Tag Archives: energi

Kunnskap om havet er kritisk for havvind

Nyleg kunne vi lese i Fædrelandsvennen at det blir etablert eit nasjonalt kompetansesenter for havvind i Kristiansand. Sørlandet har verdsleiande kompetanse på offshore teknologi, så senteret har gode føresetnader for å spele ei viktig rolle på dette området. Men den mest kritiske  og minst utvikla kompetansen for utbygging av havvind er innsikt i miljøkonsekvensane. Eit nasjonalt senter for havvind må derfor ha gode planar for utvikling av relevant miljøkompetanse dersom det skal bidra til ei berekraftig utvikling av offshore vindenergi.

Både Universitetet i Agder og næringslivet på Sørlandet har ein sterk posisjon innan offshoreteknologi. Regionen er kjend for godt samarbeid mellom akademia, næringslivet og offentleg sektor. Eit senter her har potensiale til å løfte fram ny teknologi og få ned kostnadene for produksjon av fornybar energi som er ein ettertrakta og knapp ressurs. Det kan bli eit verdifullt nav i  vidareutvikling av teknologi  og næringsliv på Sørlandet

Offshoreteknologi er ein viktig basis for offshore energiproduksjon. Men  teknologi er ikkje det mest kritiske for satsing på havvind. Den største utfordringa er å redusere dei negative konsekvensane for naturen og for andre næringar. Feilar vi her, kan det få alvorlege konsekvensar og føre til redusert legitimiteten for havvind og for det grøne skiftet meir generelt.

Vindkraft er hausting av naturen, og vi må ha god kunnskap om havet for å få eit godt resultat med så små skadeverknader som mogeleg. Vi må ha innsikt i vindforhold, fugletrekk, gyteområde, fiskeplassar og marine økosystem. Tekniske feil og manglar kan rettast opp. Men utbygging utan tilstrekkeleg kunnskap om natur og økosystem kan føre til varig skade. Det hastar med å bygge opp kunnskap som kan bidra til å minimalisere dei negative effektane av energiproduksjonen.

Kompetansen på offshoreteknologi har blitt utvikla over lang tid, først innan offshore oljeutvinning og så innan havvind. Men vi har ikkje hatt den same utviklinga for forsking på miljøkonsekvensar av offshore energiproduksjon. Havforskingsinstituttet er det tyngste fagmiljøet på dette området her i landet. Dei skriv på sine nettsider at vi har mangelfull kunnskap om konsekvensane for det marine økosystemet. Vi treng meir empirisk forsking på fleire områd. Både utbygging og drift av vindparkar har konsekvensar som må studerast nærare. 

Etter at vi fekk rapporten om mogelege område for havvind, har vi sett ein gryande debatt om denne satsinga. Mange er usikre på kva dei skal meine om offshore vindenergi. Dersom vi skal få ein god og kunnskapsbasert offentleg samtale om denne utviklinga, så treng vi allment anerkjent kunnskap om dei miljømessoge konsekvensane. Utan eit slikt faktagrunnlag kan vi få eit høgt konfliktnivå og gjere dårlege val. 

Solid kunnskap om miljøkonsekvensar er heilt grunnleggande for arbeidet med havvind. Vi har leiande teknologikompetanse på Sørlandet. Men står vi like sterkt når det gjeld kunnskap om konsekvensar for miljø og fiskeri? Eit nasjonalt kompetansesenter for havvind kan ikkje sjå bort i frå arbeidet med å utvikle relevant miljøkompetanse.

Leiinga i det nye senteret bør svare på korleis dei vil utvikle nødvendig kunnskap om miljøkonsekvensar av offshore energiproduksjon. Vil senteret bygge opp eigen kompetanse eller etablere nært samarbeid med andre fagmiljø også utanfor eigen region? Vil senteret legge press på sentrale styresmakter for å auke forskinga på dette området som er så kritisk for utvikling av havvind?

Alf Holmelid

Kvar blei det av kraftopposisjonen i AP?

Fråsegna om energipolitikk frå landsmøtet i AP blir oppsummert i fem punkt:
1. Sikre tilstrekkelige mengder med rimelig energi slik at fornybar energi fortsatt blir et konkurransefortrinn for norsk industri og næringsliv og gir trygghet for norske husholdninger.
2. Energiressursene skal eies av fellesskapet og komme hele landet til gode.
3. En storstilt satsning på energieffektivisering som sikrer en rettferdig omstilling der alle får delta. 
4. Strømnettet må forsterkes over hele landet, og utbyggingen foregå så raskt at vi sikrer nett i tide. 
5. Sameksistens mellom natur, øvrige næringer, folk og lokalsamfunn må ivaretas. 

1. Lovnaden om kraftpris er ikkje truverdig
Fråsegna lovar rimelege kraftprisar. Tiltaket er massiv utbygging av offshore vindkraft. Men dette tiltaket vil i liten grad redusere prissmitten frå Europa. I følgje NVE må vi eksportere opp mot 40 TWh elektrisk kraft for å frikople oss frå kraftprisen i dei landa som vi utvekslar kraft med. 
Det er lite realistisk å klare å auke krafteksporten så mykje når vi samtidig må skaffe meir kraft til innanlands forbruk for avkarbonisering og industriutvikling. I tillegg veit vi at kraftbransjen ønskjer hybridkablar for å få lønsemd i satsinga på havvind. Det vil styrke koplinga til prisane i andre enden av kabelen.

2. Uklart kva AP meiner med punktet om eigarskap som skal komme alle til gode
Utsagnet om eigarskap ei erklæring utan reelt innhald. For det første viser dagens situasjon at det ikkje er nok å eige krafta. Vasskrafta er offentleg eigd, men når marknadskreftene får råde, kjem ikkje krafta folk og industri til gode – utover at stat og kommune får auka inntekter. For det andre seier ikkje fråsegna noko om kva AP legg i at fellesskapet skal eige energiressursane når det gjeld vindkraft. Partiet har så langt gått i mot at vi skal ha same krav til offentleg eigarskap i vindparkar som i vasskraftverk.

3. Gode intensjonar om energisparing
Her har AP fått med to sentrale punkt. Partiet vil pålegge ENOVA å gi støtte også til moden teknologi. ENOVA har så langt prioritert å gi støtte som kan  bidar til teknologiutvikling. Det er vel og bra. Men dersom vi skal få opp volumet på energisparinga og få folk flest med på sparetiltaka, så må vi også satse på kjent teknologi. 
Det andre viktige punktet i omtalen av energisparing, er sosial profil på støtta slik alle kan ha råd til å delta i denne dugnaden. Her må det leggast midlar på bordet, og ENOVA må få klar styringsimstruks. Enova har gjort ein god jobb for industrien, men satsinga på boligar har ikkje tatt opp i seg dei to poenga som AP løftar fram.

5 Har vi nok kunnskap om sameksistens med natur og andre næringar?
Dette er eit viktig punkt. Men spørsmålet er om dei ambisiøse tempoplanane for kraftutbygging kan føre til at desse omsyna må vike. Havforskingsinstituttet har peika på at vi har for lite kunnskap om dei marine økosystema. Her burde AP vore tydlege på at vi må satse på forsking og legge føre var prinsippet til grunn for havvindsatsinga.

Svakt om politisk styring
Fråsegna lovar sterkare politisk styring. Men den seier lite om kva det inneber. Det er vanskeleg å finne noko anna enn marknadsstyring. Riktig nok er der uforpliktande formuleringar om å utforske handlingsrommet i EØS-avtalen og få til ei opprydding i straumsalsbransjen. Men det kan knapt kallast noko nyorientering for sterkare politisk styring.

Det aller meste blir som før
Konklusjonen må bli at det aller meste blir som før landsmøtet, kanskje med unntak av litt meir satsing på energisparing. Det er overraskande at dei som har kravd sterkare politisk styring og konkrete tiltak for å få kontroll på kraftprisen også for industrien, let seg avfeie så lett.

Alf Holmelid

Får vi kraftmangel om fire år?

Like før jul sende Statnett brev til regjeringa. Føretaket ville «orientere energistyresmaktene om betydelege utfordringar som kan ventast i kraftsystemet om få år.» I brevet blir det åtvara om at det er fare for mangel på elektrisk kraft her i landet om fire år. Det kan også bli effektmangel. For å møte denne utfordringa etterlyser Statnett meir kraftproduksjon. Skal vi nå klimamåla våre og ta vare på Noreg som industrinasjon, så treng vi kraft. Men ny produksjon åleine løyser ikkje dei utfordringane vi står overfor. Det er på tide å sjå på energipolitikken i eit breiare perspektiv. 

Vi er inne i ei priskrise på elektrisk kraft på grunn av prissmitte frå EU og England. Mange peikar på kraftutbygging som det sentrale tiltaket for å møte denne utfordringa. Men auka kraftproduksjon og auka eksport har avgrensa effekt på prissmitten. Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, har rekna på samanhengen mellom prissmitte og krafteksport. Analysane tyder på at vi må ha ein krafteksport på 40 TWh for å få betydeleg reduksjon i prissmitten. Det er meir enn fjerdeparten av dagens totale produksjon. Skal vi få bukt med priskrisa, så er det ikkje nok å produsere meir kraft. Vi må gjere strukturelle endringar i marknaden og endre spelereglane for kraftutveksling.

Sjølv om auka kraftproduksjon åleine ikkje løyser priskrisa, så kan vi ikkje sjå bort i frå at vi treng meir kraft for å møte dei utfordringane vi står overfor. Framleis er nesten halvparten av energiforbruket i Noreg fossilt, og elektrifisering er det viktigaste tiltaket for å redusere bruken av fossil energi. Eit eksempel er klimaplanen for Kristiansand kommune der elektrifisering er det sentrale grepet. I tillegg til å elektrifisere samfunnet treng vi kraft til ny grøn industri og til etablert industri som skal redusere klimautsleppa sine.

Statnett presenterte nyleg prognosar for kor mykje elektrisk kraft vi treng fram mot 2050. I følgjerapporten er det sannsynleg at behovet for kraft vil auke med 80 TWh i denne perioden. Til samanlikning er den totale produksjonen i dag i overkant av 150 TWh, og krafteksporten er på om lag 15 TWh. Eit alternativt senario med sterkare vekt på energisparing og mindre satsing på industri gir ein auke i kraftbehov på 50 TWh. Prognosane bygger på mange føresetnader som ein kan vere usamd i. Men rapporten viser uansett at det er på tide med ein energidebatt der ein ser produksjon, forbruk og sparing i samanheng. 

Elektrifisering av oljeinstallasjonar på sokkelen inngår i prognosane til Statnett. Med straum frå land gjere det eit kraftig innhogg i kraftbalansen. Eit alternativ er å pålegge oljeselskapa å bygge ut havvind eller satse på karbonfangst og lagring. Det kan forseinke dette klimatiltaket ein del, men det kan vere akseptabelt dersom vi set opp farten på andre klimatiltak. Ein annan stor X-faktor er energiøkonomisering. Her har vi lenge snakka om eit stort potensial, men det skjer for lite. Ei av årsakene kan vere at ENOVA prioriterer å utvikle marknaden for ny teknologi. Dermed  er det ingen som tar ansvar for sparetiltak med velprøvd teknologi. 

Det er grunn til å diskutere føresetnadene som ligg til grunn for Statnett sine prognosar. Føretaket har tydeleg vis summert aktuelle behov utan å diskutere om vi har kraft til alle. Men vi som er opptatt av både klima og natur, bør ikkje nøye oss med å trekke prognosane i tvil. Vi må gå inn i analysane og peike på konkrete alternativ. Ovanfor har eg peika på eit par alternativ som kan redusere kraftbehovet. Men det er lite realistisk å nå klimamåla våre og utvikle grøn industri utan ny kraftproduksjon. Vindkraft til havs er eit aktuelt alternativ dersom vi får fart på forsking som kan sikre ei berekraftig utvikling av denne kraftkjelda.

Agder fylkeskommune har nyleg lagt fram ein strategi for kraftforedlande industri. Kraftsituasjonen er omtalt i rapporten. Regionen har kraftoverskot i dag, men den er eksponert for kraftutveksling med utlandet. Rapporten peikar på behovet for energitryggleik, betre avtalar for kraftutveksling og ilandføring av offshore vindenergi. Men den drøftar ikkje konkrete alternativ for lokalisering basert på tilgang til kraftknutepunkt, arbeidskraft og areal. Det er overlate til kommunane som konkurrerer med kvarandre. Strategidokumentet tar heller ikkje opp  prioritering basert på klimakonsekvensar, verdiskaping og sysselsettingseffekt. Omfattande industriutvikling som er basert på ein avgrensa ressurs, krev tydeleg overordna samfunnsplanlegging.

Dei nye prognosane frå Statnett er nettopp det – prognosar. Energipolitikken bør ikkje styrast av prognosar, men av politiske prioriteringar basert på innsikt og verdival. Det kan stillast spørsmål ved prognosane, og vi må få kontroll med kraftmarknaden. Men det er ikkje lett å sjå korleis vi skal nå klimamåla våre og utvikle grøn industri utan meir fornybar energi i tillegg til ei kraftig satsing på energisparing. Vi treng regional og nasjonal planlegging som ser industri, energi og miljø i samanheng.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelamdsvennen i dag.

IEA legg nye premissar for klimadebatten

5. juni er verdas miljødag. I år fell den saman med starten på ein ny epoke i klimadebatten.

Det internasjonale energibyrået, IEA, har nyleg lagt fram ein rapport som viser kva som må til for å nå måla i Parisavtalen. Rapporten dokumenterer kor store omstillingar vi må igjennomog presenterer eit sett av nødvendige tiltak. Eit av forslaga er å slutte å leite etter meir olje og gass. Vi har alt funne meir enn det vi kan tillate oss å bruke. Rapporten snur på mange måtar opp ned på klimadebatten. Det som tidlegare blei sett på som uansvarleg idealisme, har no blitt ansvarleg politikk med støtte i tunge internasjonale fagmiljø.

Oljebyrået som vil avslutte oljealderen
IEA blei oppretta i 1974 i etterkant av ei stor oljekrise. Formålet var å analysere den globale energisituasjonen og sikre medlemslanda stabil tilgang på olje. Byrået har blitt oppfatta som ein solid støttespelar for oljeindustrien. Det har blant anna fått krass kritikk for å undervurdere potensialet for produksjon av solenergi. Gang på gang har det vist seg at veksten blei langt sterkare enn det som IEA la til grunn. Når nettopp denne organisasjonen tilrår stans i oljeleiting og forsterka satsing på miljøvennleg energi og energiøkonomisering, så får det ekstra stor tyngde.

Både energisparing og fornybar energi
Vi ser ofte ein diskusjon om kva vi bør satse på – energisparing eller fornybar energi. Rapporten slår fast at vi ikkje har noko val. Vi treng begge deler dersom vi skal løyse dei globale klimaproblema. Fram til 2030 må vi firedoble produksjonen av fornybar energi, og potensialet er størst innan solenergi. Samtidig må vi satse kraftig på energiøkonomisering og redusere energiforbruket i bygg med 25%. Med dette bakteppet er det eit stort paradoks at ENOVA som har ansvar for energiøkonomisering her i landet, kuttar i støtta til energisparing og solenergi. 

Kjent teknologi
Det er lite kvalitativt nytt i forslaga frå IEA for det første tiåret. Det nye er dokumentasjonen på omfanget av den omstillinga som er nødvendig for å nå klimamåla. Vel vi bort noko, må vi gå hardare til verks på andre område. Tida er for knapp til å vente på at ny teknologi skal løyse problema. Fram til 2030 må vi i all hovudsak satse på kjent teknologi samtidig som vi utviklar ny teknologi for dei neste to tiåra. I tillegg må vi legge til rette for at folk gjer gode klimaval. Vi må gå, sykle og ta kollektivtransport, og vi må droppe nokre lange flyreiser.

Det uansvarlege blir ansvarleg
Den store brannfakkelen i rapporten er synet på oljeutvinning. IEA som har vore ein solid støttespelar for oljeindustrien, slår no fast at det ikkje er rom for nye olje-  og gassfelt dersom vi skal redde klimaet. Dette synspunktet står i klar kontrast til dagens norske oljepolitikk som blir støtta av eit breitt fleirtal på Stortinget. IEA-rapporten støttar derimot SV og andre som lenge har stilt krav om stans i all leiting etter olje og gass. Den oljepolitikken som hittil har blitt avvist som uansvarleg, har no fått IEA-stempel som den mest ansvarlege.

Ikkje bråstans
Stans i oljeleiting betyr ikkje bråstans i oljeaktiviteten. Vi vil framleis ha oljeutvinning i fleire tiår basert på den aktiviteten som alt er initiert på norsk sokkel. Men IEA viser oss at oljealderen vil ta slutt om nokre tiår. Det er ei utvikling som vi må planlegge for både av omsyn til klimaet og til arbeidsfolk i oljebransjen. Ei styrt omstilling kan legge grunnlag for å overføre kompetanse og ressursar til fornybarsektoren og andre næringar. Men ventar vi for lenge, kan omstillinga bli hard både for den enkelte og for samfunnet.

Å vente er oppskrift på arbeidsløyse
Vi kan ikkje skyve problema føre oss og satse på at marknaden åleine vil ordne opp. Det er ei oppskrift på kriser der folk blir kasta ut i arbeidsløyse. Vi må få på plass ein langsiktig strategifor omstilling og ikkje hoppe til med krisestøtte til oljekapitalen kvar gang oljemarknaden sviktar. Noreg har både kompetanse og kapital til å skape nye arbeidsplassar og legge til rette for ei styrt omstilling som folk kan ha tillit til. Men då må vi begynne no og ta posisjonar i dei nye marknadene som veks fram innan fornybar energi og sirkulær økonomi.

Korleis skaper vi engasjement?
IEA er tydeleg på kva som må til for å redde klimaet. Men rapporten seier lite om dei politiske utfordringane vi står overfor. Klarer vi å snu opp ned på energipolitikken samtidig som vi tar vare på andre sentrale verdiar som rettferdig fordeling og biologisk mangfald?Korleis handterer vi interessekonfliktar og målkonfliktar? Kan vi gjennomføre prosessar som bygge tillit og skaper støtte og engasjement for den store omstillingane vi står overfor? 

På tide å handle
Rapporten frå IEA legg nye premissar for olje- og energidebatten her i landet. Det er ikkje lenger truverdig å hevde at vi kan vente med omstilling og halde fram med oljeleiting. IEA har vist at vi må gjere store endringar i energiforbruket på kort tid dersom vi skal nå måla i Parisavtalen. Skal vi klare det, må vi skape folkeleg engasjement og krevje politisk handling. Vi har inga tid å miste.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Nei til delprivatisering

Leiaren i Kristiansand Venstre, Jacob Haugmoen Handegard, kritiserer SV for å gå i mot fusjonen mellom Agder Energi og Glitre. Men det er uklart kva som er kjernen i kritikken. Det sentrale poenget i innlegget til Handegård ser ut til å vere at det å bli større i seg sjølv er ein garanti for suksess. Rett nok er det slik at nye reguleringar prioriterer store nettselskap. Men er det slik at energiselskap automatisk blir meir innovative, meir produktive og meir miljøvennlege jo større dei blir?

Vi bør sjå etter fleire forhold enn storleik når vi skal utvikle eit selskap. Aktiv eigarstyring er blant dei spørsmåla vi bør vere opptatt av. For SV er det viktig at også offentlege eigarar utøver aktivt eigarskap. Med den nye eigarkonstellasjonen i det fusjonerte selskapet blir eigarstyringa meir kompleks og meir distansert, og vi kan få ei endring i retning av eit meir administrasjonsstyrt selskap. 

Handegard viser til at fusjonen mellom Kristiansand Energiverk, Vest-Agder Energiverk og Aust-Agder Energiverk for tjue år sidan var ein suksess. Den fusjonen støtta SV på bakgrunn av at det nye selskapet skulle vere heileigd av kommunane. Men det Handegard ikkje skriv noko om, er at Kristiansand kommune braut med denne eigarstrategien og selde ein stor del av aksjane sine like etter fusjonen. Mot SV sine stemmer blei det gjennomført eit nedsal som har kosta kommunen dyrt, og som mange har angra på.

I dag er Agder Energi heileigd av det offentlege, men lova opnar for at ein tredel av aksjane kan vere på private hender. I følgje orienteringa frå professor Roy Mersland så vil fusjonen føre til at det kan bli lettare å omsetje B-aksjar som kan seljast til private. SV meiner at all storskala fornybar energiproduksjon bør vere i offentleg eige, og vi er derfor i mot å legge til rette for delprivatisering.

Vi går no inn i ein periode der det offentlege vil få ei sentral rolle i grøn næringsutvikling. Då er det viktig å ha ein brei diskusjon om korleis vi skal forvalte offentleg eigarskap. Fusjon og sentralisering er ikkje automatisk ei oppskrift på suksess.

Alf Holmelid

Vi manglar ein strategi for vår nye kraftkrevjande industri

Kraftkrevjande eller kraftforedlande industri har lange tradisjonar her i landet. Prosessindustrien som brukar store mengder kraft, vaks fram parallelt med utbygging av vasskrafta her i landet. Dei siste åra har denne industrien blitt modernisert og har redusert talet på tilsette.

No er vi i ferd med å få ein ny kraftkrevjande industri – datalagringsindustrien. Det er ein bransje i vekst, og Noreg er interessant fordi vi har god tilgang på fornybar energi til forutsigbare prisar (her snakkar vi om langsiktige industrikontraktar). I det siste har det vakse fram ein diskusjon om dette er ein industri vi bør satse på her i landet.

I slik diskusjonar kan det vere greit med nokre fakta. Eg har samanlikna datasenterindustrien med aluminiumsindustrien som er den mest kraftkrevjande delen av prosessindustrien. Aluminiumsindustrien her i landet brukar i overkant av 19TWh elektrisk energi og har 3000 tilsette i primærproduksjonen. Datasenter i Noreg brukar ca 1 TWh (basert på installert effekt) og har 300 direkte tilsette.

Om dette reknestykket stemmer, så brukar datasenter halvparten så mykje energi pr direkte tilsett som aluminiumsindustrien. Når vi veit at aluminiumsindustrien er den mest kraftkrevjande delen av prosessindustrien, så er dette høgt. Men det er ein stor x-faktor i dette reknestykket, og det er ringverknader. Her er det svært vanskeleg å finne data som kan samanliknast, for alle prøver å blåse opp ringverknadene av eigen aktivitet.

Batterifabrikkar er også eit nytt kraftkrevjande innslag i norsk industri. Energiforbruk pr tilsett er ein god del lågare enn i datasenter – om lag ein tredel kan det sjå ut til. Men her er det vanskeleg å finne gode data då vi førebels berre har planar her i landet.

Mi haldning er at vi bør sjå på datasenterindustrien som på anna kraftkrevjande industri og vurdere den deretter. Samfunnsnytten må vurderast basert på direkte og indirekte sysselsettingseffekt, verdiskaping og eksport. Både for prosessindustrien og datasenter bør vi ha ein strategi for å auke ringverknadene. For prosessindustrien er det vidareforedling og spesialisering. For datasenter kan det vere nisjar innan IKT, men det er ikkje mitt felt.

Det er naturleg at eit land som har god og rimeleg tilgang på fornybar energi, vil tiltrekke seg industri der energikostnadene er ein dominerande del av totalkostnadene, og der klimarekneskapen er viktig. Spørsmålet er om vi er budd på denne utviklinga. Det er på tide å få ein industristrategi som tar inn over seg denne utviklinga, og som bidrar til å skape ringverknader og sikre sysselsetting og eit variert næringsliv etter olja.

Ta styring over det grøne skiftet

Det er mogeleg at eg tar feil, men eg har inntrykk av at den nødvendige vindkraftdebatten har ført til auka teknologiskepsis og omstillingsskepsis også på andre område. Vi ser det ikkje minst i sosiale media. No blir det ofte stilt spørsmål ved all fornybar energi og all grønindustri som vi treng for å erstatte oljeindustrien. 

Det er klart vi skal stille strenge krav til miljø og sosial berekraft for energiproduksjon og industri. Og vi bør stille ekstra strenge krav til den nye grøne teknologien som vi treng for å møte klimakrisa. Kunnskapsbasert kritikk vil gi legitimitet, styrke konkurransekrafta og trygge arbeidsplassane. Men vi kjem ikkje bort i frå at all energiproduksjon og all industri, også den grøne, har konsekvensar. Det er gode grunnar til å ha store forventningar til grøn industri. Men vi må vere varsame så vi ikkje blir sitjande fast i den fossile industrien i iveren etter å gjere den grøne perfekt.

Så er det mange på venstresida som med god grunn er kritiske til at internasjonal storkapital skor seg på det grøne skiftet. Men kapitalistar er kapitalistar enten dei investere i grøn eller fossil industri. Utanlandsk kapital er alt tungt inne i industrien her i landet gjennom eigarskap i prosessindustri og oljeindustri. I staden for å bruke utanlandsk kapital som eit argument mot grøn omstilling, så bør vi sjå på omstillinga som ein sjanse til å endre eigarstrukturen i norsk industri.

Energiproduksjon basert på naturressursane våre må vere i offentleg eige, men er det nok? Venstresida må komme opp med ein offensiv strategi for omstilling. I motsett fall vil dei som meiner at global kapital vil stele det grøne skiftet, få rett. Når vi skal utvikle og bygge ny industri med ein aktiv industripolitikk, kan vi legge korta på nytt. Vi må ta kontroll med utviklinga og vise kva slag eigarstruktur og rammevilkår vi  ønskjer å ha i den berekraftigeindustrien som vi treng. Staten kan ikkje stille opp med milde gåver utan å stille krav.

Dersom venstresida berre ser problema med det grøne skiftet, så kan vi tape på alle frontar. Vi kan bli sitjande fast i den fossile økonomien, og kapitalkreftene kan styrke seg gjennom det grøne skiftet.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag (med ein annan tittel)

Grøn omstilling – er det fali det?

Det er mogeleg at eg tar feil, men eg har eit inntrykk av at vindkraftdebatten har ført til auka teknologiskepsis og omstillingsskepsis også på andre område. No blir det ofte stilt spørsmål ved all fornybar energi og industri, blant anna solceller.

Det er klart vi skal stille krav til miljø og sosial berekraft for all energiproduksjon og all industri. Vi bør som eg har skrive om tidlegare, vere ekstra kritiske til den nye teknologien vi skal satse på for å møte klimakrisa. Men vi kjem ikkje bort i frå at all energi og alle industri, også den grøne, har konsekvensar. Det er lettare å sjå negative konsekvensar av den nye industrien, enn av den vi alt har. Men vi må vere varsame så vi ikkje blir sitjande fast i den fossile industrien i iveren etter å gjere den grøne perfekt.

Så er det mange på venstresida som er kritiske til at internasjonal storkapital skor seg på det grøne skiftet. Men kapitalistar er kapitalistar enten dei investere i grøn eller fossil industri. Utanlandsk kapital er alt tungt inne i energisektoren her i landet gjennom eigarskap i prosessindustri og oljeindustri. I staden for å bruke utanlandsk kapital som eit argument mot grøn omstilling, så bør vi sjå på omstillinga som ein sjanse til å endre eigarstrukturen i industrien.

Når vi skal utvikle og bygge ny industri, har vi sjanse til å legge korta på nytt. Men då må vi komme opp med ein offensiv strategi for omstilling. I motsatt fall vil pessimistane som meiner global kapital vil stele det grøne skiftet, få rett. Vi må ta kontroll med utviklinga og vise kva slag eigarskap vi  ønskjer å ha. Kan for eksempel dei offentleg eigde energiverka ha ei rolle?

Dersom vi berre ser problema med det grøne skiftet, så kan vi tape på alle frontar. Vi kan bli sitjande fast i den fossile økonomien, og kapitalkreftene kan styrke seg gjennom det grøne skiftet.

Det grøne skiftet er mogeleg

Eit innlegg frå ein tilsett ved NTNU sirkulerer no på sosiale media. Der blir det hevda at det grøne skiftet er umogeleg blant anna fordi vi ikkje har plass til å produsere den fornybare energien. Då kan det vere på sin plass å hente fram denne artikkelen frå nokre år tilbake. Den viser at vi kan dekke meir enn det totale energibehovet i verda med solceller i Sahara. 

Det er sjølvsagt ikkje det vi vil gjere. Vi vil få ei blanding av solenergi, offshore vindenergi, vasskraft, jordvarme mm. Klimapanelet reknar også med ein liten del atomkraft. Men eksempelet med Sahara viser at det er ei overkommeleg utfordring vi står overfor.

Dei som deler artikkelen frå ein tilsett ved NTNU, argumenterer ofte med at svaret er ein dramatisk reduksjon i forbruket. Eg er samd i at vi bør redusere forbruket av mange gode grunnar. Heilt sidan vi fekk rapporten Limit to growth på syttitalet, har overforbruk av ressursar i den rike delen av verda vore eit sentralt spørsmål. Men det er ikkje snakk om enten grønt skifte eller redusert forbruk. Vi treng begge deler.

Det grøne skiftet vil kreve store omstillingar. Påstandar om at det er umogeleg, vil lett auke motstanden mot å gjere noko. Konsekvensen blir fortsatt satsing på fossil energi med store negative konsekvensar som i første omgang vil råke utsette grupper langt frå oss her oppe i det kalde nord. Når vi merkar konsekvensane på kroppen, er det kanskje for seint å unngå dramatiske grep.

Alf 

Miljø og klima – vår tids næringspolitikk

Dette innlegget stod på trykk i Klassekampen i går.

FrP og NHO har gått til angrep på klimaforliket. Dei argumenterer for at ei
offensiv klimasatsing med nasjonale mål for CO2-reduksjon er ein trussel mot
industri og næringsliv. Men realitetane er det motsette. Ein offensiv klima- og
miljøpolitikk er ein føresetnad for å legge til rette for eit framtidsretta og
berekraftig næringsliv.

Norsk industri har eit høgt teknologisk nivå og er avhengig av høg innovasjonsgrad for å opprettehalde sin posisjon. Vi har erfaring for at nye utfordringar generelt og nye miljøkrav spesielt fører til innovasjon. Då
ferrolegeringsindustrien for nokre tiår sidan fekk nye reinsekrav, var det
mange som frykta nedlegging og utflytting. Men i staden fekk vi mange
innovasjonar. Vi fekk ny reinseteknologi for ein global marknad, avfall blei
til nye produkt, og prosessane blei meir energieffektive.

Noreg var også eit føregangsland då det blei innført CO2-avgift på norsk sokkel i
1991. Det var mange protestar, men no skryt bransjen av dei positive resultata
av dette tiltaket. I den nye stortingsmeldinga om norsk oljepolitikk står det
at avgifta har skapt innovasjon og utløyst tiltak som har redusert CO2-utsleppa
med 40 mill. tonn.

Det er all grunn til å tru at klimaforliket vil bidra til ny innovasjon som vil
trygge framtida til norsk industri. Men det vil krevje eit tett samarbeid
mellom industrien og styresmaktene. SV har lansert tanken om eit klimafond. For bedriftene vil det vere ein fordel å ta større innovative investeringar framfor
å betale for CO2-kvotar i lang tid framover. Dei nasjonale klimamåla kombinert
med eit klimafond vil legge til rette for slik innovasjon.

Oljeaktiviteten på sokkelen betyr mykje i vårt nasjonale miljørekneskap og må ta sin del av dei nasjonale klimakutta. Ei offensiv klimasatsing på sokkelen er også positivt for norsk leverandørindustri som blei utvikla med sokkelen som ein krevjande heimemarknad. Nye klimatiltak vil bli ein ny krevjande heimemarknad. Alternativet kan bli at norsk leverandørindustrien misser det teknologiske forspranget den har i dag.

I debatten om klimaforliket har vi lett for å gløyme at vi har over førti tusen
arbeidsplassar i bransjar som er avhengige av ei offensiv klima- og
miljøsatsing. Vi kan nemne område som fornybar energi, elkraft, ressurshandtering og energieffektivisering. I tillegg kjem verftsindustrien og transportsektoren. Det er viktig at dei som representerer desse bransjane, også kjem på bana i debatten om klimapolitikk og næringsutvikling.

Tanken bak klimaforliket er at Noreg som har store klimautslepp, og som er eit
høgteknologisk og rikt land, må vise at det er mogeleg å redusere dei nasjonale
klimautsleppa. I motsatt fall er det vanskeleg å forvente at land med mindre
ressursar skal stille opp. FrP har aldri akseptert klimatrusselen. Derfor er
det naturleg at partiet går til angrep på klimaforliket. At Bernander følgjer opp,
er meir overraskande. Kampen mot klimaforliket er i realiteten ein kamp mot ei
framtidsretta næringsutvikling her i landet.

Alf