Tag Archives: klassekamp

Kan den grøne omstillinga også bli raud?

Knut Kjelstadli hadde nyleg eit viktig innlegg i Klassekampen. Han minner oss på at grøn kapitalisme framleis er kapitalisme. Dei problema som kapitalismen skaper, forsvinn ikkje med grøn omstilling. Men samtidig peikar han på at den grøne omstillinga kan vere eit høve til å utvikle ein næringsstrategi som endrar balansen mellom arbeid og kapital til fordel for arbeidarane.

Vi treng å få flytta kapital frå fossil til grøn industri, men grøne kapitalistar er verken verre eller betre enn andre kalitalistar. Endring av dei økonomiske og politiske styrkeforholda kjem ikkje som ein automatisk konsekvens av grøn omstilling. Det er verdiar som vi må kjempe for no som før, og som er ein føresetnad for berekraftig grøn omstilling. Men det paradigmeskiftet vi no står overfor, gir oss eit høve til å kjempe fram nye strukturar i næringslivet.

Vi treng å diskutere korleis vi skal omstille norsk industri og næringsliv, samt utvikle produkt og produksjonsprosessar for eit klimavennleg samfunn. Her inngår ein diskusjon om kva bransjar vi  bør satse på her i landet med bakgrunn i kompetanse og naturressursar. Med vår opne økonomi må vi også vurdere den internasjonale utviklinga. Desse diskusjonane er det mange som har engasjert seg i. Men venstresida kan ikkje stoppe der.

Den grøne økonomien er langt på veg styrt av politikk og støtta opp av skattekroner. Det gir oss eit høve til å legge føringar for utviklinga med brei støtte i folket. Vi treng debatten om industristruktur. Men venstresida må også diskutere korleis vi skal unngå å bli ein kasteball i spekulasjonsøkonomien og styrke arbeidstakarane og fellesskapet. Dette er spørsmål som må få større plass i diskusjonen dersom vi skal sette eit raudt stempel på den grøne omstillinga.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag

Kulturkrig eller klassekamp

cropped-solidarity_by_matzekNyleg blei ei ung nordlandsjente tildelt eit par prisar frå norske aviser. Vi etterlyser ofte unge stemmer i den offentlege debatten, så ein skulle tru at dette blei tatt godt imot. Men nei. Jenta hadde feil hudfarge og feil religion, og ho var ikkje audmjuk nok. Som innvandrar og ung kvinne burde ho ikkje uttale seg utan først å takke for at ho fekk komme til vårt gjestfrie land.

Så braut helvete laus. Høgrepopulistiske aviser og nettstader frå Nettavisa, via Resett og Document.no til dei mørkaste krokane på internett kokte over av hat og aggresjon. Det er tydeleg vis ikkje måte på kva ulukker som kan ramme oss om vi lar slike folk sleppe till i samfunnsdebatten. Når dei naive idealistane på venstresida har vore dumme nok til å sleppe dei inn i landet vårt, så må vi i alle fall mobbe dei bort i frå rampelyset før kulturen vår blir trampa ned, er omkvedet.

Denne kampanjen mot den unge jenta er berre eit lite eksempel på kva dei høgrepopulistiske kreftene i Noreg driv med. Nettet og kommentarfelta flommar over av aggresjon og grove trugsmål mot  innvandrarar – spesielt muslimar og kvinner. Men det er ikkje kommentarfelta som har skapt denne hetsen. «Media» som Nettavisen, Resett og Document.no har spesialisert seg på redaksjonelle innlegg som legg opp til at kommentarfelta og sosiale media skal følgje opp dei halvkveda visene. Og denne «journalistikken» er i ferd med å diffundere inn i resten av media.

Det er legitimt å diskutere omfanget av innvandring. Men det som høgresida driv med, er noko heilt anna. Dei har ein bevisst strategi som skal skape frykt og konflikt. Høgrekrefter av ulik valør prøver å mane fram ein kulturkamp der dei «norske verdiane» er truga. Det skal få folk til å flokke seg om organisasjonane og partia på høgresida for å redde landet vårt frå dei nedbrytande kreftene som venstresida har lokka hit.

Den kulkturkampen som høgresida manar fram, er ei bevisst avsporing av samfunnsdebatten og ei tildekking av dei reelle motsettingane i samfunnet. Dei som slit med å klare seg økonomisk – enten dei er ateistar, muslimar eller kristne – har felles interesse av ein økonomisk politikk som fordeler arbeid og inntekt. Dei som ikkje klarer å komme inn på bustadmarknaden – enten dei er født her eller har komme hit – har felles interesse av ein rettferdig bustadpolitikk. Motkreftene er marknadsliberalistane og kapitaleigarane som tar ein stadig større del av verdiskapinga.

Den verdien som er truga, er vår samfunnsmodell med moderate forskjellar, lågt konfliktnivå og trepartsamarbeidet i arbeidslivet. Men den er truga av den økonomiske politikken og hatretorikken til høgresida, ikkje av våre nye landsmenn.