Vasskrafta som forsvann

SamEydeLever du i den trua at du puttar rein norsk vasskraft på elsykkelen, elbilen og dei andre elektriske dingsane dine? I så fall bør du ta ein ny titt på fakturaen frå kraftleverandøren din. Dersom du ikkje har betalt for opphavsgaranti for rein kraft, så er mindre enn fjerdeparten av den straumen som du brukar, fornybar vasskraft. Resten er kolkraft eller atomkraft – på papiret. Men i våre dagar er det jo dei finansielle papira som gjeld, ikkje dei fysiske realitetane. Og dei finansielle produkta er det som kjent ikkje så lett å sjå konsekvensane av.

Årsaka til at den reine norske vasskrafta blir skitten, er ein finansiell konstruksjon utan kopling til den reelle utvekslinga av elektrisk kraft. Energiselskap som baserer produksjonen sin på fornybare kjelder som sol, vind og vatn, kan selje bevis for at den krafta du brukar, er fornybar. Du får ein garanti for at du har kjøpt miljøvennleg energi. Men det paradoksale er at det ikkje følgjer fornybar kraft med desse opphavsgarantiane. Selskapa kan ikkje selje garantiar for meir enn dei produserer, men utover det er det inga kopling mellom sal av garantiar og sal av energi.

Energiselskapa kan selje opphavsgarantiar til heilt andre enn dei sel den fornybare energien til. Det inneber også at vi kan selje opphavsgarantiar til utlandet for langt større energimengder enn det vi reelt sett eksporterer. I 2015 selde norske energiselskap opphavsgarantiar til EU for om lag 85% av den norske vasskraftproduksjonen, sjølv om krafteksporten berre var om lag 15% av produksjonen. Konsekvensane av dette er at norsk vasskraft utan opphavsgaranti på papiret var samansett av 51% kolkraft og 37% atomkraft. Berre 12% var vasskraft i følgje varedeklarasjonen du finn på nettsidene til NVE.

Ordninga med opphavsgaranti blei innført av EU i 2001. Formålet var å skaffe ekstra inntekter til produsentar av fornybar energi. Det kan vere eit fornuftig system i EU. Der kjem det aller meste av den fornybare energien frå sol og vind. Dette er umodne teknologiar som har eit stort behov for økonomisk støtte i oppbyggingsfasen. Men det same gjeld ikkje norsk vasskraft som i utgangspunktet er svært lønsam. Dessutan har vi ikkje noko system som sikrar at sal av opphavsgaranti for vasskrafta, vil føre til produksjon av meir fornybar energi. Tvert i mot har dagens regjering sagt at vi skal legge mindre vekt på å auke produksjonen av fornybar energi her i landet av frykt for overproduksjon. Vi har altså importert eit system som er fornuftig i EU, men som ikkje har tilsvarande klimaeffekt hos oss.

Derimot kan ordninga med opphavsgaranti for norsk vasskraft få utilsikta og uheldige konsekvensar for norsk industri. Vi kan for eksempel komme i den situasjonen at datasenter på kontinentet på papiret kan bli grønare enn norske datasenter, sjølv om dei i realiteten brukar kolkraft og vi brukar vasskraft. Det er opphavsgarantiane, ikkje realitetane, som tel når bedriftene skal presentere sine miljødeklarasjonar for kundane, og slike deklarasjonar blir stadig meir etterspurt. Politikarar frå alle parti snakkar varmt om grøne datasenter. Samtidig vedtar dei å innføre finansielle produkt som kan rive noko av grunnlaget vekk under slike satsingar her i landet.

Eit anna eksempel er norsk metallproduksjon. Norske prosessbedrifter som  Elkem og Norsk Hydro kan i dag skilte med å ha kanskje den reinaste metallproduksjonen i verda. Dei eksporterer på mange måtar rein norsk vasskraft i fast form. Eyde-nettverket som organiserer mange prosessbedrifter, har tatt mål av seg til å bli verdsleiande på miljøvennleg produksjon. Den teknologien som blir utvikla for å nå dette målet, kan bli ei eksportvare og få store positive konsekvensar for det globale miljøet. Men systemet med opphavsgarantiar kan stikke kjeppar i hjula for denne satsinga.  Når prosessbedriftene skal dokumentere produksjonen sin, så må dei basere kalkylane sine på at det meste av den reine norske vasskraft på papiret kjem frå kol- og atomkraft.

Ein kan jo argumentere for at alle som ønskjer det, kan kjøpe opphavsgarantiar og unngå å bli belasta med kol- og atomkraft i sine miljøkalkylar. Men bør vi ikkje heller spørje kva vi skal med ei ordning som i beste fall har uklare klimaeffektar, og som kan vere negativ for miljøvennleg norsk industriutvikling?  Er opphavsgaranti for vasskraft eit fornuftig system når det ikkje sikrar at dei ekstra midlane går til å produsere meir fornybar energi, men gjer livet vanskelegare for norsk industri? Kraftutveksling med andre land kan under visse føresetnader vere med på å redusere bruken av fossil energi og ha positiv effekt for klimaet. Men eg har vanskeleg for å sjå at ordninga med eksport av opphavsgaranti for vasskraft, lausrive i frå energiomsetninga, har nokon positiv klimaaffekt.

Sal av opphavsgaranti for norsk vasskraft  er shopping av god klimaprofil utan substans og klare klimaeffektar, men med uoversiktlege konsekvensar for norsk industriutvikling.  Har den blitt importert hit til landet ved eit arbeidsuhell?

Alf Holmelid
tidlegare medlem av næringskomiteen på Stortinget for SV

Kronikken står på trykk i Klassekampen i dag

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s