Tag Archives: arbeiderpartiet

Kvar blei det av kraftopposisjonen i AP?

Fråsegna om energipolitikk frå landsmøtet i AP blir oppsummert i fem punkt:
1. Sikre tilstrekkelige mengder med rimelig energi slik at fornybar energi fortsatt blir et konkurransefortrinn for norsk industri og næringsliv og gir trygghet for norske husholdninger.
2. Energiressursene skal eies av fellesskapet og komme hele landet til gode.
3. En storstilt satsning på energieffektivisering som sikrer en rettferdig omstilling der alle får delta. 
4. Strømnettet må forsterkes over hele landet, og utbyggingen foregå så raskt at vi sikrer nett i tide. 
5. Sameksistens mellom natur, øvrige næringer, folk og lokalsamfunn må ivaretas. 

1. Lovnaden om kraftpris er ikkje truverdig
Fråsegna lovar rimelege kraftprisar. Tiltaket er massiv utbygging av offshore vindkraft. Men dette tiltaket vil i liten grad redusere prissmitten frå Europa. I følgje NVE må vi eksportere opp mot 40 TWh elektrisk kraft for å frikople oss frå kraftprisen i dei landa som vi utvekslar kraft med. 
Det er lite realistisk å klare å auke krafteksporten så mykje når vi samtidig må skaffe meir kraft til innanlands forbruk for avkarbonisering og industriutvikling. I tillegg veit vi at kraftbransjen ønskjer hybridkablar for å få lønsemd i satsinga på havvind. Det vil styrke koplinga til prisane i andre enden av kabelen.

2. Uklart kva AP meiner med punktet om eigarskap som skal komme alle til gode
Utsagnet om eigarskap ei erklæring utan reelt innhald. For det første viser dagens situasjon at det ikkje er nok å eige krafta. Vasskrafta er offentleg eigd, men når marknadskreftene får råde, kjem ikkje krafta folk og industri til gode – utover at stat og kommune får auka inntekter. For det andre seier ikkje fråsegna noko om kva AP legg i at fellesskapet skal eige energiressursane når det gjeld vindkraft. Partiet har så langt gått i mot at vi skal ha same krav til offentleg eigarskap i vindparkar som i vasskraftverk.

3. Gode intensjonar om energisparing
Her har AP fått med to sentrale punkt. Partiet vil pålegge ENOVA å gi støtte også til moden teknologi. ENOVA har så langt prioritert å gi støtte som kan  bidar til teknologiutvikling. Det er vel og bra. Men dersom vi skal få opp volumet på energisparinga og få folk flest med på sparetiltaka, så må vi også satse på kjent teknologi. 
Det andre viktige punktet i omtalen av energisparing, er sosial profil på støtta slik alle kan ha råd til å delta i denne dugnaden. Her må det leggast midlar på bordet, og ENOVA må få klar styringsimstruks. Enova har gjort ein god jobb for industrien, men satsinga på boligar har ikkje tatt opp i seg dei to poenga som AP løftar fram.

5 Har vi nok kunnskap om sameksistens med natur og andre næringar?
Dette er eit viktig punkt. Men spørsmålet er om dei ambisiøse tempoplanane for kraftutbygging kan føre til at desse omsyna må vike. Havforskingsinstituttet har peika på at vi har for lite kunnskap om dei marine økosystema. Her burde AP vore tydlege på at vi må satse på forsking og legge føre var prinsippet til grunn for havvindsatsinga.

Svakt om politisk styring
Fråsegna lovar sterkare politisk styring. Men den seier lite om kva det inneber. Det er vanskeleg å finne noko anna enn marknadsstyring. Riktig nok er der uforpliktande formuleringar om å utforske handlingsrommet i EØS-avtalen og få til ei opprydding i straumsalsbransjen. Men det kan knapt kallast noko nyorientering for sterkare politisk styring.

Det aller meste blir som før
Konklusjonen må bli at det aller meste blir som før landsmøtet, kanskje med unntak av litt meir satsing på energisparing. Det er overraskande at dei som har kravd sterkare politisk styring og konkrete tiltak for å få kontroll på kraftprisen også for industrien, let seg avfeie så lett.

Alf Holmelid

Bruk handlingsrommet Støre

Regjeringa står i storm frå alle kantar. Ekstreme kraftprisar, galopperande matvareprisar og renteauke fører til aukande forskjellar og meir fattigdom på denne regjeringa si vakt. Det finst mange gode forklaringar: krig i Europa, ekstreme gassprisar, importert prisauke, korreksjon av renta etter koronaen og etterverknaden av åtte år med blått styre. Men folk vil ha meir enn forklaringar. Regjeringa har tatt grep for eit meir seriøst arbeidsliv slik partia lova i valkampen, men det får lite merksemd. Den har også lagt fram eit statsbudsjett med omfordeling og tiltak for svake grupper, men bilete av matkøar dominerer i media.

Som tidlegare utanriksminister er Støre flink til å forklare kva som skjer og vise til årsaker som ligg utanfor vår kontroll. Få er usamde i at krigen og gassprisane har ein stor del av skulda for krisene som råkar oss. Men det er ikkje forklaringar folk vil høyre frå dei som sit med den politiske makta. Det folk vil ha frå Støre, er tiltak som kan rette på situasjonen. Ingen krev å få alle løysingar servert på eit fat. Men folk forventar at statsministeren skal vise at det nyttar med politisk styring, og at regjeringa vil handtere utviklinga, ikkje berre forklare den.

Støre bør han bruke mindre tid på å forklare og meir tid på å vise kva regjeringa gjer og vil gjere. 

Statsministeren snakkar ofte om solidaritet med dei som har det vanskelegare enn oss. Mange er nok samde i det, men folk vil ikkje overlate solidariteten til marknadskreftene. Marknaden kan ha sine fordelar, men solidaritet og rettferdig fordeling er ikkje blant dei. Og ein grunnleggande føresetnad for å snakke om solidaritet er å sikre at det ikkje er dei med minst som må yte mest.

Kriser skaper utfordringar for dei politikarane som sit med makta. Men dei opnar også opp nye handlingsrom. Den fornuftige og rettferdige grunnrenteskatten på lakseoppdrett har tidlegare blitt stoppa av sterke motkrefter. Men i dagens krisesituasjon ser det ut til at vi skal få innførtgrunnrenteskatt som kan gi inntekter til velferd og fordeling. Krisa opnar for nye prioriteringar.

På andre område har regjeringa forsømt å vise handlekraft med tiltak som det synes å vere folkeleg støtte for. Det er min påstand at regjeringa ville fått brei støtte for sterkare grep mot aukande fattigdom, blant anna ved å auke minsteytingane i pensjon og trygd. Straumkrisa har også skapt støtte for satsing på energisparing og solenergi på bygningar langt ut over det regjeringa har lagt opp til. Men der regjeringa har forsømt seg klarast, er i spørsmålet om politisk styring over kraftmarknaden. Her kunne sosialdemokratane i regjeringa vist at det er politisk styring og ikkje eit liberalistisk marknadssystem som må til får å sikre rettferdig fordeling og industriell infrastruktur i krisetider.

Det er viktig å forstå årsakene til krisa. Men Støre må snakke meir om tiltak enn om årsaker, og han må bruke det politiske handlingsrommet krisa gir.

Alf Holmelid

Innlegget stod på trykk i Dagsavisen 3. januar