Nyleg blei ei ung nordlandsjente tildelt eit par prisar frå norske aviser. Vi etterlyser ofte unge stemmer i den offentlege debatten, så ein skulle tru at dette blei tatt godt imot. Men nei. Jenta hadde feil hudfarge og feil religion, og ho var ikkje audmjuk nok. Som innvandrar og ung kvinne burde ho ikkje uttale seg utan først å takke for at ho fekk komme til vårt gjestfrie land.
Så braut helvete laus. Høgrepopulistiske aviser og nettstader frå Nettavisa, via Resett og Document.no til dei mørkaste krokane på internett kokte over av hat og aggresjon. Det er tydeleg vis ikkje måte på kva ulukker som kan ramme oss om vi lar slike folk sleppe till i samfunnsdebatten. Når dei naive idealistane på venstresida har vore dumme nok til å sleppe dei inn i landet vårt, så må vi i alle fall mobbe dei bort i frå rampelyset før kulturen vår blir trampa ned, er omkvedet.
Denne kampanjen mot den unge jenta er berre eit lite eksempel på kva dei høgrepopulistiske kreftene i Noreg driv med. Nettet og kommentarfelta flommar over av aggresjon og grove trugsmål mot innvandrarar – spesielt muslimar og kvinner. Men det er ikkje kommentarfelta som har skapt denne hetsen. «Media» som Nettavisen, Resett og Document.no har spesialisert seg på redaksjonelle innlegg som legg opp til at kommentarfelta og sosiale media skal følgje opp dei halvkveda visene. Og denne «journalistikken» er i ferd med å diffundere inn i resten av media.
Det er legitimt å diskutere omfanget av innvandring. Men det som høgresida driv med, er noko heilt anna. Dei har ein bevisst strategi som skal skape frykt og konflikt. Høgrekrefter av ulik valør prøver å mane fram ein kulturkamp der dei «norske verdiane» er truga. Det skal få folk til å flokke seg om organisasjonane og partia på høgresida for å redde landet vårt frå dei nedbrytande kreftene som venstresida har lokka hit.
Den kulkturkampen som høgresida manar fram, er ei bevisst avsporing av samfunnsdebatten og ei tildekking av dei reelle motsettingane i samfunnet. Dei som slit med å klare seg økonomisk – enten dei er ateistar, muslimar eller kristne – har felles interesse av ein økonomisk politikk som fordeler arbeid og inntekt. Dei som ikkje klarer å komme inn på bustadmarknaden – enten dei er født her eller har komme hit – har felles interesse av ein rettferdig bustadpolitikk. Motkreftene er marknadsliberalistane og kapitaleigarane som tar ein stadig større del av verdiskapinga.
Den verdien som er truga, er vår samfunnsmodell med moderate forskjellar, lågt konfliktnivå og trepartsamarbeidet i arbeidslivet. Men den er truga av den økonomiske politikken og hatretorikken til høgresida, ikkje av våre nye landsmenn.