Like før jul sende Statnett brev til regjeringa. Føretaket ville «orientere energistyresmaktene om betydelege utfordringar som kan ventast i kraftsystemet om få år.» I brevet blir det åtvara om at det er fare for mangel på elektrisk kraft her i landet om fire år. Det kan også bli effektmangel. For å møte denne utfordringa etterlyser Statnett meir kraftproduksjon. Skal vi nå klimamåla våre og ta vare på Noreg som industrinasjon, så treng vi kraft. Men ny produksjon åleine løyser ikkje dei utfordringane vi står overfor. Det er på tide å sjå på energipolitikken i eit breiare perspektiv.
Vi er inne i ei priskrise på elektrisk kraft på grunn av prissmitte frå EU og England. Mange peikar på kraftutbygging som det sentrale tiltaket for å møte denne utfordringa. Men auka kraftproduksjon og auka eksport har avgrensa effekt på prissmitten. Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, har rekna på samanhengen mellom prissmitte og krafteksport. Analysane tyder på at vi må ha ein krafteksport på 40 TWh for å få betydeleg reduksjon i prissmitten. Det er meir enn fjerdeparten av dagens totale produksjon. Skal vi få bukt med priskrisa, så er det ikkje nok å produsere meir kraft. Vi må gjere strukturelle endringar i marknaden og endre spelereglane for kraftutveksling.
Sjølv om auka kraftproduksjon åleine ikkje løyser priskrisa, så kan vi ikkje sjå bort i frå at vi treng meir kraft for å møte dei utfordringane vi står overfor. Framleis er nesten halvparten av energiforbruket i Noreg fossilt, og elektrifisering er det viktigaste tiltaket for å redusere bruken av fossil energi. Eit eksempel er klimaplanen for Kristiansand kommune der elektrifisering er det sentrale grepet. I tillegg til å elektrifisere samfunnet treng vi kraft til ny grøn industri og til etablert industri som skal redusere klimautsleppa sine.
Statnett presenterte nyleg prognosar for kor mykje elektrisk kraft vi treng fram mot 2050. I følgjerapporten er det sannsynleg at behovet for kraft vil auke med 80 TWh i denne perioden. Til samanlikning er den totale produksjonen i dag i overkant av 150 TWh, og krafteksporten er på om lag 15 TWh. Eit alternativt senario med sterkare vekt på energisparing og mindre satsing på industri gir ein auke i kraftbehov på 50 TWh. Prognosane bygger på mange føresetnader som ein kan vere usamd i. Men rapporten viser uansett at det er på tide med ein energidebatt der ein ser produksjon, forbruk og sparing i samanheng.
Elektrifisering av oljeinstallasjonar på sokkelen inngår i prognosane til Statnett. Med straum frå land gjere det eit kraftig innhogg i kraftbalansen. Eit alternativ er å pålegge oljeselskapa å bygge ut havvind eller satse på karbonfangst og lagring. Det kan forseinke dette klimatiltaket ein del, men det kan vere akseptabelt dersom vi set opp farten på andre klimatiltak. Ein annan stor X-faktor er energiøkonomisering. Her har vi lenge snakka om eit stort potensial, men det skjer for lite. Ei av årsakene kan vere at ENOVA prioriterer å utvikle marknaden for ny teknologi. Dermed er det ingen som tar ansvar for sparetiltak med velprøvd teknologi.
Det er grunn til å diskutere føresetnadene som ligg til grunn for Statnett sine prognosar. Føretaket har tydeleg vis summert aktuelle behov utan å diskutere om vi har kraft til alle. Men vi som er opptatt av både klima og natur, bør ikkje nøye oss med å trekke prognosane i tvil. Vi må gå inn i analysane og peike på konkrete alternativ. Ovanfor har eg peika på eit par alternativ som kan redusere kraftbehovet. Men det er lite realistisk å nå klimamåla våre og utvikle grøn industri utan ny kraftproduksjon. Vindkraft til havs er eit aktuelt alternativ dersom vi får fart på forsking som kan sikre ei berekraftig utvikling av denne kraftkjelda.
Agder fylkeskommune har nyleg lagt fram ein strategi for kraftforedlande industri. Kraftsituasjonen er omtalt i rapporten. Regionen har kraftoverskot i dag, men den er eksponert for kraftutveksling med utlandet. Rapporten peikar på behovet for energitryggleik, betre avtalar for kraftutveksling og ilandføring av offshore vindenergi. Men den drøftar ikkje konkrete alternativ for lokalisering basert på tilgang til kraftknutepunkt, arbeidskraft og areal. Det er overlate til kommunane som konkurrerer med kvarandre. Strategidokumentet tar heller ikkje opp prioritering basert på klimakonsekvensar, verdiskaping og sysselsettingseffekt. Omfattande industriutvikling som er basert på ein avgrensa ressurs, krev tydeleg overordna samfunnsplanlegging.
Dei nye prognosane frå Statnett er nettopp det – prognosar. Energipolitikken bør ikkje styrast av prognosar, men av politiske prioriteringar basert på innsikt og verdival. Det kan stillast spørsmål ved prognosane, og vi må få kontroll med kraftmarknaden. Men det er ikkje lett å sjå korleis vi skal nå klimamåla våre og utvikle grøn industri utan meir fornybar energi i tillegg til ei kraftig satsing på energisparing. Vi treng regional og nasjonal planlegging som ser industri, energi og miljø i samanheng.
Statsbudsjettet opnar for at Sørlandet kan bli eit kraftsenter for offshore energi. Regionen og Universitetet i Agder kan få ein leiande posisjon i den nasjonale satsinga på havvind. Sørlandethar teknologisk og industriell kompetansen som er eit godt grunnlag for å engasjere seg i produksjon av energi til havs. Men vi treng meir enn teknologi for å lukkast. Andre kompetanseområde er minst like viktige når vi skal utvikle berekraftig energiproduksjon i eit marint miljø.
Vindkraft er hausting av naturen, og vi må ha kunnskap om naturen for å få eit godt resultat med så små skadeverknader som mogeleg. Vi må ha innsikt i vindforhold, fugletrekk, gyteområde, fiskeplassar og marin økologi. Tekniske feil og manglar kan rettast opp. Men utbygging utan tilstrekkeleg kunnskap om natur og økosystem kan føre til varig skade. Det hastar med å bygge opp kunnskap som kan bidra til å minimalisere dei negative effektane av energiproduksjonen.
Økonomiske interesser vil bidra til at det blir utvikla nye og betre teknologiske løysingar. Men dei vil nok ikkje engasjere seg like sterkt for å få fram ny kunnskap som kan legge avgrensingar på utbyggingsprosjekta. Her må det offentlege ta ansvaret for å finansiere relevant forsking og sikre at den blir lagt til grunn for tildeling av konsesjonar. Manglande innsats på dette område kan få negative konsekvensar for miljøet og auke motstanden mot havvind.
Havforskingsinstituttet har presentert ein førebels oversikt over ulike problem som kan oppstå ved installasjon og drift av vindturbinar offshore. Det handlar blant anna om akustisk støy og magnetfeltet som kan føre til skade på flora og fauna. Instituttet tilrår blant anna at ein må unngå arbeid når det er gytetid. Dei peikar også på at installasjonar kan ha positive effektar for detbiologiske mangfaldet. Men hovudkonklusjonen er at vi veit for lite, og at det må satsast meir på forsking for å unngå å trå feil.
Havvind er ei stor nasjonal satsing for klima og for industriutvikling. Den er eit sentralt element i arbeidet for å sikre nok fornybar energi. Samtidig skal den bidra til å bygge ny industri med utgangspunkt i kompetansen i oljeindustrien. Sett i lys av desse ambisjonane bør det mane til ettertanke når vårt fremste marine forskingsmiljø åtvarar om at vi har mangelfull kunnskap innannokre av dei sentrale fagområda. Det er ikkje nok å bygge på vår leiande kompetanse innan offshore teknologi. Vi må også styrke og ta i bruk relevante deler av den marine forskinga.
Statsbudsjettet og andre signal frå regjeringa kan vere starten på ei spennande utvikling der Kristiansand og Agder får ei sentral rolle i den nasjonale satsinga på offshore energi. Men det følgjer også eit stort ansvar med denne rolla. Vi må ha tilstrekkeleg kunnskap til å avgrense skadeverknadene for fugleliv, fiskeri og marine økosystem. I dag har vi mangelfull kunnskap, både lokalt og nasjonalt. Vi må presse på for å auke forskingsinnsatsen på desse områda og sikre at relevante forskingsmiljø blir involvert i arbeidet med havvind. Med status som nasjonalt kompetansesenter vil UiA få eit stort ansvar her.
I dag fekk vi ein trist bodskap. Ein av dei store innovasjonane i norsk industrihistorie har møtt veggen. REC Solar Norway kan bli tvinga til å legge ned produksjonen. Dei ekstreme kraftprisane har råka dei hardt. Ei bedrift med framtidsretta og miljøvennleg teknologi har ikkje rammevilkår som dei kan leve med her i landet. Det er eit nederlag for norsk industripolitikk og norsk energipolitikk.
Det tar tid å utvikle nye materiale og ny produksjonsteknologi. Forskingsmiljøet på Fiskaa har forska på silisium til solceller i fleire tiår. I starten var det mange som var skeptiske til å satse på materiale til solceller i vinterlandet Noreg, og forskarane møtte store utfordringar, både tekniske og økonomiske. Men dei gav ikkje opp. Resultatet blei ein produksjonsteknologi med mykjelågare energiforbruk og klimafotavtrykk enn andre produksjonsteknologiar.
Då kromprins Håkon opna ein ny fabrikk i august 2009, var det stor optimisme. Aukande prisar på solcellesilisium var eit godt utgangspunkt for den store satsinga. Men det dukka raskt opp mørke skyer i horisonten. Hard konkurranse og fallande prisar førte til at produksjonen måtte stanse i 2012. I den tida var eg på Stortinget og arbeidde for at staten skulle gå inn på eigarsida for å vere med og utvikle ny framtidsretta industri. Men det blei kinesarane som overtok på eigarsida.
REC solar har vore igjennom eigarskifte og mange vanskelege periodar. Men dei tilsette har møtt utfordringane med stadig ny teknologi som har redusert kostnadene og betra kvaliteten. Produksjonen har heile tida hatt lågt klimafotavtrykk og lågt energiforbruk. Men dei gav seg ikkje med det. No har bedrifta utvikla ny revolusjonerande teknologi for resirkulering av materiale frå produksjon av solceller (wafers). Miljøvennleg produksjon av materiale til produksjon av fornybar energi er vel det nærmaste ein kan komme grøn industri for framtida. Men vi har tydeleg vis ikkje klart å lage rammevilkår som klarer å bere fram slik industri.
Priskrisa på straum kan bli det som tar knekken på REC Solar Norway. Norske prosessbedrifter har stort sett langsiktige kontraktar som skjermar dei delvis mot dagens prisgalopp fram til kontraktane går ut. Men spesielle forhold gjer at REC må kjøpe kraft i spotmarknaden. Lars Haltbrekken frå SV foreslo i februar i år at regjeringa skulle pålegge Statkraft å gi gunstige langtidskontraktar til selskap i situasjonar som den REC er i, men han fekk diverre ikkje gjennomslag.
I nokre tiår har eg følgt utviklinga av solcellesilisium på Fiskaa, og eg har argumentert sterkt for at det er slike innovative industrimiljø vi må bygge og ta vare på når oljealderen går mot slutten. Vi må sikre levelege rammevilkår for bedrifter som kan løfte fram den grøne industrien som alle snakkar om i festtaler. Men her har vi tydeleg vis svikta. Manglande styring over energipolitikken har bidratt til å kaste REC Solar ut i ei krise.
No må vi kjempe på alle frontar for å redde bedrifta. Dersom REC Solar Norway må legge ned produksjonen, er det eit nederlag for norsk energipolitikk og norsk industripolitikk, og det er eit dårleg signal for etablering av ny grøn industri i vår landsdel.
Norske bedrifter som brukar fornybar energi i sin produksjon, kan ikkje utan vidare rekne den som fornybar når dei skal miljødeklarere sine produkt. Det skaper problem for bedrifter som leverer til marknader der det er viktig å dokumentere lågt klimafotavtrykk for å oppnå god pris. Bedrifter som vil satse på dei veksande grøne marknadene, misser ein konkurransefordel. Grunnen er ei ordning som vi har importert frå EU, og som passar dårleg for norske forhold.
Årsaka til at norsk vasskrafta kan bli rekna som fossil kraft, er ein finansiell konstruksjon utan kopling til den reelle utvekslinga av elektrisk kraft. Energiselskap som produserer fornybare energi, kan selje såkalla opphavsgarantiar. Du får eit bevis for at du har kjøpt miljøvennleg energi, men det følgjer ikkje fornybar energi med denne garantien. Dei som ikkje kjøper slike garantiar, får då energi som på papiret er fossil, sjølv om det er vasskraft.
NVE har rekna ut at 97% av den fysisk leverte straumen i Norge i 2020 var fornybar energi. Men på papiret kjem nesten 90% av straum utan opphavsgaranti frå fossile kjelder eller atomkraft. Meir enn 80% av opphavsgarantiane for norsk fornybar kraft blir seld til utlandet, medan den fysiske krafteksporten er under 20%. Dette blir ei form for betalt grønvasking som ikkje samsvarar med dei fysiske realitetane, og som kan skade norsk industri.
Systemet med opphavsgarantiar blei innført av EU i 2001. Formålet var å skaffe inntekter til produsentar av fornybar energi. Det kan vere eit fornuftig system i EU. Der kjem det meste av den fornybare energien frå sol og vind. Det er umodne teknologiar som har behov for økonomisk støtte i oppbyggingsfasen. Men det same gjeld ikkje for norsk vasskraft som i utgangspunktet er lønsam. Det er heilt andre tiltak enn opphavsgarantiar som blir diskutert for å fremme oppgradering og utbygging av vasskraft og investering i offshore vindkraft.
Brukt på norsk fornybarproduksjon kan ordninga med opphavsgarantiar få utilsikta og uheldige konsekvensar for norsk industri. Bedrifter på kontinentet kan på papiret bli grønare enn tilsvarande norske bedrifter, sjølv om dei brukar kolkraft og norske bedrifter brukar vasskraft. I mange tilfelle vil det vere opphavsgarantiane, ikkje realitetane, som tel når bedriftene skal presentere sine miljødeklarasjonar for kundane, og stadig fleire krev slike deklarasjonar.
Norske prosessbedrifter har kanskje den reinaste metallproduksjonen i verda. Dei eksporterer på mange måtar norsk vasskraft i fast form. Eyde-nettverket som organiserer mange prosessbedrifter, har tatt mål av seg til å bli verdsleiande på miljøvennleg produksjon. Men systemet med opphavsgarantiar kan stikke kjeppar i hjula for denne satsinga. Når prosessbedriftene skal miljødeklarere produksjonen, så kan dei bli nøydde til å basere kalkylane på at den norske vasskraft er fossil.
Ein kan jo hevde at prosessindustrien berre kan kjøpe opphavsgarantiar og unngå å bli belasta med kol- og atomkraft i sine miljødeklarasjonar. Men bør vi ikkje heller spørje kva vi skal med ei ulogisk ordning som har uklar klimaeffekt, og som kan vere negativ for miljøvennleg norsk industriutvikling? Er det riktig å belaste denne industrien med ei ekstra avgift i ein periode med auke i kraftprisen på grunn av klimakvotar i europeisk kraftproduksjon?
Sal av opphavsgarantiar for norsk vasskraft er shopping av god klimaprofil utan substans og klare klimaeffektar, men med uoversiktlege konsekvensar for norsk industriutvikling. Det er fem år sidan eg skreiv om dette første gangen. Men no er kanskje noko i ferd med å skje. NVE har begynt å rekne ut varedeklarasjon basert på reelle leveransar. Kanskje det er på tide å ta skrittet fullt ut og avvikle ordninga med opphavsgarantiar her i landet.
Kraftkrevjande eller kraftforedlande industri har lange tradisjonar her i landet. Prosessindustrien som brukar store mengder kraft, vaks fram parallelt med utbygging av vasskrafta her i landet. Dei siste åra har denne industrien blitt modernisert og har redusert talet på tilsette.
No er vi i ferd med å få ein ny kraftkrevjande industri – datalagringsindustrien. Det er ein bransje i vekst, og Noreg er interessant fordi vi har god tilgang på fornybar energi til forutsigbare prisar (her snakkar vi om langsiktige industrikontraktar). I det siste har det vakse fram ein diskusjon om dette er ein industri vi bør satse på her i landet.
I slik diskusjonar kan det vere greit med nokre fakta. Eg har samanlikna datasenterindustrien med aluminiumsindustrien som er den mest kraftkrevjande delen av prosessindustrien. Aluminiumsindustrien her i landet brukar i overkant av 19TWh elektrisk energi og har 3000 tilsette i primærproduksjonen. Datasenter i Noreg brukar ca 1 TWh (basert på installert effekt) og har 300 direkte tilsette.
Om dette reknestykket stemmer, så brukar datasenter halvparten så mykje energi pr direkte tilsett som aluminiumsindustrien. Når vi veit at aluminiumsindustrien er den mest kraftkrevjande delen av prosessindustrien, så er dette høgt. Men det er ein stor x-faktor i dette reknestykket, og det er ringverknader. Her er det svært vanskeleg å finne data som kan samanliknast, for alle prøver å blåse opp ringverknadene av eigen aktivitet.
Batterifabrikkar er også eit nytt kraftkrevjande innslag i norsk industri. Energiforbruk pr tilsett er ein god del lågare enn i datasenter – om lag ein tredel kan det sjå ut til. Men her er det vanskeleg å finne gode data då vi førebels berre har planar her i landet.
Mi haldning er at vi bør sjå på datasenterindustrien som på anna kraftkrevjande industri og vurdere den deretter. Samfunnsnytten må vurderast basert på direkte og indirekte sysselsettingseffekt, verdiskaping og eksport. Både for prosessindustrien og datasenter bør vi ha ein strategi for å auke ringverknadene. For prosessindustrien er det vidareforedling og spesialisering. For datasenter kan det vere nisjar innan IKT, men det er ikkje mitt felt.
Det er naturleg at eit land som har god og rimeleg tilgang på fornybar energi, vil tiltrekke seg industri der energikostnadene er ein dominerande del av totalkostnadene, og der klimarekneskapen er viktig. Spørsmålet er om vi er budd på denne utviklinga. Det er på tide å få ein industristrategi som tar inn over seg denne utviklinga, og som bidrar til å skape ringverknader og sikre sysselsetting og eit variert næringsliv etter olja.
Det er mogeleg at eg tar feil, men eg har inntrykk av at den nødvendige vindkraftdebatten har ført til auka teknologiskepsis og omstillingsskepsis også på andre område. Vi ser det ikkje minst i sosiale media. No blir det ofte stilt spørsmål ved all fornybar energi og all grønindustri som vi treng for å erstatte oljeindustrien.
Det er klart vi skal stille strenge krav til miljø og sosial berekraft for energiproduksjon og industri. Og vi bør stille ekstra strenge krav til den nye grøne teknologien som vi treng for å møte klimakrisa. Kunnskapsbasert kritikk vil gi legitimitet, styrke konkurransekrafta og trygge arbeidsplassane. Men vi kjem ikkje bort i frå at all energiproduksjon og all industri, også den grøne, har konsekvensar. Det er gode grunnar til å ha store forventningar til grøn industri. Men vi må vere varsame så vi ikkje blir sitjande fast i den fossile industrien i iveren etter å gjere den grøne perfekt.
Så er det mange på venstresida som med god grunn er kritiske til at internasjonal storkapital skor seg på det grøne skiftet. Men kapitalistar er kapitalistar enten dei investere i grøn eller fossil industri. Utanlandsk kapital er alt tungt inne i industrien her i landet gjennom eigarskap i prosessindustri og oljeindustri. I staden for å bruke utanlandsk kapital som eit argument mot grøn omstilling, så bør vi sjå på omstillinga som ein sjanse til å endre eigarstrukturen i norsk industri.
Energiproduksjon basert på naturressursane våre må vere i offentleg eige, men er det nok? Venstresida må komme opp med ein offensiv strategi for omstilling. I motsett fall vil dei som meiner at global kapital vil stele det grøne skiftet, få rett. Når vi skal utvikle og bygge ny industri med ein aktiv industripolitikk, kan vi legge korta på nytt. Vi må ta kontroll med utviklinga og vise kva slag eigarstruktur og rammevilkår vi ønskjer å ha i den berekraftigeindustrien som vi treng. Staten kan ikkje stille opp med milde gåver utan å stille krav.
Dersom venstresida berre ser problema med det grøne skiftet, så kan vi tape på alle frontar. Vi kan bli sitjande fast i den fossile økonomien, og kapitalkreftene kan styrke seg gjennom det grøne skiftet.
Alf Holmelid
Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag (med ein annan tittel)
Det er mogeleg at eg tar feil, men eg har eit inntrykk av at vindkraftdebatten har ført til auka teknologiskepsis og omstillingsskepsis også på andre område. No blir det ofte stilt spørsmål ved all fornybar energi og industri, blant anna solceller.
Det er klart vi skal stille krav til miljø og sosial berekraft for all energiproduksjon og all industri. Vi bør som eg har skrive om tidlegare, vere ekstra kritiske til den nye teknologien vi skal satse på for å møte klimakrisa. Men vi kjem ikkje bort i frå at all energi og alle industri, også den grøne, har konsekvensar. Det er lettare å sjå negative konsekvensar av den nye industrien, enn av den vi alt har. Men vi må vere varsame så vi ikkje blir sitjande fast i den fossile industrien i iveren etter å gjere den grøne perfekt.
Så er det mange på venstresida som er kritiske til at internasjonal storkapital skor seg på det grøne skiftet. Men kapitalistar er kapitalistar enten dei investere i grøn eller fossil industri. Utanlandsk kapital er alt tungt inne i energisektoren her i landet gjennom eigarskap i prosessindustri og oljeindustri. I staden for å bruke utanlandsk kapital som eit argument mot grøn omstilling, så bør vi sjå på omstillinga som ein sjanse til å endre eigarstrukturen i industrien.
Når vi skal utvikle og bygge ny industri, har vi sjanse til å legge korta på nytt. Men då må vi komme opp med ein offensiv strategi for omstilling. I motsatt fall vil pessimistane som meiner global kapital vil stele det grøne skiftet, få rett. Vi må ta kontroll med utviklinga og vise kva slag eigarskap vi ønskjer å ha. Kan for eksempel dei offentleg eigde energiverka ha ei rolle?
Dersom vi berre ser problema med det grøne skiftet, så kan vi tape på alle frontar. Vi kan bli sitjande fast i den fossile økonomien, og kapitalkreftene kan styrke seg gjennom det grøne skiftet.
Det delvis statseigde industrikonsernet Hydro skal selje ut to lønsame norske valseverk til eit amerikansk investeringsfond. Det har ført til protestar frå mange hald, ikkje minst frå dei fagorganiserte i Industri Energi. Desse protestane har fått økonomikommentator Reinertsen i Fædrelandsvennen til å gå heilt av skaftet. Han skriv at reaksjonane er rabiate og at folk snakkar som om dommedag er nær. Heile kommentaren er ei lettvint raljering bygd på påstanden om at dei som ikkje støttar hans syn, har generell mistillit til kompetansen i norsk industri og til utanlandsk eigarskap.
Det er berre nokre veker sidan vi fekk ein omfattande rapport frå prosessindustrien sitt eige forum Prosess21. Den peikar blant anna på at prosessindustrien bør satse på vidareforedling for å auke sysselsettinga i ein bransje som nyt godt av tilgang på store mengder rein energi. Rapporten er også tydeleg på at det er på tide å satse på sirkulær økonomi. Målet er å doble sysselsettinga. Då er det ikkje rart at dei tilsette og andre reagerer på at Hydro samtidig går i motsett retning. Vil den frigitte kapitalen bli brukt til å skape fleire framtidsretta arbeidsplassar? Det har vi høyrt lite om.
Vi har mange gode eksempel på seriøst utanlandsk eigarskap i norsk industri, ikkje minst her på Sørlandet. På det punktet er eg samd med Reinertsen. Utanlandske eigarar har satsa på å utvikle bedriftene på ein god måte. Men eg meiner like vel vi bør kunne diskutere om det er heilt problemfritt dersom alle bedriftene i strategisk viktige bransjar er på utanlandske hender. Eg trur det går greitt på kort og mellomlang sikt. Men kva skjer med utviklinga av neste generasjons teknologi. Blir den lagt til hovudkontoret? Er det ikkje då bra å ha ei bedrift med norsk hovudkontor? Og kva skjer når det er krise. Vi såg at Ericsson i Grimstad flytte heim under dotcom krisa.
Vi står no overfor ei enorm omstilling der staten går inn med store ressursar for å medverke til å utvikle ein allsidig industri som kan ta over når oljeaktiviteten blir redusert. Til eksempel har Hydro fått milliardstøtte til ny aluminiumsprosess på Karmøy. I denne situasjonen treng vi ein seriøs industridebatt der eigarskap og samfunnsansvar er ein viktig del av debatten.
Dagens industridebatt tar meg femti år tilbake i tid.
Eg begynte min yrkeskarriere i kraftforedlande prosessindustri på syttitalet. Då var eg ein engasjert miljøforkjempar og hadde tillitsverv i SV. På den tida var det eit antagonistisk forhold mellom miljørørsla og prosessindustrien. Mange i industrien såg på miljøkamp og vassdragsvernsom eit trugsmål, og i miljørørsla var prosessindustrien lite populær. Eg snakka lite om kvar eg stod politisk på jobben, og eg snakka lite om yrket mitt i miljørørsla. Det har ikkje alltid vore like enkelt å stå med eit bein i miljøkampen og eit bein industrien. Men eg har alltid trivest i industrimiljøet, og eg har vore stolt av å få lov å vere med på å utvikle prosessindustrien.
Alt på åttitalet begynte eg å skrive om miljøteknologi – reinare produksjon og nye produkt for eit meir miljøvennleg samfunn. Den gangen blei det møtte med skuldertrekk og skepsis. Ved eit høve opplevde eg å få nei til ein jobb i eit forskingsinstitutt fordi leiinga var redd for at mitt miljøengasjement skulle skremme vekk kundar. På denne tida var det også ein del økonomar som meinte vi burde legge ned prosessindustrien og overlate slik produksjon til lågkostland. Men tidene har endra seg. Industrien tok utfordringa og satsa på ny og meir miljøvennleg teknologi. I dag er norsk prosessindustri teknologisk leiande, og mange meiner det skuldast at vi var tidleg ute med miljøkrav her i landet.
Parallelt med engasjementet for ein grønare prosessindustri har eg jobba for å auke forståinga for industrien i det politiske miljøet. Då SV for ein del år sidan snakka om å produsere og eksportere fornybar energi, fekk eg gjennomslag for at eksport av kraftkrevjande produkt er eit godt alternativ, og eg fekk faren for karbonlekkasje (utflagging av kraftkrevjande industri) inn i arbeidsprogrammet. Samtidig ser eg at kraftutveksling kan ha positiv klimaeffekt. Eg har også jobba for CO2-kompensasjon (kompensasjon for auke i kraftpris) og kjempa mot opphavsgarantifør dei fleste visste kva det var. Og heile tida har eg utfordra prosessindustrien på klima og miljø.
Det er hyggeleg for ein pensjonert industrimann å sjå den offensive klima- og miljøsatsinga som prosessindustrien lanserte i Prosess 21, men eg har framleis nokre utfordringar til bransjen. Dei lit for mykje på bioenergi som verda vil få for lite av. Alternative reduksjonsmetodar vil krevje både forsking og meir fornybar energi. Men vi har ikkje noko val om vi skal bli klimanøytrale. Samtidig bør vi forvente at ein bransje som legg beslag på så mykje rein energi, skaffar fleire arbeidsplassar ved å satse meir på spesialisering og vidareforedling slik Elkem og Borregaard hat gjort.
Omfanget av norsk prosessindustri som har eit stort innslag av utanlandsk eigarskap, har lenge vore relativt stabilt. Men no ser vi plutseleg ein stor interesse for å etablere ny kraftkrevjande industri for dei nye grøne marknader. Det gjeld blant anna batteriproduksjon, hydrogenproduksjon og datasenter. Dette er produksjon som krev store mengder fornybar energi, og som alle industribedrifter treng dei areal og kan ha negative konsekvensar for miljø. Det er sjølvsagt grenser for kor mykje kraftkrevjande industri vi bør ha her i landet. Men dette er ein diskusjon som det er vanskeleg å føre fordi vi manglar eit samlande faktagrunnlag for kraftbalansen. Det er også innlysande at vi må stille minst like strenge krav til miljø og arealbruk til slike bedrifter som alle andre. Merkelappen grøn industri er ikkje ein fribillett, men eit ansvar.
Det som gjer at eg i innleiinga ser femti år tilbake i tid, er tendensane til aggressiv skyttargravskrig om kraftkrevjande industri på linje med det eg opplevde på åttitalet. I sosiale media har eg inntrykk av at debatten tar til å nærme seg ein identitetskamp. Men treng det ende slik?
Vi kom trass alt ut av krigen mellom prosessindustri og miljøaktivisme på åttitalet. Vi bør klare det igjen, eller rettare – vi må klare det for å oppfylle dei klima- og miljøkrava FN utfordrar oss på.
Denne artikkelen er skriven for årets utgåve av årsskriftet til Christiansands Byselskab. Den blir lagt ut her med løyve frå redaksjonen.
Om korleis Fiskaa Verk har skapt industrihistorie
Av Alf Holmelid, sivilingeniør og tidlegare forskningsdirektør
Teknologi og innovasjon har stått sentralt på Fiskaa Verk i Vågsbygd heilt i frå starten. Teknologiutvikling og produksjon har hatt ulik vekt opp igjennom historia. Men forsking og drift har alltid gått hand i hand.
Smelteverket, Massefabrikken, Forsøksstasjonen og Forskingssenteret utgjer eit fruktbart fellesskap som har skapt teknologiske nyvinningar med stor verdi for den globale metallindustrien. Samarbeidet mellom erfarne produksjonsarbeidarar, ingeniørar og forskarar har vist seg å vere ein suksessfaktor.
Godt handverk og god kunnskap
Kombinasjonen av godt handverk og teoretisk kunnskap har skapt viktige teknologiske gjennombrot – frå utviklinga av Søderberg-elektroden for over hundre år sidan, til dagens framstilling av solcellesilisium med stadig lågare klimafotavtrykk. Dette er viktig ballast å ha med seg når verket og bransjen no står overfor nye utfordringar. Vi er inne i ei tid med store endringar i dei globale marknadene, samtidig som det blir stilt stadig strengare krav til miljø og berekraftig produksjon. Fiskaa-miljøet i Kristiansand, med sine teknologiske tradisjonar, kan bli ein sentral aktør i arbeidet med å utvikle teknologi for ny industribygging og for materialproduksjon med nullutslepp.
Fiskaa Verk blir til
Kristiansands Elektrokemiske Aktieselskab blei starta opp på Fiskaa i 1906 av Badische Anilin & Soda Fabrik. Dei dreiv med utvinning av nitrogen til produksjon av kunstgjødsel. Men drifta gjekk dårleg, og norske eigarar overtok. A/S Fiskaa Verk blei etablert i juni 2017, og Norske Aktieselskab for ElektrokemiskIndustri (seinare Elkem) overtok bedrifta same år. Formålet med oppkjøpet var å drive forsøk med framstilling av sink og utvikling av ny elektrodeteknologi for smelteomnar. Salpeterproduksjonen blei avvikla, og fabrikken blei bygd om til eit elektrisk smelteverk for metallproduksjon.
I 1918 blei Fiskaa Verk Arbeiderforening stifta og meldt inn i Norsk Arbeidsmandsforbund. Dette var ei turbulent tid i norsk arbeidsliv med kamp for løn, arbeidsvilkår og kortare arbeidstid. Fiskaa Verk blei lenge styrt frå hovudkontoret til Elektrokemisk i Oslo. Først i 1949 fekk verket sin eigen direktør lokalisert i Kristiansand. I ein prolog som blei framført av ein arbeidarveteran i 60-åra står det: «Gørrisen gjekk rundt på verket, han slo av ein prat. Vi følte han faktisk som ein god kamerat. Det var som om verket fekk ei heilt anna ånd, foreining og leiing fekk ei samarbeidsånd. Det er nesten utruleg at den tid er til ende brakt, då leiinga såg på oss med hovmod og forakt.»
Søderberg-elektroden
Fiskaa Verk er uløyseleg knytt til utviklinga av Søderberg-elektroden som revolusjonerte metallproduksjonen over heile verda. Søderberg-elektroden er kontinuerleg og sjølvbakande. Kalsinert antrasitt, petrolkoks og bek blir fylt på i toppen av ein stålmantel, og elektrodemassen blir bakt til fast elektrode etter kvart som den blir forbrukt og mata nedover i smelteomnen. Det blei gjennomført mange mislukka forsøk før det fungerte i praksis. Elektroden losna frå mantelen og rasa ned i smelteomnen. Men i november 1918 fant dei løysinga – ribber sveisa på innsida av mantelen.
Den nye elektrodeteknologien gjorde det mogeleg med større elektrodar og større smelteomnar, og ein slapp å stoppe omnen for å skifte elektrode. Dette la grunnlaget for kraftig auke i produksjonskapasiteten. Teknologien blei ein økonomisk suksess for selskapet, og den revolusjonerte smelteverksindustrien både nasjonalt og internasjonalt. Elektrokemisk sine folk reiste verda rundt og installerte Søderberg-teknologien. I 1926 var teknologien installert på 66 verk og 164 smelteomnar. Elektrokemisk var blitt eit verdsleiande teknologiselskap.
På 1920-talet starta arbeidet med Søderberg-teknologi for aluminiumelektrolyse. Fagmiljøet på Fiskaa var sentralt også her. Men Fiskaa Verk hadde ikkje aluminiumsproduksjon. Ein del av forsøka blei derfor lagt til aluminiumsprodusenten Vigeland Brug i Vennesla. I 1926 og 1927 kom dei første kommersielle installasjonane av aluminiumsomnar med Søderberg-teknologi. På denne tida kom også den amerikanske aluminiumsprodusenten Alcoa inn på eigarsida i Elkem.
Utviklinga av Søderberg-elektroden skjedde i ei industrireisingstid for Noreg. Søderberg-teknologien blir av mange samanlikna med Birkeland-Eyde-prosessen som blei utvikla nokre år tidlegare for framstilling av nitrogenoksid til kunstgjødsel. Vasskrafta som blei bygd ut på den tida, kombinert med forskingsbasert innovasjon og entreprenørskap la grunnlaget for utvikling av ein omfattande prosessindustri som framleis er ei av våre viktigaste eksportnæringar. Fiskaa Verk var sentral i denne industribygginga.
Forsøksstasjonen
Utover i trettiåra satsa Elektrokemisk på vidareutvikling av Søderberg-teknologi for aluminiumsproduksjon. Etter ein del motstand frå samarbeidspartnarar blei det i 1936 bestemt å bygge ein forsøksstasjon på Fiska Verk. Formålet var å drive forsøk med Søderberg-elektroden og utvikle ei aluminiumscelle for ein straumstyrke på opp mot 100 kA. Forsøksstasjonen blei også planlagt for forsøk med ferrolegeringar og magnesium, men det var aluminium som stod i sentrum den første tida. Søderberg-elektrodar med straum tilført frå toppen i staden for i frå sida var eit av prosjekta.
Samtidig med aluminiumsforskinga og etter at den tok slutt på femtitalet, blei Forsøksstasjonen brukt til støtte for eigen produksjon av ferrolegeringar og karbonmateriale. Den blei også brukt til forsøk for ingeniørdivisjonen som bygde smelteomnar over heile verda, og det blei gjennomført forsøk for eksterne kundar. Eit vidt spekter av malmar og smelteteknologiar blei testa. Støypeteknologi og legeringsteknologi var også ein viktig del av aktiviteten. Kombinasjonen av testfasilitetar i benkskala i laboratoriet og pilotskala i Forsøksstasjonen var og er ein unik infrastruktur for metallurgiske forsking og utvikling.
På slutten av åttitalet var det dårlege tider i Elkem, og det blei vurdert å avvikle aktiviteten i Forsøksstasjonen, men det kom etter kvart nye oppgåver. Aluminium blei på nytt eit sentraltforskingsområde. Forsøksstasjonen har i samarbeid med Alcoa spelt ei viktig rolle i utviklinga av ein ny aluminiumsprosess – karbotermisk reduksjon. Forsøksstasjonen har også stått sentralt i utviklinga av solcellesilisium som vi kjem tilbake til. I dag er det eit sterkt fokus på resirkulering og nullutslepp, blant anna med prosjektet Waste to value.
Fiskaa-røyken som blei gull verdt
Den grå røyken som velta opp frå pipene på Fiskaa var eit kjent landemerke, men den var lite populær blant naboane i Vågsbygd. Fleire stader langs norskekysten fant vi liknande røykskyer, og mange såg på dei som eit symbol på arbeid og verdiskaping. Men på slutten av sekstitalet vaks det fram ei aktiv miljørørsle og eit politisk engasjement for betre miljø og reduserte utslepp frå industrien. Det la grunnlaget for utvikling av ny miljøteknologi som skulle vise seg å bli lønsam for selskapet.
Alt på femtitalet blei det gjort forsøk med filter på Fiskaa Verk, og i 1964 blei det første industrielle reinseanlegget, eit elektrostatfilter, installert. Støvet som består av silisiumdioksid og blir kalla microsilica, blei brukt i betong og som tilsetting til kunstgjødsel. Men verkningsgraden for filteret var låg, og det blei store problem med korrosjon. Elektrostatfilteret blei derfor skrota, og eit innkjøpt posefilter blei installert. Men det blei heller ingen suksess.
Etter fleire mislukka forsøk blei det sett ned ei ingeniørgruppe som fekk i oppdrag å utvikle eit funksjonelt filter. I 1973 var løysinga klar, og Elkem Baghouse Filter blei implementert. Etter kvart blei teknologien forbetra ved bruk av Gore-Tex-membranteknologi. Denne reinseteknologien blei ein stor suksess. I tillegg til å reinse eigne verk, marknadsførde og selde Elkem teknologien til ferrolegeringsverk over heile verda. Ei teknologiutvikling for å løyse sitt eige miljøproblem la grunnlaget for sal av miljøteknologi på den globale marknaden.
Parallelt med den teknologiske utviklinga skjedde det ei politisk utvikling. Miljøspørsmål fekk stadig større merksemd i media, og i 1970 sendte NRK eit kritisk program om forureining frå industrien, blant anna frå Fiskaa Verk. Kritikken blei etter kvart så sterk at saka blei tatt opp i styret i Elkem-Spigerverket som selskapet då heitte, og det blei fremma forslag om å reinse avgassen frå alle ferrolegeringsverka i selskapet. Regjeringa kom på bana i 1974 med pålegg om å reinse avgassen frå ferrolegeringsproduksjon, og reinsekrava blei gradvis stramma inn dei påfølgjande åra.
Det viste seg snart at gode filter ikkje var nok til å bli kvitt forureiningsproblemet. Støvet velta ikkje lenger ut av pipene, men det blei ikkje borte. Berre på Fiskaa Verk blei det produsert 15000 – 20000 tonnmicrosilica om året. Det er nok til å dekkje ei fotballbane med eit 7m tjukt lag. Løysinga blei å satse offensivt på forsking for å gjere problemavfallet til ein verdifull ressurs, og resultatet blei eit skoleeksempel på at miljøtiltak kan vere bra både for miljøet og økonomien.
Det tok tid og kravde store investeringar å finne gode og lønsame bruksområde for microsilica, men etter kvart kom det eit kommersielt gjennombrot. Forskarane dokumenterte at 1 kg microsiliuca kan erstatte 3 kg sement med om lag same effekt. Vidare fant ein at produktet kan forbetre haldbarheit og styrke i betong. Oljeplattformer, Øresundbrua og verdas høgaste bygning, Burj Khalifa i Dubai er eksempel på krevjande betongkonstruksjonar der ein har brukt microsilica.
Etterspørselen blei etter kvart så stor at Elkem i ein periode på femten år dreiv Meråker Smelteverk med microsilica som hovudprodukt og metall som biprodukt. I 2018 var omsetninga av Elkem Microsilica og relaterte produkt på 1.4 milliardar kroner. Satsinga på microsilica med produktdifferensiering og utvikling av spesialprodukt har vore ein styrke for Elkem i konkurranse med andre silisiumprodusentar. Å konvertereavfallet til eit kommersielt produkt viste seg å vere ei god investering.
Fiskaa-røyken har blitt brukt av miljørørsla som eksempel på at god miljøpolitikk kan vere godindustripolitikk. Eit miljøproblem førte til utvikling av ny reinseteknologi som blei kommersialisert og la grunnlaget for eit omfattande sal av teknologi. I tillegg blei eit forureinande avfallsproduktet foredla til eit kommersielt produkt som la grunnlaget for eit lønsamt forretningsområde. Det er no stadig fleire som meiner at norsk industri har fått eit teknologisk forsprang og eit konkurransefortrinn ved at vi var tidleg ute med miljøkrav som skapte teknologiutvikling.
Den lange vegen inn i fornybarindustrien
Forskingssenteret på Fiskaa var tidleg ute med forsking på silisium til solceller – ein teknologi som skulle bli sentral i overgangen til eit meir klimavennleg samfunn. Forsøk med produksjon av solcellesilisium starta i siste halvdel av syttitalet i nært samarbeid med internasjonale konsern. Ein av samarbeidspartnarane var den amerikanske oljegiganten Exxon. Samarbeidet var eit resultat av konsesjonskrava for å få løyve til å leite etter olje i Nordsjøen. Selskap som fekk konsesjon, blei pålagt å støtte landbaserte prosjekt som kunne bidra til industriutvikling i Noreg.
Silisium til elektronikk og til solceller blir tradisjonelt produsert i store kjemiske fabrikkar med stort energiforbruk. Elkem tok utgangspunkt i sin metallurgiske kjernekompetanse – karbotermisk reduksjon i elektriske smelteomnar, slaggbehandling og støyping. Det var denne kompetansen og den solide industrielle erfaringa som gjorde at Elkem blei kontakta av globale konsern med gryande interesse for den fornybare energien dei såg ville komme.
Silisiumforskinga på Fiskaa gjorde store framsteg dei første åra. I perioden fram til midten av åttitalet blei det utvikla sentrale prosessavsnitt som seinare blei grunnlaget for kommersiell produksjon tre tiår seinare. Men kommersielle og strategiske vurderingar i leiinga i Elkem førde til at aktiviteten blei trappa ned. Kompetansen blei like vel tatt vare på av fagfolka ved Forskingssenteret, og dei heldt den ved like gjennom forskingsaktivitet på tilstøytane forskingsområde.
På midten av nittitalet blei det ny fart i forskinga på silisium til solceller. Forskingssenteret sette blant anna opp eit europeisk forskingskonsortium som fekk midlar frå EU-kommisjonen. Konsernleiinga gav no full støtte til vidare satsing på eit område som blei stadig meir interessant for ny industriutvikling. Japan og Tyskland hadde lansert program for satsing på solceller, og den politiske klimasatsinga førte til gode prognoser for vekst i solenergi. I 2001 blei Elkem Solar etablert som eit prosjekt med eit eige styre på konsernnivå i Elkem.
Den store utfordringa for Elkem Solar var å få alle prosessavsnitta som var testa kvar for seg, til å spele saman i ein industriell prosess. Men no peika alle prognoser for solcellesilisium oppover, og fullskala produksjon blei forsert fram og planlagt parallelt med forskings- og utviklingsaktiviteten. Det blei utarbeidd investeringssøknad for fabrikk på Fiskaa. Styret i Orkla, som no hadde overtatt Elkem, sa ja til investeringa på slutten av 2006, og kronprins Haakon opna fabrikken i august 2009. Dette var eit prosjekt med høg risiko bore fram av gode marknadsutsikter.
Etter få år blei det brått slutt på den gunstige marknadssituasjonen. I 2012 måtte Elkem Solar stoppe produksjonen på grunn av hard konkurranse frå silisiumproduksjon i Kina. Men dei fleste tilsette blei i arbeid og brukte tida til å utvikle ny teknologi som reduserte energiforbruket og produksjonskostnadene. Det kinesiske selskapet Bluestar som no hadde overtatt Elkem, har vist vilje til å satse på teknologiutvikling i dårlege tider. Det er ei utbreidd oppfatning også blant dei tillitsvalde at Bluestar har vist vilje til langsiktig industriell tenking.
Den metallurgiske prosessen for produksjon av solcellesilisium har i utgangspunktet vesentleg lågare energiforbruk enn den tradisjonelle kjemiske prosessen. Nyleg gjorde forskingsmiljøet på Fiskaa eit nytt teknologisprang. Avfall frå vidareforedling av silisium til solceller blir no resirkulert og går inn i produksjonen. Dermed får vi ny kraftig reduksjon i energiforbruk og klimafotavtrykk.
Ny industriutvikling
Nye prosjekt er på beddinga. Elkem karbon planlegg å produsere grafitt for batteri, og ved Forskingssenteret ser ein på silisiumkvalitetar for batteri. Dette er produkt som vi treng i eit samfunn som må blei meir klimavenleg og bruke meir fornybar energi. Forskingsmiljøet og infrastrukturen på Fiskaa er også med i ei langsiktig nasjonal satsing for utvikling av framtidas materialteknologi i prosjektet Future Materials.
Dei teknologiske gjennomslaga på Fiskaa er resultat av ein lang tradisjon som teknologiselskap med nær kontakt mellom forsking, utvikling, engineering, produksjon og marknadsarbeid. Ulike yrkesgrupper har evna å jobba saman for å komme fram til nye produkt og nye industrielle prosessar. Dette er eigenskapar vi treng for å vidareutvikle norsk industri når oljealderen etter kvart går mot slutten.
Takk
Takk til Magne Dåstøl og Ragnar Tronstad for innspel om høvesvis Fiskaa-røyken og solcellesilisium.
Litteratur
Industrimuseum.no: Fiskaa Verk
Fiskaa Verk Arbeiderforening 75 år 1918 – 1993
Skaperkraft: Elkem gjennom 100 år : 1904-2004, Knut Sogner
Elkems Forsøksstasjon 75år, Roger Sandvik, Støperi Tidende nr. 3, 2013
The History og Silica Fume in Concrete, Per Fidjestøl og Magne Dåstøl, Conference notes, Elkem Materials
Solar Silicon Processes, Bruno Ceccaroli et al, CRC Press, 2017