Regjeringa står i storm frå alle kantar. Ekstreme kraftprisar, galopperande matvareprisar og renteauke fører til aukande forskjellar og meir fattigdom på denne regjeringa si vakt. Det finst mange gode forklaringar: krig i Europa, ekstreme gassprisar, importert prisauke, korreksjon av renta etter koronaen og etterverknaden av åtte år med blått styre. Men folk vil ha meir enn forklaringar. Regjeringa har tatt grep for eit meir seriøst arbeidsliv slik partia lova i valkampen, men det får lite merksemd. Den har også lagt fram eit statsbudsjett med omfordeling og tiltak for svake grupper, men bilete av matkøar dominerer i media.
Som tidlegare utanriksminister er Støre flink til å forklare kva som skjer og vise til årsaker som ligg utanfor vår kontroll. Få er usamde i at krigen og gassprisane har ein stor del av skulda for krisene som råkar oss. Men det er ikkje forklaringar folk vil høyre frå dei som sit med den politiske makta. Det folk vil ha frå Støre, er tiltak som kan rette på situasjonen. Ingen krev å få alle løysingar servert på eit fat. Men folk forventar at statsministeren skal vise at det nyttar med politisk styring, og at regjeringa vil handtere utviklinga, ikkje berre forklare den.
Støre bør han bruke mindre tid på å forklare og meir tid på å vise kva regjeringa gjer og vil gjere.
Statsministeren snakkar ofte om solidaritet med dei som har det vanskelegare enn oss. Mange er nok samde i det, men folk vil ikkje overlate solidariteten til marknadskreftene. Marknaden kan ha sine fordelar, men solidaritet og rettferdig fordeling er ikkje blant dei. Og ein grunnleggande føresetnad for å snakke om solidaritet er å sikre at det ikkje er dei med minst som må yte mest.
Kriser skaper utfordringar for dei politikarane som sit med makta. Men dei opnar også opp nye handlingsrom. Den fornuftige og rettferdige grunnrenteskatten på lakseoppdrett har tidlegare blitt stoppa av sterke motkrefter. Men i dagens krisesituasjon ser det ut til at vi skal få innførtgrunnrenteskatt som kan gi inntekter til velferd og fordeling. Krisa opnar for nye prioriteringar.
På andre område har regjeringa forsømt å vise handlekraft med tiltak som det synes å vere folkeleg støtte for. Det er min påstand at regjeringa ville fått brei støtte for sterkare grep mot aukande fattigdom, blant anna ved å auke minsteytingane i pensjon og trygd. Straumkrisa har også skapt støtte for satsing på energisparing og solenergi på bygningar langt ut over det regjeringa har lagt opp til. Men der regjeringa har forsømt seg klarast, er i spørsmålet om politisk styring over kraftmarknaden. Her kunne sosialdemokratane i regjeringa vist at det er politisk styring og ikkje eit liberalistisk marknadssystem som må til får å sikre rettferdig fordeling og industriell infrastruktur i krisetider.
Det er viktig å forstå årsakene til krisa. Men Støre må snakke meir om tiltak enn om årsaker, og han må bruke det politiske handlingsrommet krisa gir.
Alf Holmelid
Innlegget stod på trykk i Dagsavisen 3. januar