Statsbudsjettet opnar for at Sørlandet kan bli eit kraftsenter for offshore energi. Regionen og Universitetet i Agder kan få ein leiande posisjon i den nasjonale satsinga på havvind. Sørlandethar teknologisk og industriell kompetansen som er eit godt grunnlag for å engasjere seg i produksjon av energi til havs. Men vi treng meir enn teknologi for å lukkast. Andre kompetanseområde er minst like viktige når vi skal utvikle berekraftig energiproduksjon i eit marint miljø.
Vindkraft er hausting av naturen, og vi må ha kunnskap om naturen for å få eit godt resultat med så små skadeverknader som mogeleg. Vi må ha innsikt i vindforhold, fugletrekk, gyteområde, fiskeplassar og marin økologi. Tekniske feil og manglar kan rettast opp. Men utbygging utan tilstrekkeleg kunnskap om natur og økosystem kan føre til varig skade. Det hastar med å bygge opp kunnskap som kan bidra til å minimalisere dei negative effektane av energiproduksjonen.
Økonomiske interesser vil bidra til at det blir utvikla nye og betre teknologiske løysingar. Men dei vil nok ikkje engasjere seg like sterkt for å få fram ny kunnskap som kan legge avgrensingar på utbyggingsprosjekta. Her må det offentlege ta ansvaret for å finansiere relevant forsking og sikre at den blir lagt til grunn for tildeling av konsesjonar. Manglande innsats på dette område kan få negative konsekvensar for miljøet og auke motstanden mot havvind.
Havforskingsinstituttet har presentert ein førebels oversikt over ulike problem som kan oppstå ved installasjon og drift av vindturbinar offshore. Det handlar blant anna om akustisk støy og magnetfeltet som kan føre til skade på flora og fauna. Instituttet tilrår blant anna at ein må unngå arbeid når det er gytetid. Dei peikar også på at installasjonar kan ha positive effektar for detbiologiske mangfaldet. Men hovudkonklusjonen er at vi veit for lite, og at det må satsast meir på forsking for å unngå å trå feil.
Havvind er ei stor nasjonal satsing for klima og for industriutvikling. Den er eit sentralt element i arbeidet for å sikre nok fornybar energi. Samtidig skal den bidra til å bygge ny industri med utgangspunkt i kompetansen i oljeindustrien. Sett i lys av desse ambisjonane bør det mane til ettertanke når vårt fremste marine forskingsmiljø åtvarar om at vi har mangelfull kunnskap innannokre av dei sentrale fagområda. Det er ikkje nok å bygge på vår leiande kompetanse innan offshore teknologi. Vi må også styrke og ta i bruk relevante deler av den marine forskinga.
Statsbudsjettet og andre signal frå regjeringa kan vere starten på ei spennande utvikling der Kristiansand og Agder får ei sentral rolle i den nasjonale satsinga på offshore energi. Men det følgjer også eit stort ansvar med denne rolla. Vi må ha tilstrekkeleg kunnskap til å avgrense skadeverknadene for fugleliv, fiskeri og marine økosystem. I dag har vi mangelfull kunnskap, både lokalt og nasjonalt. Vi må presse på for å auke forskingsinnsatsen på desse områda og sikre at relevante forskingsmiljø blir involvert i arbeidet med havvind. Med status som nasjonalt kompetansesenter vil UiA få eit stort ansvar her.
Alf Holmelid