Category Archives: Bloggprosjektet

Bloggprosjektet kapittel 2 – Det er resultatet som tel i miljøkampen

AlfHolmelidMiljøavgifter og miljøreguleringar er ikkje eit mål i seg sjølv. Det er eit verkemiddel for å redusere belastningar på miljøet. Det finst ikkje nokon vidunderkur eller noko universelt riktig løysing. Skal vi redde miljøet før det er for seint, må vi bruke eit sett av tiltak tilpassa dei konkrete utfordringane vi står overfor. Derfor kan det vere grunn til å sjå litt nærare på ulike verkemiddel i miljøpolitikken. Verken sosialøkonomar eller dei som «har skoen på» har noko fasitsvar.

Reguleringar funkar
Då miljøkampen skaut fart for tretti førti år sidan, blei det eit sterkt fokus på skadelege utslepp til luft og vatn. Industrien protesterte, men resultatet blei strengare regulering av utslepp administrert av Statens forureiningstilsyn, SFT, som det heitte den gangen. Eit tilfelle eg kjenner godt til, er fjerninga av røyken frå silisium- og ferrosilisiumverk. Her blei utsleppskrava gradvis skrudd til, og det kom støtteordningar som fritak for investeringsavgift.

Industrien hadde ikkje noko anna val enn å skaffe seg ny reinseteknologi.  I løpet av eit par tiår var all røyken frå norske verk fanga opp. Dei bedriftene som låg i front, tente dessutan pengar på reinseteknologi og på foredling av «røyken» til høgverdige produkt. Gradvis innskjerping av utsleppskonsesjonar har også gitt gode resultat for andre farlege utslepp frå industrien.

I eit reguleringsregime er det ikkje ei økonomisk kalkyle som avgjer når bedrifta må setje inn reinsetiltak. Dei må gå rett på sak og leite etter ny teknologi om dei ønskjer å overleve, noko som kan bringe oss raskt til målet. Dei vi har omtalt her, er lokal forureining. Vi kan ikkje utan vidare overføre erfaringane til utslepp som har regionale og globale effektar. Men vi har også eksempel på at reguleringar har fungert godt på slike utslepp.

ozonI 1985 fekk vi den internasjonale konvensjonen om reduksjon av ozonreduserande stoff. Montrealprotokollen, som er ein del av ozonkonvensjonen, har forpliktande utfasingsregime av ozonreduserande stoffer for alle verdens land. Utfasinga blir regulert gjennom forbod mot produksjon, import og eksport. No er 98 prosent av alle stoffa som er omfatta av protokollen, fasa ut.

Dette er erfaringar vi bør ta med oss, blant anna når vi skal avkarbonisere transportsektoren som er vår største klimasyndar i dag. Reguleringar bør vurderast i tillegg til avgifter og økonomiske insentiv.

 

Øyremerking er omdiskutert
Miljøforskingsinstituttet CICERO har gjennomført undersøkingar som viser at øyremerking av miljøavgifter til miljøtiltak aukar aksepten for høgare miljøavgifter. Mange sosialøkonomar er derimot svært skeptiske til øyremerking som dei meiner fører til dårlegare kostnadseffektivitet og redusert politisk handlingsfridom.

NOX2NOX-fondet er eit eksempel på øyremerking av ei miljøavgift. I staden for ei avgift til statskassa, blir det betalt inn ei avgift til eit fond som deler ut midlar til teknologiinvesteringar som reduserer utslepp av NOX. Næringslivet meiner systemet har gitt god resultatoppnåing. Det blir imøtegått i ein artikkel av Hagem, Holtsmark og Sterner i Samfunnsøkonomen nr 2/2014, men dei har forståing for at det kunne ha vore vanskeleg å få gjennomslag for ei slik avgift utan øyremerking.

Miljøbyavtalene som skal redusere bilismen i byar, har også element av øyremerking, noko eg kjem tilbake til.

 

Grøne skattar bør differensierast og supplerast
Dette avsnittet er ein omarbeida versjon av eit debattinnlegg i eit notat om grøn næringsutvikling. I notatet finn du også ein alternativ innfallsvinkel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERANorsk klimapolitikk har hatt eit sterk fokus på kostnadseffektivitet (CICERO Report 2013/02). Sidan midten av 2000-talet har den endra seg noko i retning av eit større mangfald av tiltak og verkemiddel, og dagens karbonpris varierer ein god del mellom sektorane. Grøn skattekomisjon ( NOU 215: 15) foreslår å gå tilbake til eit sterkare fokus på kostnadseffektiv. Men er det vegen å gå? Klimaproblemet krev eit mangfald av tiltak og verkemiddel, der målet om rask omstilling til eit nullutsleppssamfunn må ha prioritet. Vi må ikkje gløyme at vi har svært kort tid til rådvelde og derfor treng raske og store endringar.

Eit avgiftssystem med fokus på kostnadseffektivitet utløyser ikkje nødvendig vis dei store paradigmeskifta og dei store teknologispranga som vi treng for å nå nullutsleppssamfunnet i tide. Slike endringar kan krevje politiske føringar som ikkje nødvendig vis er kostnadseffektive på kort sikt. Eksempel på dette er den sterke subsidieringa av solenergi i Tyskland. Den var lite kostnadseffektiv på kort sikt, men har etter kvart revolusjonert energiforsyninga globalt og skapt grøn industri også i Noreg. Eit anna eksempel er subsidieringa av El-bilar i Noreg.

Forslaget frå grøn skattekommisjon om harmonisering av nivået på norske karbonavgifter vil i første omgang føre til reduksjon i avgiftene for dei sektorane som har størst utslepp, og som har vist evne til teknologiutvikling, nemleg oljeproduksjon og samferdsel.

I staden for eit stringent prinsipp om lik karbonpris på tvers av sektorar, så bør vi gjere ei konkret vurdering av ulike sektorar. Ei slik vurdering bør blant anna omfatte forhold som barrierar, endringsevne, legitimitet og potensiale for teknologisprang og grøn næringsutvikling.

I mange tilfelle kan det  vere fornuftig å kombinere avgifter med andre tiltak for å oppnå ønska effekt og legitimitet. Auka CO2-avgift for fiskefartøy kan for eksempel kombinerast med auka fiskarfrådrag. Det vil motivere til energieffektivitet utan uheldige fordelingseffektar. Auka rushtidsavgift i byar må kombinerast med eit godt kollektivtilbod og tilrettelegging for gang og sykkel, om avgiftene skal få effekt og legitimitet.

Avgifter må inngå som ein del av ein heilskapleg strategi for omstilling av samfunnet. Som basis for denne omstillingsprosessen må det ligge ein effektiv fordelingspolitikk som har brei legitimitet. I motsett fall blir det vanskeleg å få folk med på vår tids største og viktigaste dugnad. Derfor er ein raud politikk ein viktig basis for den grøne omstillinga. Diverre går fordelingspolitikken i gal retning i dag, noko som også vil skade evna til grøn omstilling.

 

Kvotesystemet (ETS) fremmar ikkje teknologiutvikling
Dette avsnittet er ein forkorta versjon av eit innlegg som har stått på trykk i Klassekampen og som er lagt ut på min blogg.

Hordaland1Klimakvotar er eit omstridd verkemiddel for å få ned klimautsleppa. Noreg har kopla seg til kvotesystemet i EU, og mange er redd for at politikarane feigar ut og ikkje senkar kvotetaket raskt nok. Men det er ein annan effekt av klimakvotane som har gått under radaren. Kvotesystemet kan bli eit alvorleg trugsmål mot den langsiktige industriutviklinga her i landet.

Norsk prosessindustri er verdsleiande med moderne teknologi og høg produktivitet. Det kjem blant anna av at vi var tidleg ute med strenge miljøkrav. Utan denne tidlege satsinga på miljøteknologi hadde vi knapt hatt ein moderne industri her i landet. Når vi no skal møte klimautfordringane, så har vi derimot valt ein strategi som kan føre til at norsk industri misser sin posisjon som teknologisk spydspiss.

Den grunnleggande ideen i kvotesystemet er at vi skal redusere utsleppa der det kostar minst. Det stimulerer til å ta i bruk kjent teknologi i heile kvoteområdet framfor å satse på ny innovativ teknologi der ein ligg i teknologifronten. I praksis betyr det å investere i land med eit lågt teknologisk nivå framfor å bruke pengar på avansert teknologi i Noreg.

Det europeiske kvotesystemet kan vere bra for norsk industri på kort sikt. Systemet kan i første omgang hindre utflagging eller såkalla karbonlekkasje ved at bedriftene får same rammevilkår som europeiske konkurrentar. Men det kan bli ei kortsiktig glede. På litt lengre sikt vil det føre til at vi misser vårt hardt tilkjempa teknologiske konkurransefortrinn. I sin ytste konsekvens kan det føre til ei avindustrialisering av Noreg.

Norsk industri har overlevd ved å ligge i teknologifronten. Framtidsretta miljøkrav har medverka til denne posisjonen. Kvotesystemet vil ikkje på same måte stimulere til teknologisk pionerskap. Skal norsk industri overleve, må vi ta i bruk andre verkemiddel. Teknologiordninga i Innovasjon Noreg og støtteordningane i ENOVA er viktige. Det same er den nye støtteordninga til testlabar, Katapult-ordninga, om den får nok midlar.

Kvotesystemet inneber at reduserte utslepp ein plass, kan gi auka utslepp ein anna plass, dersom politikarane ikkje strammar inn raskt nok. Dette blir flittig bruk i den offentlege debatten når nokon vil bruke ekstra midlar for å få ned utslepp i kvotepliktig sektor. For å unngå at denne retorikken hemmar teknologiutviklinga må vi arbeide for ordningar som kan trekkje kvotar ut av kvotemarknaden.

 

Opphavsgaranti – miljøtiltak under falskt flagg
For ei tid sidan skreiv eg eit innlegg i Fædrelandsvennen og Klassekampen om eit falskt miljøtiltak. Energiverk som produserer vasskraft eller anna fornybar kraft kan selje garafossnti for at du brukar rein kraft, såkalla opphavsgaranti, for ei energimengde som svarar til den mengda dei produserer. Men det er ikkje krav om at det skal følgje rein kraft med desse garantiane.

Denne underlege konstruksjonen var eit tiltak som EU innførte for å skaffe produsentar av sol- og vindenergi litt ekstra inntekter til teknologiutvikling. Men her i landet der det meste av den fornybare krafta er vasskraft, har denne ordninga ingen slik funksjon. Vasskrafta er meir enn lønsam nok i utgangspunktet. Derimot fører dette til at krafta i det norske nettet blir rekna som skitten fordi opphavsgarantiane er selde til utlandet. Det er til skade for norsk prosessindustri som dermed blir mindre rein.

Eg tar med dette eksempelet blant anna for å vise det eg sa innleiingsvis i denne bloggen. Alle miljøtiltak må vurderast kritisk i forhold til den konkrete situasjonen ein står overfor. Og ein kan ikkje utan vidare stole på dei som står midt oppe i situasjonen, og som har sine eigne interesser å ivareta. Etter at eg tok opp denne saka, har mange stilt seg bak kravet om at ordninga må fjernast.

 

Mangel på andre tiltak pressar fram høge rushtidsavgifter

Dette avsnittet er ein forkorta og omskriven versjon av eit innlegg som har stått i Fædrelandsvennen.

Buss_c3Kristiansand kommune har som mål å stoppe veksten i biltrafikken, men til dagleg gjer vi vårt beste for å auke bilbruken.  Vi satsar titals milliardar på vegutbygging. Vi bygger nytt stort parkeringshus i sentrum. Vi legg nye utbyggingsområde langt borte frå kollektivtraseane, og vi planlegg ny hamn utan jernbanespor. Alt dette fører til kraftig auke i biltrafikken. Resultatet av den uvettige planlegginga og den  offensive vegbygginga er at vi må skru opp bompengane meir enn elles for å få ned biltrafikken.

Skal vi tru grunnlagsdokumentet for bymiljøavtalen så vil det bli svært vanskelig å nå nullvekstmålet dersom Kristiansand vidarefører dagens utbyggingspolitikk. Sjølv om  vi klarer å finansiere eit godt kollektivtilbod, så vil det neppe bli brukt i tilstrekkelig grad, heiter det. I tillegg til ein uvettig utbyggingspolitikk, snakkar ein no om å gjere Agder til ein felles bu og arbeidsregion. Alt dette vil auke biltrafikken ytterlegare.

Det som skjer i Kristiansand er eit klassisk eksempel på kva ein ikkje skal gjere om ein ønskjer å skape legitimitet for miljøavgifter. Når avgiftsnivået må aukast ekstra for å kompensere for mangel på andre tiltak, får det uheldige fordelingseffektar som reduserer legitimiteten og aksepten. Derfor er det på tide å sjå kva slag regulatoriske tiltak som kan gjerast for å redusere biltrafikken, så som færre parkeringsplassar, sterkare kollektivprioritering og betre arealplanlegging. Og som omtalt tidlegare i denne bloggen, kan vi auke legitimiteten ved øyremrking. I dette tilfellet betyr det at rushtidsavgifta må øyremerkast til kollektivtransport. Som vi eg også har omtalt tidlegare, er legitimiteten av miljøagifter avhengig av at vi har ein god forelingspolitikk i botnen.

 

Ein mannsalder i politikk og samfunnsdebatt – Kapittel 1

Frå miljøaktivist til medlem av Næringskomiteen

AlfHolmelid«Miljøkrav må og vil endre tradisjonell økonomisk tenking. … Eg trur det er viktig at vi nå arbeider for ei haldningsendring der miljøkrav blir sett på som eit fundamentalt rammevilkår for all næringsverksemd.» Dette er utdrag av eit foredrag eg heldt om miljø og nærings for tretti år sidan.   Den gangen blei slike tankar møtt med skepsis og kraftig motstand. I dag er slike tankar mainstream. Men det er ikkje mange som hugsar eller vil vedgå at det var venstresida og miljørørsla som fronta denne bodskapen i starten.


Upopulære miljøkrav fekk fram ny teknologi
Miljøognæring
Då miljøkrava kom på sytti- og åttitalet, møtte dei sterk motstand. Både politikarar, bedriftsleiarar og tillitsvalde åtvara mot krav som dei meinte ville rasere mange arbeidsplassar. Det var farleg å ligge i front med strenge miljøkrav, blei det hevda. Konsekvensen ville bli auka kostnader, industridød og utflagging. Det finst mange eksempel på at frontane kunne vere harde. I denne perioden søkte eg jobb ved eit forskingsinstitutt der det kom fram at dei var redd for å misse kundar om dei tilsette ein så profilert miljøaktivist til prosjekt med næringslivet.

Men miljøkrava kom – gradvis og i kombinasjon med støtteordningar, og industrien tok utfordringa. I prosessindustrien som då var min arbeidsplass, fekk vi eit teknologiløft som styrka konkurransekrafta i tillegg til å løyse miljøutfordringane. Den offensive satsinga på teknologiutvikling førte til redusert energiforbruk og betre produkt. Som ein kollega av meg sa: då vi leita etter årsakene til skadelege utslepp, så fant vi ofte mange andre manglar i prosessen. Utan dei offensive miljøkrava hadde vi knapt hatt ein konkurransedyktig prosessindustri i Noreg i dag.

Den positive effekten av framtidsretta miljøkrav er ikkje avgrensa til prosessindustrien. For ein del år sidan uttalte dagleg leiar i oljeklynga NODE at «de strenge miljøkrava kan ha blitt et av vår tids viktigste konkurransefortrinn».


Eit klassism eksempel
røyk
Det klassiske eksempelet på eit miljøproblemet som blei forretning, er den plagsame industrirøyken som blei til det verdifulle produktet Microsilica. Alle som budde i nærleiken av eit ferrolegeringsverk for førti – femti år sidan, hugsar at et valt ut tonnevis med grå røyk. I første omgang utvikla Elkem renseteknologi for å samle og deponere røyken eller støvet. Renseteknologien blei etter kvart ein suksess og blei seld til smelteverk over heile verda.

Men det dukka opp eit nytt problem. Kva skulle ein gjere med dei enorme mengdene støv som blei samla saman? Eit omfattande forskingsprogram blei sett i gang, men resultata let vente på seg. Mange meinte at ein aldri ville klare å forrente forskingsinvesteringane. Men miljøengasjement og teknologioptimisme gav resultat til slutt. Vi fekk kvalitetsprodukt microsilica som revolusjonerte deler av materialteknologien og gav gode inntekter. Utviklinga av microsilica passa som hand i hanske med miljørørsla sitt slagord om at avfall er ressursar på feil plass.


Frå særtilfelle til mainstream

veikartLenge blei det hevda at utviklinga av microsilica var eit heldig spesialtilfelle. Å hevde at miljøproblem kan bli forretning, og at god miljøpolitikk er god industripolitikk, blei sett på som naiv idealisme som kunne øydelegge norsk industri. Eg har ikkje tal på alle dei gongene eg har diskutert med folk som har slått vitsar om stearinlyssosialistane og AS Alternativ industri.

Men rundt tusenårsskiftet såg vi ei gryande endring i haldningane både i miljørørsla og i Industrien. Klimaspørsmål kom på dagsorden og fleire såg at industrien ikkje berre skaper miljøproblem. Den kan også vere ein del av løysinga på klimautfordringane og andre miljøproblem. Det er vanskeleg å tenkje seg vindmøller, solceller og elektriske bilar utan industri. Miljøorganisasjonen Bellona gjekk over frå å klatre i industripiper til å samarbeide med industrien, og vi fekk Zero som utvikla eit omfattande industrisamarbeid.

Samtidig ser vi at industrien sjølv forstår at dei må satse på miljø og berekraft om bedriftene skal bli konkurransedyktige i framtida.  I 2010 kom World Business Council for Sustainable Development med rapporten Vision 2015. Der presenterer sentrale industrileiarar ambisiøse mål for ei berekraftig industriutvikling  der omsynet til miljø og klima er integrert i all verdiskaping. I 2016 presenterte ulike deler av norsk næringsliv vegkart mot eit klimanøytralt samfunn. Her set prosessindustrien som mål å vere ein bransje med null utslepp innan 2050. Med desse rapportane har vi langt på veg nådd – i alle fall i ord – den industripolitikken eg etterlyste for tretti år sidan.


Frå grøne jobbar til grønt næringsliv
OLYMPUS DIGITAL CAMERAAlt i 1991 fremma SV krav om å bruke oljepengar til å skape grøne arbeidsplassar, og etter tusenårsskifte begynte det å bli konkurranse om å love grøne arbeidsplassar. Mange organisasjonar og konsulentfirma kartla eksisterande grøne arbeidsplassar og analyserte marknaden for miljøteknologi. I USA lova Barack Obama å bruke 150 milliardar dollar over 10 år for å skape fem millionar nye, grøne jobbar.

Men kva er ein grøn jobb. Når vi konsulentar lagar oversikt over grøne jobbar, så deler dei ofte bedriftene inn etter bransje, men det blir altfor enkelt. Reinseteknologi og avfallshandtering blir gjerne oppfatta som grøne næringar. Men kva med ei bedrift som tar i bruk ny teknologie og kuttar farlege utslepp og avfall ? Er ikkje det minst like viktig for miljøet? Stadig oftare ser vi også at bedrifter leverer utstyr både til oljeindustrien og til fornybarsektoren. Landbruk og fiskeri blir gjerne rekna som grøne næringar, men dei har miljøutfordringar både når det gjeld klimautslepp og forvaltning av ressursgrunnlaget. På den andre sida blir ikkje prosessindustrien gjerne rekna som grøn industri. Men kan ikkje aluminiumsproduksjon vere like miljøvennleg som såkalla grøne datasenter?

Kampen for grøne jobbar har skapt politisk engasjement for omlegging av industri og næringsliv. Men eg trur ikkje at det i dagens situasjon er fruktbart å dele inn industri og næringsliv i grøne og svarte arbeidsplassar. Målet må vere at næringslivet totalt sett reduserer utslepp, naturinngrep og forbruk av ikkje-fornybare ressursar, og at det er tilpassa og bidrar til å realisere lågutsleppsamfunnet. Miljøkrav må blir sett på som eit fundamentalt rammevilkår for all næringsverksemd. Stadig fleire, ikkje minst i næringslivet, ser ut til å støtte denne breie innfallsvinkelen til grøn næringsutvikling, i alle fall i teorien.

Med eit slikt breitt perspektiv på grøn næringsutvikling, kan det bli lettare å skape allianse mellom fagbevegelsen og miljøbevegelsen. Miljøpolitikken må ha eit fordelingsperspektiv og fordelingspolitikken må ha eit klimaperspektiv for å vere truverdig. Fagbevegelsen og miljøbevegelsen er gjensidig avhengig av kvarandre for å nå sine mål. Ein sterkare allianse mellom fagbevegelsen og miljøbevegelsen er ikkje avhengig av semje i eit og alt. Krav om brei semje vil hindre ein konstruktivt dialog og eit dynamisk samspel. Usemja går heller ikkje alltid mellom fagbevegelsen og miljøbevegelsen.

Å telle grøne arbeidsplassar, som eg sjølv gjorde for ein del år sidan, var ein grei motivasjonsfaktor i starten. Men no er det tid for å ha ambisjonar for å omstille heile næringslivet før det er for seint for å redde klimaet og skape varige arbeidsplassar.


Fire interessante år i Næringskomiteen

Alf Holmelid, SV 004 1002051022

Bilde: Trond Gram

Kvelden før 1. mai i 2010 deltog eg på ein hyggeleg hagefest hos Torborg Bækholt i Mandal. Ut på kvelden ringte telefonen og Bård Vegar Solhjel var på tråden. Han ville informere om at det kunne bli forseinkingar på det store karbonfangstprosjektet på Mongstad. Min spontane reaksjon var at om det skjer, så må vi få overført ledige midlar til andre miljøprosjekt, Eg foreslo ei kraftig styrking av miljøteknologiordninga som gir støtte til industriell utvikling av miljøteknologi, og slik gjekk det. Det blei løyvd ein halv milliard ekstra over tre år.

Næringskomiteen var ikkje mitt førsteval då eg kom på Stortinget. Både miljø og forsking sto høgare på ønskelista. Men i ettertid er eg glad for at eg hamna der. Det var ikkje flust av teknologar med industrierfaring på tinget, og slett ikkje med bakgrunn frå forsking i tillegg.  Med ein slik bakgrunn blei det ikkje så lett for AP og Høgre å dra den gamle leksa om den kunnskapslause og naive næringspolitikk til SV.

Eg har ikkje talet på kor mange gonger en snakka frå talarstolen i stortinget om at god miljøpolitikk er god næringspolitikk. Miljøteknologiordninga er eksempel på eit tiltak som har ei tydeleg industripolitisk målsetting. Dei fleste støtteordningane på den tida hadde som sitt primære formål å redusere innanlandske utslepp. Miljøteknologiordninga har i tillegg eit industripolitisk formål. Den skal bidra til å utvikle miljøteknologi til ei eksportnæring, noko som er heilt avgjerande for å unngå avindustrialisering når oljeindustrien må trappe ned. Industrien på Sørlandet såg denne utfordringa og blei dei største brukarane av ordninga.

Den norske stat er ein stor industrieigar, og vi har eit ansvar for å bruke denne posisjonen til næringsutvikling.  Strategisk eigarskap er omtalt i eigarskapsmeldinga til den raudgrøne regjeringa. Eg skulle gjerne sett at den hadde sterkare formuleringar om å bruke eigarskap til å omstillinga norsk næringsliv. Men den inneheld i alle fall klare formuleringar om at bedrifter der staten er eigar, skal vere leiande på lågutslepp og klimateknologi.

Statlege eigarskapen over naturressursane gjennom Statkraft er ein viktig del av norsk industripolitikk. Eg er opptatt av at strategisk eigarskap er meir enn å bestemme krav til avkastning. Då Statkraft i mi tid på Stortinget klaga over grådige avkastningskrav, fekk vi gjennomført eit slikt strategisk grep. Selskapet fekk tilført eigenkapital for å kunne satse sterkare på teknologiutvikling og ny fornybar energi i tillegg til vasskraft. Diverre klarte den blåblå regjeringa å øydelegge denne langsiktige satsinga då dei ein sein nattetime salderte statsbudsjettet med å auke avkastningskravet til Statkraft.

Før eg kom på stortinget var eg med på å starte opp eit par næringsklynger der store og små bedrifter samarbeida med universitetet om forsking og utvikling. Eyde-klynga samla prosessindustrien, og NODE-klynga samla oljeleverandørindustrien. Dette er eit næringspolitisk tiltak som eg argumenterte sterkt for i diverse innlegg i Næringskomiteen og på Stortinget, og regjeringa etablerte i denne perioden ei ny støtteordning for internasjonalt orienterte klynger, såkalla Global Centre of Expertice, GCE.

Det spennande med grøn næringsutvikling er at kampen må førast på mange arenaer, i miljørørsla, i fagrørsla, i næringslivet og i politiske organ. Eg har vore heldig og fått høve til å arbeide med miljø og næring på alle desse områda, noko som det blei lagt vekt på då eg fekk Kristiansand kommune sin miljøpris i 2015.


Meir om miljø og næring

Det blir truleg fleire blogginnlegg om miljø og næring, for stofftilfanget er stort. Mogelege tema er politiske verkemiddel og erfaring frå arbeid med sol- og vindenergi.

Følg med, følg med, og kom gjerne med kommentarar.

Ein mannsalder i politikk og samfunnsdebatt – eit bloggprosjekt

AlfHolmelidEg har lova meg sjølv og andre at eg ikkje skal skrive memoarar når eg trappar ned i politikk og arbeidsliv. Men i prosessen med å rydde ut av kontora har det dukka opp ein annan ide. Eg har sett meg føre å skrive nokre blogginnlegg om sentrale saksfelt som eg har engasjert meg i på ulike måtar. Når eg blar i gamle dokument, så slår det meg at det er forbausande mange av dei sakene venstresida har kjempa for, som no har fått heilt eller delvis gjennomslag. Men folk flest og ikkje minst media hugsar berre at vi var i opposisjon, ikkje kvifor. Det kan vere nyttig for dei som skal ta kampen vidare, å ha med seg litt av denne historia. Aktuelle tema som kan dukke opp på bloggen er:

  • Grøn industripolitikk
  • New Public Management
  • Forsking – samarbeid og uavhengigheit
  • Økonomiske forskjellar – gift for demokratiet
  • Godheitstyrani – moral – solidaritet
  • Samarbeid og makt
  • ???

Innlegga vil vere dynamiske i den forstand at eg tar sikte på å oppdatere om det kjem ny informasjon for eksempel i form av tilbakemeldingar.

Følg med – følg med

Alf