Category Archives: Uncategorized

Kunnskap om havet er kritisk for havvind

Nyleg kunne vi lese i Fædrelandsvennen at det blir etablert eit nasjonalt kompetansesenter for havvind i Kristiansand. Sørlandet har verdsleiande kompetanse på offshore teknologi, så senteret har gode føresetnader for å spele ei viktig rolle på dette området. Men den mest kritiske  og minst utvikla kompetansen for utbygging av havvind er innsikt i miljøkonsekvensane. Eit nasjonalt senter for havvind må derfor ha gode planar for utvikling av relevant miljøkompetanse dersom det skal bidra til ei berekraftig utvikling av offshore vindenergi.

Både Universitetet i Agder og næringslivet på Sørlandet har ein sterk posisjon innan offshoreteknologi. Regionen er kjend for godt samarbeid mellom akademia, næringslivet og offentleg sektor. Eit senter her har potensiale til å løfte fram ny teknologi og få ned kostnadene for produksjon av fornybar energi som er ein ettertrakta og knapp ressurs. Det kan bli eit verdifullt nav i  vidareutvikling av teknologi  og næringsliv på Sørlandet

Offshoreteknologi er ein viktig basis for offshore energiproduksjon. Men  teknologi er ikkje det mest kritiske for satsing på havvind. Den største utfordringa er å redusere dei negative konsekvensane for naturen og for andre næringar. Feilar vi her, kan det få alvorlege konsekvensar og føre til redusert legitimiteten for havvind og for det grøne skiftet meir generelt.

Vindkraft er hausting av naturen, og vi må ha god kunnskap om havet for å få eit godt resultat med så små skadeverknader som mogeleg. Vi må ha innsikt i vindforhold, fugletrekk, gyteområde, fiskeplassar og marine økosystem. Tekniske feil og manglar kan rettast opp. Men utbygging utan tilstrekkeleg kunnskap om natur og økosystem kan føre til varig skade. Det hastar med å bygge opp kunnskap som kan bidra til å minimalisere dei negative effektane av energiproduksjonen.

Kompetansen på offshoreteknologi har blitt utvikla over lang tid, først innan offshore oljeutvinning og så innan havvind. Men vi har ikkje hatt den same utviklinga for forsking på miljøkonsekvensar av offshore energiproduksjon. Havforskingsinstituttet er det tyngste fagmiljøet på dette området her i landet. Dei skriv på sine nettsider at vi har mangelfull kunnskap om konsekvensane for det marine økosystemet. Vi treng meir empirisk forsking på fleire områd. Både utbygging og drift av vindparkar har konsekvensar som må studerast nærare. 

Etter at vi fekk rapporten om mogelege område for havvind, har vi sett ein gryande debatt om denne satsinga. Mange er usikre på kva dei skal meine om offshore vindenergi. Dersom vi skal få ein god og kunnskapsbasert offentleg samtale om denne utviklinga, så treng vi allment anerkjent kunnskap om dei miljømessoge konsekvensane. Utan eit slikt faktagrunnlag kan vi få eit høgt konfliktnivå og gjere dårlege val. 

Solid kunnskap om miljøkonsekvensar er heilt grunnleggande for arbeidet med havvind. Vi har leiande teknologikompetanse på Sørlandet. Men står vi like sterkt når det gjeld kunnskap om konsekvensar for miljø og fiskeri? Eit nasjonalt kompetansesenter for havvind kan ikkje sjå bort i frå arbeidet med å utvikle relevant miljøkompetanse.

Leiinga i det nye senteret bør svare på korleis dei vil utvikle nødvendig kunnskap om miljøkonsekvensar av offshore energiproduksjon. Vil senteret bygge opp eigen kompetanse eller etablere nært samarbeid med andre fagmiljø også utanfor eigen region? Vil senteret legge press på sentrale styresmakter for å auke forskinga på dette området som er så kritisk for utvikling av havvind?

Alf Holmelid

ENOVA sviktar vanlege folk

Foto: Jan Oddvar Eide, Fædrelandsvennen

Solceller på bygningar er eit viktig tiltak for å skaffe oss nok fornybar energi og redusere straumrekninga til den enkelte husstand. I statsbudsjettet for inneverande år er det sett av midlar til støtte til energiøkonomisering og lokal energiproduksjon i bustader. Det statlege foretaket ENOVA som disponerer midlane, kvitterte ut med støtte til solceller på  bustader og hytter. Men overraskinga var stor då vi oppdaga at støtteordninga ikkje gjeld burettslag.

Energisparing og lokal energiproduksjon i bygg er dei mest miljøvennlege tiltaka for å skaffe den fornybare energien vi treng for å nå klimamåla våre og skape framtidsretta arbeidsplassar. Solceller på bygg kan gi 20 TWh som er det dobbelte av all vindkraftproduksjon her i landet. Ikkje alt dette vil bli realisert. Men i tillegg har vi eit stort potensiale for energiøkonomisering og andre lokale energikjelder som jordvarme. 

Det er eit stort paradoks at vi satsar så lite på å realisere dette energipotensialet. Mange snakkar om det, ikkje minst når naturinngrep ved andre tiltak for produksjon av fornybar energi står på dagsorden. Men det skjer svært lite. Det kan kanskje komme av at energisparing og lokal energiproduksjon er eit område som ikkje er av interesse for energiselskapa og kapitalkreftene. Med få unntak har heller ikkje politikarane engasjert seg. Resultatet er at vi går mot eit kraftunderskot her i landet.

I budsjettavtalen som sikra meir midlar til ENOVA, er det lagt vekt på å legge til rette for energiøkonomisering og lokal energiproduksjon i borettslag. Derfor er det underleg at nettopp burettslag ikkje får støtte til solceller, samtidig som hytter er tatt med i støtteordninga. Klima- og miljøministeren fekk nyleg spørsmål om ham ville ta initiativ til likebehandling mellom burettslag og huslydar. Men svaret var skuffande. Han såg ingen grunn til å fjerne forskjellsbehandlinga.

I svaret frå ministeren står det at «Enova er eit spesialverktøy for støtte til teknologiutvikling og marknadsintroduksjon av klima- og energiløysingar. Støtte fra Enova skal avlaste risiko og kostnader for dei som er først ute med å teste nye løysninger.» Men anlegg for villaer og hytter er vel ikkje meir innovative enn anlegg for burettslag, snarare tvert i mot. Dette verkar lite gjennomtenkt.

I Kristiansand har entusiastar frå Solenergiforeininga, Klimastiftelsen, Sørlandet Boligbyggelag og det politiske miljøet jobba for solcelleanlegg på bygg. Etter ein litt treg oppstart ser vi no at fleire burettslag viser interesse for å installere solceller. Då er det eit skot for baugen når først bystyret i Kristiansand og deretter ENOVA med støtte frå energi- og miljøministeren nedprioriterer nettopp burettslag. 

Svaret frå ministeren reiser også ei anna problemstilling. Det er bra at ENOVA satsar på teknologisk innovasjon. Men vi treng også insentiv til å ta i bruk etablert teknologi for å realisere det potensialet som ligg i energiøkonomisering og lokal energiproduksjon. Dersom dette ikkje inngår i mandatet til ENOVA, så bør vi endre mandatet, eller gi det til andre, for eksempel Husbanken. 

Utvidar vi mandatet frå teknologiutvikling til ei brei volumsatsing som kan utløyse 20TWh, så bør vi også tenkje på fordelingseffekten av denne ressursbruken. Både for den enkelte og for samfunnet er det viktig at det ikkje  berre er dei med god økonomi som kan ta del i denne satsinga. I statsbudsjettet er det sett av 100 millionar kroner til energitiltak i kommunale bustader. Det er ein godt sosialt tiltak, men vi må tenkje breiare om fordeling.

Vi må legge til rette for at alle kan delta i den klimavennlege energiomstillinga og få reduserte energikostnader. Det er mange måtar å gjere det på, og vi må diskutere ulike modellar for å oppnå god fordelingseffekt. Eit aktuelt tiltak er å gi rentefrie lån til dei som har låge og moderate inntekter. I tillegg til økonomiske insentiv er det viktig å ha lett tilgang til gratis rådgiving slik at ein ikkje treng vere ingeniør for å våge å satse.

No må det vere vanlege folk sin tur, både dei som bur i burettslag og dei som har moderate inntekter.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Best på miljø- og klimapolitikk

Dei siste vekene har vi fått fleire analyser av miljø- og klimapolitikken til dei politiske partia som kjempar om posisjonar på Stortinget. Miljøorganisasjonar har vurdert i kor stor grad partia har ein politikk som tar vare på naturen og bidrar til å nå klimamåla våre. Dette er spørsmål som er høgt oppe på prioriteringslista til mange veljarar dersom vi skal tru forskarane. Konklusjonen som vi kan dra av desse analysane, er klar. Dersom du vil ha regjeringsskifte og er opptatt av klima og miljø, så er SV eit godt val.

Naturvernforbundet har presentert ei brei vurdering av politikken til partia. Den dekkjer område som naturmangfald, forbruk, samferdsel og klima. Her kjem SV best ut følgt av MDG, Raudt og Venstre. Desse partia får grønt lys av Naturvernforbundet. Deretter kjem KrF og AP som får gult lys. Nedst på lista finn vi SP, Høgre og Frp som får raudt lys av miljøorganisasjonen. Gjennomgangen er detaljert og har mange interessante poeng. Du kan finne heile oversikten på nettsidene til Naturvernforbundet.

Energisparing er eit viktig element i arbeidet med å omstille oss frå fossil til fornybar energi. Det er store mengder energi å spare i bustader og andre bygg, men dette har diverre blitt lågt prioritert her i landet. Naturvernforbundet har derfor gjort ei spesiell vurdering av partia sin politikk for energismarte heimar. Her kjem SV på topp saman med MDG. Sist på lista finn vi SP, AP, Høgre og Frp. 

Klimapolitikken har forsvunne frå media i koronakrisa, trass i at vi stadig får nye rapportar som viser at vi står overfor store utfordringar.  Besteforeldra sin klimaaksjon er blant dei som held engasjementet oppe. Dei har gjennomført ei vurdering av sentrale punkt i partia sin klimapolitikk. I denne gjennomgangen kjem SV på topp saman med MDG og Raudt. Nedst finn vi Ap, SP, Høgre og FrP. 

Dei tre partivurderingane viser at SV ligg i front i miljø- og klimapolitikken. Men politikk er meir enn programformuleringar. SV har vist at partiet også får gjennomslag for viktige miljøsaker i praktisk politikk ,  så som naturmangfaldlova og nei til oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Vil du ha ny regjering og samtidig ønskjer ein framtidsretta miljø- og klimapolitikk, så bør du vurdere å stemme SV. Det ser du av dei partivurderingane som er omtalt her.

Alf

innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 18. juli med ein annan tittel

Industrien etter olja

254326_1894465555757_1065101434_31781809_6665618_nSame kva ein meiner om norsk oljepolitikk, så innser dei fleste at forbruk og produksjon av fossil energi vil gå mot null om nokre tiår. Det vil bli krevjande omstillingar for alle, men det vil bli ekstra utfordrande for Noreg. Oljeindustrien har ein dominerande plass i norsk næringsliv, og leverandørindustrien har ein sterk internasjonal posisjon. I tillegg til å legge om frå fossil til fornybar energi må vi utvikle næringar som kan kompensere for reduksjonen i sysselsetting og eksport.

I den politiske debatten er det eit sterkt fokus på offshore energi, spesielt flytande vindturbinar. Det er ei satsing eg støttar fullt ut.  Den kan dra nytte av kompetanse som er utvikla i oljeindustrien, og den ligg godt til rette for leverandørindustrien med sin internasjonalt leiande posisjon innan offshoreteknologi. Men offshore vind er ikkje nok. Skal vi skape arbeidsplassar og auke eksporten av industriprodukt for å kompensere for nedgangen i oljeaktiviteten, så må vi ha ei brei industrisatsing med fleire solide bein å stå på.

Prosessindustrien kan vidareutviklast som ein slik industripilar. Den bør få ein sentral plass i arbeidet for å bygge opp ein sterk industrisektor etter olja. Det har fleire årsaker. Bransjen har ein lang og sterk tradisjon her i landet, og den har klart seg heilskinna igjennom fleire omstillingar tidlegare. Mange av produkta frå norske prosessbedrifter er viktige byggesteinar i eit elektrifisert og fossilfritt samfunn, og norsk prosessindustri kan utvikle teknologi som kan få store positive klimakonsekvensar på verdsbasis.  

Inkrementell innovasjon har dominert teknologiutviklinga i prosessindustrien. Men som Enova-sjef Nakstad sa på årskonferansen, så treng vi no store og fundamentale teknologiskift. Den nye teknologien som Elkem og REC har utvikla for solcellesilisium, er eksempel på slike teknologisprang. No bør regjeringa gå i allianse med bransjen med målsetting om å utvikle metallproduksjon med null utslepp innan 2050. Det vil skape nye arbeidsplassar og ha stor effekt på dei globale klimautsleppa. Dessutan vil det styrke konkurransekrafta til bransjen i ei framtid der utbygging av fornybar energi i mange land kan gjer at rimeleg vasskraft ikkje lenger er eit konkurransefortrinn.

Prosessindustrien står for 20% av norsk eksport, men talet på sysselsette har gått noko ned dei ti siste åra. Industrien har i stor grad basert seg på  volumproduksjon og har i mindre grad satsa på å engasjere seg i vidareforedling. Men det er ikkje eintydig. Borregård og Elkem er eksempel på bedrifter som har satsa på utvikling av nye produkt i høgare prisklassar. I ein industristrategi for nye arbeidsplassar når oljeaktiviteten blir mindre, bør bransjen utfordrast til å engasjere seg lenger ut i verdikjeda.

Når oljealderen går mot slutten, må vi  skaffe oss ein industristrategi som ikkje berre er grøn, men som også skaper nye arbeidsplassar og aukar eksporten. I denne strategien bør prosessindustrien ha ein sentral plass. Staten og bransjen bør inngå ein forpliktande avtale der målet er null utslepp og dobling av sysselsettinga innan 2050.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag.

Støre bør gå for eit strategisk grønt oljefond

Bladt2Vi må venne oss til å seie at vårt pensjonsfond er ein politisk reiskap sa Jonas Gahr Støre på Zerokonferansen nyleg. Dette er ikkje noko revolusjonerande nytt. Oljefondet er politisk på fleire måtar. Men formuleringa har like vel skapt debatt og opna opp for å tenke nytt om disponering av oljefondet. Kan vi i større grad bruke deler av fondet til å fremme grøn teknologiutvikling og bidra til ein internasjonal marknad for bedrifter som satsar på ny grøn teknologi?

Ein del av oljefondet har alt i dag eit miljørelatert investeringsmandat som kan bidra til grøn næringsutvikling. Men som for resten av fondet er det mandat til finansielle investeringar. Fondet har ei grense for kor stor del av eit selskap det kan eige. Slike finansielle investeringar vil i avgrensa grad bidra til ny teknologiutvikling. Skal vi utløyse ny teknologi som kan forsere klimakampen og den grøne industriutviklinga, så må ein del av fondet brukast til strategiske investeringar.

Dagens klimapolitikk for industrien er i stor grad basert klimakvotar – eit verkemiddel som skal sikre kostnadseffektiv reduksjon i utslepp av klimagassar. Klimakvotar fremmar bruk av kjent teknologi og motiverer i mindre grad til offensiv utvikling av ny teknologi. Derfor treng vi strategiske investeringar i fornybar energi og grøn teknologi – investeringar som kan bidra til ein etterlengta ny giv i grøn næringsutvikling.

Investeringar i fornybar energi og miljøvennleg teknologi vil skape nye marknader for industrien. Noreg treng å auke eksporten av industrivarer når oljealderen går mot slutten, og norsk industri er teknologileiande på mange område. Vår offshoreindustri er verdsleiande, og vår tradisjonelle eksportretta prosessindustri er sterk på produktutvikling og berekraftig produksjon. Med vekst i den internasjonale marknaden for avansert grøn teknologi kan norsk kompetanse på desse og mange andre område skape nye arbeidsplassar.

Det er ikkje urimeleg at litt av den kapitalen som kjem frå utvinning av fossil energi, blir investert i teknologi for å redusere klimautsleppa. I tillegg til å vere eit kraftfullt miljøtiltak, så vil det bidra til å utvikle marknaden for grøn teknologi til beste for industri og sysselsetting. Støre bør vurdere å bruke noko av oljefondet til eit strategisk grønt oljefond som kan bidra til rettferdig grøn omstilling.

Alf

Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag

Vi bør lære av vår industrihistorie

MiljøognæringHeile 80% av norske bedrifter trur ikkje at dei kan gjere forretning på berekraft. Det viser ei undersøking som Nordea gjennomførte nyleg. Dette er skuffande tal – ikkje berre for klima og miljø, men for framtida til norsk industri og næringsliv. Vi står i fare for å komme bakpå i den omfattande omstillinga vi står overfor når oljealderen går mot slutten. Skal vi komme styrka gjennom denne dramatiske omstillinga, så må vi ligge i forkant med teknologiutvikling og posisjonering i nye marknader. Det har vår nære industrihistorie lært oss.

Satt litt på spissen så kan vi seie at miljøkrava på åttitalet var med på å redde norsk industri, ikkje minst prosessindustrien. Noreg var tidleg ute med miljøreguleringar, og vi fekk ei teknologiutvikling som styrka konkurransekrafta i tillegg til å redusere belastninga på miljøet. No er det brei semje om at vi står overfor ei større omstilling for norsk industri. Spørsmål er om vi også denne gangen klarer å vere tidleg ute og ta ein leiande posisjon som sikrar konkurranseevna.

Då miljøkrava kom på sytti- og åttitalet, møtte dei sterk motstand. Mange politikarar, bedriftsleiarar og tillitsvalde åtvara mot krava som dei meinte kunne rasere mange arbeidsplassar. Det var uheldig å ligge i front med strenge miljøkrav, blei det hevda. Konsekvensen ville bli auka kostnader, industridød og utflagging. Men miljøkrava kom – gradvis og i kombinasjon med støtteordningar. Industrien tok utfordringa, og det utløyste ei storstilt teknologiutvikling og eit omfattande kvalitetsarbeid.

I prosessindustrien som var min arbeidsplass på den tida, fekk vi eit teknologiløft som styrka konkurransekrafta i tillegg til å løyse miljøutfordringane. Den offensive teknologisatsinga førte til redusert energiforbruk og betre produktkvalitet. Som ein kollega av meg sa: då vi leita etter årsakene til skadelege utslepp, så fant vi ofte mange andre manglar i prosessen. Utan dei offensive miljøkrava og ei satsing som låg i forkant av andre industriland, så hadde vi knapt hatt ein konkurransedyktig prosessindustri i Noreg i dag.

Dette er erfaringar som vi må ta med oss inn i diskusjonen om den krevjande omstillinga vi no står overfor. Korleis skal vi møte reduksjonen i oljeaktiviteten på ein slik måte at vi kjem styrka ut som industrinasjon? Noko mindre ambisjon kan vi ikkje ha i ein situasjon der industrien sin del av sysselsettinga her i landet er under ti prosent for første gang på over 100 år. Feiler vi her, så kan vi misse det grøne industritoget og ende opp utan ein konkurransedyktig industri.

Det er ulike syn på når vi bør trappe ned og stanse norsk oljeaktivitet av omsyn til klimaet. Effekten av tiltak på tilbodssida er omstridt. Men uavhengig av klimaargumentet så vil industrien tene på å fronte den internasjonale omstillinga som alle veit vil komme. Vi bør ha lært av vår nære industrihistorie at det er dårleg industripolitikk å vente for lenge. Som på åttitalet må vi sikre oss at vi er tidleg ute og får eit teknologisk forsparang og ein god posisjon i dei nye marknadene.

Nyleg deltok eg på LO sin regionskonferanse i Agder. Der opplevde eg at ein sentral tillitsvald i LO løfta fram dei same argumenta. Are Tomasgard som er LO-sekretær og skal sitte i Arbeidarpartiet sin programkomite, heldt eit inspirerande innlegg om at vi må sjå dei nye trendane i teknologi og marknad før det er for seint. Det tar eg som eit positivt og viktig signal om at vi kan få ein diskusjon der fagrørsla arbeider aktivt for omstilling mens det enno er tid til å posisjonere seg i dei nye marknadene og sikre framtida for industrien.

Den gryande forståinga av at norsk industri vil tene på å ligge i front i den grøne omstillinga, kan skape ny dynamikk. Når desse tankane no også blir framført med entusiasme frå sentralt hald i LO, så er det von om at vi kan gå frå ord til handling. Det legge grunnlaget for at grøn omstillinga kan bli ein sentral berebjelke i ei ny raudgrøn regjering – ein berebjelke som er er løfta fram både av fagrørsla og miljørørsla. Som miljøkampen på åttitalet kan det grøne skiftet i dag bli eit sårt tiltrengt løft for norsk industri.

Alf

Innlegget er publiser av Energi og Klima i dag https://energiogklima.no/kommentar/gron-omstilling-vi-bor-laere-av-var-industrihistorie/

 

 

Usynleggjering av fagrørsla

fanerSist fredag hadde Fædrelandsvennen ein god og viktig artikkel om kvinner i leiande stillingar i Agder, ikkje minst i offentleg sektor. Artikkelen viser at kvinnene har gjort sitt inntog i sentrale posisjonar og styrer viktige samfunnsinstitusjonar i landsdelen. Det er ei interessant utvikling i ein landsdel der kvinner med barn inntil nyleg måtte forsvare å arbeide i full stilling. Men artikkelen har ein veikskap. Den inngår i ein trend med usynleggjering av representantar og perspektiv frå fagrørsla.

I artikkelen er regiondirektøren i NHO Agder ført opp på lista over mektige kvinner i Agder, og det er vel og bra. Men kvinna som har den tilsvarande posisjonen i LO Agder, er ikkje med på lista. NHO-direktøren er også intervjua i artikkelen, men LO som organiserer mange i offentleg sektor, er ikkje invitert til å uttale seg om forholda for kvinner som arbeider i sektoren. Vi finn også fleire rådmenn på lista over kvinner i leiande posisjonar, men ingen kvinner med sentrale faglege tillitsverv i kommunesektoren er med. Dette er ei påfallande neglisjering av representantar for fagrørsla som har ei sentral rolle i arbeidet for å utvikle arbeidsplassen og legge til rette for likestilling i arbeidslivet.

Dette er ikkje eit eingongstilfelle. I fjor hadde Fædrelandsvennen eit stort oppslag med oversikt over dyktige kvinner frå Agder – kvinner som ordføraren i Kristiansand meinte vi burde løfte fram til nasjonale posisjonar. Det var eit flott initiativ. Men heller ikkje den oversikten inneheld kvinner med bakgrunn frå fagrørsla. Eg tok kontakt med redaksjonen og utfordra avisa til å løfte fram personar med verv i fagrørsla for å få større mangfald og breidde i samfunnsdebatten, men det var lite respons å få.

Dette er to eksempel som stadfestar eit generelt inntrykk av at personar og perspektiv frå fagrørsla ikkje står i fremste rekke når Fædrelandsvennen dekkjer ulike forhold i samfunnet. Arbeidsgivarsida, næringsorganisasjonar og ulike samfunnsaktørar blir ofte kontakta når avisa tar opp sentrale samfunnsspørsmål, men synspunkt frå fagrørsla glimrar ofte med sitt fråvær. Dette er ei uheldig usynleggjering av arbeidstakarorganisasjonane og den rolla dei spelar i den norske samfunnsmodellen som er grunnlaget for velferdssamfunnet vårt.

Fagrørsla er ein heilt sentral aktør i arbeidet for likestilling på alle nivå i arbeidslivet. Det er fagrørsla som har kjempa fram eit ordna arbeidsliv som gir alle, både kvinner og menn, anledning til å utvikle seg i sitt yrke. Skal vi lukkast i arbeidet for likestilling, er innsatsen til fagrørsla heilt avgjerande. I dag står kampen blant anna om heile faste stillingar i kvinnedominerte yrke i offentleg sektor. La oss vone at Fædrelandsvennen i større grad enn hittil tar med fagrørsla i sine spaltar, ikkje minst i den vidare debatten om likestilling i arbeidslivet i Agder.

Alf

Innlegget har stått på trykk i Fædrelandsvennen

Den breie demokratiske samtalen

Electric Region Agder er ein spennande visjon som blir fronta av blant andre Nye Kristiansand kommune og Agder fylkeskommune. Ideen er at vi skal løfte fram våre ressursar og vår kompetanse på dette området for å utvikle næringslivet og styrke klimaarbeidet i regionen. Kristiansand kommune inviterer no til ein interessant konferanse om dette prosjektet. Men tidspunkt og deltakaravgift legg ikkje til rette for brei deltaking av interesserte borgarar.

Dette er ikkje eit eingongstilfelle. Konferansar om kollektivtransport er eit anna eksempel. Arrangement som er viktige for utviklinga av kommunen og regionen, blir lagt i arbeidstida og inkluderer ein god lunsj som gjer at kursavgift blir betydeleg. Dermed bli dei fleste deltakarane heildagspolitikarar og profesjonelle planleggarar som tar konferansen som ein del av jobben. Det skal mykje til at andre som ønskjer å engasjere seg i utviklinga av kommunen, vil ta seg fri frå jobb og i tillegg betale deltakaravgift.

Eg har forståing for at heildagspolitikarar og fagfolk som har planlegging som yrke, vil legge slike konferansar i arbeidstida. Dei har som alle andre behov for eit sosialt liv etter arbeidstid. Men omsynet til å nå breitt ut, bør også vektleggast. Det bør vere mogeleg å prøve seg fram med justerte opplegg. Ein kan for eksempel legge deler av konferansar med allmenn interesse etter arbeidstid. Nye Kristiansand kommune og den fusjonerte fylkeskommunen som begge skal utvikle ein ny felles identitet, bør legge seg i selen for å få folk med.

God samfunnsutvikling er avhengig engasjement og legitimitet blant innbyggjarane. Det er ikkje nok at ei gruppe profesjonelle planleggarar og heildagspolitikarar som stadig omgås kvarandre, blir samde om kva som er bra for kommunen og regionen. Når vi jobbar med visjonar og planer som vedgår mange, er det spesielt viktig å nå breitt ut – både for å få med ulike erfaringar, og for å sikre brei forankring for resultatet. Vår samfunnsmodell og vårt demokrati er bygd på medverking og tillit, og vi må skape arenaer for den breie demokratiske samtalen.
Alf Holmelid

Innlegget har stått på trykk i Fædrelandsvennen

Når dei høgreradikale haldningane siv inn i samfunnsdebatten

Fædrelandsvennen hadde sist torsdag ein liten notis nederst på side 22 der avisa ber om orsaking for å ha trykt ein tekst frå manifestet til terroristen Anders Behring Breivik. Teksten er sendt inn under pseudonym av programmedarbeidarar  i NRK. Andre aviser har avvist den same teksten, medan ein  høgreradikal nettstad har sleppt igjennom mange slike tekstar.

Poenget her er ikkje først og fremst at Fædrelandsvennen trykker teksten. Problemet er at dei høgreradikale meiningane som var heilt uakseptable for få år sidan, no har blitt så vanlege at vi har slutta å reagere. Dei høgreradikale nettavisene med sin hatretorikk og angrep på kvinner, homofile, venstresida og muslimar har oppnådd det dei vil, å flytte samfunnsdebatten mot høgre. Hatretorikken og konspirasjonsteoriane deira sprer seg frå sosiale media til tradisjonelle media. Det er dette Fædrelandsvennen og andre media bør ta opp og diskutere.

Etter 22. juli var haldninga at vi skulle heie fram alle stemmer. Vi måtte få grumset ut i frå krokane og fram i lyset. Då ville haldningane sprekke som trollet i sola. Men det motsette har skjedd. Du skal ikkje vere lenge på sosiale media før du ser at hatretorikken og konspirasjonsteoriane har blomstra. Har vi vore for naive? Eg etterlyser ikkje sensur, men refleksjon. Vi må slutte å snakke om at alle sider er like ille og at alle synspunkt må heiast fram for balansen si skuld. Vald er ikkje likeverdig med demokrati. Hat er ikkje likeverdig med argumentasjon. Løgn er ikkje likeverdig med fakta.

Mange ser på hatretorikken på sosiale media som uttrykk for ein frustrasjon. Men det er ikkje så enkelt. Retorikken og konspirasjonsteoriane er ofte utvikla av godt skolerte ideologer som har klare politiske mål med brodd mot venstresida, kvinner, muslimar og klimaforkjemparar. Eit omgrep som kulturmarxist blei utvikla og brukt av ytre høgre i USA for å stemple  venstresida og unngå å debattere sak. Mange av strengane med hatytringar på sosiale media er starta av sentrale aktørar som fiskar etter slike reaksjonar. 

Metodane som NRK har brukt, kan sikkert diskuterast. Men la oss vone at det ikkje blir hovedsaka i debatten. Temaet er for alvorleg til det. Korleis møter vi hatretorikk og konspirasjonsteoriar? Kva gjer det med samfunnsdebatten og med dei personane og gruppene som det går ut over?

Alf Holmelid 

Bloggprosjektet kapittel 2 – Det er resultatet som tel i miljøkampen

AlfHolmelidMiljøavgifter og miljøreguleringar er ikkje eit mål i seg sjølv. Det er eit verkemiddel for å redusere belastningar på miljøet. Det finst ikkje nokon vidunderkur eller noko universelt riktig løysing. Skal vi redde miljøet før det er for seint, må vi bruke eit sett av tiltak tilpassa dei konkrete utfordringane vi står overfor. Derfor kan det vere grunn til å sjå litt nærare på ulike verkemiddel i miljøpolitikken. Verken sosialøkonomar eller dei som «har skoen på» har noko fasitsvar.

Reguleringar funkar
Då miljøkampen skaut fart for tretti førti år sidan, blei det eit sterkt fokus på skadelege utslepp til luft og vatn. Industrien protesterte, men resultatet blei strengare regulering av utslepp administrert av Statens forureiningstilsyn, SFT, som det heitte den gangen. Eit tilfelle eg kjenner godt til, er fjerninga av røyken frå silisium- og ferrosilisiumverk. Her blei utsleppskrava gradvis skrudd til, og det kom støtteordningar som fritak for investeringsavgift.

Industrien hadde ikkje noko anna val enn å skaffe seg ny reinseteknologi.  I løpet av eit par tiår var all røyken frå norske verk fanga opp. Dei bedriftene som låg i front, tente dessutan pengar på reinseteknologi og på foredling av «røyken» til høgverdige produkt. Gradvis innskjerping av utsleppskonsesjonar har også gitt gode resultat for andre farlege utslepp frå industrien.

I eit reguleringsregime er det ikkje ei økonomisk kalkyle som avgjer når bedrifta må setje inn reinsetiltak. Dei må gå rett på sak og leite etter ny teknologi om dei ønskjer å overleve, noko som kan bringe oss raskt til målet. Dei vi har omtalt her, er lokal forureining. Vi kan ikkje utan vidare overføre erfaringane til utslepp som har regionale og globale effektar. Men vi har også eksempel på at reguleringar har fungert godt på slike utslepp.

ozonI 1985 fekk vi den internasjonale konvensjonen om reduksjon av ozonreduserande stoff. Montrealprotokollen, som er ein del av ozonkonvensjonen, har forpliktande utfasingsregime av ozonreduserande stoffer for alle verdens land. Utfasinga blir regulert gjennom forbod mot produksjon, import og eksport. No er 98 prosent av alle stoffa som er omfatta av protokollen, fasa ut.

Dette er erfaringar vi bør ta med oss, blant anna når vi skal avkarbonisere transportsektoren som er vår største klimasyndar i dag. Reguleringar bør vurderast i tillegg til avgifter og økonomiske insentiv.

 

Øyremerking er omdiskutert
Miljøforskingsinstituttet CICERO har gjennomført undersøkingar som viser at øyremerking av miljøavgifter til miljøtiltak aukar aksepten for høgare miljøavgifter. Mange sosialøkonomar er derimot svært skeptiske til øyremerking som dei meiner fører til dårlegare kostnadseffektivitet og redusert politisk handlingsfridom.

NOX2NOX-fondet er eit eksempel på øyremerking av ei miljøavgift. I staden for ei avgift til statskassa, blir det betalt inn ei avgift til eit fond som deler ut midlar til teknologiinvesteringar som reduserer utslepp av NOX. Næringslivet meiner systemet har gitt god resultatoppnåing. Det blir imøtegått i ein artikkel av Hagem, Holtsmark og Sterner i Samfunnsøkonomen nr 2/2014, men dei har forståing for at det kunne ha vore vanskeleg å få gjennomslag for ei slik avgift utan øyremerking.

Miljøbyavtalene som skal redusere bilismen i byar, har også element av øyremerking, noko eg kjem tilbake til.

 

Grøne skattar bør differensierast og supplerast
Dette avsnittet er ein omarbeida versjon av eit debattinnlegg i eit notat om grøn næringsutvikling. I notatet finn du også ein alternativ innfallsvinkel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERANorsk klimapolitikk har hatt eit sterk fokus på kostnadseffektivitet (CICERO Report 2013/02). Sidan midten av 2000-talet har den endra seg noko i retning av eit større mangfald av tiltak og verkemiddel, og dagens karbonpris varierer ein god del mellom sektorane. Grøn skattekomisjon ( NOU 215: 15) foreslår å gå tilbake til eit sterkare fokus på kostnadseffektiv. Men er det vegen å gå? Klimaproblemet krev eit mangfald av tiltak og verkemiddel, der målet om rask omstilling til eit nullutsleppssamfunn må ha prioritet. Vi må ikkje gløyme at vi har svært kort tid til rådvelde og derfor treng raske og store endringar.

Eit avgiftssystem med fokus på kostnadseffektivitet utløyser ikkje nødvendig vis dei store paradigmeskifta og dei store teknologispranga som vi treng for å nå nullutsleppssamfunnet i tide. Slike endringar kan krevje politiske føringar som ikkje nødvendig vis er kostnadseffektive på kort sikt. Eksempel på dette er den sterke subsidieringa av solenergi i Tyskland. Den var lite kostnadseffektiv på kort sikt, men har etter kvart revolusjonert energiforsyninga globalt og skapt grøn industri også i Noreg. Eit anna eksempel er subsidieringa av El-bilar i Noreg.

Forslaget frå grøn skattekommisjon om harmonisering av nivået på norske karbonavgifter vil i første omgang føre til reduksjon i avgiftene for dei sektorane som har størst utslepp, og som har vist evne til teknologiutvikling, nemleg oljeproduksjon og samferdsel.

I staden for eit stringent prinsipp om lik karbonpris på tvers av sektorar, så bør vi gjere ei konkret vurdering av ulike sektorar. Ei slik vurdering bør blant anna omfatte forhold som barrierar, endringsevne, legitimitet og potensiale for teknologisprang og grøn næringsutvikling.

I mange tilfelle kan det  vere fornuftig å kombinere avgifter med andre tiltak for å oppnå ønska effekt og legitimitet. Auka CO2-avgift for fiskefartøy kan for eksempel kombinerast med auka fiskarfrådrag. Det vil motivere til energieffektivitet utan uheldige fordelingseffektar. Auka rushtidsavgift i byar må kombinerast med eit godt kollektivtilbod og tilrettelegging for gang og sykkel, om avgiftene skal få effekt og legitimitet.

Avgifter må inngå som ein del av ein heilskapleg strategi for omstilling av samfunnet. Som basis for denne omstillingsprosessen må det ligge ein effektiv fordelingspolitikk som har brei legitimitet. I motsett fall blir det vanskeleg å få folk med på vår tids største og viktigaste dugnad. Derfor er ein raud politikk ein viktig basis for den grøne omstillinga. Diverre går fordelingspolitikken i gal retning i dag, noko som også vil skade evna til grøn omstilling.

 

Kvotesystemet (ETS) fremmar ikkje teknologiutvikling
Dette avsnittet er ein forkorta versjon av eit innlegg som har stått på trykk i Klassekampen og som er lagt ut på min blogg.

Hordaland1Klimakvotar er eit omstridd verkemiddel for å få ned klimautsleppa. Noreg har kopla seg til kvotesystemet i EU, og mange er redd for at politikarane feigar ut og ikkje senkar kvotetaket raskt nok. Men det er ein annan effekt av klimakvotane som har gått under radaren. Kvotesystemet kan bli eit alvorleg trugsmål mot den langsiktige industriutviklinga her i landet.

Norsk prosessindustri er verdsleiande med moderne teknologi og høg produktivitet. Det kjem blant anna av at vi var tidleg ute med strenge miljøkrav. Utan denne tidlege satsinga på miljøteknologi hadde vi knapt hatt ein moderne industri her i landet. Når vi no skal møte klimautfordringane, så har vi derimot valt ein strategi som kan føre til at norsk industri misser sin posisjon som teknologisk spydspiss.

Den grunnleggande ideen i kvotesystemet er at vi skal redusere utsleppa der det kostar minst. Det stimulerer til å ta i bruk kjent teknologi i heile kvoteområdet framfor å satse på ny innovativ teknologi der ein ligg i teknologifronten. I praksis betyr det å investere i land med eit lågt teknologisk nivå framfor å bruke pengar på avansert teknologi i Noreg.

Det europeiske kvotesystemet kan vere bra for norsk industri på kort sikt. Systemet kan i første omgang hindre utflagging eller såkalla karbonlekkasje ved at bedriftene får same rammevilkår som europeiske konkurrentar. Men det kan bli ei kortsiktig glede. På litt lengre sikt vil det føre til at vi misser vårt hardt tilkjempa teknologiske konkurransefortrinn. I sin ytste konsekvens kan det føre til ei avindustrialisering av Noreg.

Norsk industri har overlevd ved å ligge i teknologifronten. Framtidsretta miljøkrav har medverka til denne posisjonen. Kvotesystemet vil ikkje på same måte stimulere til teknologisk pionerskap. Skal norsk industri overleve, må vi ta i bruk andre verkemiddel. Teknologiordninga i Innovasjon Noreg og støtteordningane i ENOVA er viktige. Det same er den nye støtteordninga til testlabar, Katapult-ordninga, om den får nok midlar.

Kvotesystemet inneber at reduserte utslepp ein plass, kan gi auka utslepp ein anna plass, dersom politikarane ikkje strammar inn raskt nok. Dette blir flittig bruk i den offentlege debatten når nokon vil bruke ekstra midlar for å få ned utslepp i kvotepliktig sektor. For å unngå at denne retorikken hemmar teknologiutviklinga må vi arbeide for ordningar som kan trekkje kvotar ut av kvotemarknaden.

 

Opphavsgaranti – miljøtiltak under falskt flagg
For ei tid sidan skreiv eg eit innlegg i Fædrelandsvennen og Klassekampen om eit falskt miljøtiltak. Energiverk som produserer vasskraft eller anna fornybar kraft kan selje garafossnti for at du brukar rein kraft, såkalla opphavsgaranti, for ei energimengde som svarar til den mengda dei produserer. Men det er ikkje krav om at det skal følgje rein kraft med desse garantiane.

Denne underlege konstruksjonen var eit tiltak som EU innførte for å skaffe produsentar av sol- og vindenergi litt ekstra inntekter til teknologiutvikling. Men her i landet der det meste av den fornybare krafta er vasskraft, har denne ordninga ingen slik funksjon. Vasskrafta er meir enn lønsam nok i utgangspunktet. Derimot fører dette til at krafta i det norske nettet blir rekna som skitten fordi opphavsgarantiane er selde til utlandet. Det er til skade for norsk prosessindustri som dermed blir mindre rein.

Eg tar med dette eksempelet blant anna for å vise det eg sa innleiingsvis i denne bloggen. Alle miljøtiltak må vurderast kritisk i forhold til den konkrete situasjonen ein står overfor. Og ein kan ikkje utan vidare stole på dei som står midt oppe i situasjonen, og som har sine eigne interesser å ivareta. Etter at eg tok opp denne saka, har mange stilt seg bak kravet om at ordninga må fjernast.

 

Mangel på andre tiltak pressar fram høge rushtidsavgifter

Dette avsnittet er ein forkorta og omskriven versjon av eit innlegg som har stått i Fædrelandsvennen.

Buss_c3Kristiansand kommune har som mål å stoppe veksten i biltrafikken, men til dagleg gjer vi vårt beste for å auke bilbruken.  Vi satsar titals milliardar på vegutbygging. Vi bygger nytt stort parkeringshus i sentrum. Vi legg nye utbyggingsområde langt borte frå kollektivtraseane, og vi planlegg ny hamn utan jernbanespor. Alt dette fører til kraftig auke i biltrafikken. Resultatet av den uvettige planlegginga og den  offensive vegbygginga er at vi må skru opp bompengane meir enn elles for å få ned biltrafikken.

Skal vi tru grunnlagsdokumentet for bymiljøavtalen så vil det bli svært vanskelig å nå nullvekstmålet dersom Kristiansand vidarefører dagens utbyggingspolitikk. Sjølv om  vi klarer å finansiere eit godt kollektivtilbod, så vil det neppe bli brukt i tilstrekkelig grad, heiter det. I tillegg til ein uvettig utbyggingspolitikk, snakkar ein no om å gjere Agder til ein felles bu og arbeidsregion. Alt dette vil auke biltrafikken ytterlegare.

Det som skjer i Kristiansand er eit klassisk eksempel på kva ein ikkje skal gjere om ein ønskjer å skape legitimitet for miljøavgifter. Når avgiftsnivået må aukast ekstra for å kompensere for mangel på andre tiltak, får det uheldige fordelingseffektar som reduserer legitimiteten og aksepten. Derfor er det på tide å sjå kva slag regulatoriske tiltak som kan gjerast for å redusere biltrafikken, så som færre parkeringsplassar, sterkare kollektivprioritering og betre arealplanlegging. Og som omtalt tidlegare i denne bloggen, kan vi auke legitimiteten ved øyremrking. I dette tilfellet betyr det at rushtidsavgifta må øyremerkast til kollektivtransport. Som vi eg også har omtalt tidlegare, er legitimiteten av miljøagifter avhengig av at vi har ein god forelingspolitikk i botnen.