Tag Archives: metallproduksjon

Industrien etter olja

254326_1894465555757_1065101434_31781809_6665618_nSame kva ein meiner om norsk oljepolitikk, så innser dei fleste at forbruk og produksjon av fossil energi vil gå mot null om nokre tiår. Det vil bli krevjande omstillingar for alle, men det vil bli ekstra utfordrande for Noreg. Oljeindustrien har ein dominerande plass i norsk næringsliv, og leverandørindustrien har ein sterk internasjonal posisjon. I tillegg til å legge om frå fossil til fornybar energi må vi utvikle næringar som kan kompensere for reduksjonen i sysselsetting og eksport.

I den politiske debatten er det eit sterkt fokus på offshore energi, spesielt flytande vindturbinar. Det er ei satsing eg støttar fullt ut.  Den kan dra nytte av kompetanse som er utvikla i oljeindustrien, og den ligg godt til rette for leverandørindustrien med sin internasjonalt leiande posisjon innan offshoreteknologi. Men offshore vind er ikkje nok. Skal vi skape arbeidsplassar og auke eksporten av industriprodukt for å kompensere for nedgangen i oljeaktiviteten, så må vi ha ei brei industrisatsing med fleire solide bein å stå på.

Prosessindustrien kan vidareutviklast som ein slik industripilar. Den bør få ein sentral plass i arbeidet for å bygge opp ein sterk industrisektor etter olja. Det har fleire årsaker. Bransjen har ein lang og sterk tradisjon her i landet, og den har klart seg heilskinna igjennom fleire omstillingar tidlegare. Mange av produkta frå norske prosessbedrifter er viktige byggesteinar i eit elektrifisert og fossilfritt samfunn, og norsk prosessindustri kan utvikle teknologi som kan få store positive klimakonsekvensar på verdsbasis.  

Inkrementell innovasjon har dominert teknologiutviklinga i prosessindustrien. Men som Enova-sjef Nakstad sa på årskonferansen, så treng vi no store og fundamentale teknologiskift. Den nye teknologien som Elkem og REC har utvikla for solcellesilisium, er eksempel på slike teknologisprang. No bør regjeringa gå i allianse med bransjen med målsetting om å utvikle metallproduksjon med null utslepp innan 2050. Det vil skape nye arbeidsplassar og ha stor effekt på dei globale klimautsleppa. Dessutan vil det styrke konkurransekrafta til bransjen i ei framtid der utbygging av fornybar energi i mange land kan gjer at rimeleg vasskraft ikkje lenger er eit konkurransefortrinn.

Prosessindustrien står for 20% av norsk eksport, men talet på sysselsette har gått noko ned dei ti siste åra. Industrien har i stor grad basert seg på  volumproduksjon og har i mindre grad satsa på å engasjere seg i vidareforedling. Men det er ikkje eintydig. Borregård og Elkem er eksempel på bedrifter som har satsa på utvikling av nye produkt i høgare prisklassar. I ein industristrategi for nye arbeidsplassar når oljeaktiviteten blir mindre, bør bransjen utfordrast til å engasjere seg lenger ut i verdikjeda.

Når oljealderen går mot slutten, må vi  skaffe oss ein industristrategi som ikkje berre er grøn, men som også skaper nye arbeidsplassar og aukar eksporten. I denne strategien bør prosessindustrien ha ein sentral plass. Staten og bransjen bør inngå ein forpliktande avtale der målet er null utslepp og dobling av sysselsettinga innan 2050.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag.