Tag Archives: Israel

Okkupasjon og kolonisering

imageI snart femti år har palestinarane levd med okkupasjon, kolonisering og militær justis. Skal det ingen ende ta?

Verdssamfunnet lar det skje, og norske politikarar trekkjer på skuldrene. Etter ei hektisk veke saman med palestinarar på Vestbredda er det lett å forstå at dei er frustrert over ein håplaus situasjon som blir stadig verre. Forholda er så spesielle at dei er vanskeleg å beskrive. Dei bør opplevast. Og dei bør få ein breiare plass i den norske debatten.

Over fire hundre tusen israelske settlarar har konfiskert land på den palestinske Vestbredda. Dei ulovlege busetnadene har akselerert i omfang trass i alle fredsavtaler. Dette er ei kolonisering av eit omfang som vi ikkje har sett maken til i moderne tid. Kring dei ulovlege busetnadene er det etablert tryggingssoner som gjer det vanskeleg eller umogeleg for palestinarane å dyrke jorda si. Israelarane har full kontroll med vassforsyninga og diskriminerer palestinarane til fordel for settlarane. Palestinske hus blir rivne for å gi plass for israelske settlerar, og det blir bygd vegar som er reservert for israelarane.

I Jordandalen har tilhøva blitt så vanskelege at talet på palestinarar har gått ned frå tre hundre tusen til sytti tusen. Dei som er att, kjempar ein tapper kamp mot settlarar, militærstyre og alle slag urimelege reglar som gjer det vanskeleg å overleve. Men vi møtte like vel eit sterkt engasjement for å sikre at Jordandalen som utgjer 30 prosent av Palestina, skal vere eit palestinsk område også i framtida. Klarer Israel å presse palestinarane ut av denne fruktbre dalen, så har dei gitt Palestina eit banesår. Mange trur at nettopp det er formålet med den politikken som blir ført.

Israel driv hard militær justis for å få gjennomført den stortilte konfiskeringa av palestinsk land. Palestinarane blir behandla etter militære lover, medan settlerane i praksis blir behandla etter langt mildare sivile lover. Natt som dag bryt dei militære seg inn i palestinske heimar for å gripe og fengsle palestinarar, barn så vel som vaksne. Årleg blir eit tusental palestinske barn fengsla og til dels misshandla. Dette er klart i strid med internasjonale lover, og det bidrar til å skape traumatiserte barn som ein gang blir traumatiserte vaksne. I følgje den britiske juristen Gerard Horton er det tøffe militærstyret ein del av ein politikk som skal bane vegen for den ulovlege koloniseringa av palestinsk land.

Mange stader slår israelske ekstremistar seg ned i konfiskerte bustader inne i palestinske område. Det fører i sin tur til at militærstyret må opprette tryggingssoner som gjer at store område blir sperra av og forfell. Ikkje ein gang moskeane får vere i fred. I Hebron har militærstyret konfiskert halve Abraham moskeen og gjort den til synagoge. I dei jødiske høgtidene blir heile moskeen stengt for palestinarar under streng kontroll av den israelske hæren.

På toppen av det heile har vi muren som blir marknadsført som ein tryggingsmur mellom Israel og Palestina. Men den er snarare ein segregeringsmur. Den splittar ikkje berre israelar frå palestinar, men også palestinar frå palestinar. Muren snor seg inn på palestinsk område slik at palestinarane misser store landområde og må gjennom dei utrulegaste rutinar for å komme seg til sine naboar og sine eigne jordbruksområde. Palestinarane må finne seg i å reise lange omvegar og bli stoppa og hindra i kontrollpostar, samtidig som settlarane kan komme seg raskt fram på dei nye vegane som er reservert for israelarar. Slik diskriminering av ulike folkegrupper er klart i strid med folkeretten for okkuperte område.

Desse eksempla er berre ein del av det du kan sjå om du reiser litt omkring i Palestina. Israel og venene deira hevdar at alt det er nødvendige tryggingstiltak. Men det er svært vanskeleg å sjå den logiske samanhengen mellom tryggleik og mykje av det som palestinarane blir utsett for. Basisen for diskrimineringa og trakkaseringa er ei akselererande kolonisering av palestinsk land. Israel spekulerer i at det vil vere umogeleg å flytte israelarane ut frå dei ulovlige busetnadane, og at settlerane aldri vil akseptere å bli ein del av ein palestinsk stat. Staten Israel fører ein hardhendt og systematisk politikk for å hindre ei tostatsløysing, noko Netanyahu plumpa ut med i valkampen nyleg.

Det er vanskeleg å forstå at verda har latt denne koloniseringa halde fram i snart femti år. Ingen andre stader kunne dette ha skjedd utan kraftige sanksjonar. Dersom ikkje verdssamfunnet legg langt sterkare press på Israel, så er det snart for seint å få til ei tostatsløysing som basis for varig fred. Palestina kan bli utradert eller redusert til nokre små øyar i Israel, eller vi kan oppleve ein eksplosjon med dramatiske konsekvensar før vi kjem så langt. Vi kan ikkje sitte stille og sjå på denne utviklinga. Som eit første skritt bør norske politikarar straks anerkjenne Palestina slik Sverige har gjort.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Målretta sanksjonar mot okkupasjonsmakta

Israeli_West_Bank_Barrier2Gerd Alice og Svein Lochner meiner at kravet om økonomiske sanksjonar mot Israel er hykleri. Eg tvilar på at slike karakteristikkar bidrar til ein meiningsfull debatt, så eg skal la det ligge. Vi bør heller gå til kjernen av konflikten melom Israel og Palestina – den folkerettsstridige okkupasjonen og dei ulovlege busetnadene. Vi kan ikkje sitje stille og sjå på desse grove overgrepa mot palestinarane.

Okkupasjonsmakta Israel har bygt og bygger ei rekke folkerettsstridige busetnader på palestinsk område, og dei annekterer stadig meir palestinsk land. Nye ulovlege busetnader har blitt etablert år etter år, jamvel når partane har sitte saman i fredsforhandlingar. Mange har oppfatta dette som systematisk sabotering av fredsarbeidet. Trass i at FN gang etter gang har fordømt Israel, så held okkupasjonsmakta fram som før.

Den ulovlege okkupasjonen har også resultert i fleire blodige krigar med store sivile tap, dei aller fleste på palestinsk side. Ei av verdas største krigsmakter med USA i ryggen har valt å neglisjere verdssamfunnet representert ved FN. Skal vi berre la dette skje? Skal vi berre akseptere at Israel arrogant overser folkeretten og FN resolusjonar?

Økonomiske sanksjonar er ikkje noko universalmiddel i internasjonal politikk. Sanksjonar bør ha samanheng med dei overgrepa ein ønskjer å få slutt på. Dei må i størst mogeleg grad ramme den folkerettsstridige politikken, ikkje alle innbyggarane. Derfor foreslår SV å boikotte varer som er produsert i israelske busetnader på okkupert område, og vi foreslår å trekke oljefondet ut av selskap som bidrar til okkupasjonen.

I 2005 gjekk 170 palestinske organisasjonar saman om ein resolusjon som bad om økonomiske sanksjonar mot Israel. Sidan den tid har ei rekke land og fagorganisasjonar sett i verk målretta sanksjonar. Opp mot tjue EU-land har åtvara næringslivet i sine respektive land mot å investere i okkuperte område. Dette viser at det er mange som tenkjer som SV.

Når Israel ikkje vil høyre på eit tydeleg språk frå FN, så er det nødvendig å legge eit sterkare press på landet. Vi kan ikkje sjå gjennom fingrane med brot på folkeretten og store sivile tap. Og det er ikkje nokon som har komme opp med eit betre alternativ enn målretta økonomiske sanksjonar.

Alf

Fullt gjennomslag

Søndag skreiv eg ein bloggpost der eg argumenterte for at det er uakseptabelt å gi skattefritak for gåver som går til folkerettsstridige formål. Bakgrunnen var den veldokumenterte artikkelen om Karmel-instituttet som brukar skattefrie gåver til ulovlege busetnader på Vestbredda.

I dag kom informasjonen om at regjeringa no vil oppheve skattefritaket for gåver til folkerettsstridige formål. Dette er ei sak som SV og regjeringa har vore opptatt av tidlegare. No har det blitt fullt gjennomslag for dette standpunktet. Det nyttar å engasjere seg, og god journalistikk bidrar til gode resultat.

Alf

Uakseptabelt med skattefritak for folkerettsstridig engasjement

Tarjei Leer-Salvesen og Kjartan Bjelland har produsert eit meisterverk av ein dokumentarartikkel i dagens Fædrelandsvennen.
Utan bruk av store ord får vi innsikt i eit miljø der sørlendingar tolkar bibelen bokstavleg og endar opp med å støtte folkerettsstridige israelske busetnader på Vestbredda. Skattefrie gåver til Karmel-instituttet blir i følgje artikkelen brukt til å bryte folkeretten og hindre fredsarbeidet i ei av verdas vanskelegaste konfliktar.

Samtidig blir vi presentert for ein annan sørlending som set denne aktiviteten inn i sitt rette perspektiv. Ministerråd Tor Wennesland seier det som mange veit, nemleg at dei stadig aukande ulovlege busetnadene er det viktigaste hinderet for å få til ei fredsavtale mellom Israel og palestinarane.

Gjennom skattefritak for gåver til Karmel-instituttet går norske skattepengar til den folkerettsstridige busettingspolitikken som øydelegg alle freistnader på å oppnå ein rettferdig fred. Dette kan vi ikkje akseptere. Eg vil på måndag ta initiativ for å få oversikt over situsjonen og vurdere korleis vi kan stoppe dette statlege bidraget til ei krigersk utvikling i ei betent konflikt.

Alf