Like før jul sende Statnett brev til regjeringa. Føretaket ville «orientere energistyresmaktene om betydelege utfordringar som kan ventast i kraftsystemet om få år.» I brevet blir det åtvara om at det er fare for mangel på elektrisk kraft her i landet om fire år. Det kan også bli effektmangel. For å møte denne utfordringa etterlyser Statnett meir kraftproduksjon. Skal vi nå klimamåla våre og ta vare på Noreg som industrinasjon, så treng vi kraft. Men ny produksjon åleine løyser ikkje dei utfordringane vi står overfor. Det er på tide å sjå på energipolitikken i eit breiare perspektiv.
Vi er inne i ei priskrise på elektrisk kraft på grunn av prissmitte frå EU og England. Mange peikar på kraftutbygging som det sentrale tiltaket for å møte denne utfordringa. Men auka kraftproduksjon og auka eksport har avgrensa effekt på prissmitten. Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, har rekna på samanhengen mellom prissmitte og krafteksport. Analysane tyder på at vi må ha ein krafteksport på 40 TWh for å få betydeleg reduksjon i prissmitten. Det er meir enn fjerdeparten av dagens totale produksjon. Skal vi få bukt med priskrisa, så er det ikkje nok å produsere meir kraft. Vi må gjere strukturelle endringar i marknaden og endre spelereglane for kraftutveksling.
Sjølv om auka kraftproduksjon åleine ikkje løyser priskrisa, så kan vi ikkje sjå bort i frå at vi treng meir kraft for å møte dei utfordringane vi står overfor. Framleis er nesten halvparten av energiforbruket i Noreg fossilt, og elektrifisering er det viktigaste tiltaket for å redusere bruken av fossil energi. Eit eksempel er klimaplanen for Kristiansand kommune der elektrifisering er det sentrale grepet. I tillegg til å elektrifisere samfunnet treng vi kraft til ny grøn industri og til etablert industri som skal redusere klimautsleppa sine.
Statnett presenterte nyleg prognosar for kor mykje elektrisk kraft vi treng fram mot 2050. I følgjerapporten er det sannsynleg at behovet for kraft vil auke med 80 TWh i denne perioden. Til samanlikning er den totale produksjonen i dag i overkant av 150 TWh, og krafteksporten er på om lag 15 TWh. Eit alternativt senario med sterkare vekt på energisparing og mindre satsing på industri gir ein auke i kraftbehov på 50 TWh. Prognosane bygger på mange føresetnader som ein kan vere usamd i. Men rapporten viser uansett at det er på tide med ein energidebatt der ein ser produksjon, forbruk og sparing i samanheng.
Elektrifisering av oljeinstallasjonar på sokkelen inngår i prognosane til Statnett. Med straum frå land gjere det eit kraftig innhogg i kraftbalansen. Eit alternativ er å pålegge oljeselskapa å bygge ut havvind eller satse på karbonfangst og lagring. Det kan forseinke dette klimatiltaket ein del, men det kan vere akseptabelt dersom vi set opp farten på andre klimatiltak. Ein annan stor X-faktor er energiøkonomisering. Her har vi lenge snakka om eit stort potensial, men det skjer for lite. Ei av årsakene kan vere at ENOVA prioriterer å utvikle marknaden for ny teknologi. Dermed er det ingen som tar ansvar for sparetiltak med velprøvd teknologi.
Det er grunn til å diskutere føresetnadene som ligg til grunn for Statnett sine prognosar. Føretaket har tydeleg vis summert aktuelle behov utan å diskutere om vi har kraft til alle. Men vi som er opptatt av både klima og natur, bør ikkje nøye oss med å trekke prognosane i tvil. Vi må gå inn i analysane og peike på konkrete alternativ. Ovanfor har eg peika på eit par alternativ som kan redusere kraftbehovet. Men det er lite realistisk å nå klimamåla våre og utvikle grøn industri utan ny kraftproduksjon. Vindkraft til havs er eit aktuelt alternativ dersom vi får fart på forsking som kan sikre ei berekraftig utvikling av denne kraftkjelda.
Agder fylkeskommune har nyleg lagt fram ein strategi for kraftforedlande industri. Kraftsituasjonen er omtalt i rapporten. Regionen har kraftoverskot i dag, men den er eksponert for kraftutveksling med utlandet. Rapporten peikar på behovet for energitryggleik, betre avtalar for kraftutveksling og ilandføring av offshore vindenergi. Men den drøftar ikkje konkrete alternativ for lokalisering basert på tilgang til kraftknutepunkt, arbeidskraft og areal. Det er overlate til kommunane som konkurrerer med kvarandre. Strategidokumentet tar heller ikkje opp prioritering basert på klimakonsekvensar, verdiskaping og sysselsettingseffekt. Omfattande industriutvikling som er basert på ein avgrensa ressurs, krev tydeleg overordna samfunnsplanlegging.
Dei nye prognosane frå Statnett er nettopp det – prognosar. Energipolitikken bør ikkje styrast av prognosar, men av politiske prioriteringar basert på innsikt og verdival. Det kan stillast spørsmål ved prognosane, og vi må få kontroll med kraftmarknaden. Men det er ikkje lett å sjå korleis vi skal nå klimamåla våre og utvikle grøn industri utan meir fornybar energi i tillegg til ei kraftig satsing på energisparing. Vi treng regional og nasjonal planlegging som ser industri, energi og miljø i samanheng.
Alf Holmelid
Innlegget står på trykk i Fædrelamdsvennen i dag.