Knut Kjelstadli hadde nyleg eit viktig innlegg i Klassekampen. Han minner oss på at grøn kapitalisme framleis er kapitalisme. Dei problema som kapitalismen skaper, forsvinn ikkje med grøn omstilling. Men samtidig peikar han på at den grøne omstillinga kan vere eit høve til å utvikle ein næringsstrategi som endrar balansen mellom arbeid og kapital til fordel for arbeidarane.
Vi treng å få flytta kapital frå fossil til grøn industri, men grøne kapitalistar er verken verre eller betre enn andre kalitalistar. Endring av dei økonomiske og politiske styrkeforholda kjem ikkje som ein automatisk konsekvens av grøn omstilling. Det er verdiar som vi må kjempe for no som før, og som er ein føresetnad for berekraftig grøn omstilling. Men det paradigmeskiftet vi no står overfor, gir oss eit høve til å kjempe fram nye strukturar i næringslivet.
Vi treng å diskutere korleis vi skal omstille norsk industri og næringsliv, samt utvikle produkt og produksjonsprosessar for eit klimavennleg samfunn. Her inngår ein diskusjon om kva bransjar vi bør satse på her i landet med bakgrunn i kompetanse og naturressursar. Med vår opne økonomi må vi også vurdere den internasjonale utviklinga. Desse diskusjonane er det mange som har engasjert seg i. Men venstresida kan ikkje stoppe der.
Den grøne økonomien er langt på veg styrt av politikk og støtta opp av skattekroner. Det gir oss eit høve til å legge føringar for utviklinga med brei støtte i folket. Vi treng debatten om industristruktur. Men venstresida må også diskutere korleis vi skal unngå å bli ein kasteball i spekulasjonsøkonomien og styrke arbeidstakarane og fellesskapet. Dette er spørsmål som må få større plass i diskusjonen dersom vi skal sette eit raudt stempel på den grøne omstillinga.
Alf Holmelid
Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag
Tilbaketråkk: Også grøn industri treng kompetent kritikk | Alf Holmelid