For ein del år sidan deltok eg i byutviklingsstyret i Kristiansand og diskuterte korleis vi skulle legge opp presentasjonen av eit stort byggeprosjekt. Eg argumenterte for at vi skulle arrangere eit møte etter arbeidstid slik at interesserte som ikkje hadde høve til å ta fri frå jobb, kunne delta. Men fagfolk, konsulentar og heiltidspolitikarar ville ha det på dagtid og ha ettermiddagen fri, og slik blei det. Folk flest og politikarar utan betalte verv blei dermed utestengt frå prosessen og kunne i beste fall lese om prosjektet i avisene. Det blei sikkert gode diskusjonar, men eit viktig demokratisk element blei borte.
Politikk og politiske prosessar er i ferd med å bli ein aktivitet for betalte aktørar. Det poppar stadig opp nye konsulentar og byrå som mot god betaling kan tilby hjelp til å få gjennomslag i politikken. Dei betalte aktørane blir eit filter i kommunikasjonen med dei demokratisk valde politikarane. Vi er langt over i parodien når kommunar og fylkeskommunar ber om hjelp frå kommersielle byrå med tidlegare politikarar for å kommunisere med dagens stortingspolitikarar. Har politikarane mista trua på demokratiet og verdien av den direkte kontakten med dei demokratiske prosessane?
I ei tid med store omveltingar er det viktig at dei som sit med makta, har god kontakt med det som skjer i samfunnet. Politikarane bør ikkje nøye seg med informasjon som er filtrert gjennom profesjonelle lobbyistar eller politiske rådgivarar og samfunnskontaktar som stadig fleire institusjonar held seg med. Det kan vere krevjande å få god dialog med samfunnsinstitusjonar og bedrifter. Men det kan lett gå ut over forståing og innsikt om ein nøyer seg med tilrettelagt og politisk korrekt kommunikasjon. Det er dei krevjande direkte dialogane med dei som sit med informasjon og erfaring, som kan skape ny politikk.
Politiske prosessar skjer i stadig større grad mellom folk som meir eller mindre lever av politikk. I tillegg til stadig fleire betalte lobbyistar og rådgivingsbyrå har vi ein veksande skog av betalte sekretariat i interesseorganisasjonar og bransjeorganisasjonar. Politiske tenketangar har også blitt ein del av denne floraen. Alle desse betalte aktørane var nyleg samla under Arendalsveka. Eg var der i to dagar og møtte få som ikkje var der med full løn og full diett. Eg fekk med meg topp foredrag og gode diskusjonar. Men er dette arrangementet eit symptom på profesjonaliseringa av politikken? Aftenposten konstaterer i alle fall at det er ei festveke for lobbyistar. Alle som det er verdt å ha kontakt med for lobbyistar og interessegrupper, var der.
Både i USA og mange land i Europa ser vi at det har vakse fram misstillit til det samfunnsskiktet som forvaltar den demokratiske makta. I Skandinavia og i Noreg har vi framleis stor samfunnstillit. Men det er viktig at vi ikkje snevrar inn deltakinga i dei demokratiske prosessane og gjer politikken til ei vare.