Det er mogeleg at eg tar feil, men eg har inntrykk av at den nødvendige vindkraftdebatten har ført til auka teknologiskepsis og omstillingsskepsis også på andre område. Vi ser det ikkje minst i sosiale media. No blir det ofte stilt spørsmål ved all fornybar energi og all grønindustri som vi treng for å erstatte oljeindustrien.
Det er klart vi skal stille strenge krav til miljø og sosial berekraft for energiproduksjon og industri. Og vi bør stille ekstra strenge krav til den nye grøne teknologien som vi treng for å møte klimakrisa. Kunnskapsbasert kritikk vil gi legitimitet, styrke konkurransekrafta og trygge arbeidsplassane. Men vi kjem ikkje bort i frå at all energiproduksjon og all industri, også den grøne, har konsekvensar. Det er gode grunnar til å ha store forventningar til grøn industri. Men vi må vere varsame så vi ikkje blir sitjande fast i den fossile industrien i iveren etter å gjere den grøne perfekt.
Så er det mange på venstresida som med god grunn er kritiske til at internasjonal storkapital skor seg på det grøne skiftet. Men kapitalistar er kapitalistar enten dei investere i grøn eller fossil industri. Utanlandsk kapital er alt tungt inne i industrien her i landet gjennom eigarskap i prosessindustri og oljeindustri. I staden for å bruke utanlandsk kapital som eit argument mot grøn omstilling, så bør vi sjå på omstillinga som ein sjanse til å endre eigarstrukturen i norsk industri.
Energiproduksjon basert på naturressursane våre må vere i offentleg eige, men er det nok? Venstresida må komme opp med ein offensiv strategi for omstilling. I motsett fall vil dei som meiner at global kapital vil stele det grøne skiftet, få rett. Når vi skal utvikle og bygge ny industri med ein aktiv industripolitikk, kan vi legge korta på nytt. Vi må ta kontroll med utviklinga og vise kva slag eigarstruktur og rammevilkår vi ønskjer å ha i den berekraftigeindustrien som vi treng. Staten kan ikkje stille opp med milde gåver utan å stille krav.
Dersom venstresida berre ser problema med det grøne skiftet, så kan vi tape på alle frontar. Vi kan bli sitjande fast i den fossile økonomien, og kapitalkreftene kan styrke seg gjennom det grøne skiftet.
Alf Holmelid
Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag (med ein annan tittel)