Tag Archives: Tangen

Fagforeiningsknusar Musk på kosemiddag hos Tangen

Tesla-sjef Elon Musk er ein innbitt motstandar av fagrørsla. Då det svenske fagforbundet IF Metall kravde tariffavtale ved verkstaden til Tesla i Sverige, kalte Musk det for galskap og nekta. Det er framleis streik ved fabrikken, og vi ser no sympatiaksjonar i nabolanda. Samtidig har vi sett store oppslag i norske media om at oljefondsjef Nicolai Tangen har invitert Musk til «den kulaste middagen i Europa». Då bør Tangen bruke høvet til å kviskre Musk nokre ord i øyret om retten til å organisere seg og inngå tariffavtale.

Det er ikkje noko nytt at Musk kjempar mot fagorganisering og kollektiv forhandlingsrett. Tesla som har revolusjonert elbilmarknaden, har klart å unngå tariffavtal for alle sine rundt 127.000 tilsette. Ingen har klart å etablere ein fagforeining på ein Tesla-fabrikk i USA. Då Musk prøvde seg med den same strategien i Sverige, gjekk alarmen i fagrørsla i heile Norden. Vi kan ikkje la framveksande konsern i den grøne økonomien ta knekken på den nordiske arbeidslivsmodellen.

Retten til å organisere seg er ein grunnleggande menneskerett. Artikken 8 i FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar slår fast at alle har rett til å etablere fagforeiningar og slutte seg til ein fagforeining etter eige val. Fagorganisering og kollektive forhandlingar er ein grunnpilar i den nordiske arbeidslivsmodellen og ein basis for vårt relativt egalitære samfunn. Det er verdt ein kamp.

Tesla er eit banebrytande og trendsettande selskap i den grøne industriutviklinga som ligg foran oss. Selskapet har skapt nye teknologiske standardar. Men vi kan ikkje la Tesla sette standarden for det grøne skiftet når det gjeld fagorganisering og forhandlingar. Det vil ikkje berre vere øydeleggande for eit ordna arbeidsliv. Det vil skape ein mistillit som vil vere katastrofal for den grøne industriutviklinga vi treng for å redde klimaet.

Som den sjuande største aksjonæren i Tesla har Oljefondet tatt opp haldningane til fagorganisering i selskapet. I 2022 stemt fondet for eit aksjonærforslag om retten til å organisere seg. Men i følgje Reuters støttar ikkje Oljefondet eit felles brev frå nordiske fond med kritikk av Tesla si haldning til kollektive forhandlingar. Så her er det all grunn til å forvente av Oljefondet legg større tyngde i kampen for faglege rettar i teknologiselskapet.

Skal vi ta vare på den nordiske arbeidslivsmodellen og sikre eit solidarisk grønt skifte, så kan vi ikkje la trendsetjande grøne teknologiselskap drive fagforeiningsknusing. Her bør Oljefondet sjå sitt ansvar, og Tangen bør bruke den presseomtalte middagen til å kviskre Musk nokre ord i øyret om faglege rettar.

Alf Holmelid

Riv ned samfunnstilliten

Ein statsråd, ein regjeringsadvokat, ein forskingsdirektør og ein FN-ambassadør lar seg påspandere ein luksus vanlege folk ikkje har fantasi til å tenkje seg. På mange offentlege arbeidsplassar er det forbod mot å ta i mot gåver. Andre stader går grensa ved eit par hundre kroner. Men når det gjeld våre fremste samfunnstoppar, så finst det tydeleg vis ingen grenser. Det kan lett skape inntrykk av at dei som har makt, er ein eigen klikk med eigne reglar.

Men det stoppar ikkje der. Luksusturen var kombinert med eit seminar som det er forbode å refererer frå. Rikingane med Tangen i spissen vil diskutere med det offentlege maktapparatet utan at folk flest blandar seg inn. Utveksling av kunnskap er sunt. Men det er lite tillitsvekkjande når våre fremste tillitsvalde og byråkratar aksepterer referatforbod.

Det er ekstra urovekkjande at ingen som deltok, heller ikkje i ettertid, innser at vurderingsevne har svikta. Vi lever i ei krisetid der alle snakkar om verdien av tillit i samfunnet. Slike rause gåver i eit  eksklusivt nettverk av økonomiske, politiske og administrative elitar, bidrar ikkje til å styrke samfunnstilliten.

 

Alf