Dei rike sin kamp og journalistikken

Vi ser no ein massiv kampanje for å redusere formuesskatten. Dei rike som blir råka av denne skatten, brukar store summar til annonsering og ulike former for utspel. Det er ikkje måte på kor fårleg denne fordelande skatten er for fedrelandet.

Intressekamp og kamp om fordeling av verdiskapinga i samfunnet er ikkje noko nytt. Dei rike kjempar no ein offensiv kamp for si fortelling om kvifor dei må få behalde meir av den felles verdiskapinga. At grupper kjempar for sine interesser, er ein del av demokratiet.

Men det som undrar meg, er korleis media opptrer i denne interessekampen. Dei brukar i stor grad kjente rikingar som ekspertar og ekspertkommentatorar. Det er som om journalistane og redaksjonane ikkje har fått med seg at dei rike har eigeninteresse i denne striden. Kvifor brukar ikkje media i større grad folk frå akademia og andre uavhengige forskingsmiljø? Er det fordi dei ikkje trekkjer opp dei skrekkscenaria som media likar så godt, men ofte avviser eller tonar ned påstandane?

Mange vil hevde at dei som har bygd opp ein formue, har ein kompetanse det er verdt å lytte til. Det må vi gjerne gjere. Men vi må ikkje gløyme at dei har omfattande eigeninteresser i dette spørsmålet. Det er heller ikkje gitt at den kompetansen som må til for å skape seg ein formue i det til ei kvar tid gjeldande økonomiske system, er den same som skal til for å bygge eit velferdssamfunn.

Faktasjekk av kampanjen for dei rike

Forskjellane i Noreg aukar. Den rikaste ein-prosent auka sin del av nettoformuen her i landet frå 18,1 prosent i 2012 til 22,3 prosent i 2022. Trass i dette ser vi no ein intens kamp for å legge til rette for at dei rike kan bli endå rikare.

Vi blir fora med propaganda frå alle kantar. Rikingar gir av si overflod til organisasjonar som driv ein massiv påverkingskampanje med medieoppslag og store annonsar. Den politiske høgresida hengjer seg på, og media stiller velvillig opp.

Den store stygge ulven for dei rike er formuesskatten. Den er ein katastrofe for næringslivet blir det hevda. Men påstandane er ofte generelle og manglar konkrete tal. Det er populært å trekke fram enkeltbedrifter som eksempel, men også her er det ofte mangelfulle opplysningar.

Fakta stemmer ikkje alltid med dei store orda. Derfor er det no etablert ei nettside som ettergår og kvalitetssjekkar påstandane om effekten av formuesskatten. Lenke her. Her finn du faktasjekk av mange av dei eksempla som kampanjene til støtte for dei rike har brukt. Utspelet frå Hennig-Olsen er blant dei.

Aukande forskjellar er ikkje berre eit moralsk spørsmål. Det er også ei demokratisk utfordring. Konsentrasjon av eigedom er konsentrasjon av makt.

Eg blir ofte møtt med at det er misunning som ligg bak engasjementet mot aukande forskjellar. Det lever eg godt med. Dette er eit argument venstresida alltid har blitt møtt med i kampen for betre fordeling av verdiskapinga i samfunnet. Lenge gjekk utviklinga i riktig retning, men no har trenden snudd. Dei rike brukar sin rikdom og sin popularitet i media til å kjempe for å auke sin rikdom. Det er ei utvikling vi bør stå opp i mot.

Makt og frykt

Tenk deg at nokon for 20 år sidan hadde foreslått ein film der hovedpersonen hadde oppført seg som Trump gjer i dag. Den hadde blitt nedsabla som for fantastisk og for urealistisk. Men det er utruleg korleis makt og frykt kan endre folks haldningar.

Trump sikrar seg stadig større makt ved å gå i strupen på alle som er kritiske. Han trugar politiske opponentar med svertekampanjar som kan ta frå dei attval, og han trugar media med dyre rettssaker. Teknologigigamtar som har vore kritiske, vågar ikkje anna enn å krype til korset og hylle den nye herskaren.

Generalsekretæren for verdas sterkaste militærallianse kryp og smiskar for Trump så ein får lyst til å snu seg bort frå den nedverdigande forestillinga. Men han er ikkje åleine. Statsleiarane i NATO kappast om å skryte uhemma av ein politikk dei knapt kan vere samde i. Kva er det som skjer?

Smiskinga skal visstnok vere ein taktikk for å unngå at herskaren kjem i dårleg humør og straffar leiarar som fell i unåde, med enorme tollsatsar. Eit anna trugsmål som ligg i lufta, er å trekke seg heilt eller delvis ut av forsvarssamarbeidet.

Det er forståeleg at mange går på tå hev overfor ein herskar med enorm økonomisk og militær makt. Men kva skjer på lang sikt når dette spelet utviklar seg? Eg synes alt å sjå at ein del kommentatorar leitar fram positive ting ved herskaren si maktutøving.

Makt fasinerar, og det er eit menneskeleg behov å finne grunngjevingar for det ein faktisk gjer i den situasjonen ein er plassert i. No er det jamvel folk som seriøst diskuterer om herskaren bør få fredsprisen – for å få han i godt humør og ikkje skade verdsfreden.

Vi bør ikkje berre frykte kva herskaren kan finne på. Vi bør frykte kva det gjer med oss å etterrasjonere alt han gjer.

Appell i Vennesla første mai 2025

Kameratar

Vi lever i ei tid der diktatur og ekstreme høgrekrefter trugar frå mange kantar.

For første gang etter andre verdskrig er det krig i Europa. Putin og Russland har brutt folkeretten og gått til angrep på ein nabostat. Resultatet er store lidingar og tap av menneskeliv på begge sider av fronten. Ukraina kjempar ein tapper kamp for å forsvare sitt land og sitt folks, og dei treng vår støtte.

———

I USA har ein autoritær leiar fått makta. Landet har fått ein president som riv ned forskjellen mellom sanning og løgn – mellom fakta og ville påstandar – mellom kunnskap og konspirasjonsteoriar. Han går til angrep på den frie pressa og på ytringsfridomen – og han trugar alle kritiske røyster.

Trump riv ned statsapparatet for å samle meir makt på eigne hender. Han allierer seg med  verdas rikaste og mektigaste forretningsfolk og skaper eit oligarki som trugar demokratiet. Dei som betalar prisen, er folk flest som får prisauke, dårlegare velferd og utrygge jobbar. USA manglar diverre ei sterk fagrørsle som kan stå opp i mot desse høgrekreftene og kjempe for rettferdig fordeling.

———-

Trump har også gitt full støtte til Israel si valdelege krigføring i Gaza. Nesten femti tusen palestinarar er drept og to millionar er på flukt. Gaza har eit enormt hjelpebehov. Men Israel stengjer grensene for naudhjelp. Det er eit alvårleg brot på folkeretten. No må Norge viser handlekraft. Det er på tide å trekkjer Oljefondet ut av selskap som har relasjon til ulovlige busetnader.

———

Også i Europa er ytre høgre på frammarsj. Vi har sett det i Polen og i Italia der det er tette band til høgrekreftene både i USA og Russland. Vi ser det også i ei rekke andre europeiske land – ikkje minst Tyskland. Eit parti med røter i nazismen er i ferd med å bli det største partiet med sterk støtte frå oligarkiet i USA. Dette er ei skremmande utvikling som vi må ta på alvor og kjempe i mot på tvers av landegrenser. Vi treng ei sterk fagrørsle og ei sterk venstreside for å snu denne utviklinga. Solidaritet og velferd for alle er den beste medisinen mot ytre høgre.

——-

Den nye høgrebølgja slår også inn over vårt land. Dei rike blir stadig rikare samtidig som folk flest slit med prisauke og høge renter. Kvifor skal nokon tene tjue ganger meir enn statsministeren og femti ganger meir enn folk flest? Kvifor stikk kapitaleigarane av med ein stadig større del av verdiskapinga i samfunnet? På tross av denne utviklinga får rikingane førstesideoppslag i media når dei sutrer over skattetrykket. Her må venstresida og fagrørsla slå tilbake. Vi har kjempa fram ein samfunn med moderate forskjellar. Det er vi stolte av, og det vil vi fortsatt kjempe for.

Fordeling av rikdom er ikkje berre eit spørsmål om rettferd. Det er også eit spørsmål om makt. Vi ser det tydeleg med framveksten av oligarkiet som trugar demokratiet i USA. Og vi ser tendensar til det same her i landet. Dei rike spyttar pengar inn i organisasjonar som kjempar for at dei skal betale mindre skatt til fellesskapet. Dei kjempar for ein politikk som vil svekke samfunnstilliten og demokratiet.

Mindre stat og kutt i velferd står sentralt i den nye høgrebølgja. Vi får stadig oftare høyre at vi må våge å kutte i velferd. Vårt svar må vere omfordeling. Det skaper sterkare fellesskap og fremmar produktiviteten. Vi har skapt ein velferdsmodell som mange land misunner oss. Høgresida må ikkje få rasere denne samfunnsmodellen for å gi skattelette til dei rike. Vi må forsvare sjukeløna og  andre velferdsgode som fagrørsla og venstresida har kjempa fram.

Eit anna særtrekk ved den nye høgrebølga er kamp mot klimatiltak. Det skjer samtidig som dei negative konsekvensane av klimaendringane blir tydlegare for kvar dag som går. Denne utviklinga råkar utsette grupper og trugar framtida til våre barn og barnebarn. Klimaskeptikarane har heller ikkje forstått at god klimapolitikk er god næringspolitikk.

Årets stortingsval blir ein viktig milepel i kampen mot den nye høgrebølgja. Vi må halde høgrepartia ute frå regjeringskontora. Men det er ikkje nok. Vi må stemme fram eit storting som kan føre ein meir offensiv kamp for fordeling og miljø. Saman med fagrørsla skal vi vinne kampen for eit solidarisk samfunn.

Fortsatt god første mai.

Eit forsvar for kommunale helsetenester

Dei siste åra har eg dratt nytte av helse- og omsorgstenestene i kommunen. Det har vore ei positiv oppleving. Eg har møtt eit knippe engasjerte tilsette både ute i felten og i administrasjonen. Ulike deler av det kommunale apparatet jobbar saman for å gi eit godt og tilpassa tenestetilbod, og eg får råd om kva eg bør søkje om. Det har aldri falt meg inn å bytte ut eit element i dette komplekse samspelet med folk frå kommersielle konsern med kontor i eit skatteparadis. Men det er dette det nye bystyrefleirtalet legg opp til.

Eg har store problem med å sjå kva tilleggsverdi det vil gi å bytte ut nokre av dei kommunale  helsearbeidarane med folk frå eit kommersielt selskap. Når du kjem i ein situasjon der du treng kommunale helsetenester, så er det mykje å ta stilling til. Det siste du treng i ein slik livssituasjon er å stresse rundt på internett for å finne ut kva tenestetilbydar du skal velje. Eg har til gode å møte brukarar som ønskjer å bytte ut dei kommunale helsearbeidarane med folk frå kommersielle selskap.

Mange ulike organisasjonsledd og faggrupper må jobbe saman for å betre livskvaliteten til brukarar av kommunale helsetenester og deira pårørande. Eksterne arbeidstakarar med kommersielle arbeidsgivarar vil komplisere dette samspelet. Det blir fleire aktørar å koordinere, og det kjem inn eit kompliserande element ved at vi får arbeidstakarar som må styrast gjennom kontraktar. Anbod og kontraktar som gjerne går over mange år, gir mindre fleksibilitet til å tilpasse helsetilbodet når behovet endrar seg. Det er spesielt uheldig i ein situasjon der kommunen står overfor store omstillingar.

Dersom det nye fleirtalet i bystyret får gjennomslag for såkalla fritt brukarval for heimesjukepleie, så må kommunen bygge opp juridisk kompetanse på dette feltet. Vi må bruke pengar på å prøve å utarbeide juridisk haldbare spesifikasjonar for tenestekvalitet – pengar som kunne gått til førstelinja. Å utarbeide juridisk haldbare kvalitetskrav i kontraktar er ikkje det same som å utvikle kvaliteten i eigen organisasjon.

Privatisering av lovpålagte kommunale helsetenester kan bli dyrt for kommunen. I tillegg til transaksjonskostnader (anbod og kontroll) så kan det komplisere og fordyre organisasjonsmodellen for eit komplekst tenestetilbod. Det kan også skape juridiske komplikasjonar i tilfelle der Statsforvaltaren finn at tilbodet ikkje blir utført i samsvar med lover og reglar.

Så kvifor vil fleirtalet i bystyret privatisere kommunale helsetenester trass i auka kostnader og store organisatoriske og juridiske utfordringar? Det er vanskeleg å sjå noko anna motiv enn privatiseringsideologi.

Alf Holmelid

Innlegget er publisert i Fvn

Fagrørsla og demokratiet

Vi har nyleg feira første mai, og i desse dagar blir det arrangert ein konferanse som tar opp situasjonen for demokratiet i vår del av verda. Dette samantreffet kan vere eit godt høve til å minne om kor viktig fagrørsla og fordelingspolitikken er for utviklinga av demokratiet.

Fordelingspolitikk er ikkje berre eit spørsmål om rettferdig fordeling av verdiskapinga i samfunnet. Det er også eit spørsmål om maktfordeling og demokrati. Fagrørsla sin kamp for å sikre at arbeidstakarane får sin rettmessige del av verdiskapinga, er også ein kamp for maktfordeling og ei demokratisk utvikling.

Den amerikanske høgsterettsdommaren Louis Brandeis uttalte for hundre år sidan at «vi kan ha demokrati, eller vi kan ha rikdom konsentrert i hendene til dei få, men vi kan ikkje ha begge deler.» Dette er tydeleg tale, og med Trump i Det kvite hus ser det ut til at han kan få rett.

USA har fått eit regime som utfordrar demokratiet. Landet har fått ein president som riv ned forskjellen mellom sanning og løgn – mellom fakta og ville påstandar – mellom kunnskap og konspirasjonsteoriar. Han går til angrep på ytringsfridomen og den frie pressa. Den frie forskinga blir tvinga i kne, og alle kritiske røyster blir truga til servilitet og tagnad.

Trump riv ned statsapparatet og rettssystemet for å samle meir makt på eigne hender. Han allierer seg med verdas rikaste og mektigaste forretningsfolk og skaper eit oligarki som trugar demokratiet. Dei som betalar prisen, er folk flest som får prisauke, dårlegare velferd og utrygge jobbar. I lang tid har arbeidstakarane fått ein stadig mindre del av verdiskapinga. Dei på golvet har ikkje følgt med i velstandsutviklinga, fattigdomen aukar og dei rike blir rikare.

USA manglar diverre ei sterk fagrørsle som kan stå opp i mot denne utviklinga. Fagrørsla har ikkje styrke til å kjempe for rettferdig fordeling og bygge samfunnstillit som kan trygge demokratiet. Berre ti prosent av arbeidstakarane i USA er fagorganiserte. Mange bedrifter med gigantselskap som Amazon og Tesla i spissen driv regelrett kamp mot fagorganisering. Når ingen er i stand til å ta kampen for dei som slit med å betale rekningar og renter, så ligg landet opent for ekstreme høgrekrefter med fascistiske tendensar.

Vi har ikkje amerikanske tilstandar her i landet. Men stadig meir kapital blir samla på stadig færre hender. I følge Perspektivmeldinga 2024 har den rikaste ein-prosenten i Norge auka sin del av nettoformuen frå 18,1 prosent i 2012 til 22,3 prosent i 2022.

Med kapital følgjer det makt – både makt over eigedom og arbeidsplassar og mediemakt som gir politisk makt. I det siste har vi også sett at kapitaleigarane organiserer seg og brukar store summar på å kjempe i mot skatt på kapital. Næringslivet treng kapital, men vi kan ikkje vere blinde for at konsentrasjon av kapital er konsentrasjon av makt og mindre demokrati.

Den kjente økonomen Piketty skriv om dei moderate forskjellane i Norden i si bok Kapital og ideologi. Han legg vekt på at det ikkje er ein naturgitt situasjon. Det egalitære samfunnet er eit resultat av politiske val. Samtidig åtvarar han i mot å ta situasjonen for gitt. Utan fagleg kamp og skatt på kapital og arv vil vi få konsentrasjon av kapital og makt. Andre økonomar som Kalle Moene legg vekt på fagrørsla si rolle gjennom trepartssamarbeidet.

I motsetning til i USA så står fagrørsla sterkt her i landet. Femti prosent av arbeidstakarane er fagorganiserte. Det er liten tvil om at det er ei hovudårsak til at vi har hatt ei heilt anna utvikling her i landet enn i USA. Fagrørsla har kjempa ein solidarisk lønnskamp for å hindre at kapitaleigarane skal stikke av med ein for stor del av verdiskapinga. Saman med ein progressiv skattepolitikk har det skapt eit samfunn med moderate forskjellar og lagt grunnlaget for ein samfunnssolidaritet som styrker demokratiet. Det er på tide at fagrørsla og fordelingspolitikken får ein større plass i debatten om framtida for det liberale demokratiet.

Vi kan oppsummere med diktaren Stig Holmås: «… og fagforeiningane. Utan dei hadde vi ingenting»

Alf Holmelid

Innlegget har stått på trykk i Fvn

Lagmannsholmen for rikfolk?

Planforslaget for Lagmannsholmen svarer ikkje ut politiske vedtak.

Kristiansand er i ferd med å bli ein segregert by. Alt på åttitalet tok SV opp denne utfordringa og fekk gjennomslag for å satse på variert bustadbygging i alle bydelar. Saka er følgt opp ved fleire høve, og det er mykje verbal velvilje å hente. Men det skortar på praksisen. Byutviklingsprosjekta på Tangen og Silokaia er eksempel på område som trekkjer til seg bestemte grupper. Dei er dominert av godt vaksne personar med god inntekt og utflytta barn, og innvandrarar er underrepresentert. Samtidig er det område som har lettare tilgang til kulturtilbod enn andre deler av byen.

No står regulering av Lagmannsholmen for tur. Det kan bli ei vidareføring og forsterking av denne utviklinga. Då planprogrammet for Lagmannsholmen blei behandla, fekk SV gjennomslag for ein del krav til planarbeidet, blant anna: “Sosioøkonomiske forhold og bustadprisar skal utgreiast.” Plandokumentet som no skal sendast på høyring, nemner at kultur og attraktive fellesområde kan ha positive sosioøkonomiske effektar. Det er vel og bra. Men eg kan ikkje sjå at dokumentet inneheld noko analyse av forventa bukostnader og sosioøkonomiske effektar av eit høgt prisnivåslik vedtaket krev.

Dei forventa bukostnadene heng saman med kostnadene for å flytte konteinarhamna. Då har vi ikkje tatt med kostnadene for ny hamnegate som skal finansierast av bompengar og bykassa. SV har fått gjennomslag for at eksterne ekspertar skal gå igjennom den økonomiske analysen av hamneflyttinga. Men i plandokumentet som no skal på høyring, kjem det fram at denne gjennomgangen er utsett til andre gangs høyring. Dermed har vi mangelfull kunnskap om kostnadsnivået og kva konsekvensar det får for bukostnadene og for utvikling av området.

Rett skal vere rett. Plandokumentet nemner at vi seinare i planprosessen kan komme tilbake til eigarformer og finansieringsmodellar som kan legge til rette for at folk med ulik finansieringsevnekan få seg ein bustad på Lagmannsholmen. Men når vi skal bygge ein ny høgprofilert bydel med tusen bustader, så saknar eg ei grundigare vurdering av kostnadsnivået. Kva konsekvensar vil det forventa kostnadsnivået få for bysegregering og andre sider ved den omfattandebytransformasjonen? Dersom det ikkje er realistisk å legge til rette for variert prisnivå på bustader, så er det kanskje betre å auke fellesareal og utelivsaktivitetar slik at heile byen får nytte av området.

Planforslaget for Lagmannsholmen har mange spennande element som det er viktig å drøfte. Men dokumentet manglar tilstrekkeleg grunnlagsmateriale for å diskutere om det er mogeleg å bygge ein variert bustadmasse med variert prisnivå. Dermed har vi heller ikkje eit godt grunnlag for å vurdere kva som må leggast inn som føringar i den vidare planprosessen. Eg vonar like vel at mange høyringsinstansar, ikkje minst potensielle utbyggarar, kommenterer dei bustadpolitiskeaspekta ved dette gigantprosjektet som langt på veg vil transformere byen.

Alf Holmelid

Innlegget har stått på trykk i Fvn

Har teknologigigantane i USA blitt grådige og sløve?

Donald Trump lanserte nylig AI-prosjektet Statgate med ei finansiering på 500 milliardar dollar, og teknologigigantane i USA flyg høgt på børsen. AI har blitt den store globale snakkisen. Teknologien skal redde verda, eller føre til dommedag, avhengig av kven du lyttar til. Vi har også fått høyre at AI brukar enorme mengder energi og kjølevatn, og at det berre er USA som har den elektronikken som trengs for å lære opp systema.

Men så får vi brått tilgang til eit kinesisk AI-system som ser ut til å ha mange fordelar samanlikna med det vi har sett frå teknologigigantane i USA. DeepSeek som systemet heiter, brukar metodar som krev langt mindre datakapasitet. Dermed er behover for energi og avansert elektronikk redusert. Funksjonaliteten skal vere minst like bra som det dei amerikanske systema kan levere.

Eit anna særtrekk ved det kinesiske systemet er at det er basert på open kildekode. Det inneber ar andre kan bygge vidare på systemet. Samtidig blir det lettare å ettergå algoritmene og etterprøve konklusjonane i DeepSeek.

Dersom vi skal tru media, så har kinesarane utvikla dette systemet på få år og med langt mindre kapital enn det som er brukt av teknologigigantane i USA. Dette fører naturleg nok til at børsen tar til å tvile på dei teknologiselskapa som er knytt til utvikling av AI i USA.

Uansett kva ein meiner om Kina, og det er mamge grunnar til å vere skeptisk, så er reaksjonane på DeepSeek interessante. Har tekgigantane i USA blitt meir opptatt av børsverdien enn av å forske og innovere på andre måtar enn på børsen? Har AI blitt hausa opp til ei boble lik den IT-bobla vi hadde kring årtusenskiftet? Har den teknologiske boikotten av Kina pressa fram innovasjon som griske teknologigigantane ikkje har sett?

Kan det bli positivt for den vidare utviklinga av AI at det no er vist at det er fullt mogeleg å utvikle AI-system utanfor USA, og utan Trump-støtte.

Alf Holmelid

Vi treng konkurransedyktig grøn industri

Vi er inne i ein fase der mange land kjempar for å bygge opp konkurransedyktig grøn industri, og Noreg har gode føresetnader på dette området. Men det er ikkje gitt at det er god næringspolitikk for eit lite land å satse breitt på industriutvikling i alle sektorar som står sentralt i omstillinga til eit klimavenleg samfunn. Dei problema som grøn industri har møtt her i landet i det siste, bør utløyse ein debatt om kva som er god næringspolitikk for omstilling til eit miljøvennleg samfunn.

Noreg er eit lite land med ein open økonomi. Spørsmålet er korleis vi skal posisjonere oss i ein situasjon der store tunge aktørar som USA og Kina satsar tungt for å bli dominerande i dei nye grøne marknadene. Volumproduksjon der mange tunge aktørar satsar samtidig, er ikkje alltid det beste utgangspunktet. Det gjeld å finne dei områda der vi kan bygge på vår kompetanse og våre fortrinn i tillegg til å bidra til grøn omstilling nasjonalt og internasjonalt.

Ambisjonane om å etablere store batterifabrikkar her i landet har så langt møtt ein bratt motbakke med teknologiutfordringar og hard konkurranse frå land med omfattande statleg industristøtte. Tida vil vise om det er liv laga. Men batteriproduksjon er ikkje berre volumproduksjon av sluttprodukt. Det er også nisjeproduksjon og  leveransar til  ulike deler av verdikjeden for batteri. 

Det grøne skiftet handlar om å redusere utslepp og erstatte fossil energi med miljøvennleg energi. Samtidig handlar det, ikkje minst i Noreg, om å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv for det postfossile samfunnet. Men ikkje all produksjon som er viktig for det miljøvennlege samfunnet, ligg til rette for vellukka næringsutvikling her i landet. Dei økonomiske lovene gjeld også for næringspolitikk for det grøne skiftet. 

Produksjon, lagring og transport av utsleppsfri energi er grunnpilarar i det grøne skiftet. Men grøn industripolitikk må handle om langt meir. All industri må omstillast til nullutslepp og bidra til verdiskaping i eit utsleppsfritt samfunnet. Bransjar som prosessindustri, skipsbygging, IKT, turisme og bygg og anlegg har også sin plass i ein grøn næringspolitikk som skal sikre arbeidsplassar og verdiskaping.

Å bidra til det grøne skiftet er ikkje nokon garanti for kommersiell suksess.  Det er mange andre forhold som må falle på plass for å sikre langsiktig konkurransekraft og verdiskaping. No står vi i tillegg overfor store utfordringar som er skapt av ein turbulent geopolitisk situasjon med fare for handelskrig. I ein slik situasjon er det vanskeleg å komme utanom risiko for å feile.

Då norsk industri for om lag femti år sidan fekk krav om å redusere utslepp til luft og vatn, så tok bedriftene utfordringa og satsa på teknologiutvikling med statleg støtte. Her i regionen stod prosessindustrien sentralt i denne omstillinga. Resultatet blei ein konkurransedyktig industri med verdsleiande teknologi. 

No står vi overfor ei større omstilling. Vi skal bygge industri for ei framtid utan klimautslepp. Det vil kreve ein aktiv stat som kan samarbeidet med næringslivet for å bygge opp nye satsingar i ein turbulent konkurransesituasjon. Men også grøn industrien må etter kvart vere konkurransedyktig og bidra til fellesskapet.

Alf Holmelid

Dette innlegget er basert på eit tidlegare blogginnlegg og er publisert i Fædrelandsvennen i dag 17. juni.

Vi treng ein debatt om grøn industripolitikk

Grøn industripolitikk er ein viktig del av det grøne skiftet. Men det er ikkje gitt at det er god næringspolitikk å satse breitt på industriutvikling i alle sektorar som står sentralt i omstillinga til eit klimavenleg samfunn. Ikkje all grøn omstilling er eit like godt utgangspunkt for grøn næringsutvikling i ein internasjonal marknad. Dei problema som grøn industri har møtt i det siste, bør utløyse ein debatt om kva som er god næringspolitikk for omstilling til eit miljøvennleg samfunn.

Noreg er eit lite land med ein open økonomi. Spørsmålet er korleis vi skal posisjonere oss i ein situasjon der store tunge aktørar som USA og Kina satsar tungt for å bli dominerande i dei nye grøne marknadene. Volumproduksjon av produkt som mange tunge aktørar satsar på samtidig, er ikkje alltid det beste utgangspunktet. Det gjeld å finne dei områda der vi kan bygge på vår kompetanse og våre fortrinn i tillegg til å bidra til grøn omstilling nasjonalt og internasjonalt.

Ambisjonane om å etablere store batterifabrikkar her i landet har så langt møtt ein bratt motbakke med teknologiutfordringar og hard konkurranse frå land med omfattande statleg industristøtte. Men batteriproduksjon er ikkje berre volumproduksjon med importert teknologi. Det er også nisjeproduksjon, for eksempel Kristiansand-firmaet Pixii som leverer teknologi for overføring av straum frå nett til batteri og tilbake. 

Det grøne skiftet handlar om å erstatte fossil energi med miljøvennleg energi. Samtidig handlar det, ikkje minst i Noreg, om å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv for det postfossile samfunnet. Men ikkje all produksjon som er viktig for det miljøvennlege samfunnet, ligg til rette for vellukka næringsutvikling her i landet. Dei økonomiske lovene gjeld også for næringspolitikk for det grøne skiftet. 

Produksjon og lagring av utsleppsfri energi er grunnpilarar i det grøne skiftet. Men grøn industripolitikk må handle om meir. All industri må omstillast til nullutslepp og bidra til verdiskaping i eit utsleppsfritt samfunnet. Bransjar som prosessindustri, skipsbygging, IKT, turisme og bygg og anlegg har også sin plass i ein grøn næringspolitikk som skal sikre arbeidsplassar og verdiskaping.

Å bidra til det grøne skiftet er ikkje nokon garanti for kommersiell suksess.  Med dagens økonomiske system er det mange andre ting som må falle på plass for å sikre langsiktig konkurransekraft og verdiskaping. No står vi i tillegg overfor store utfordringar som er skapt av ein turbulent geopolitisk situasjon med fare for handelskrig.

Grøn næringsutvikling er i startfasen, og siste ord om batterisatsinga er ikkje sagt. Vi treng  ein debatt om korleis vi skal legge til rette for industri som både er grønog konkurransedyktig. Å bidra til det grøne skiftet er ein nødvendig, men ikkje ein tilstrekkeleg føresetnad for å utvikle ny levedyktig industri. Det grøne skiftet treng ein aktiv næringspolitikk med risikoavlastning i startfasen. Men også grøn industrien må etter kvart vere konkurransedyktig og bidra til fellesskapet.

Alf Holmelid