Er økonomispråket fårleg for samfunnet?

Kalle Moene seier vi har blitt lurt. Vi snakkar for generelt om vanskelege tider og for lite om forskjellane i samfunnet. Når bankøkonomane blir intervjua om den økonomiske utviklinga, så snakkar dei som om den råkar alle likt. Dei snakkar aldri om korleis forskjellane i samfunnet utviklar seg.

Det siste året har eigarane sin del av verdiskapinga auka kraftig på bekostning av arbeidstakarane. Når høyrde du sist ein økonom snakke om dette? Kor mange er det som har fått med seg denne dramatiske utviklinga?

Omtalen av boligmarknaden er eit eksempel på den økonomiske terminologien. Den tar alltid utgangspunkt i kva som tener boligeigarane og bankane, ikkje kva som tener dei huslause. Aukande prisar blir omtalt som positivt, reduksjon i prisnivået blir omtalt som negativt.

Vi høyrer ofte at arbeidstakarar må vise moderasjon, men når høyrde du sist at eigarane må vise moderasjon?

Vi høyrer om utsikter for økonomien, men vi høyrer sjeldan ein bankøkonom seie noko om utviklinga av forskjellar. Vi treng fleire økonomar som Kalle Moene som snakkar om kor viktig forskjellane er for samfunnsutviklinga. Det er det som avgjer om demokratiet overlever.

Alf Holmelid

Kommenter innlegget