Tag Archives: folkestyre

Den breie demokratiske samtalen

Electric Region Agder er ein spennande visjon som blir fronta av blant andre Nye Kristiansand kommune og Agder fylkeskommune. Ideen er at vi skal løfte fram våre ressursar og vår kompetanse på dette området for å utvikle næringslivet og styrke klimaarbeidet i regionen. Kristiansand kommune inviterer no til ein interessant konferanse om dette prosjektet. Men tidspunkt og deltakaravgift legg ikkje til rette for brei deltaking av interesserte borgarar.

Dette er ikkje eit eingongstilfelle. Konferansar om kollektivtransport er eit anna eksempel. Arrangement som er viktige for utviklinga av kommunen og regionen, blir lagt i arbeidstida og inkluderer ein god lunsj som gjer at kursavgift blir betydeleg. Dermed bli dei fleste deltakarane heildagspolitikarar og profesjonelle planleggarar som tar konferansen som ein del av jobben. Det skal mykje til at andre som ønskjer å engasjere seg i utviklinga av kommunen, vil ta seg fri frå jobb og i tillegg betale deltakaravgift.

Eg har forståing for at heildagspolitikarar og fagfolk som har planlegging som yrke, vil legge slike konferansar i arbeidstida. Dei har som alle andre behov for eit sosialt liv etter arbeidstid. Men omsynet til å nå breitt ut, bør også vektleggast. Det bør vere mogeleg å prøve seg fram med justerte opplegg. Ein kan for eksempel legge deler av konferansar med allmenn interesse etter arbeidstid. Nye Kristiansand kommune og den fusjonerte fylkeskommunen som begge skal utvikle ein ny felles identitet, bør legge seg i selen for å få folk med.

God samfunnsutvikling er avhengig engasjement og legitimitet blant innbyggjarane. Det er ikkje nok at ei gruppe profesjonelle planleggarar og heildagspolitikarar som stadig omgås kvarandre, blir samde om kva som er bra for kommunen og regionen. Når vi jobbar med visjonar og planer som vedgår mange, er det spesielt viktig å nå breitt ut – både for å få med ulike erfaringar, og for å sikre brei forankring for resultatet. Vår samfunnsmodell og vårt demokrati er bygd på medverking og tillit, og vi må skape arenaer for den breie demokratiske samtalen.
Alf Holmelid

Innlegget har stått på trykk i Fædrelandsvennen

Profesjonalisering av politikken

DEMOKRATIFor ein del år sidan deltok eg i byutviklingsstyret i Kristiansand og diskuterte korleis vi skulle legge opp presentasjonen av eit stort byggeprosjekt. Eg argumenterte for at vi skulle arrangere eit møte etter arbeidstid slik at interesserte som ikkje hadde høve til å ta fri frå jobb, kunne delta. Men fagfolk, konsulentar og heiltidspolitikarar ville ha det på dagtid og ha ettermiddagen fri, og slik blei det. Folk flest og politikarar utan betalte verv blei dermed utestengt frå prosessen og kunne i beste fall lese om prosjektet i avisene. Det blei sikkert gode diskusjonar, men eit viktig demokratisk element blei borte.

Politikk og politiske prosessar er i ferd med å bli ein aktivitet for betalte aktørar. Det poppar stadig opp nye konsulentar og byrå som mot god betaling kan tilby hjelp til å få gjennomslag i politikken. Dei betalte aktørane blir eit filter i kommunikasjonen med dei demokratisk valde politikarane.  Vi er langt over i parodien når kommunar og fylkeskommunar ber om hjelp frå kommersielle byrå med tidlegare politikarar for å kommunisere med dagens stortingspolitikarar. Har politikarane mista trua på demokratiet og verdien av den direkte kontakten med dei demokratiske prosessane?

I ei tid med store omveltingar er det viktig at dei som sit med makta, har god kontakt med det som skjer i samfunnet. Politikarane bør ikkje nøye seg med informasjon som er filtrert gjennom profesjonelle lobbyistar eller politiske rådgivarar og samfunnskontaktar som stadig fleire institusjonar held seg med. Det kan vere krevjande å få god dialog med  samfunnsinstitusjonar og bedrifter. Men det kan lett gå ut over forståing og innsikt om ein nøyer seg med tilrettelagt og politisk korrekt kommunikasjon. Det er dei krevjande direkte dialogane med dei som sit med informasjon og erfaring, som kan skape ny politikk.

Politiske prosessar skjer i stadig større grad mellom folk som meir eller mindre lever av politikk. I tillegg til stadig fleire betalte lobbyistar og rådgivingsbyrå har vi ein veksande skog av betalte sekretariat i interesseorganisasjonar og bransjeorganisasjonar. Politiske tenketangar har også blitt ein del av denne floraen. Alle desse betalte aktørane var nyleg samla under Arendalsveka. Eg var der i to dagar og møtte få som ikkje var der med full løn og full diett. Eg fekk med meg topp foredrag og gode diskusjonar. Men er dette arrangementet eit symptom på profesjonaliseringa av politikken? Aftenposten konstaterer i alle fall at det er ei festveke for lobbyistar. Alle som det er verdt å ha kontakt med for lobbyistar og interessegrupper, var der.

Både i USA og mange land i Europa ser vi at det har vakse fram misstillit til det samfunnsskiktet som forvaltar den demokratiske makta. I Skandinavia og i Noreg har vi framleis stor samfunnstillit. Men det er viktig at vi ikkje snevrar inn deltakinga i dei demokratiske prosessane og gjer politikken til ei vare.

Folket har alltid makta og ansvaret

OLYMPUS DIGITAL CAMERAEtter Brexit er det mange som spør om folket alltid har rett, men det er feil spørsmål.

Folket har ikkje alltid rett, men folket har alltid makta og ansvaret om vi vil kalle oss eit demokrati. I staden for å diskutere om det er folket eller ekspertane og politikarane som har rett, bør vi spørje kva som har gått galt med kommunikasjonen og tilliten mellom folket og dei folkevalde.

Det handlar om makt og interesser. Folk stemmer på politikarar for at dei skal forvalte deira demokratiske makt. Men i staden opplever dei politikarar som er handlingslamma i møte med marknad og internasjonal storkapital. Når forskjellane aukar, skuldar politikarane på konkurransen. Kvifor skal folk ha tillit til politikarar som demonstrerer si manglande vilje og evne til å ta makta og bygge eit solidarisk samfunn? Dei lengst nede på rangstigen opplever stadig at dei må betale prisen for konkurransekraft og for velstand for dei på toppen.

I ei rekke land i Europa har denne misstilliten lagt vegen open for høgreekstremisme. Kombinert med sviktande og lite solidarisk handtering av flyktningstraumen har det også nøra opp under framandfrykt. Mange er interessert i å legge skulda for aukande høgreekstremisme på innvandrarar og asylsøkjarar. Slik unngår dei å få sett søkjelyset på dei grunnleggande problema med ein politikk som aukar forskjellane og flytter makt frå folkevalde til kapitalkrefter og byråkratiske elitar.

Lar vi problema i Europa bli eit spørsmål om innvandring, sviktar vi demokratiet og solidariteten og spelar korta i hendene på høgreekstremistane. Demokrati er eit spørsmål om tillit, makt og ansvar. Det Europa no treng er politikarar og parti som kan gjenreise tilliten.

Alf

Forskjellar og demokrati

Det er brei semje om at reelt demokrati er avhengig av tillit i samfunnet, og at ein fungerande rettsstat og ytringsfridom er føresetnader for tillit og dermed demokrati. Men det manglar ofte eit sentralt element i demokratidebatten, nemleg  at moderate forskjellar er ein viktig føresetnad for tillit og eit levande demokrati.

Vi får stadig meir forsking som viser at moderate forskjellar er ein viktig føresetnad for tillit mellom folk.  Boka Ulikhetens pris som kom på norsk i fjor, har lagt fram empiriske data som viser samanhengen mellom moderate forskjellar og tillit og livskvalitet. Men den politiske høgresida avviser at økonomiske forskjellar er eit problem, og dermed blir deira demokratianalyse mangelfull.

Kampen for mindre forskjellar blir møtt med påstandar om moralisme og marxistisk vrøvl. Men no er det stadig fleire som innser at små forskjellar ikkje berre er eit moralsk imperativ. Det er basis for tillit i samfunnet og dermed også for eit velfungerande demokrat.

Det som no skjer med den økonomiske krisa i Europa, reiser skremmande perspektiv. Den høgtlønte finanseliten som har skapt krisa, får halde fram med sine toppløner og bonusar, samtidig som folk flest må betale gjennom lønsnedslag og kutt i sosiale ytingar. Dette er ikkje berre eit sosialt problem. Det kan skape mistillit som utfordrar demokratiet. Diverre er det lite fokus på denne grunnleggande utfordringa, og det kan straffe seg.

Alf