Det er mogeleg at eg tar feil, men eg har eit inntrykk av at vindkraftdebatten har ført til auka teknologiskepsis og omstillingsskepsis også på andre område. No blir det ofte stilt spørsmål ved all fornybar energi og industri, blant anna solceller.
Det er klart vi skal stille krav til miljø og sosial berekraft for all energiproduksjon og all industri. Vi bør som eg har skrive om tidlegare, vere ekstra kritiske til den nye teknologien vi skal satse på for å møte klimakrisa. Men vi kjem ikkje bort i frå at all energi og alle industri, også den grøne, har konsekvensar. Det er lettare å sjå negative konsekvensar av den nye industrien, enn av den vi alt har. Men vi må vere varsame så vi ikkje blir sitjande fast i den fossile industrien i iveren etter å gjere den grøne perfekt.
Så er det mange på venstresida som er kritiske til at internasjonal storkapital skor seg på det grøne skiftet. Men kapitalistar er kapitalistar enten dei investere i grøn eller fossil industri. Utanlandsk kapital er alt tungt inne i energisektoren her i landet gjennom eigarskap i prosessindustri og oljeindustri. I staden for å bruke utanlandsk kapital som eit argument mot grøn omstilling, så bør vi sjå på omstillinga som ein sjanse til å endre eigarstrukturen i industrien.
Når vi skal utvikle og bygge ny industri, har vi sjanse til å legge korta på nytt. Men då må vi komme opp med ein offensiv strategi for omstilling. I motsatt fall vil pessimistane som meiner global kapital vil stele det grøne skiftet, få rett. Vi må ta kontroll med utviklinga og vise kva slag eigarskap vi ønskjer å ha. Kan for eksempel dei offentleg eigde energiverka ha ei rolle?
Dersom vi berre ser problema med det grøne skiftet, så kan vi tape på alle frontar. Vi kan bli sitjande fast i den fossile økonomien, og kapitalkreftene kan styrke seg gjennom det grøne skiftet.
Det er naudsamt med ein god diskusjon om det grøne skiftet, og som eg har sett før, er det alltid kjekt å lesa det du skriv, for det er hald i det. No er det jo på nynorsk også, og eg får nytta høvet til å skriva nynorsk. Eg er heilt himmelfallen over at vi kan setja opp vindmøller i den norske fjellheimen! For ein vandalisme! Så det vonar eg at SV vil gå imot i framtida. Såg at det ikkje vart gjeven ny utsetjing på dei 3 vindkraftverka det var søkt om, og det var jubel hos lokalbefolkninga! Det nyttar å engasjera seg, ser det ut til! Så er det jo havvind som SV vil gå inn for. Men veit vi konsekvensane?Og ulike alternativ i relasjon til dette? Så nevner du offentleg eigarskap og kva rolle staten kan ha i omstillingsprosessen, og det er jo etter mi meining heilt avgjerande når vi snakkar om det grøne skiftet. Tenker på kor viktig at ikkje norsk energi havnar i skatteparadis.
LikerLikt av 1 person
Mitt poeng her er ikkje å diskutere vindkraft, men å peike på alle dei andre delene av grøn omstilling som vi treng for å komme bort i frå fossil energi og oljeøkonomi. Som miljøaktivist med industrierfaring, er eg opptatt av å ein god diskusjon om kva som er vår strategi på kort og lengre sikt.
LikerLiker