Tag Archives: grøn industri

Eit nederlag for norsk industripolitikk

I dag fekk vi ein trist bodskap. Ein av dei store innovasjonane i norsk industrihistorie har møtt veggen. REC Solar Norway kan bli tvinga til å legge ned produksjonen. Dei ekstreme kraftprisane har råka dei hardt. Ei bedrift med framtidsretta og miljøvennleg teknologi har ikkje rammevilkår som dei kan leve med her i landet. Det er eit nederlag for norsk industripolitikk og norsk energipolitikk.

Det tar tid å utvikle nye materiale og ny produksjonsteknologi. Forskingsmiljøet på Fiskaa har forska på silisium til solceller i fleire tiår. I starten var det mange som var skeptiske til å satse på materiale til solceller i vinterlandet Noreg, og forskarane møtte store utfordringar, både tekniske og økonomiske. Men dei gav ikkje opp. Resultatet blei ein produksjonsteknologi med mykjelågare energiforbruk og klimafotavtrykk enn andre produksjonsteknologiar.

Då kromprins Håkon opna ein ny fabrikk i august 2009, var det stor optimisme. Aukande prisar på solcellesilisium var eit godt utgangspunkt for den store satsinga. Men det dukka raskt opp mørke skyer i horisonten. Hard konkurranse og fallande prisar førte til at produksjonen måtte stanse i 2012. I den tida var eg på Stortinget og arbeidde for at staten skulle gå inn på eigarsida for å vere med og utvikle ny framtidsretta industri. Men det blei kinesarane som overtok på eigarsida. 

REC solar har vore igjennom eigarskifte og mange vanskelege periodar. Men dei tilsette har møtt utfordringane med stadig ny teknologi som har redusert kostnadene og betra kvaliteten. Produksjonen har heile tida hatt lågt klimafotavtrykk og lågt energiforbruk. Men dei gav seg ikkje med det. No har bedrifta utvikla ny revolusjonerande teknologi for resirkulering av materiale frå produksjon av solceller (wafers). Miljøvennleg produksjon av materiale til produksjon av fornybar energi er vel det nærmaste ein kan komme grøn industri for framtida. Men vi har tydeleg vis ikkje klart å lage rammevilkår som klarer å bere fram slik industri.

Priskrisa på straum kan bli det som tar knekken på REC Solar Norway. Norske prosessbedrifter har stort sett langsiktige kontraktar som skjermar dei delvis mot dagens prisgalopp fram til kontraktane går ut. Men spesielle forhold gjer at REC må kjøpe kraft i spotmarknaden. Lars Haltbrekken frå SV foreslo i februar i år at regjeringa skulle pålegge Statkraft å gi gunstige langtidskontraktar til selskap i situasjonar som den REC er i, men han fekk diverre ikkje gjennomslag.

I nokre tiår har eg følgt utviklinga av solcellesilisium på Fiskaa, og eg har argumentert sterkt for at  det er slike innovative industrimiljø vi må bygge og ta vare på når oljealderen går mot slutten. Vi må sikre levelege rammevilkår for bedrifter som kan løfte fram den grøne industrien som alle snakkar om i festtaler. Men her har vi tydeleg vis svikta. Manglande styring over energipolitikken har bidratt til å kaste REC Solar ut i ei krise. 

No må vi kjempe på alle frontar for å redde bedrifta. Dersom REC Solar Norway må legge ned produksjonen, er det eit nederlag for norsk energipolitikk og norsk industripolitikk, og det er eit dårleg signal for etablering av ny grøn industri i vår landsdel.

Alf Holmelid

Innlegget er publisert i Fvn i dag.

Grøn merkelapp er ikkje frikort

Fornybar energi og grøn industri er berebjelkar i arbeidet for å redde klimaet og naturmangfaldet før det er for seint. Miljørørsla har kjempa for grøn omstilling i mange tiår og fekk lenge lite gjennomslag. No er det endeleg i ferd med å skje noko. I dag snakkar alle om etablering av grøn industri. Men ein grøn merkelapp må ikkje bli eit frikort frå kritikk. Alle industri, også den som er ein del av omlegginga til eit fossilfritt samfunn, må tole sakleg kritisk debatt om ressursbruk og konsekvensar for natur og miljø.

Vi står overfor store omstillingar i samfunnet og store endringar i industristrukturen. Ei ny grøn industriutvikling er på trappene. Vi forsømmer oss dersom vi ikkje fører ein brei kunnskapsbasert debatt om denne omstillinga. Den etablerte industrien har over tid blitt utsatt for kritikk frå miljørørsla for utslepp og naturinngrep. Det bidrog til utvikling av miljøvennleg teknologi og til styrking av konkurransekrafta. Grøn industri kan også ha negative natur- og miljøkonsekvensar som den bør utfordrast på. Ikkje minst vi som har jobba for grøn industri, bør vere opptatt av at den ikkje skaper seg eit dårleg miljørykte.

Havvind kan bli ei av vår tids største industrisatsingar. Den kan skaffe arbeidsplassar og store mengder fornybar energi. Vi er godt i gang med å utvikle teknologien, og vi har gode livsløpsanalyser. Men veit vi nok om den naturen der vi skal plassere ut vindturbinane? Veit vi nok om fugletrekk, og har vi oversikt over konsekvensane for fiskeria og økosystema i havet? Det er avgjerande å skaffe seg solid kunnskap på desse områda før det blir gitt konsesjon for utbygging. Den store satsinga på Ocean Space Centre ved NTNU i Trondheim kan tyde på at vi satsar meir på å utvikle teknologien enn på å få fram kunnskap om meteorologi, fugletrekk og økosystem. Det viser manglande forståing for kva som er den mest grunnleggande kunnskapen for å realisere denne store satsinga.

All industri er avhengig av mineral som vi skaffar oss ved gruvedrift. Gruvene finn vi ofte i land der det er lite kontroll med arbeidsmiljø og forureining. Deler av bransjen har lenge fått kritikk for uverdige forhold i gruvene. Denne kritikken har i det siste fått fornya kraft spesielt retta mot produksjon av fornybar energi. Kritikken kjem både frå folk som er genuint opptatt av miljømessig og sosial berekraft, og frå folk som er negative til fornybar energi. Men uansett bør fornybarindustrien ta kritikken på alvor og møte den med offensiv satsing på resirkulering og  pålitelege system for dokumentasjon på berekraftig gruvedrift. Det er både eit moralsk imperativ og ein føresetnad for å skape tillit til fornybarbransjen. Strenge krav til resirkulering er også nødvendig for å unngå at vi får mangel på viktige mineral.

Den nye grøne industrien har varierande sysselsettingseffekt, og den er ofte arealkrevjande og energikrevjande. Derfor bør vi utarbeide overordna planar for lokalisering. Kvar er det greiast å få fram elektrisk kraft, og kvar blir det minst arealkonfliktar og miljøkonsekvensar? Når vi brukar store mengder av ein verdifull ressurs som rein energi, så bør vi også legge vekt på sysselsettingseffekt og ringverknader. Industrietableringar kan ofte ha uheldige effektar på natur og miljø. Med kunnskapsbasert debatt og planlegging, kan ulempene reduserast.

Kampen for klima og naturmangfald vil krevje store samfunnsendringar. Vi står overfor ei industriell utviklin på linje med utviklinga av prosessindustrien, verftsindustrien og oljeindustrien. Etablert industri legg om produksjonen, og ny grøn industri kjem til. Ei slik omstilling vil ikkje skje utan feilskjær og konfliktar. Det finst ikkje enkle fasitsvar på korleis vi byggjer framtidas industri for å ta vare på klimaet og naturmangfaldet.  Vår industrihistorie  viser at konstruktiv kritikk og debatt er ein viktig del av utviklinga. Grøn industri må ikkje skygge unna denne debatten. Den grøne merkelappen kan ikkje frita for kritikk, men kritikken må vere faktabasert og relevant. Slik kan vi skaffe brei støtte til nødvendig omstilling.

Alf Holmelid

Innlegget ligg på Fædrelandsvennen sine nettsider i dag.

Opphavsgaranti – grønvasking som kan skade grøn industri

Norske bedrifter som brukar fornybar energi i sin produksjon, kan ikkje utan vidare rekne den som fornybar når dei skal miljødeklarere sine produkt. Det skaper problem for bedrifter som leverer til marknader der det er viktig å dokumentere lågt klimafotavtrykk for å oppnå god pris. Bedrifter som vil satse på dei veksande grøne marknadene, misser ein konkurransefordel. Grunnen er ei ordning som vi har importert frå EU, og som passar dårleg for norske  forhold. 

Årsaka til at norsk vasskrafta kan bli rekna som fossil kraft, er ein finansiell konstruksjon utan kopling til den reelle utvekslinga av elektrisk kraft. Energiselskap som produserer fornybare energi, kan selje såkalla opphavsgarantiar. Du får eit bevis for at du har kjøpt miljøvennleg energi, men det følgjer ikkje fornybar energi med denne garantien. Dei som ikkje kjøper slike garantiar, får då energi som på papiret er fossil, sjølv om det er vasskraft.

NVE har rekna ut at 97% av den fysisk leverte straumen i Norge i 2020 var fornybar energi. Men på papiret kjem nesten 90% av straum utan opphavsgaranti frå fossile kjelder eller atomkraft. Meir enn 80% av opphavsgarantiane for norsk fornybar kraft blir seld til utlandet, medan den fysiske krafteksporten er under 20%. Dette blir ei form for betalt grønvasking som ikkje samsvarar med dei fysiske realitetane, og som kan skade norsk industri.

Systemet med opphavsgarantiar blei innført av EU i 2001. Formålet var å skaffe inntekter til produsentar av fornybar energi. Det kan vere eit fornuftig system i EU. Der kjem det meste av den fornybare energien frå sol og vind. Det er umodne teknologiar som har behov for økonomisk støtte i oppbyggingsfasen. Men det same gjeld ikkje for norsk vasskraft som i utgangspunktet er lønsam. Det er heilt andre tiltak enn opphavsgarantiar som blir diskutert for å fremme oppgradering og utbygging av vasskraft og investering i offshore vindkraft.

Brukt på norsk fornybarproduksjon kan ordninga med opphavsgarantiar få utilsikta og uheldige konsekvensar for norsk industri. Bedrifter på kontinentet kan på papiret bli grønare enn tilsvarande norske bedrifter, sjølv om dei brukar kolkraft og  norske bedrifter brukar vasskraft. I mange tilfelle vil det vere opphavsgarantiane, ikkje realitetane, som tel når bedriftene skal presentere sine miljødeklarasjonar for kundane, og stadig fleire krev slike deklarasjonar. 

Norske prosessbedrifter har kanskje den reinaste metallproduksjonen i verda. Dei eksporterer på mange måtar norsk vasskraft i fast form. Eyde-nettverket som organiserer mange prosessbedrifter, har tatt mål av seg til å bli verdsleiande på miljøvennleg produksjon. Men systemet med opphavsgarantiar kan stikke kjeppar i hjula for denne satsinga.  Når prosessbedriftene skal miljødeklarere produksjonen, så kan dei bli nøydde til å basere kalkylane på at den norske vasskraft er fossil.

Ein kan jo hevde at prosessindustrien berre kan kjøpe opphavsgarantiar og unngå å bli belasta med kol- og atomkraft i sine miljødeklarasjonar. Men bør vi ikkje heller spørje kva vi skal med ei ulogisk ordning som har uklar klimaeffekt, og som kan vere negativ for miljøvennleg norsk industriutvikling? Er det riktig å belaste denne industrien med ei ekstra avgift i ein periode med auke i kraftprisen på grunn av klimakvotar i europeisk kraftproduksjon?

Sal av opphavsgarantiar for norsk vasskraft  er shopping av god klimaprofil utan substans og klare klimaeffektar, men med uoversiktlege konsekvensar for norsk industriutvikling.  Det er fem år sidan eg skreiv om dette første gangen. Men no er kanskje noko i ferd med å skje. NVE har begynt å rekne ut varedeklarasjon basert på reelle leveransar. Kanskje det er på tide å ta skrittet fullt ut og avvikle ordninga med opphavsgarantiar her i landet.

Alf Holmelid

Innlegget har stått på trykk i Fædrelandsvennen

Grøn omstilling – er det fali det?

Det er mogeleg at eg tar feil, men eg har eit inntrykk av at vindkraftdebatten har ført til auka teknologiskepsis og omstillingsskepsis også på andre område. No blir det ofte stilt spørsmål ved all fornybar energi og industri, blant anna solceller.

Det er klart vi skal stille krav til miljø og sosial berekraft for all energiproduksjon og all industri. Vi bør som eg har skrive om tidlegare, vere ekstra kritiske til den nye teknologien vi skal satse på for å møte klimakrisa. Men vi kjem ikkje bort i frå at all energi og alle industri, også den grøne, har konsekvensar. Det er lettare å sjå negative konsekvensar av den nye industrien, enn av den vi alt har. Men vi må vere varsame så vi ikkje blir sitjande fast i den fossile industrien i iveren etter å gjere den grøne perfekt.

Så er det mange på venstresida som er kritiske til at internasjonal storkapital skor seg på det grøne skiftet. Men kapitalistar er kapitalistar enten dei investere i grøn eller fossil industri. Utanlandsk kapital er alt tungt inne i energisektoren her i landet gjennom eigarskap i prosessindustri og oljeindustri. I staden for å bruke utanlandsk kapital som eit argument mot grøn omstilling, så bør vi sjå på omstillinga som ein sjanse til å endre eigarstrukturen i industrien.

Når vi skal utvikle og bygge ny industri, har vi sjanse til å legge korta på nytt. Men då må vi komme opp med ein offensiv strategi for omstilling. I motsatt fall vil pessimistane som meiner global kapital vil stele det grøne skiftet, få rett. Vi må ta kontroll med utviklinga og vise kva slag eigarskap vi  ønskjer å ha. Kan for eksempel dei offentleg eigde energiverka ha ei rolle?

Dersom vi berre ser problema med det grøne skiftet, så kan vi tape på alle frontar. Vi kan bli sitjande fast i den fossile økonomien, og kapitalkreftene kan styrke seg gjennom det grøne skiftet.

Ei vedkjenning frå ein grøn kraftsosialist

Dagens industridebatt tar meg femti år tilbake i tid.

Eg begynte min yrkeskarriere i kraftforedlande prosessindustri på syttitalet. Då var eg ein engasjert miljøforkjempar og hadde tillitsverv i SV. På den tida var det eit antagonistisk forhold mellom miljørørsla og prosessindustrien. Mange i industrien såg på miljøkamp og vassdragsvernsom eit trugsmål, og i miljørørsla var prosessindustrien lite populær. Eg snakka lite om kvar eg stod politisk på jobben, og eg snakka lite om yrket mitt i miljørørsla. Det har ikkje alltid vore like enkelt å stå med eit bein i miljøkampen og eit bein industrien. Men eg har alltid trivest i industrimiljøet, og eg har vore stolt av å få lov å vere med på å utvikle prosessindustrien. 

Alt på åttitalet begynte eg å skrive om miljøteknologi – reinare produksjon og nye produkt for eit meir miljøvennleg samfunn. Den gangen blei det møtte med skuldertrekk og skepsis. Ved eit høve opplevde eg å få nei til ein jobb i eit forskingsinstitutt fordi leiinga var redd for at mitt miljøengasjement skulle skremme vekk kundar. På denne tida var det også ein del økonomar som meinte vi burde legge ned prosessindustrien og overlate slik produksjon til lågkostland. Men tidene har endra seg. Industrien tok utfordringa og satsa på ny og meir miljøvennleg teknologi. I dag er norsk prosessindustri teknologisk leiande, og mange meiner det skuldast at vi var tidleg ute med miljøkrav her i landet. 

Parallelt med engasjementet for ein grønare prosessindustri har eg jobba for å auke forståinga for industrien i det politiske miljøet. Då SV for ein del år sidan snakka om å produsere og eksportere fornybar energi, fekk eg gjennomslag for at eksport av kraftkrevjande produkt er eit godt alternativ, og eg fekk faren for karbonlekkasje (utflagging av kraftkrevjande industri) inn i arbeidsprogrammet. Samtidig ser eg at kraftutveksling kan ha positiv klimaeffekt. Eg har også jobba for CO2-kompensasjon (kompensasjon for auke i kraftpris) og kjempa mot opphavsgarantifør dei fleste visste kva det var. Og heile tida har eg utfordra prosessindustrien på klima og miljø. 

Det er hyggeleg for ein pensjonert industrimann å sjå den offensive klima- og miljøsatsinga som prosessindustrien lanserte i Prosess 21, men eg har framleis nokre utfordringar til bransjen. Dei lit for mykje på bioenergi som verda vil få for lite av. Alternative reduksjonsmetodar vil krevje både forsking og meir fornybar energi. Men vi har ikkje noko val om vi skal bli klimanøytrale. Samtidig bør vi forvente at ein bransje som legg beslag på så mykje rein energi, skaffar fleire arbeidsplassar ved å satse meir på spesialisering og vidareforedling slik Elkem og Borregaard hat gjort.

Omfanget av norsk prosessindustri som har eit stort innslag av utanlandsk eigarskap, har lenge vore relativt stabilt. Men no ser vi plutseleg ein stor interesse for å etablere ny kraftkrevjande industri for dei nye grøne marknader. Det gjeld blant anna batteriproduksjon, hydrogenproduksjon og datasenter. Dette er produksjon som krev store mengder fornybar energi, og som alle industribedrifter treng dei areal og kan ha negative konsekvensar for miljø. Det er sjølvsagt grenser for kor mykje kraftkrevjande industri vi bør ha her i landet. Men dette er ein diskusjon som det er vanskeleg å føre fordi vi manglar eit samlande faktagrunnlag for kraftbalansen. Det er også innlysande at vi må stille minst like strenge krav til miljø og arealbruk til slike bedrifter som alle andre. Merkelappen grøn industri er ikkje ein fribillett, men eit ansvar.

Det som gjer at eg i innleiinga ser femti år tilbake i tid, er tendensane til aggressiv skyttargravskrig om kraftkrevjande industri på linje med det eg opplevde på åttitalet. I sosiale media har eg inntrykk av at debatten tar til å nærme seg ein identitetskamp. Men treng det ende slik?

Vi kom trass alt ut av krigen mellom prosessindustri og miljøaktivisme på åttitalet. Vi bør klare det igjen, eller rettare – vi må klare det for å oppfylle dei klima- og miljøkrava FN utfordrar oss på.

Alf Holmelid

Også grøn industri treng kompetent kritikk

Miljøkrav og aktiv medverknad til eit betre miljø må bli minst like viktig for næringsutvikling som marknad, kapital og teknologi. Dette skreiv eg i ein kronikk for snart førti år sidan  då slike synspunkt blei sett på som urealistisk idealisme. Sidan den tid har mykje endra seg. Miljørørsla er i dialog med næringslivet, grøne marknader veks fram, og kapitalen søkjer seg mot grøn industri. Det er all grunn til å glede seg over denne utviklinga. Men den kjem ikkje utan utfordringar, og den reduserer ikkje behovet for ei offensiv miljørørsle som utfordrar næringslivet.

På sytti- og åttitalet var det ofte skarpe frontar mellom miljørørsla og industrien. Miljøorganisasjonane gjennomførte aksjonar som fekk store medieoppslag, og miljøkampen blei etter kvart løfta inn på den politiske arenaen. Industrien på si side skulda miljørørsla for å bestå avnaive idealister og bidra til nedlegging og utflagging av nøkkelindustri. Det fanst folk med nyansert syn på begge sider, og miljøtiltak var ikkje noko nytt i industrien. Men hovudbiletet var konfrontasjon og gjensidige skuldingar om manglande innsikt. På nittitalet blei det skrive analyser som spådde at miljøkrav og konkurranse frå lågkostland ville knekke norsk prosessindustri.

Men pessimistane tok feil. Miljøkrava blei innført gradvis, og det kom støtteordningar for miljøinvesteringar. Industrien tok utfordringa og satsa offensivt på teknologiutvikling. Ny teknologi førte ofte til betre produkt og meir kostnadseffektiv produksjon i tillegg til å innfri nye miljøkrav. Offensiv miljøsatsing blei eit konkurransefortrinn, og forureining blei til nye forretningsidear. Eit klassisk eksempel er røyken frå ferrolegeringsverk. Etter omfattande utviklingsarbeid blei den konvertert  til microsilica som er ei verdifull tilsetting til betong. I dag er det mange som meiner at vi knapt hadde hatt prosessindustri i Noreg i dag dersom vi ikkje hadde vore tidleg ute med miljøkrav som initierte offensiv teknologiutvikling.

Etter kvart som klima har blitt ein viktig del av miljøkampen, har det blitt meir vanleg at miljøorganisasjonar samarbeider med industribedrifter. Deler av industrien har blitt ein alliert i arbeidet for å spare energi og redusere klimautslepp. Miljørørsla har blitt ein pådrivar for å etablere arbeidsplassar for eit samfunn basert på nullutslepp, fornybar energi og sirkulær økonomi. Behovet for grøn omstilling er no i ferd med å få gjennomslag i politikk og næringsliv. Men det er ingen grunn for miljørørsla og den delen av venstresida som har fronta miljøkampen, å kvile på sine laurbær. Omstillinga byr på mange utfordringar som miljøorganisasjonane bør engasjere seg i.

Praktisk talt all industri brukar ressursar og har uheldige konsekvensar for natur og miljø.

Grøn industri er ikkje noko unntak. Den blir ofte møtt med kritikk for forureining og lite berekraftig bruk av naturressursar. Eksempel er produksjon av batteri og solceller som vi treng i eit nullutsleppssamfunn. Det kan vere irriterande for oss som kjempar for grøn industri, å kjenne på at denne industrien ofte møter hardare kritikk for ressursbruk og miljøkonsekvensar enn annaindustri. Mange er redd for at det kan seinke den nødvendige omstillinga frå fossil til fornybar og grøn industri. Men kanskje vi heller skal snu denne kritikken til noko positivt.

Grøn industri bør lære av industrihistoria og ta sakleg kritikk som ein inspirasjon til å ligge i front når det gjeld miljø og ressursbruk. Vi bør applaudere at opinionen set fokus på miljøproblem og sosial berekraft i alle ledd av verdikjeda inklusive gruvedrift. Det kan utløyse dokumentasjonskrav og standardar  som er til fordel for seriøse aktørar. Den grøne industrien må ta mål av seg til å vere leiande på miljø og berekraft. Produksjon av batteri som no er eit heitt tema her i landet, bør bli møtt med krav om resirkulering og dokumentasjon av ressursuttak. Det vil både industrien og miljøet tene på. Tar vi denne utfordringa, kan vi på nytt få eit konkurransefortrinn, og Noreg kan bli ein leiande teknologinasjon for grøn industri.

Det grøne skiftet er avhengig av å få flytta ressursar og kapital frå fossil til grøn industri. Men kapitalistar som investerer i grøne prosjekt, er framleis kapitalistar. Det bør ikkje forhindre venstresida i frå å arbeide for grøn omstilling. Paradigmeskiftet som vi no står overfor, gir oss eit høve til å kjempe fram nye strukturar i næringslivet. Den grøne omstillinga er avhengig av politiske føringar og offentleg støtte. Det kan opne for å legge føringar som sikrar at dei verdiane samfunnet legg inn, kjem arbeidarane og fellesskapet til gode.

Grøn industri treng kompetent grøn og raud kritikk. Det vil bidra til den teknologiske og organisatoriske utviklinga som vi treng for å få ei vellukka grøn omstilling.

Alf Holmelid

Innlegget har stått på trykk i Energiogklima og i Fædrelandsvennen

Vi treng det folkelege klimaengasjementet

12. desember fyller Parisavtalen om tiltak mot menneskeskapte klimaendringar fem år. På nytt ber FN om at landa må heve sine klimaambisjonar for å gi verda ein sjanse til å nå målet om maks 1,5 grader temperaturauke. Klimakrisa rykker stadig nærare, og konsekvensane er etter kvart synlege. Det store spørsmålet er om vi klarer å snu utviklinga i tide. Ventar vi for lenge med å gjere nødvendige tiltak, blir konsekvensane større og tiltaka meir inngripande. I motsetning til finanskrisa og koronakrisa så utviklar klimakrisa seg langsamt. Skal vi klare å halde oppe engasjementet for nødvendige klimatiltak, er det viktig med eit breitt folkeleg engasjement.

Klimaendringane er ikkje lenger noko som berre høyrer framtida til. Vi ser alt i dag dei første konsekvensane, og dei går hardast ut over dei fattigaste landa som har minst ansvar for klimakrisa. Denne hausten har Filippinane blitt råka av ei rekke tropiske syklonar som har ført til omfattandeøydelegging. På ein månad herja heile fire syklonar med denne øynasjonen ute i Stillehavet. Også her i landet ser vi no i aukande grad konsekvensane av klimakrisa. Fagfolk åtvarar om at plante- og dyreartar vil døy ut, og at naturmangfaldet vil bli kraftig redusert. Nyleg fekk vi høyre at reindrifta vil bli hardt råka av klimaendringane. Heile livsgrunnlaget vårt vil bli svekka.

Ungdomen har tatt ansvar og løfta fram klimasaka. Skoleelevar har møtt massivt fram og demonstrert mot ein politikk som  vil øydelegg den kloden dei etter kvart vil få ansvaret for. Men i år har koronakrisa hindra slike markeringar, og media har fått andre prioriteringar. I ein del land har styresmaktene prøvd å kombinere kampen mot koronakrisa med tiltak for å omstille samfunnet og næringslivet i ei meir klimavenleg retning. Men her i landet har det politiske fleirtalet gått i motsett retning og gitt krisestøtte til oljenæringa. Vi må sette vår lit til at vi på nytt kan få eit breitt folkeleg engasjement som kan presse politikarane til å prioritere klimaet.

Skal vi redde klimaet, må vi få fortgang i arbeidet med å legge om frå fossil til fornybar energi. Vi må utvikle og ta i bruk ny teknologi, og vi må bruke om att og resirkulere knappe ressursar. Det vil bli ei stor omvelting, men gjennomført på riktig måte vil det skape eit betre samfunn. Utfordringa i klimakampen er ikkje først og fremst teknologisk. Utfordringa er å oppretthalde eit sterkt folkeleg engasjement for å innfri forventningane i Parisavtalen. Vi kan ikkje la politikarar sleppe unna med å avfeie spørsmål om klimakonsekvensane av sin politikkslik, slik leiaren for vårt mest framgangsrike parti gjorde i eit avisintervju nyleg.

Store deler av næringslivet har innsett at det er nødvendig å omstille seg til eit klimavenleg samfunn, og det er viktig for det grøne skiftet. Næringslivet ser at det opnar seg nye marknader, og at det løner seg å vere tidleg ute for å ta posisjonar i desse marknadene. Men vi treng ein engasjertklimaopinion som følgjer med på kva som er grøn omstilling, og kva som er grønvasking. Politikarane heng ofte etter i klimakampen av redsel for at veljarane vil mislike konsekvensane av klimatiltaka. Derfor treng vi ein kunnskapsbasert klimadebatt og eit breitt folkeleg klimaengasjement som kan puste politikarane i nakken. 

I samband med femårsjubileet for Parisavtalen har Naturvernforbundet og13 andre norske organisasjonar sendt brev til Statsminister Erna Solberg med krav om å auke ambisjonane for klimatiltak og klimarettferd. Organisasjonane krev rettferdig klimafinansiering med overføring av midlar til fattige land som ofte har lite skuld i klimaproblema, og som gjerne har små ressursar til å gjennomføre klimatiltak og møte klimaendringane. Vidare blir det stilt krav om rask og rettferdig omstilling av olje- og gassnæringa i Noreg. Det blir foreslått å sette ned ein kommisjon for å sikre at klimapolitikken er i tråd med ILOs prinsipp om rettferdig omstilling, og det blir lagt vekt på å skape nye arbeidsplassar til erstatning for dei vi vil misse i petroleumsnæringa.

Skal vi nå måla i Parisavtalen, så er det ikkje nok med ny teknologi og grøn kapital. Vi må skape og vedlikehalde eit breitt folkeleg engasjement som kan legge press på politikarane og halde kapital og næringsliv i øyra slik at vi får ei rask omstilling som kombinerer klima med rettferdig fordeling.

Alf Holmelid

Innlegger står på trykk i Fædrelandsvennen i dag

Poenget er ikkje å telje grøne arbeidsplassar

Alle snakkar no om å grøn omstilling i industrien, men det er ikkje alltid like lett å få tak i kva det inneber. Mange etterlyser kva omstillinga går ut på.  Kva skal produserast,  og kven skal kjøpe produkta? Ofte kokar svaret ned til offshore vindenergi og karbonfangst og lagring. Det er vel og bra, men norsk industri er og må vere langt meir enn det. Skal Noreg ta vare på sin posisjon som industrinasjon når oljeaktiviteten blir mindre og krava til miljøvennleg produksjon blir stramma til, så må vi utvikle ein grøn industripolitikk som famnar breitt.

Norsk industri står overfor to store utfordringar. Vi må som alle andre land redusere utsleppa av klimagassar og utvikle berekraftig produksjon for nullutsleppssamfunnet. I dette arbeidet kan vi ta lærdom av vår nære industrihistorie. Då vi på åttitalet kjempa for å redusere utsleppa frå industrien, så var det mange som  protesterte på krava og spådde industridød. Men industrien tok utfordringa og satsa offensivt på teknologiutvikling. I dag meiner dei fleste at vi skaffa oss eit konkurransefortrinn ved å vere tidleg ute med nødvendig omstilling.

Den andre utfordringa er at ein stor del av industrien er knytt opp til oljeaktivitet, og at oljeaktiviteten er så dominerande i norsk økonomi. Skal vi ta vare på Noreg som ein industrinasjon, må vi utvikle industri som kan kompensere for den forventa reduksjonen i oljeaktiviteten. I det siste har det vore mykje debatt om korleis vi kan ta vare på og omstille leverandørindustrien, og det er viktig. Det er ein industri med høg kompetanse og stort potensiale. Men vi må ikkje gløyme at norsk industri er og må vere langt meir. Vi fekk ei påminning om det då leiarar i kraftforedlande industri nyleg åtvara om koronakrise også i denne bransjen. Ein berekraftig industripolitikk må ta denne utfordringa like alvorleg som krisa i leverandørindustrien.

Miljøforkjemparar har lenge snakka om at vi treng fleire grøne arbeidsplassar og fleire grøne bedrifter. Det er ei avsporing. Ei bedrift kan levere både berekraftige og mindre berekraftige produkt, og produksjonsmetodar kan vere leiande på miljø sjølv om dei ikkje er utslippsfrie enno. Poenget er ikkje å telle grøne arbeidsplassar. Målet må vere å gjere all industri her i landet så berekraftig som mogeleg. Vi må få ned utsleppa over heile linja og ta nye posisjonar i dei globale marknadane ved å vere leiande innan grøn teknologi og berekraftig produksjon.

Skal vi få oppslutning om grøn omstilling av industrien, så må vi slutte å gi inntrykk av at det er nokre grøne enkeltprosjekt og enkeltbedrifter vi snakkar om. Det står om å vidareitvikle norsk industri i heile si bredde for ei ny tid der dei internasjonale marknadene legg stadig større vekt på klima og miljø. Norsk industri er godt posisjonert til å bli verdsleiande på produkt og produksjonsmetodar for nullutsleppssamfunnet. Det er dette som må ligge til grunn for ein truverdig industripolitikk som har kraft til å unngå avindustrialisering når oljealderen går mot slutten.

Alf

Innlegget er på trykk i Klassekampen i dag

Industribygging eller avindustrialisering

Ein sterk industrisektor er ein viktig berebjelke for å møte dei utfordringane Noreg står overfor. Mange land i Europa satsar no på å bygge opp att ein industrisektor som har blitt forsømt over lang tid. Stadig fleire innser at industrien er eit viktig element i ein berekraftig økonomi. Her i landet er industridelen av verdiskapinga lågare enn gjennomsnittet i EU. Det er på tide med ei brei industrisatsing for å sikre vår framtid som industrinasjon.

Noreg har ein open økonomi, og vi treng ein konkurransedyktig industri som kan sikre nødvendige eksportinntekter. Det blir stadig viktigare når aktiviteten i oljesektoren blir redusert dei kommande tiåra. I tillegg til å vere ei viktig eksportnæring har industrien hatt ei viktig rolle i utviklinga av den norske samfunnsmodellen. Dei tilsette i industrien har ofte stått i første rekke i kampen for faglege rettar og rettferdig fordeling, noko som har medverka til at vi har eit samfunn med moderate forskjellar og stor samfunnstillit.

Over lang tid har vi sett ei utvikling der industriproduksjon har blitt flytta til lågkostland. Mange har hevda at det er ei naturleg utvikling. Vi kan leve av engineering og teknologiutvikling, har det blitt hevda. Men det viser seg etter kvart at det ikkje er så enkelt. Utan eit nært forhold til produksjonen er det ikkje mogeleg å vere leiande på teknologiutvikling og ha innsikt nok til å bli førande på grøn omstilling. Derfor bør vi bruke oppbygginga etter koronakrisa til å utvikle ein brei grøn teknologi- og industripolitikk.

Prosessindustrien har lange og stolte tradisjonar i Noreg og på Sørlandet. For nokre tiår sidan var det mange som spådde at den ville forsvinne til lågkostland, men bransjen satsa på teknologiutvikling og blei verdsleiande på renseteknologi og miljøvenleg produksjon. I dag er det ein livskraftig industri med spennande utsikter for framtida. Norsk prosessindustri i samarbeid med norske forskingsmiljø er i posisjon til å utvikle teknologi for utsleppsfri metallproduksjon. Produksjon av materiale står for store utslepp globalt, så dette er eit viktig klimatiltak med globalt perspektiv.

Det ser no ut til at det kan bli etablert batteriproduksjon med fleire hundre arbeidsplassar her i landet. Det er ei naturleg utvikling for eit land som satsar på elektrifisering. Men vi kan ikkje stoppe der. Skal elektrifisering og batteriproduksjon vere berekraftig, må vi etablere industri for resirkulering av batteri. Slik sirkulær økonomi bør ligge godt til rette for norsk industri som har lange tradisjonar for å tenke miljø og resirkulering.

Norsk oljeleverandørindustri som bygger på lange tradisjonar innan skipsbygging, er teknologisk leiande med ein global marknad. Dei seinare åra har bedrifter i denne bransjen satsa ein del på nye marknader som fornybar energi, transport, anlegg og utsyr til fiskeoppdrett. Denne utviklinga såg vi tydeleg etter det kraftige fallet i oljepris i 2014. Leverandørindustrien er ein dominerande del av norsk industri, og det er viktig å legge til rette for at den kan finne nye område for sin kompetanse og produksjonskapasitet når oljeaktiviteten blir redusert.

Nyleg skreiv ei rekke personar frå fagrørsla, bransjeorganisasjonar og miljøorganisasjonar under på eit opprop. Dei peika på at mindre bedrifter som satsar på energiøkonomisering og solenergi, har blitt gløymde i krisepakkane til næringslivet. Ein robust industristruktur treng eit mangfald av bedrifter, både store og små, både industribedrifter og handverksbedrifter. Det skaper arbeidsplassar kring om i heile landet og skaper grobotn for nytenking og produktutvikling.

Dei fleste er samde i at norsk industri og norsk økonomi står overfor ei stor omstilling dersom vi skal ta vare på klima og miljø og sikre langsiktig sysselsetting i industrien. Det vil krevje at vi har ein aktiv næringspolitikk som legg til rette for vidareitvikling og omstilling av leverandørindustrien. Men vi må også satsar på å utvikle fleire bransjar som er viktige for norsk økonomi og ei berekraftig industriutvikling. Vi har sett at det her i landet er mangel på langsiktig industriell kapital som kan støtte opp om ei slik utvikling. derfor treng vi ein grøn industribank som kan vere med på langsiktige strategiske investeringar i norsk industri.

Koronakrisa har råka mange bedrifter hardt, og den har vist oss kor viktig staten er når det røyner på. La oss bruke denne situasjonen til å utvikle ein brei miljøvennleg industripolitikk som kan sikre vår framtid som industrinasjon når oljeaktiviteten blir redusert. Dersom vi ikkje brukar denne sjansen, så kan vi stå overfor ei gradvis nedbygging av norsk industri og ein vanskeleg økonomisk situasjon for landet.

Alf

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen

 

 

Grøn næringsutvikling – ei lita oppsummering

MiljøognæringDebatten om grøn industri og grøn næringsutvikling er i ferd med å ta seg opp. Derfor har eg plukka fram eit lite utval av notat og avisinnlegg som eg har skrive om dette temaet dei siste åra. Eg har i mange tiår hevda at god miljøpolitikk kan vere god næringspolitikk, og at god næringspolitikk kan vere god miljøpolitikk. No er slike synspunkt i ferd med å bli mainstream, men det går tregt å komme i gang med konkrete tiltak som  monnar.

Her er nokre lenker til notat og debattinnlegg mm.:

Grønt statleg eigarskap, innlegg 2019

Omstilling for langsiktig industriutvikling, innlegg 2019

Vi bør lære av vår industrihistorie, innlegg 2019

Viser veg for offentleg grøn omstilling, innlegg 2019

Rettferdig omstilling er avhengig av eit ordna arbeidsliv, innlegg 2019

Venstresida må våge å ta oljedebatten, innlegg 2019

Vi treng ein heilskapleg industripolitikk, innlegg 2018

Eit foredrag om grøn næringspolitikk 2016

Sterkare allianse mellom miljøbevegelse og fagbevegelse

Den verkelege næringspolitikken, innlegg 2014

Grøn næringsutvikling, innlegg 2013

Miljø og klima er vår tids næringspolitikk, innlegg 2011

Næringspolitikk er klimapolitikk, innlegg 2009

Miljøpolitikk som næringspolitikk, innlegg 2009

Notat om grøn næringsutvikling til Kvanmokonferansen 2014

Notat om strategi for det grøne skiftet, arbeidsgruppe i SV 2016