Vi må venne oss til å seie at vårt pensjonsfond er ein politisk reiskap sa Jonas Gahr Støre på Zerokonferansen nyleg. Dette er ikkje noko revolusjonerande nytt. Oljefondet er politisk på fleire måtar. Men formuleringa har like vel skapt debatt og opna opp for å tenke nytt om disponering av oljefondet. Kan vi i større grad bruke deler av fondet til å fremme grøn teknologiutvikling og bidra til ein internasjonal marknad for bedrifter som satsar på ny grøn teknologi?
Ein del av oljefondet har alt i dag eit miljørelatert investeringsmandat som kan bidra til grøn næringsutvikling. Men som for resten av fondet er det mandat til finansielle investeringar. Fondet har ei grense for kor stor del av eit selskap det kan eige. Slike finansielle investeringar vil i avgrensa grad bidra til ny teknologiutvikling. Skal vi utløyse ny teknologi som kan forsere klimakampen og den grøne industriutviklinga, så må ein del av fondet brukast til strategiske investeringar.
Dagens klimapolitikk for industrien er i stor grad basert klimakvotar – eit verkemiddel som skal sikre kostnadseffektiv reduksjon i utslepp av klimagassar. Klimakvotar fremmar bruk av kjent teknologi og motiverer i mindre grad til offensiv utvikling av ny teknologi. Derfor treng vi strategiske investeringar i fornybar energi og grøn teknologi – investeringar som kan bidra til ein etterlengta ny giv i grøn næringsutvikling.
Investeringar i fornybar energi og miljøvennleg teknologi vil skape nye marknader for industrien. Noreg treng å auke eksporten av industrivarer når oljealderen går mot slutten, og norsk industri er teknologileiande på mange område. Vår offshoreindustri er verdsleiande, og vår tradisjonelle eksportretta prosessindustri er sterk på produktutvikling og berekraftig produksjon. Med vekst i den internasjonale marknaden for avansert grøn teknologi kan norsk kompetanse på desse og mange andre område skape nye arbeidsplassar.
Det er ikkje urimeleg at litt av den kapitalen som kjem frå utvinning av fossil energi, blir investert i teknologi for å redusere klimautsleppa. I tillegg til å vere eit kraftfullt miljøtiltak, så vil det bidra til å utvikle marknaden for grøn teknologi til beste for industri og sysselsetting. Støre bør vurdere å bruke noko av oljefondet til eit strategisk grønt oljefond som kan bidra til rettferdig grøn omstilling.
Alf
Innlegget står på trykk i Klassekampen i dag
Hei Alf, jeg leste innlegget ditt i KK i dag og nå her på bloggen din.
Vil bare si deg enda en gang at jeg er enig i forslaget om et grønt fond og håper SV og Rødt vil fortsette å utvikle seg til partier som peker på det som virkelig betyr nye for oss, nemlig klima og hva vi skal leve av. Dette må vi bare fortsette å diskutere.
Glad for dine bidrag👍
Sendt fra min iPhone
LikerLiker