Gravide Monica Bernal Sanchez fra Ecuador har fått beskjed frå UNE om at ho må forlate landet seks dagar før ho har termin. Årsaka er at ektemannen har tent for lite til å få godkjent at kona kan bli i landet.
Dette utvisingsvedtaket er uforståeleg og inhumant, og det har naturleg nok skapt sterke reaksjonar. Vener og nettverk har engasjert seg, og Fædrelandsvennen har daglege oppdateringar om saka. Politikarar frå ei rekke parti har komme på bana og lova at vedtaket skal bli endra. La oss vone dei får rett.
Men det er ei men i denne saka. Dette er ikkje eit arbeidsuhell som mange vil ha det til. Det er resultat av den innstrammingspolitikken dagens regjering står for. UNE seier til Fædrelandsvennen at det er mange andre i liknande situasjonar. Kampen for Monica Bernal Sanchez bør derfor utvidast til ein kamp for å endre reglane. Vi kan ikkje ha eit system her i landet der det gjeld eit sett med spelereglar for dei som har nettverk og kjem i avisa, og eit anna for resten.
Vi som har jobba med asyl- og innvandringspolitikk ei stund, har sett at det er eit felt med stort sprik mellom argumentasjonen i generelle saker og i enkeltsaker. FrP-politikarar som til dagleg kjempar for strengare asyl- og innvandringspolitikk og tøffare praktisering av reglane, kan gå på barrikadane for å hindre at enkeltpersonar dei kjenner, blir ramma av desse reglane.
Den blåblå regjeringa med FrP i spissen og KrF, Venstre og AP på slep, har gjennomført kraftige innstrammingar i asyl- og innvandringspolitikken, blant anna i reglane for å få familiemedlemmar hit til landet. I tillegg har dei ført ein retorikk som gjer det vanskeleg for saksbehandlarar å praktisere skjøn for å ta menneskeleg omsyn. Slikt blir av innvandringsminister Listhaug fordømt som naiv snillisme.
Det er bra at representantar for FrP, Høgre og KrF engasjerer seg for ei meir human avgjerd for dette ekteparet. Men det er ikkje bra om vi får ein praksis for dei som kjem i media, og ein for dei andre. Og det verkar mildt sagt litt populistisk nør vår argaste og mest ekstreme innvandringsmotstandar Kleppe plutseleg har eit anna syn når ei enkeltsak får medieoppslag.
Alf