskap har regjeringa varsla at det vil komme statleg risikokapital i form av nye såkornfond. Det er også varsla ny venturekapital gjennom det statlege selskapet Investinor.

Då Stortinget behandla stortingsmeldinga om statleg eigarskap like før ferien, blei forslaget om risikokapital stadfesta og forsterka. Dermed er vi langt på veg i mål med min landsmøtelovnad frå i vår. Kombinert med dei ordningane vi har frå før med støtte til miljøteknologi og fornybar energi, kan dette legge grunnlaget for berekraftig grøn innovasjon både nasjonalt og på Sørlandet.

I går var eg på møte i næringsutvalet i Nordisk råd. Der var det stort engasjement for samarbeid om grøn innovasjon i Norden. Gjennom eit nordisk samarbeid kan vi skape eit større teknologisk miljø og ein større heimemarknad. Det finst ikkje noko berekraftig alternativ til satsing på grøn innovasjon. Utfordringa er å ta det inn over seg før det er for seint.

Alf

Nedsnakking av Sørlandet

Sørlandet er ein spennande landsdel som er i ferd md å bygge seg ein nasjonal posisjon. Unge kunstnarar markerer seg, næringslivet viser innovasjonsevne og forskingsmiljøa er i framgang. Det er hyggeleg å kunne representere ein slik landsdel og merke den store interessa for det som skjer her. Sørlendingar er synlege og tar nasjonale posisjonar, men det er ikkje noko som kjem av seg sjølv. Det fordrar innsats, og det fordrar at vi bygger regional sjølvtillit og skaper klima for regional oppbakking.

Men i det siste har blitt ein sport å leite fram det som måtte finnast av styre og råd der Sørlandet ikkje er representert, og framstiller det som eit stort nederlag, ja nærmast ei katastrofe. Dei posisjonane Sørlandet får, høyrer vi mindre om. Visste du for eksempel at Ingunn Ettestøl frå Agder Energi sit i regjeringa sitt lågenergiutval, at Gøril Hannås ved UiA sit i styret for Posten Norge og at rektor Torunn Lauvdal  ved UiA er med i styret for store satsingar i Noregs forskingsråd.

Eg har ikkje sjekka om Sørlandet er underrepresentert i høve til folketalet. Men det skaper lite løft for landsdelen å lage krisestemning kvar gang eit utval blir etablert utan ein sørlending. Det er sjølvtillit, engasjement og skaparkraft som bringar oss framover, ikkje svartmaling.

Vi treng å gripe fatt i den positive utviklinga på Sørlandet, og vi treng å ta på alvor dei reelle utfordringane vi står overfor. Det er det som markerer Sørlandet positivt i nasjonale samanhengar.

alf

Julekvelden Gitmark gløymde

Ei av satsingane i revidert nasjonalbudsjett er ein støttepakke til maritime næringar. Då den blei presentert for eit par dagar sidan, skreiv Fædrelandsvennen at det var jubel i sørlandsindustrien, og avisa brukte overskrifta ”Julekvelden for Sørlandet”.

Like vel går Gitmark hardt ut i Fædrelandsvennen og hevdar at Sørlandet er gløymt i revidert nasjonalbudsjett. Samtidig hevdar Michaelsen at det ikkje kjem pengar direkte til Sørlandet i industripakka. Michaelsen tar feil, for Sørlandet får midlar til ein industriinkubator. Dessutan veit dei som kjenner næringa, at det er to regionar, Møre og Romsdal og Sørlandet, som har størst glede av den maritime industripakka.

 Det ser ut til at det har blitt ein ryggmarksrefleks for enkelte å snakke ned Sørlandet og hevde at det er den gløymde regionen sjølv når det motsette er tilfelle. Er Sørlandet tent med denne svartmalinga.

 Alf

Sørlandsløftet

Etter tiår med marginalisering er det på tide å samle kreftene i eit felles løft for landsdelen – Sørlandsløftet.

Alf-Holmelid_gallerythumbnail

Skal Agderfylka få gjennomslagskraft handlar det om å stå saman og løfte fram visjonar som når ut over partipolitisk posisjonering.  Agder er ein spennande region med eit stort potensial for vidareutvikling. Dei to Agderfylka er leiande industrifylke med eit internasjonalt orientert næringsliv som har evna å satse på miljøteknologi. Regionen har fått på plass eit universitet som har vist evne til å samarbeide med arbeidsliv og samfunnsliv. Det er på tide at vi grip fatt i dette utgangspunktet for å gjere Agder til ein endå betre region å arbeide og bo i, og sikre at vi er godt skodd til å møter dei utfordringane vi står overfor.

Sørlandet  er leiande blant industriregionar i landet. Både prosessindustrien og olje- og gassindustrien er betre kjent i utlandet enn i Oslo. Til om med i vårt eige fylke er det mange som ikkje er klar over kor leiande sørlandsindustrien er, og kor sterk posisjon den har  internasjonalt. Berre for få år sidan var det mange som spådde at industrien på Sørlandet ville forsvinne, men slik har det ikkje gått. Tvert i mot.

Sørlandet ligg i tet når det gjeld miljøteknologi, men det er ein posisjon som vi må kjempe for å halde fast på. Vi må profilere miljøsatsinga og skape meir forsking og utvikling på dette området. Det er på tide at Agderbenken reiser krav om at Forskingsrådet, ENOVA og Innovasjon Noreg går saman med oss om å gjere Agder til ein pilotregion for miljøteknologi og miljøvennleg energi.

Miljøkrava og dei utfordringane som klimatrusselen skaper, er i ferd med å endre seg frå eit problem til ei muligheit  for industrien. Som eksempel kan vi nemne at det er 26000 arbeidsplassar i vindmølleindustrien i Danmark, og bedrifter på Sørlandet leverer komponentar til denne industrien. Noreg er eit høgkostland, og norsk industri har topp kompetanse på alle nivå frå operatør til forskar. Derfor har vi spesielt gode føresetnader for å skape framtidsretta arbeidsplassar som er levedyktige i eit klimavennleg samfunn.

Med støtte av mange gode krefter har Universitetet i Agder gjort eit krafttak og løfta seg etter håret frå høgskole til universitet. Engasjerte og entusiastiske tilsette har bygd opp kompetanse og utvida undervisnings- og forskingsaktiviteten. Men dei sentrale styresmaktene følgjer dårleg opp . UiA er framleis langt frå å få finasiering på nivå med andre norske universitet. Det går ikkje minst ut over forskingsaktiviteten som er ein viktig pilar i universitetsbygginga.

Den dårlege finansieringa gjer det vanskeleg for UiA å fylle den rolla universitetet vil ha i regionen. Det er etablert gode samarbeidsrelasjonar med arbeidsliv og samfunnsliv. Men med dårlegare finansiering enn andre universitet får ikkje regionen full utteljing for det potensialet som ligg i universitetsetableringa.  Den svake finansieringa av universitetet er også dårleg ressursutnytting i eit nasjonalt perspektiv. For å komme på nivå med dei etablerte universiteta treng UiA 150 millionar kroner ekstra pr år. Det er på tide at Agderbenken krev å få på plass ein opptrappingsplan over tre til fem år.

Universitetet er toppen av utdanningspyramiden. For å bygge det framtidige Agder er det viktig å styrke utdanninga på alle nivå. Vi må sikre god kvalitet i grunnskolen med tidleg innsats, og vi må skape ein vidaregåande skole som er tilpassa elevane og gir mindre fråfall. Eit element i dette er meir praksisretta undervisning. Kvalitet og trivsel i skolen er også eit sentralt tiltak for å redusere dei sosiale problema på Agder og skape ein livskraftig region.

Bedriftene på Agder har vist at samarbeid gjer dei i stand til å møte nye utfordringar. Dei har slått seg saman i organiserte nettverk som NODE-nettverket og Eyde-nettverket. Dette er fora der bedriftene samarbeider om viktige felles mål sjølv om dei konkurrerer på andre arenaer. Det er kanskje noko Agderbenken kan lære av.

Agderpolitikarane har dei siste åra hatt fokus på veg og samferdsel. Tida er no moden for eit nytt løft for kompetanse, miljø og  framtidsretta arbeidsplassar – det nye Sørlandsløftet. Agderbenken er utfordra.

Alf