Category Archives: Uncategorized

Forskjellssamfunnet er her

forskjellarModerate økonomiske og sosiale forskjellar har vore eit kjenneteikn for Noreg. Men no er det i ferd med å bli historie. Dei rike blir rikare, og vi får fleire fattige barnefamiliar. Det forskjellssamfunnet som vi har sett utvikle seg i mange land i Europa og i USA, er no i ferd med å slå rot også her i landet. Med større forskjellar følgjer mindre samfunnstillit, dårlegare livskvalitet og svakare produktivitet. Den stadig aukande konsentrasjonen av økonomisk makt, er også ei utfordring for demokratiet. Men trass i fine ord skortar det på den politiske viljen til å snu denne negative utviklinga.

Det manglar ikkje på dokumentasjon. Rikmannsklubben som set kvarandre stevne i Davos, har dokumentert at dei 85 rikaste personane i verda eig like mye som den fattigaste halvdelen. Ein sveitsisk bank har rekna ut at den rikaste prosenten av verdas befolkning eig over halvparten av verdiane i verda.  I Noreg disponerer den rikaste prosenten av befolkninga over 20% av all formue her i landet, og dagens regjering gjer sitt beste for å auke forskjellane. Kvar av dei 0,1% rikaste i Noreg fikk i statsbudsjettet for 2015 i gjennomsnitt 238 000 kroner i skattelette. Vanlege lønsmottakarar måtte klare seg med 2700 kroner.

Høgresida har klart å få gjennomslag for myten om at vi må akseptere større forskjellar for å få fart på økonomien.  Men det finst ikkje dokumentasjon for denne påstanden. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, seier tvert i mot at store forskjellar i eit land reduserer den økonomiske veksten. I ein rapport frå 2014 skriv OECD at økonomiske forskjellar verkar negativt på økonomisk vekst. Rapporten viser også at fordelingspolitikk ikkje er til hinder for vekst. I følge OECD hindrar store forskjellar økonomisk vekst blant anna ved å svekke sosial mobilitet og bidra negativt til samla utdanningsnivå i et samfunn.

No er heller ikkje økonomisk vekst de primære for å skape eit godt samfunn. I boka Ulikhetenes pris drøftar forfattarane  Richard Wilkinson og Kate Pickett kva som skaper god livskvalitet. Dei har samla eit omfattande materiale som viser at det er land med små forskjellar som kjem best ut. Fordeling er viktigare enn økonomisk vekst for livskvaliteten i eit land. Samfunn med små forskjellar har større samfunnstillit, større sosial mobilitet, lågare kriminalitet,  betre folkehelse og høgare levealder enn andre land. Vi manglar ikkje dokumentasjon på at små forskjellar er bra for eit samfunn, men like vel går utviklinga i feil retning. Det er ei utvikling vi må snu før forskjellssamfunnet bit seg fast også her i landet.

Skal vi komme forskjellane til livs, så må vi satse på å betre forholda for barnefamiliar. Det gjeld ikkje minst barnefamiliar med einslege forsørgjarar. Nesten ti prosent av norske barn lever i familiar med vedvarande låg inntekt. Det utgjer over nitti tusen barn, og talet er aukande. Sidan 2012 har det blitt femten tusen fleire barn som lever i fattige familiar. Auken er klart størst blant innvandrarfamiliar. Skal vi unngå å skape eit klassesamfunn her i landet, så er det på tide å få ein brei debatt om kva tiltak som må til for å betre situasjonen for barnefamiliar med låg inntekt.

Det regjeringsoppnemnde Fordelingsutvalet slo i 2009 eintydig fast at det rimeligaste og mest treffsikre tiltaket mot barnefattigdom er å auke barnetrygda. Dei store barnefamiliane har dårlegast råd. Derfor blir tiltaket endå meir treffsikkert med eit søskentillegg i barnetrygda. I tillegg bør vi halde barnetrygda utanfor ved utrekning av sosialhjelp. Mange har tatt til orde for å droppe barnetrygda fordi den også går til folk med god økonomi. Men dersom vi ønskjer å stramme inn økonomien til dei rike, så kan vi enkelt gjere det gjennom skattesystemet utan å ramme dei med dårleg råd. Og kvifor er det nettopp barnetrygda som blir møtt med denne kritikken? Det er få som klagar på at det er sløsing å la dei rike få glede av andre universelle ytingar som gratis skole for eksempel.

For å finansiere tiltak som kan redusere fattigdomen og dei aukande forskjellane i samfunnet, må vi legge om skattepolitikken og slutte å gi store skattelette til dei rike. Dei som har råd, må betale meir dersom vi skal skape eit samfunn med moderate forskjellar og god livskvalitet for alle. Kjente økonomar som Thomas Piketty er heilt tydelege på at vi bør auke formuesskatten for dei rikaste. I tillegg bør finansnæringa betale skatt som alle andre næringar. Det kan vi oppnå ved å innføre meirverdiavgift for finanstransaksjonar.

Både i USA og i mange land i Europa ser vi no ein gryande protest mot dei aukande sosiale forskjellane. Her i landet har vi framleis relativt moderate forskjellar. Men vi er på full fart inn i forskjellssamfunnet med dei negative konsekvensar det har for livskvalitet, produktivitet og folkestyre. Kampen mot forskjellssamfunnet bør derfor bli ein sentral del av den valkampen som vi no går inn i.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen mandag 19. september

 

 

Monica Bernal Sanchez – og dei andre

19062011276Gravide Monica Bernal Sanchez fra Ecuador har fått beskjed frå UNE om at ho må forlate landet seks dagar før ho har termin. Årsaka er at ektemannen har tent for lite til å få godkjent  at kona kan bli i landet.

Dette utvisingsvedtaket er uforståeleg og inhumant, og det har naturleg nok skapt sterke reaksjonar. Vener og nettverk har engasjert seg, og Fædrelandsvennen har daglege oppdateringar om saka. Politikarar frå ei rekke parti har komme på bana og lova at vedtaket skal bli endra. La oss vone dei får rett.

Men det er ei men i denne saka. Dette er ikkje eit arbeidsuhell som mange vil ha det til. Det er resultat av den innstrammingspolitikken dagens regjering står for. UNE seier til Fædrelandsvennen at det er mange andre i liknande situasjonar. Kampen for Monica Bernal Sanchez bør derfor utvidast til ein kamp for å endre reglane. Vi kan ikkje ha eit system her i landet der det gjeld eit sett med spelereglar for dei som har nettverk og kjem i avisa, og eit anna for resten.

Vi som har jobba med asyl- og innvandringspolitikk ei stund, har sett at det er eit felt med stort sprik mellom argumentasjonen i generelle saker og i enkeltsaker. FrP-politikarar som til dagleg kjempar for strengare asyl- og innvandringspolitikk og tøffare praktisering av reglane, kan gå på barrikadane for å hindre at enkeltpersonar dei kjenner, blir ramma av desse reglane.

Den blåblå regjeringa med FrP i spissen og KrF, Venstre og AP på slep, har gjennomført kraftige innstrammingar i asyl- og innvandringspolitikken, blant anna i reglane for å få familiemedlemmar hit til landet. I tillegg har dei ført ein retorikk som gjer det vanskeleg for saksbehandlarar å praktisere skjøn for å ta menneskeleg omsyn. Slikt blir av innvandringsminister Listhaug fordømt som naiv snillisme.

Det er bra at representantar for FrP, Høgre og KrF engasjerer seg for ei meir human avgjerd for dette ekteparet. Men det er ikkje bra om vi får ein praksis for dei som kjem i media, og ein for dei andre. Og det verkar mildt sagt litt populistisk nør vår argaste og mest ekstreme innvandringsmotstandar Kleppe plutseleg har eit anna syn når ei enkeltsak får medieoppslag.

Alf

Målretta sanksjonar mot okkupasjonsmakta

Israeli_West_Bank_Barrier2Gerd Alice og Svein Lochner meiner at kravet om økonomiske sanksjonar mot Israel er hykleri. Eg tvilar på at slike karakteristikkar bidrar til ein meiningsfull debatt, så eg skal la det ligge. Vi bør heller gå til kjernen av konflikten melom Israel og Palestina – den folkerettsstridige okkupasjonen og dei ulovlege busetnadene. Vi kan ikkje sitje stille og sjå på desse grove overgrepa mot palestinarane.

Okkupasjonsmakta Israel har bygt og bygger ei rekke folkerettsstridige busetnader på palestinsk område, og dei annekterer stadig meir palestinsk land. Nye ulovlege busetnader har blitt etablert år etter år, jamvel når partane har sitte saman i fredsforhandlingar. Mange har oppfatta dette som systematisk sabotering av fredsarbeidet. Trass i at FN gang etter gang har fordømt Israel, så held okkupasjonsmakta fram som før.

Den ulovlege okkupasjonen har også resultert i fleire blodige krigar med store sivile tap, dei aller fleste på palestinsk side. Ei av verdas største krigsmakter med USA i ryggen har valt å neglisjere verdssamfunnet representert ved FN. Skal vi berre la dette skje? Skal vi berre akseptere at Israel arrogant overser folkeretten og FN resolusjonar?

Økonomiske sanksjonar er ikkje noko universalmiddel i internasjonal politikk. Sanksjonar bør ha samanheng med dei overgrepa ein ønskjer å få slutt på. Dei må i størst mogeleg grad ramme den folkerettsstridige politikken, ikkje alle innbyggarane. Derfor foreslår SV å boikotte varer som er produsert i israelske busetnader på okkupert område, og vi foreslår å trekke oljefondet ut av selskap som bidrar til okkupasjonen.

I 2005 gjekk 170 palestinske organisasjonar saman om ein resolusjon som bad om økonomiske sanksjonar mot Israel. Sidan den tid har ei rekke land og fagorganisasjonar sett i verk målretta sanksjonar. Opp mot tjue EU-land har åtvara næringslivet i sine respektive land mot å investere i okkuperte område. Dette viser at det er mange som tenkjer som SV.

Når Israel ikkje vil høyre på eit tydeleg språk frå FN, så er det nødvendig å legge eit sterkare press på landet. Vi kan ikkje sjå gjennom fingrane med brot på folkeretten og store sivile tap. Og det er ikkje nokon som har komme opp med eit betre alternativ enn målretta økonomiske sanksjonar.

Alf

Brei allianse mot terror

imageMuslimsk Union i Agder og Al-Rahma Islamic Center arrangerer demostrasjon mot terrorisme i Kristiansand i dag. Her er min appell :

Kjære vener

Først vil eg takke dei som har tatt initiativet til denne viktige markeringa mot terror. Det er flott å sjå at så mange engasjerer seg på tvers av religion og politisk ståstad. Det er viktig å skape eit breitt fellesskap i kampen mot blind vold og terror. Vi må kjempe for menneskeverdet – for retten til å leve eit verdig liv

Vi må skape ein visjon om ei verd der alle kan leve utan dagleg frykt for liv og helse – der alle kan tenkje og tru det dei vil. Men diverre er vi svært langt i frå denne visjonen i dag. Media gir oss dagleg grufulle bilete av uskuldige sivile som blir lemlesta og drepne.

Den siste tida har vi fått skremmande informasjon om terror i regi av IS. Media har vist oss eit fryktregime som vi må fordømme på det sterkaste. Vi kan ikkje akseptere at terror og frykt blir brukt som våpen mot sivilbefolkninga. Det er gledeleg at vi står saman på tvers av religiøse og politiske skiljelinjer i fordømming av IS sin terror.

Men vårt engasjement kan ikkje stoppe der. Vi må vere på vakt mot og fordømme vold mot uskuldige sivile over alt der det skjer. Vold og terror må fordømmast same kven som står bak. Vi må slutte å tru at våpen og vold er det einaste som kan løyse konfliktar.

Vold og terror skaper meir vold og terror. Vi må jobbe for å snu denne spiralen. Vi må skape rettferdigheit, fridom og verdigheit. I Midt-Austen er det dessverre mange som aldri har fått oppleve slike grunnleggande verdiar, og det avlar vold

Den siste tida har vi fått melding om at norske ungdomar melder seg frivillig til å delta i grufulle terrorhandlingar. Kva er det som får unge blant oss til å velje eit slikt liv? Korleis skal vi snu denne utviklinga?

Eg trur ikkje vi snur utviklinga berre ved å satse på nye lover og meir overvaking. Eg trur vi alle må ta meir ansvar for menneska rundt oss. Dei som kjenner seg utstøtt av samfunnet kan lettare bli fanga opp av grupper som driv med vold og terror.

Alle som har ein posisjon der dei blir lytta til, må ta ansvar – enten det er imamar, prestar, politikarar, lærarar eller idrettsleiarar. Vi må skape eit inkluderande og raust samfunn som har plass til alle. Vi må våge å ta vanskelege debattar og gripe fatt i destruktive haldningar.

Den norske diktaren Nordahl Grieg har skrevet diktet Til ungdommen. Vi bør lytte til diktaren når han seier: Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred.

Fisken ligg til fellesskapet

imageDei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg. Denne formuleringa er ikkje tatt frå SV sitt partiprogram. Det er paragraf to i havressurslova.

Sist Høgre hadde regjeringsmakt, prøvde dei å ta frå fellesskapet denne retten. Dei innførte fiskekvotar utan tidsavgrensing. Då dei raudgrøne kom til makta i 2005 blei dette gjort om. Kvoteretten blei tidsavgrensa til 25 år for etablert og 20 år for nye kvotrettar.

Ein representant for dei som miste sin evigvarande rett, gjekk til sak mot staten og vant fram i to rettsinstansar. Men i går kom det endelege svaret frå høgsterett i den sokalla Volstadsaka. Saksøkjaren nådde ikkke fram, og det inneber at vedtaket som den raudgrøne regjeringa gjorde, er lovleg og blir ståande.

Men no har Høgre på nytt fått regjeringsmakt. Spørsmålet er då om regjeringa kan og vil innføre evigvarande kvotar på nytt. Det er lite tvil om at dei ømskjer det om vi skal tru utsagn frå den nye fiskeriministeren. Men er dommen til hinder for det? Eg har berre kikka på domspremissane, og eg er ingen jurist. Men eg er ikkje overtydd om at dommen i seg sjølv er til hinder for å fatte eit nytt vedtak om evigvarande kvotar. Det kan synest som den har fokus på i kor stor grad omgjeringa var til skade for Volstad og i mindre grad på prinsippet om at fiskeressursane er fellesskapet sin eigedom, men som sagt har eg berre lest deler av premissane, så eg er open for andre vurderingar. Vi må også ha i bakhovudet at havressurslava kom etter at Volstad fekk sine kvoterettar.

Då må vi vurdere den politiske situasjonen. Vil regjerina prøve å innføre evigvarande kvotar på nytt, og er det mogeleg å gjere det på ein måte som ikkje kan gjerast om. For det første kan Stortinget som i saka om reservasjonsrett for lækjarar, be om å få saka til Stortinget. I ei så prinsipiell sak som dette, så er det heilt naturleg. Og då er det spørsmål om kvar partia står. Ut i frå mi erfaring i næringskomiteen, vil eg tvile på om KrF støttar Høgre her (med mindre det blir laga ein eller annan hestehandel). Venstre er eg derimot meir usikker på. Dei har jo flytta seg til høgre i næringspolitikken.

Som amatør på det juridiske området skal eg vere varsam, men eg har vanskeleg for å sjå at det kan lagast forskrifter eller lover som ikkje kan gjerast om. Den sentrale utfordringa er grunnlova sitt prinsipp om at dei ikkje skal ha tilbakeverkande kraft som er til skade for nokon. Men ein slik svingdørspolitikk vil vere til skade både for næringa for omdømme til det politiske leiarskapet. Så her er det mange spennande moment i den vidare prosessen.

Her finn du dommen.

http://www.domstol.no/no/Enkelt-domstol/-Norges-Hoyesterett/Avgjorelser/Siste-avgjorelser/Sporsmal-om-tidsubegrensete-strukturkvoter-er-i-strid-med-tilbakevirknforbud-i-Grunnloven–97-/

Alf

Valkampintervju i NRK

Alf 1Her finn du eit portrettintervju som NRK-sørlandet gjorde med meg i samband med valkampen.

NRK-intervju

Å gi og ta i debatten

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

FrP har lenge hatt suksess med sin offerstrategi. Dei køyrer hardt ut med angrep på andre, og når dei får svar på tiltale, så klagar dei på debattforma til motstandarane. Men i denne valkampen har biletet endra seg. Det er ikkje FrP, men dei andre opposisjonspartia som har satsa på og raffinert denne strategien.

Opposisjonspartia har lenge gått laus på regjeringa med skuldingar om at den er handlingslamma, at den har sove i timen, at den driv leikeskole, at den har kasta bort 8 år og at den eine og den andre sektoren er i krise. På sosiale media er språkbruken langt tøffare. Det er greitt nok. Frisk debatt er bra. Men når dei partia som sit i regjering, tar til motmæle og viser kva som kan bli konsekvensen av opposisjonspartia sin politikk, så ropar dei om krisemaksimering og stygg valkamp.

Når høgre blir konfrontert med konsekvensane av sin politikk så vrir dei seg unna med å snakke om debattform eller prøve seg på dobbeltkommunikasjon. Det siste eksempelet er at dei for n-te gang har endra synspunkt på formuesskatten. Regjeringspartia viser heile tida fram kva kompromiss dei kjem fram til i regjering. Men mellompartia kallar det usakleg når dei blir utfordra til å meine noko om kva som vil komme ut av samarbeidet med FrP.

Dei som sit med makta må tåle kritikk. Det skulle berre mangle. Men dei som vil ha makt, må også tole å bli konfrontert med mogelege konsekvensar av sin politikk og sine samarbeidsval.

Alf