Når dei rike pussar glorien

I kjølvatnet av diskusjonen om formuesskatt synes eg å sjå ein kamp om ideologi og moralsk overtak i samfunnsdebatten. Dei rike og deira støttespelarar i Civita og andre grupper på høgresida prøver å skape ei raus fortelling om dei rike og deira heltemodige innsats i samfunnet. Dei fortener verdiane dei har slitt for, og bør sleppe å bli straffa med urimelege skattar til fellesskapet.

No er det ikkje alle som har slitt for verdiane dei disponerer. Mange har arva. Men la no det ligge. Vi kan heller sjå litt på argumentet om at dei som har satsa og jobba hardt, må få sleppe å bli sylta ned med skatt. Dei som har sanka seg hundretalls millionar på kraftbørsen, har sikkert jobba hardt. Men har dei slitt meir enn heimesjukepleiarar som slit seg fram til brukarane i snøkave, og gjer dei ein viktigare jobb for fellesskapet?

Vi har eit økonomisk system som fører til at enkelte blir superrike og andre må klare seg med langt mindre. Men har dei som hamna på toppen, ein udiskutabel moralsk rett til å disponere alle desse verdiane? Er det moralsk forkastelig å arbeide for eit skattesystem som prøver å rette litt på dei ekstreme forskjellane? Verdiane til dei rike er trass alt skapt i eit samfunn som er bygd opp av fellesskapet. Vi jobbar og betalar skatt for å utvikle ein skole og eit trygdesystem som rikingane treng for å bygge sine verdiar.

Eigedomsretten står sterkt i folks oppfatning. Men det bør også demokratiet gjere. Trass i alle klagene over urimelege skattar, så aukar forskjellane, og dei superrike blir stadig rikare og mektigere. Vi står i fare for at den økonomiske makta blir meir dominerande enn den demokratiske makta. Det er forståeleg at dei som sit med den økonomiske makta, ikkje ser dette problemet. Men politikarar og andre samfunnsaktørar bør ta denne utfordringa inn over seg.

Det er på tide å gjenreise den ideologiske kampen for solidaritet og fordeling av ressursane i samfunnet. Taper vi debatten, taper vi makta.

Alf Holmelid

Kommenter innlegget