Category Archives: Innvandring og integrering

Kulturkrig eller klassekamp

cropped-solidarity_by_matzekNyleg blei ei ung nordlandsjente tildelt eit par prisar frå norske aviser. Vi etterlyser ofte unge stemmer i den offentlege debatten, så ein skulle tru at dette blei tatt godt imot. Men nei. Jenta hadde feil hudfarge og feil religion, og ho var ikkje audmjuk nok. Som innvandrar og ung kvinne burde ho ikkje uttale seg utan først å takke for at ho fekk komme til vårt gjestfrie land.

Så braut helvete laus. Høgrepopulistiske aviser og nettstader frå Nettavisa, via Resett og Document.no til dei mørkaste krokane på internett kokte over av hat og aggresjon. Det er tydeleg vis ikkje måte på kva ulukker som kan ramme oss om vi lar slike folk sleppe till i samfunnsdebatten. Når dei naive idealistane på venstresida har vore dumme nok til å sleppe dei inn i landet vårt, så må vi i alle fall mobbe dei bort i frå rampelyset før kulturen vår blir trampa ned, er omkvedet.

Denne kampanjen mot den unge jenta er berre eit lite eksempel på kva dei høgrepopulistiske kreftene i Noreg driv med. Nettet og kommentarfelta flommar over av aggresjon og grove trugsmål mot  innvandrarar – spesielt muslimar og kvinner. Men det er ikkje kommentarfelta som har skapt denne hetsen. «Media» som Nettavisen, Resett og Document.no har spesialisert seg på redaksjonelle innlegg som legg opp til at kommentarfelta og sosiale media skal følgje opp dei halvkveda visene. Og denne «journalistikken» er i ferd med å diffundere inn i resten av media.

Det er legitimt å diskutere omfanget av innvandring. Men det som høgresida driv med, er noko heilt anna. Dei har ein bevisst strategi som skal skape frykt og konflikt. Høgrekrefter av ulik valør prøver å mane fram ein kulturkamp der dei «norske verdiane» er truga. Det skal få folk til å flokke seg om organisasjonane og partia på høgresida for å redde landet vårt frå dei nedbrytande kreftene som venstresida har lokka hit.

Den kulkturkampen som høgresida manar fram, er ei bevisst avsporing av samfunnsdebatten og ei tildekking av dei reelle motsettingane i samfunnet. Dei som slit med å klare seg økonomisk – enten dei er ateistar, muslimar eller kristne – har felles interesse av ein økonomisk politikk som fordeler arbeid og inntekt. Dei som ikkje klarer å komme inn på bustadmarknaden – enten dei er født her eller har komme hit – har felles interesse av ein rettferdig bustadpolitikk. Motkreftene er marknadsliberalistane og kapitaleigarane som tar ein stadig større del av verdiskapinga.

Den verdien som er truga, er vår samfunnsmodell med moderate forskjellar, lågt konfliktnivå og trepartsamarbeidet i arbeidslivet. Men den er truga av den økonomiske politikken og hatretorikken til høgresida, ikkje av våre nye landsmenn.

 

 

Den ikkje-vestlege fare

Mette Frederiksen

Foto: Joshua Tree Photography

Mette Fredriksen som er leiar for det sosialdemokratiske partiet i Danmark, meiner det er viktig å avgrense ikkje-vestlig innvandring for å hegne om «danske verdiar». Dei fleste er vel samde i at det er grenser for kor mange innvandrarar eit lite land kan ta imot. Men kva er det med ikkje-vestlege innvandrarar som er spesielt farleg for våre verdiar? Er det religion, kultur, utdanning eller kva? Er vi i ferd med å dele inn verda i dei som er farlege for vår kultur og oss andre? Vi veit i frå historia at det kan gå svært galt om ein tillegg ei gruppe skulda for alt som er vondt og vanskeleg.

Det er heilt greitt å diskutere om det finst ei grense for kor mange innvandrarar arbeidsmarknaden og velferdssamfunnet toler, og kvar denne grensa går. Men det bør vere ein nyansert og faktabasert debatt. Rett nok er det lite kunnskap å bygge på, og fagfolk er usamde om konsekvensane. Det viser ikkje minst diskusjonen om innvandrarrekneskapen til SSB. Men vi bør like vel klare å hindre at debatten degenererer til retoriske øvingar som deler verda inn i dei farlege og oss andre.

Når det gjeld arbeidsmarknaden, så er den største utfordringa arbeidsinnvandring og innleige av arbeidskraft. Den er hovudsakleg frå vestlege land, primært frå EU/EØS-området. Her har vi lite oversikt og lite kontroll. Resultatet er sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Men det er ikkje mykje snakk om at dei ikkje-nordiske landa trugar ein av våre viktigaste verdiar som er eit seriøst arbeidsliv med moderate lønsforskjellar.

Mette Fredriksen peikar på samling av familiar som eit av dei store innvandringsproblema. Eg har ikkje tala frå Danmark, men i Noreg er det ikkje flyktningar og asylsøkjarar som står for dei fleste søknadene om å få familien hit til landet. Det største gruppa er etniske nordmenn som hentar ektefelle i land som Thailand og Filippinene, altså i ikkje-vestlege land. Er det landet dei kjem i frå eller dei norske ektefellene som gjer at dette er eit mindre problem enn familieinnvandring frå land med flyktningproblem?

Erfaringa viser at sysselsettingsgraden kan variere for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar frå ulike land. Her er det gode grunnar til å diskutere korleis vi raskast mogeleg skal få alle inn i arbeidslivet. Men er desse utfordringane ein god nok grunn til å seie nei til å ta i mot asylsøkjarar og flyktningar frå land som slit med dramatiske flyktningproblem?

Fredriksen vil stengje grensene og sende asylsøkjarar tilbake til leirar i nærområda. Slike leirar er det mange som har snakka om lenge, men ingen har klart å få det til å fungere i praksis. Eit unntak er Australia, men det er knapt eit godt førebilete. Vi har fått stygge historier frå deira mottakssentral. Det ser ut som det er viktigare å snakke om forslag som legitimerer stengte grenser, enn å få i gang eit internasjonalt samarbeid for å løyse ei historisk stor flyktningkrise.

Men elefanten i rommet er kva Fredriksen meiner med «danske verdiar». Er det eit ordna arbeidsliv og ein sterk velferdsstat som vi har diskutert ovanfor, eller er det noko anna, og i så fall kva? Og kva er det med dei ikkje-vestlege landa som gjer dei til eit spesielt trugsmål mot desse udefinerte verdiane? Å dele verda inn i dei og oss utan å avklare kva ein legg i det, bidrar knapt til ein sakleg og nøktern debatt.

Kva fortel innvandringsrekneskapen?

Etter å ha lest ein del vurderingar av innvandringsrekneskapepen frå SSB har eg tatt meg tid til å skanne igjennom rapporten. Eg er ikkje økonom, men eg har jobba ein del med modellar, og eg saknar grundigare analyse av usikkerheita i utrekningane.

For dårleg analyse av usikkerheit
Når vi modellerer tekniske system, er det vanleg å prøve å kvantifisere usikkerheita (variasjonsbreidda) i inngangsvariable og parametrar i modellen og rekne ut kva usikkerheit det fører til på resultatet. Sidan usikkerheit (standardavvik om vi opererer med normalfordeling og lineær modell) vil akkumulerast over tid (avhengig av modellstrukturen), vil usikkerheita på eit tidspunkt kunne bli så stor at det ikkje lenger har noko meining å operere med eit konkret utfall.

Forfattarane gjer ikkje nokon freistnad på slike feilanalyser. I staden brukar dei mykje spalteplass på å argumentere for at det kan vere nyttig å bruke modellar sjølv om usikkerheita er stor (og ukjent). Det er eg samd i. Men i slike tilfelle bør modellar brukast til å analysere og forstå effektar av endringar i ein eller eit avgrensa tal inngangsvariable. Å rekne ut eit fasitsvar med to desimalar etter å ha akkumulert usikkerheit over 80 år, bør ein vere varsam med, spesielt når ein ikkje har prøvd å kvantifisere usikkerheita.

Det er oljefondet som er «syndaren»
Utrekningane i rapporten bygger hovudsakleg på to enkle poeng:

  • Innvandring fører til at avkastninga av oljefondet må delast på fleire. Det skal ikkje mykje til å finne ut kva dette utgjer og at usikkerheita her er lita når ein har bestemt seg for ein prognose for innvandring og andre endringar i folketal. Dersom politikken skulle optimalisere for denne parameteren, så burde ein ikkje berre stoppe innvandringa, men også legge til rette for lågare fødselsrate, noko som knapt er aktuelt.
  • Innvandrarar og deira etterkommarar vil ha lågare yrkesdeltaking og lågare løn enn dei som har budd i landet i mange generasjonar. Her er samanhengane meir komplekse. På side 31 i rapporten står det:
    «Målt i neddiskonterte 2013-kroner per innbygger, reduseres både offentlige inntekter og utgifter som avhenger av demografiske forhold, som følge av realistiske inn- og utvandring. Frem til 2047 er inntektsreduksjonen størst, deretter er det motsatt. Uten SPU-avkastningen ville altså nettoinnvandringen styrket offentlige finanser på lang sikt.»

Det er altså det at vi må dele avkastninga av oljefondet på fleire, som gjer at innvandring (eller andre former for auke i folketalet) slår negativt ut på statsfinansane og dermed behov for auke i skatteinntektene. Dette har komme lite fram i den offentlege debatten.

Feilanalyse er spesielt viktig i samfunnsmodellar
Det er ein vesensforskjell mellom å modellere eit teknisk system og eit system som inkluderer menneskeleg oppførsel. Ein modell av eit teknisk system endrar ikkje systemet. Eventuelle feil i modellen kan justerast når ein får meir kunnskap. Modellar av samfunnet kan derimot påverke det området som blir modellert. Forbrukarar og samfunnsaktørar tilpassar seg det verkelegheita modellen presenterer. Dermed kan modellen få rett fordi samfunnet tilpassar seg modellen meir enn modellen blir forbetra for å tilpasse seg systemet den representerer. Prognoser er ein spesiell form for modellar som ofte har eit formål utover å gjette intelegent om framtida. Dei skal avdekke trendar og handlingsalternativ nettopp for å påverke samfunnet. Derfor er det ekstra viktig å analysere usikkerheit i slike modellar for å hindre overtolking og initiere uheldige handlingar. Forfattarane av innvandringsrekneskapen argumenterer derimot for at kvantitativ analyse av usikkerheit er meiningslaus i slike modellar.

Alf

Monica Bernal Sanchez – og dei andre

19062011276Gravide Monica Bernal Sanchez fra Ecuador har fått beskjed frå UNE om at ho må forlate landet seks dagar før ho har termin. Årsaka er at ektemannen har tent for lite til å få godkjent  at kona kan bli i landet.

Dette utvisingsvedtaket er uforståeleg og inhumant, og det har naturleg nok skapt sterke reaksjonar. Vener og nettverk har engasjert seg, og Fædrelandsvennen har daglege oppdateringar om saka. Politikarar frå ei rekke parti har komme på bana og lova at vedtaket skal bli endra. La oss vone dei får rett.

Men det er ei men i denne saka. Dette er ikkje eit arbeidsuhell som mange vil ha det til. Det er resultat av den innstrammingspolitikken dagens regjering står for. UNE seier til Fædrelandsvennen at det er mange andre i liknande situasjonar. Kampen for Monica Bernal Sanchez bør derfor utvidast til ein kamp for å endre reglane. Vi kan ikkje ha eit system her i landet der det gjeld eit sett med spelereglar for dei som har nettverk og kjem i avisa, og eit anna for resten.

Vi som har jobba med asyl- og innvandringspolitikk ei stund, har sett at det er eit felt med stort sprik mellom argumentasjonen i generelle saker og i enkeltsaker. FrP-politikarar som til dagleg kjempar for strengare asyl- og innvandringspolitikk og tøffare praktisering av reglane, kan gå på barrikadane for å hindre at enkeltpersonar dei kjenner, blir ramma av desse reglane.

Den blåblå regjeringa med FrP i spissen og KrF, Venstre og AP på slep, har gjennomført kraftige innstrammingar i asyl- og innvandringspolitikken, blant anna i reglane for å få familiemedlemmar hit til landet. I tillegg har dei ført ein retorikk som gjer det vanskeleg for saksbehandlarar å praktisere skjøn for å ta menneskeleg omsyn. Slikt blir av innvandringsminister Listhaug fordømt som naiv snillisme.

Det er bra at representantar for FrP, Høgre og KrF engasjerer seg for ei meir human avgjerd for dette ekteparet. Men det er ikkje bra om vi får ein praksis for dei som kjem i media, og ein for dei andre. Og det verkar mildt sagt litt populistisk nør vår argaste og mest ekstreme innvandringsmotstandar Kleppe plutseleg har eit anna syn når ei enkeltsak får medieoppslag.

Alf

Tillitskrise i Europa før flyktningstraumen

AkropolisEi påskehelg i Athen inspirerer til refleksjon over tilstanden til det demokratiet vi hyllar og tar for gitt. Byen som blir rekna som demokratiet si vogge, opplevde diktatur så seint som på syttitalet. I dag er Athen og Hellas i praksis sett under økonomisk administrasjon frå Brussel. Landet som har bore dei største byrdene med den store flyktningstraumen til Europa, må no finne seg i at EU tar styring over grensekontrollen deira. I mange europeiske land er tilliten til det politiske leiarskapet svekka, og folkestyret er under press.

Dei internasjonale kapitalkreftene utfordrar demokratiet i aukande grad. Globale konsern får etter kvart så stor makt at nasjonale folkevalde styresmakter må stå med hatten i handa og ta dei vilkåra dei blir bodne. Vi har lenge snakka om at globale konsern unndrar skatt for enorme summar i utviklingsland. Men dette skjer ikkje berre i fattige land. Det skjer over alt. Selskap som Google og Facebook tener store summar i Noreg, men dei betalar praktisk talt ikkje skatt.

Dei globale selskapa vrir seg unna ansvaret for det fellesskapet, og dei pressar demokratisk valde regjeringar i kne når dei prøver å krevje sin rett. Men den internasjonale kapitalen nøyer seg ikkje med den økonomiske makta som blir konsentrert på stadig færre hender. No vil kapitalkreftene også ha juridisk makt. Nye internasjonale avtaler som TTIP og TISA skal gi dei rett til å saksøkje demokratisk valde nasjonalforsamlingar for store summar om konserna ikkje får det som dei vil. Berre trusselen om slike søksmål set folkestyret under press.

Mange vil møte globaliseringa av kapitalen med overnasjonale organ som kan stå opp mot kapitalkreftene. Men denne strategien har ei nedside. Avstanden mellom veljarane og dei folkevalde bli lett for stor. Den offentlege samtalen mellom dei styrande og dei styrte manglar dialog, og samfunnstilliten som er ein føresetnad for eit livskraftig demokrati, forvitrar. Kombinert med ein økonomisk politikk som skaper større forskjellar, fører dette til aukande frustrasjon og eit høgare konfliktnivå, slik vi no ser i mange land i EU.

Tilliten blir ikkje betre av at fragrørsla må bøye nakken for kapitalkreftene og marknadsfundamentalismen. Når det oppstår konflikt mellom bedriftsinteresser og faglege interesser i eit EU-land, så dømmer EU-domstolen konsekvent til fordel for kapitalkreftene. Dei faglege rettane som skal verne arbeidsfolk mot overgrep, blir valsa ned. Fagrørsla som har kjempa fram sosiale rettar og ein betre fordelingspolitikk, misser si makt. Folk kjenner seg svikta og misser trua på politikarane og systemet.

Det politiske leiarskapet i eit land har etter kvart langt meir til felles med leiarane og eliten i andre land, enn med sine eigne veljarar. Dei er meir opptatt av kva som skjer i Brussel og på rikmannskonferansar i Sveits enn av kva som skjer i fattigstrøka i deira eige land.  Sjølv sosialdemokratiske leiarar kappast om å bli invitert til hemmelege møte i regi av Bildenberg og den økonomiske eliten. Landegrensene blir bygd ned, men dei blir erstatta av auka klasseskilje som går på tvers av landegrensene.

Når finanseliten spelar hasard med samfunnsverdiane våre slik vi såg under finanskrisa, så er det vanlege folk som får svi. Velferdsgode blir kutta og arbeidsløysa aukar, samtidig som dei rike blir rikare. I mange land veks store deler av ungdomskulla opp utan å komme i arbeid og bli i stand til å ta ansvar for sine liv. Frustrasjonen over denne utviklinga kjem no til overflata gjennom protestval mot det etablerte leiarskapet i land etter land.

Manglande samfunnstillit, aukande klasseskilje og politikarar som bøyer nakken for kapitalkreftene, er ei utfordring for folkestyret, og det er eit dårleg utgangspunkt for å møte nye utfordringar. Derfor ser vi no eit Europa som sviktar fundamentalt i møtet med den nye flyktningstraumen. Politikarane si manglande evne til å vise solidaritet og handlekraft kan få konsekvensar vi ikkje likar.  Vi kan lokke fram frå krokane krefter som har lite til overs for demokrati og folkestyre, men som kan tilby engasjement og enkle svar.

Den uroa og dei protestane vi no ser i mange land i Europa, har vakse fram over tid. Dei har ikkje oppstått med den store flyktningstraumen det siste året, og dei blir ikkje borte om Europa stengjer flyktningane ute og går på akkord med menneskerettane. Situasjonen må møtast med ein politikk for vanlege folk, ikkje for kapitalen og eliten – ein politikk som ikkje lar dei fattige ta dei største kostnadene i møte med dei nye utfordringane. Med ein slik solidarisk politikk kan venstresida i Europa gjenreise samfunnstilliten og revitalisere folkestyret.

Alf

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen 31. april.

Blått og iskaldt

ISDei siste dagane har det blå fleirtalet på stortinget gjort Noreg til eit kaldt land. Rike Noreg har sagt klart i frå om at dei som har det vanskelegast, får klare seg sjølv – og i alle fall ikkje komme her og uroe oss i vår rikdom.

Då dei fire partia som støttar regjeringa, skreiv under på samarbeidsavtalen sist haust, hadde den ein passus som få la merke til. Regjeringa skulle «prioritere kvoteflyktningar med størst sjanse for vellykka integrering». Eg prøvde å reise ein debatt om denne menneskesorteringa, men det blei blankt avvist som krisemaksimering.

No ser vi resultatet. Syria utgjer den største flyktningkatastrofen på lenge. To millionar menneske har flykta, og dei fattige nabolanda gjer ein formidabel innsats for å ta i mot dei som strøymer over grensene. Jordan har for eksempel tatt i mot seks hundre tusen syriske flyktningar. Den blå regjeringa fant berre rom for fattige tusen her i landet. Men det er ikkje det verste. Dei få som vi tar i mot, skal sorterast for ikkje å bli ein for stor belastning for rike Noreg.

I følgje media vil regjeringa berre ta i mot tjue syriske flyktningar med skadar som treng langvarig medisinsk handsaming. Dei som er fysisk og psykisk skada i krigshandlingane, får andre ta seg av. Noreg kan sjølvsagt ikkje løyse alle verdas problem. Men denne smålege menneskesorteringa for å unngå å få den dramatiske verdssituasjonen inn på livet gjer Noreg til eit kaldare og meir egoistisk land. Kan KrF og Venstre vere med på dette?

På toppen av dette har fleirtalet på Stortinget vedteke forbod mot tigging. Fattige skal ikkje lenger få be om hjelp. Fattigdom og naud må ikkje få forstyrre oss i vår velstand. Dei blå partia snakkar stadig om at vi ikkje kan forby alt som vi ikkje likar. Men det gjeld tydeleg vis ikkje retten til å be om hjelp. Mange juristar meiner jamvel at forbodet mot tigging kan vere brot på menneskerettane.

Vi har i det siste sett at den konservative tenketanken Civita har begynt å argumentere for at vi må akseptere større forskjellar her i landet. Det er ikkje uventa at høgresida og ei blå regjering tonar ned arbeidet for solidaritet og fordeling . Men at vi skulle få eit så kaldt samfunn som desse to sakene vitnar om, hadde eg ikkje trudd.

Alf

Dette innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Moske og menneskerettar

image

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 16. oktober.

I debatten om moske i Kristiansand har eg peika på at religionsfridom og retten til å praktisere sin religion er ein del av menneskerettane. Det går fram av artikkel 18 i FN si menneskerettserklæring og i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Den europeiske menneskerettskonvensjonen har liknande formuleringar i artikkel 9.

Dette har fått leiar i Stopp islamiseringa av Noreg, Arne Tumyr, til å rykke ut med eit av sine rabiate angrep på islam og underteikna. Det er ikkje noko nytt at Tumyr prøver å demonisere sine motstandarar. Du finn flust av slike angrep frå han og hans disiplar på Internett. Det som derimot uroar meg, er at parti som sit med makta i Kristiansand, ikkje er tydelegare på bana til støtte for denne delen av menneskerettane.

Den offentlege utgreiinga Det livssynsopne samfunn, NOU 2013:1, drøftar menneskerettar og religionsfridom. Eit samla utval, Stålsettutvalet, uttaler at: «Det er samtidig viktig at andre uttrykk får utvikle seg, blant annet ved at kommunale planmyndigheter opptrer imøtekommende ved bygging av f.eks. moskeer og templer.» Den politiske leiinga i Kristiansand kommune bør komme på bana med støtte til Stålsettutvalet på dette punktet og ikkje overlate debatten til Tumyr.

Alf

Toleranse og menneskerettar

image

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Mi støtte til planane om ein moske i Kristiansand har som venta skapt mange reaksjonar. Arne Tumyr lurer i eit innlegg her i avisa på om eg meiner muslimar skal få lov å praktisere sin religion her i landet. Svaret er ja.

Tumyr dreg fram sitat frå Koranen til støtte for sitt syn om at islam bryt med norsk lov. Eg er ingen spesialist på Koranen. Men også Bibelen har formuleringar som ikkje er i samsvar med dagens rettsoppfatning om vi tolkar dei bokstaveleg. Heldig vis er det slik her i landet at det ikkje er Tumyr eller eg som bestemmer kva som er brot på norsk lov. Det har vi eit rettssystem til. Tumyr får vende seg dit med sine påstandar om han meiner alvor.

Eg sluttar med til biskop Stein Reinertsen som støttar planane om ein moske, og som peikar på at religionsfridom og religionsutøving er ein menneskerett. Det som overraskar meg, er at dei som sit med makta i Kristiansand, ikkje har komme tydlegare ut med støtte til dette synet. Så er det mange av oss som kan love at vi skal drive aktiv religionskritikk overfor alle religionar når det er nødvendig. Det er også ein viktig menneskerett.

Alf

Kvar blei det av valfridomen og toleransen?

Bilde

Forslaget om ein minaret i Kristiansand har skapt storm. Det er ikkje grenser for kva argument som blir trekt fram i kampen mot dette prosjektet. Men biskop Stein Reinertsen held hovudet kaldt og prinsippa høgt. Han ser positivt på ein moske og viser til at det må vere rom for ulike religionar i byen vår. Dette er ein menneskrett seier han.

Desto meir skuffande er det å lese kommentarane frå dei blåblå partia som sit med makta her i byen. Desse partia har i heile valkampen snakka om valfridom og toleranse. Men når dei møter konkrete utfordringar, så sit tydeleg vis desse prinsippa laust. Gruppeleiaren i Høgre tyr jamvel til samanlikning med diktaturstatar for å grunngje sin skepsis.

Det kan diskuterast i kor stor grad det offentlege skal engasjere seg i religionsutøving i det offentlege rom. Men i eit land med religionsfridom må det vere rom for og like rettar for alle som følgjer norsk lov.

Alf